Avtalar som flyttar grenser
Italia har gjort avtalar med Libya for å hindre migrantar i å reise til Europa. Avtalane har flytta grenser for kva som er akseptabelt, men får ikkje varig effekt på migrasjon, ifølgje migrasjonsforskar.
Talet på menneske som kjem seg over havet frå Libya til Italia er redusert med to tredjedelar frå i fjor til i år.
Foto: Stefano Rellandini/ Reuters/NTB scanpix
Bakgrunn
Migrantar til Europa
I 2015 kryssa meir enn ein million flyktningar og migrantar Middelhavet og landegrenser for å kome til Europa. I 2016 var talet redusert til 387.739, og så langt i år har det kome 157.352.
Dei fleste av dei som har kome til Europa via Hellas, er syrarar, afghanarar og irakarar. Til Italia har det kome fleire nasjonalitetar, og i 2017 flest personar frå Nigeria, Bangladesh, Guinea, Elfenbeinskysten og Mali.
Så langt i år har over 400.000 søkt asyl i EU-land. I 2016 søkte 1.236.360 personar og i 2015 1.325.565.
Talet på personar på flukt i verda har auka til 65,6 millionar. Dei fleste er på flukt i eige land eller over grensa til eit naboland.
Kjelde: Flyktninghjelpen,
Eurostat, UNHCR

eva@dagogtid.no
Dette kunne vorte året då talet på migrantar og flyktningar til Europa slo nye rekordar, slik statsministeren på Malta åtvara om i januar, då landet nyleg hadde overteke EU-formannskapen. I fjor kom det 387.739 personar til Europa, ifølgje den internasjonale organisasjonen for migrasjon, IOM, og talet såg ikkje ut til å gå ned på starten av 2017. Då ruta frå Tyrkia til Hellas og gjennom Balkan vart stengd, steig talet på personar som kryssa Middelhavet frå Libya til Italia.
I sommar gjekk talet likevel ned, og ved utgangen av oktober ligg det an til å kome halvparten så mange flyktningar og migrantar til Europa i år som i fjor, ifølgje tal frå FNs høgkommissær for flyktningar, UNHCR. Talet på personar som kryssar havet frå Libya til Italia, har gått ned med meir enn to tredjedelar.
Det er fleire årsaker til nedgangen. Avtalen mellom EU og Tyrkia som sidan mars i fjor har gjort det mogleg å returnere asylsøkjarar frå Hellas til Tyrkia, er éi årsak. I tillegg har EU og europeiske regjeringar inngått avtalar med både opphavs- og transittland for migrantar, for å prøve å hindre at dei i det heile teke dreg inn i Libya.
Det som vert halde fram som den viktigaste forklaringa, er likevel avtalar den italienske regjeringa har gjort med ulike aktørar i Libya. Dette er avtalar som er både kontroversielle og kortvarige, seier migrasjonsforskar Stefano M. Torelli i tankesmia European Council on Foreign Relations til Dag og Tid.
– Vi må forvente nye straumar av migrantar dei komande månadene. Det kjem alltid ein roleg periode når ei rute vert blokkert, før ei ny rute vert definert. Og løysingane på bakken her er verken langvarige eller bærekraftige, seier han.
Bakmannen
Libya har vore prega av kaos og rivaliseringar mellom eit stort tal væpna grupperingar sidan Muammar Gaddafi vart styrta i 2011.
Bak avtalane med Libya står den italienske innanriksministeren Marco Minniti. I eit intervju i The Guardian nyleg fortalte han om då han i februar drog til Libya og signerte ein avtale med leiaren for samlingsregjeringa i Tripoli om samarbeid mellom Italia og den libyske kystvakta. Avtalen inkluderte levering av fire patruljeringsskip. Deretter forhandla han fram ein avtale med dei ulike stammane sør i Libya, for å avgrense tilstrøyminga av migrantar frå Chad, Mali og Niger inn i landet.
Då han i juni fekk inn varslingar om at det hadde kome 12.500 migrantar over havet til Italia i løpet av berre det siste døgnet, skjøna han at endå meir måtte gjerast. I juli drog han difor til Libya igjen og møtte ordførarane i 14 av dei viktigaste byane i landet.
– Vi diskuterte ei pakt. Det var ganske enkelt: «Engasjer dykk mot menneskesmugling og vi hjelper dykk å byggje alternative inntektsmoglegheiter.» Problemet er at menneskesmugling har vore den einaste industrien i Libya som har gjeve inntektsmoglegheiter, seier Minniti til The Guardian.
Det har gått rykte om stikkpengar, og The Associated Press skal ha kjelder på både italiensk og libysk side som stadfestar at italienske styresmakter betalar to store militsar i Libya for å halde migrantar og flyktningar tilbake. Det avviser Minniti. Han seier samarbeidet i Libya handlar om å hjelpe lokalsamfunna å frigjere seg frå menneskesmuglarane og skape alternative inntektsmoglegheiter, og at han har varsla EU-kommisjonen om behova og ønskja frå lokalsamfunna i Libya.
– Illusjon om ei løysing
Torelli meiner det er truleg at Italia, gjennom samarbeid med libyske styresmakter, indirekte har vore i kontakt med ulike militsar som samarbeider med regjeringa.
– På lang sikt har krigsherrar i Libya sikra seg ei politisk rolle og ein slags straffefridom for kriminelle aktivitetar. Dette kan sjølvsagt ha negativ innverknad på den langsiktige stabiliteten i Libya, medan det på kort sikt gjev ein illusjon om ei løysing, seier han.
Forskar Jørgen Carling ved Institutt for fredsforsking, PRIO, seier situasjonen er ustabil.
– Vi veit ikkje korleis styrkeforholdet mellom dei ulike gruppene i Libya kjem til å utvikle seg. Det kan òg tenkje seg at gruppene som no samarbeider, endrar strategi over tid. Menneskesmugling har vore ei så viktig kjelde til inntekt at mange får problem når ho stoppar opp, seier han.
Torelli meiner det berre er eit spørsmål om tid før ulike militsar ryk saman igjen.
– Nokre av dei har ein avtale med italienarane, andre ikkje, og det i seg sjølv er ein av grunnane til konflikt mellom dei. Så snart dei tek til å kjempe att, kjem vi til å sjå ein ny auke i straumen av migrantar mot Italia, seier han.
Støtte frå EU
EU har ikkje kritisert Italia for samarbeidet med Libya. I ei erklæring frå EU-toppmøtet om migrasjon på Malta i februar støtta dei andre EU-landa Italias arbeid i Libya, og opna for meir samarbeid mellom EU og libyske styresmakter på både nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Frankrike, Tyskland, Italia og Spania har i ettertid sjølv tilbydd å støtte den libyske kystvakta og hjelpe Chad og Niger med grensekontroll for å hindre migrasjon.
EU-toppmøte i Brussel førre veke gav ei ny forplikting om å støtte Italia i samarbeidet med libyske styresmakter, mellom anna gjennom EU-fondet for stabilitet og tiltak mot irregulær migrasjon i Afrika, EUTF. Dette fondet har også den norske regjeringa nyleg auka bidraga til, frå 30 millionar kroner i fjor til 50 millionar i år.
Åtvarar politikarar
Hjelpe- og menneskerettsorganisasjonar har derimot kritisert europeiske regjeringar sitt samarbeid med Libya og åtvara om forferdelege og farlege forhold for migrantar i landet.
FNs høgkommissær for menneskerettar, Zeid Ra’ad al-Hussein, rapporterte i desember om misbruk av migrantar i interneringsleirar i Libya, og seier etter besøk i landet igjen no at situasjonen er kraftig forverra. I leirane sit migrantar som er stoppa på veg til Europa, så vel som personar som har vore fengsla sidan den væpna konflikten i 2011, ifølgje al-Hussein.
Europarådet har òg stilt spørsmål ved avtalane mellom Italia og Libya og åtvara om at Italia risikerer brot på menneskerettskonvensjonen dersom det returnerer migrantar som vert henta opp av sjøen i internasjonalt farvatn. Europarådet meiner også det er urovekkjande å returnere personar henta opp i libysk farvatn: «Å overlevere enkeltpersonar til libyske styresmakter eller andre grupper i Libya vil utsetje dei for ein reell risiko for tortur eller umenneskelege eller nedverdigande behandling eller straff», varsla rådet nyleg.
Legar utan grenser har gått endå kraftigare ut. I eit ope brev skuldar internasjonal president Joanne Liu europeiske regjeringar for å finansiere «eit kriminelt system for misbruk» i Libya.
Inga oversikt
Legar utan grenser har vitja og hjelpt personar i seks–sju offisielle interneringsleirar i Tripoli i over eitt år, men er ikkje til stades i andre delar av Libya. Libya-rådgivar Ellen Van der Velden i organisasjonen seier leirane har verken nok mat, nok vatn eller nok plass til dei som er der.
– Vi driv grunnleggjande helsehjelp og behandlar folk som blir sjuke på grunn av forholda i leirane. Det er sjukdomar som i omfang er uforholdsmessige jamført med alle andre stader i verda, seier ho til Dag og Tid.
Den einaste offisielle vegen ut av leirane for migrantar er ifølgje Van der Velden å melde seg til friviljug retur til heimlandet. Kor mange som er i leirane eller kor mange migrantar som no er i Libya, har hjelpeorganisasjonen inga oversikt over.
– Det er ingen registreringssystem der, og folk reiser frå leirane utan at vi veit kvar, seier ho.
– Kjem til å auke
Teljingar IOM har gjort, indikerer at det i sommar var 440.445 migrantar og 217.022 internt fordrivne i landet. Det innebar ein auke på 15 prosent frå ei tilsvarande teljing i starten av året. Samla representerer migrantane i Libya 38 nasjonalitetar, men personar frå Egypt, Niger, Chad og Sudan utgjer over halvparten. Undersøkingar IOM har gjort syner at over 90 prosent er å rekne som økonomiske migrantar og at under ein tredjedel vurdere retur til heimlandet frå Libya.
Carling ved PRIO seier forholda i Libya har vorte så vanskelege at òg mange av dei som kom til landet for å prøve å verte verande, no ønskjer å reise. Han ser det som truleg at migrasjonen over Middelhavet kjem til å auke att.
– IOM har gjort ein del for å tilby dei som ønskjer det, å reise tilbake til heimlandet. Ein del har reist, men eg trur ikkje moglegheita er realistisk og attraktiv for så mange at det får særleg å seie. Dei som ikkje vil eller får høve til å reise heim, vil truleg prøve å reise nordover att, seier han.
Held det fram å vere vanskeleg å reise ut frå Libya, trur han fleire kjem til å prøve seg frå Tunisia, Algerie eller Egypt.
EU-grensebyrået Frontex har alt registrert ein auke i talet på personar som reiser ut frå Tunisia og Algerie i september, og UNHCR meldar at talet på flyktningar og migrantar til Hellas same månad var på det høgste nivå sidan mars 2016. Spania hadde i utgangen av september teke imot 91 prosent fleire flyktningar og migrantar i år enn på same tid i fjor.
– Historisk har Libya for det meste av tida ikkje vore ei særleg viktig migrasjonsrute. Migrasjonen har gått via Kanariøyane og dei spanske enklavane i Nord-Afrika, til det spanske fastlandet, til Sardinia, Sicilia og andre italienske småøyer, og til Hellas. No kjem det også ein del over Svartehavet frå Tyrkia til Bulgaria, så det er mange moglegheiter slik sett, seier han.
På lang sikt trur han avtalane Italia har gjort med Libya, har større effekt politisk enn for migrasjonen.
– Det vi ser, er at Europa er villig til å strekkje seg stadig lengre for å få til avtalar som reduserer talet på migrantar. Det byrja for alvor med avtalen med Tyrkia for halvtanna år sidan, som var eit ganske dramatisk steg. Men det er endå meir dramatisk med samarbeidet med Libya, der forholda er mykje verre enn dei nokon gong har vore i Tyrkia. Slik sett ser vi at den langsiktige effekten her er at grensene for kva som er akseptabelt, flyttar seg, seier han.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi må forvente nye
straumar av migrantar
dei komande månadene.
Stefano M. Torelli, European Council on Foreign Relations
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.