Millionane som vil endre Spania
Same kva som skjer dei neste dagane og vekene, har rundt to millionar katalanarar gjeve uttrykk for at dei ønskjer sjølvstende. Det kjem til å få konsekvensar for Spania, meiner statsvitarar.
Trass i åtvaringar og motstand frå styresmaktene i Madrid, røysta rundt to millionar menneske i Catalonia for sjølvstende 1. oktober.
Foto: Emilio Morenatti / AP / NTB scanpix
Bakgrunn
Catalonia
Ein av 17 autonome regionar nordaust i Spania
Omfattar fire provinsar, deriblant Barcelona
Har 7,4 millionar innbyggjarar, nær 16 prosent av befolkninga i Spania
Har stor grad av sjølvstyre, eige språk, folkevalt forsamling, flagg og nasjonalsong
1. oktober røysta rundt 90 prosent for sjølvstende, valdeltakinga var nær 43 prosent
Den folkevalte forsamlinga erklærte sjølvstende 27. oktober, same dag oppheva statsministeren i Spania det katalanske sjølvstyret og lyste ut nyval i regionen.

Sjølvstende
eva@dagogtid.no
Handlar det om sjølvstende, eller handlar det om noko anna? Det er ikkje lett å verte klok på den siste tidas hendingar i Catalonia, nordaust i Spania.
Rundt to millionar innbyggjarar i den autonome regionen sa 1. oktober ja til å lausrive seg frå Spania. Vel utgjorde dei rundt 90 prosent av dei som røysta, men det var det berre under halvparten av dei røysteføre blant dei 7,5 millionar innbyggjarane i regionen som gjorde.
Folkerøystinga gjekk føre seg trass i åtvaringar og motstand frå styresmaktene i Madrid, trass i at ho var erklært som eit brot med den spanske grunnlova og med dei katalanske vedtektene for autonomi, og trass i at det ikkje har vore fleirtal for å verte ein sjølvstendig stat blant innbyggjarar i Catalonia på ei einaste av meiningsmålingane Centre for Opinion Studies har gjennomført kvartalsvis dei tolv siste åra.
Likevel meinte den katalanske regionspresidenten Carles Puigdemont og parlamentet i Catalonia at resultatet av folkerøystinga gav grunn til å erklære sjølvstende.
I skrivande stund er dei alle avsette; regjeringa frå Madrid har bestemt at det vert nyval i desember, og har teke over styre og stell i regionen fram til det. Parlamentsmedlemmer og over 200 embetspersonar har mista jobben, og det nasjonale politiet har gjennomsøkt lokala til det regionale politiet. Spania er inne i si største politiske krise i moderne tid.
Truleg kjem det til å verte arrangert fleire demonstrasjonar i Catalonia framover mot valet, både til støtte for den avsette regjeringa og for og imot sjølvstende.
Instituttleiar for samfunnsvitskap Marcus Buck ved Universitetet i Tromsø kjenner Spania godt og trur det heile kjem til å gå fredeleg føre seg, fordi dei som ønskjer sjølvstende, veit at saka er tapt om dei tyr til vald. Han seier kampen deira alt har hatt symbolsk tyngd til å utløyse det som kjem til å gje utvida sjølvstyre på sikt.
– Uforståeleg hastverk
I eit forsøk på å motverke ei sjølvstendeerklæring frå det katalanske parlamentet gjekk det konservative folkepartiet, som sit med regjeringsmakta, og det sosialistiske arbeidarpartiet i midten av oktober saman om å planleggje ei reform av den spanske grunnlova. Ein tverrpolitisk parlamentskomité skal ifølgje Financial Times greie ut om moglege endringar, særleg knytte til autonomien for regionane. Det sosialistiske partiet har pressa på for slike reformer sidan før finanskrisa, seier Buck.
– Dei fleste målingane syner at partia som ønskjer sjølvstende, kjem til å tape fleirtalet ved valet, men det kjem endringar likevel. Det berre skjer ikkje over natta. Det kjem til å ta mellom fem og åtte år før ein slik prosess er ferdig. Mange skjønar difor ikkje kvifor katalanarar hadde slik hastverk med å erklære sjølvstende no, dei som har kjempa for det sidan 1714, seier Buck.
1714 var året då fyrstedømet Catalonia vart oppheva som politisk eining og lagt under spansk direktestyre i meir enn 200 år. Sidan har regionen hatt sjølvstyre i nokre korte periodar på 30-talet, før Franco kom til makta, og deretter sidan 1979, etter at den nye grunnlova desentraliserte og delte staten i autonome regionar.
Under teppet
Catalonia er saman med Baskarland blant regionane med størst sjølvstyre, med eigne parlament og eigen politistyrke, mellom anna. Katalanarane kan derimot ikkje krevje inn skattar sjølv, slik baskarane kan. Det er det fleire som ønskjer seg. Dei meiner den spanske staten tek inn for mykje jamført med kva dei får tilbake. Ifølgje The Economist betalar katalanarane inn mellom åtte og ti milliardar euro meir i året i skatt enn det dei får tilbake i tenester.
Det er også dei som meiner at Catalonia har historiske rettar til sjølvstyre som bør gje dei ei særstilling. Dei var kritiske til det dei kallar «café para todos» («kaffi til alle») – at grunnlova frå 1978 opna for autonomi for fleire regionar.
Under sosialistpartiet i 2006 vart det vedteke ei ny lov som gav meir sjølvstyre og fortrinnsrett for det katalanske språket i vedtektene for autonomi, og som stadfesta at regionen var definert som ein nasjon av deira eige parlament. Lova vart derimot endra att i 2010 fordi delar av henne vart kjende grunnlovsstridige av grunnlovsdomstolen. Det gav vind i segla for sjølvstendeforkjemparane, som vann fleirtalet i den katalanske regionforsamlinga i 2015. Valet var den utløysande faktoren for folkerøystinga og sjølvstendeerklæringa, meiner Buck.
Det finst ifølgje Buck også dei som ser både folkerøystinga og sjølvstendeerklæringa som eit skalkeskjul for å få feia andre ting under teppet, som korrupsjon og økonomisk vanstyre. Puigdemonts forgjengar, Artur Mas, var mellom anna uønskt av den katalanske venstresida fordi han vart knytt til strukturell korrupsjon og skatteunndragingar som mentoren hans, den mangeårige katalanske statsministeren Jordi Pujol, stod for.
Stråmann
Den spanske statsvitaren Agustín José Menéndez ved universitetet i Leon, vest i Spania, meiner kampen for sjølvstende har eskalert eine og åleine på grunn av innstrammingspolitikken Spania dei siste åra har gjennomført i samråd med EU-kommisjonen, EUs sentralbank og Det internasjonale pengefondet (IMF). Politikken har ført til store kutt i offentlege utgifter, skatteauke, oppseiingar og arbeidsløyse.
– Slik sett er det eit symptom på den strukturelle krisa i europeiske demokrati, seier han.
Ifølgje Menéndez har sjølvstendespørsmålet fungert som ein stråmann for både spanske og katalanske regjeringar, som begge har hatt interesse av å snakke om anna enn innstrammingar og sosioøkonomiske forhold, som dei sjølve har delt ansvaret for.
– Lenge var det gunstig og ein sams flukt for begge sider. Heilt fram til i august i år hamna spørsmålet om sjølvstende på femte og sjetteplass på rangeringane over kva folk ser som utfordringar, etter arbeidsløyse, ulikskap og økonomi. Problemet oppstod då spørsmålet om sjølvstende vart konkretisert. Det var ikkje eigentleg interessant for nokon av regjeringane, men det fekk ei politisk kraft som kom ut av kontroll, seier Menéndez.
Ny sosial kontrakt
Catalonia er kjend som ein industrimetropol i europeisk samanheng og er ein av dei rikaste regionane i Spania. I 2016 stod regionen for nær ein femtedel av bruttonasjonalproduktet i Spania. BNP per innbyggjar er høgare enn på landsbasis, men ligg på fjerdeplass blant regionane, etter Madrid, Baskerland og Navarra. Arbeidsløysa er også lågare i Catalonia enn på landsbasis.
Problemet, ifølgje Menéndez, er at ulikskapen innåt i Catalonia aukar, og at Catalonia er forbigått av Madrid i både rikdom og økonomisk makt.
– Problemet er kva som skjer over tid. Velstandsnivået i industrielle område som Baskerland og Catalonia var mykje høgare i starten av totusentalet enn no. No har Madrid vorte meir velståande enn Catalonia. Barcelona har mista økonomisk makt, og det gjer borgarane urolege.
Menéndez trur ikkje ei grunnlovsreform klarar å roe gemytta i Catalonia. Verken den spanske eller katalanske regjeringa syner teikn til å ville ta tak i dei underliggjande utfordringane, slik han ser det.
– Eg er djupt pessimistisk. Men dei kan ikkje sjå vekk frå fakta her. To millionar menneske, som vil seie 35–40 prosent av den røysteføre befolkninga i Catalonia, er imot spelereglane slik dei er i dag. Det må dei ta innover seg. Det må lagast ein ny sosial kontrakt som fungerer for alle. Om ikkje kjem landet til å bryte saman før eller seinare, seier han.
Lid ikkje
Jesús Palomar, som er professor i statsvitskap ved universitetet i Barcelona, er langt mindre pessimistisk. Han seier konflikten som utspelar seg no, i hovudsak er politisk og institusjonell og ikkje har store følgjer for innbyggjarar eller daglegliv i Catalonia.
– Catalonia har vore prega av mangfald og sameksistens, og dei som kjenner seg katalanske og dei som kjenner seg spanske, har alltid vore i stand til å leve saman. Den situasjonen har ikkje endra seg mykje. Unionistar og sjølvstendeforkjemparar demonstrerer no ulike meiningar, og dei har veldig ulike meiningar, men det katalanske dagleglivet lid ikkje av prosessane, seier han.
I politikken er derimot forholdet mellom dei som er for og imot sjølvstende, brote, iallfall inntil vidare.
– Catalonia får kanskje ikkje sjølvstende på kort sikt, men relasjonen og tilliten mellom Catalonia og Spania er svært øydelagt. Dersom den politiske og sosiale støtta for sjølvstende held seg som i dag i to til tre år til, trur eg regionen på sikt vert sjølvstendig.
Palomar trur heller ikkje ei grunnlovsreform kan løyse situasjonen.
– Ei reform av grunnlova er mogleg, men garantert ikkje nok til å tilfredsstille regionane som ønskjer sjølvstende, seier han.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det må lagast ein ny
sosial kontrakt som
fungerer for alle.
Agustín José Menéndez,
universitetet i Leon
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.