Asylfloken som berre veks
Sylvi Listhaug seier ingen andre land har stoppa returar til Afghanistan. Jonas Gahr Støre seier han ikkje fekk informasjon om at bruken av mellombelse opphaldsløyve ville auke. Begge burde vite betre.
Med flyktningkrisa vart talet på einslege mindreårige som kom til Noreg, meir enn firedobla på eitt år, frå 1204 i 2014, til 5480 i 2015. Året etter auka bruken av mellombelse opphaldsløyve kraftig.
Foto: Stein J. Bjørge / Aftenposten
Bakgrunn
Einslege mindreårige asylsøkjarar
Ungdom under 18 år som kjem til Noreg utan foreldre.
Utgjorde over 17 prosent av dei 31.150 som søkte asyl i Noreg i 2015, 9 prosent av dei 3.460 som søkte asyl i 2016 og 2 prosent av dei 3.236 som har søkt asyl i Noreg så langt i år.
Har dei siste to åra i større grad fått mellombels opphaldsløyve fram til dei er 18 år i staden for ordinært opphaldsløyve.

Asylpolitikk
eva@dagogtid.no
I dag sit rundt 260 einslege mindreårige som har fått avslag på asylsøknaden og i teorien skal ut av Noreg når dei fyller 18 år, på mottak rundt om i Noreg. 30 einslege mindreårige på mellombels opphald er også registrerte på privat adresse, ifølgje Utlendingsdirektoratet (UDI).
Nokre av desse er blant dei 220 einslege mindreårige som har fått vedtak om mellombels opphald etter 1. oktober i fjor, og som no kan få asylsøknaden sin vurdert igjen etter instruksen Stortinget har gjeve regjeringa. 130 av dei som kan få ny vurdering, veit UDI derimot ikkje kvar er, dei har «ukjent adresse per i dag», ifølgje direktoratet. Truleg har nokre av dei reist sørover i Europa før stortingsvedtaket for å unngå tvangsretur til heimlandet.
Justis- og beredskapsdepartementet jobbar no med å finne ut korleis dei nye vurderingane skal gjerast, medan Vergeforeningen prøvar å få oversikt over kven vedtaket om ny vurdering gjeld.
Samstundes har det denne veka vore høyring på Stortinget om nye forslag til endringar i regelverket for einslege mindreårige på mellombels opphald. Eitt forslag er å reversere lovendringa frå i fjor, som gjorde det lettare å gje mellombelse løyve, eitt anna er å stoppe uttransporteringa av dei som har fylt 18 år – til eit uavhengig ekspertutval har vurdert regelverk og praksis i desse sakene.
Forslaga er framsette av SV, som meiner situasjonen for dei med mellombels opphald i dag kan stride mot barns rettar. Òg Ap-leiar Jonas Gahr Støre har sagt at Noreg no er «helt på grensen i forhold til våre internasjonale forpliktelser».
Ein skulle kan hende tru at ingen hadde åtvara mot mellombelse opphaldsløyve før, men det stemmer ikkje.
For 10 prosent
For å starte med historikken: Det var den raudgrøne regjeringa som opna for tidsavgrensa opphaldsløye i 2009, etter at talet på einslege mindreårige som kom til Noreg, hadde auka nokre år og meir enn dobla seg frå 2007 til 2008. Dei mellombelse løyva skulle kunne gjevast til asylsøkjarar på mellom 16 og 18 år som tidlegare hadde fått opphald einast på grunnlag av at dei var mindreårige og utan omsorgspersonar i heimlandet.
SV argumenterte alt då mot å la ungdom få livet på vent, og tok dissens i regjering mot dei mellombelse opphaldsløyva. Vergeforeningen varsla at ordninga kunne føre til store psykiske og sosiale problem for ungdomane.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet skreiv i høyringsnotatet at «en bør søke å forebygge at barn som ikke har beskyttelsesbehov sendes til Norge, kanskje av økonomiske grunner». Samstundes går det fram at ein større del av dei einslege mindreårige som kom til Noreg i 2007, samanlikna med tidlegare, hadde grunnlag for asyl eller vern etter utlendingslova, og at departementet såg føre seg at dei mellombelse løyva kom til å gjelde for rundt 10 prosent av einslege mindreårige som søkjer asyl.
Departementet synte òg til at Nederland og Storbritannia alt gav liknande tidsavgrensa opphald for einslege mindreårige.
I ein rapport frå januar 2008 skildrar den britiske regjeringa det derimot som utfordrande å la menneske med avslag på asyl eller vern få håp om å få verte verande likevel. Dersom det er trygt og mogleg å returnere til heimlandet, bør einslege mindreårige returnere så tidleg som mogleg og så snart det er gjort vedtak som ikkje kan ankast, heiter det i rapporten.
Spørsmål om årsak
SVs stortingsrepresentant Karin Andersen meiner Ap opna for mellombels opphald for å syne handlekraft i konkurranse med Frp om veljarane.
– Aftenposten køyrde oppslag om at Ap hadde mista kontroll. Då var det ikkje mogleg for dei å sitje stille i båten. Det vart avgjerande for dei å ta grep som vart oppfatta som drastiske, seier ho.
Dåverande arbeids- og integreringsminister Dag Terje Andersen (Ap) avviser dette.
– Bakgrunnen var ein betydeleg auke av einslege mindreårige, der i alle fall ein del av dei kom til Noreg via menneskehandlarar, og det kunne vi ikkje sitje å sjå på. Så kan ein seie at dei som ikkje har behov for opphald, skulle sendast ut med éin gong, men ikkje når vi ikkje kunne påvise at dei hadde omsorgspersonar. Men mellombels opphald vart berre gjeve til den vesle delen som ikkje hadde behov for eller krav på vern.
Dei mellombelse løyva kunne ikkje fornyast, og dei kunne ikkje brukast til å søkje familieinnvandring.
– Frykta de at foreldre sende ungdom i førevegen for så å kome på familieinnvandring?
– Nei. Endringa vi gjorde, gjaldt einslege mindreårige utan omsorgspersonar. Dei har lite grunnlag for seinare familieinnvandring, seier han.
Uromeldingar
Etter 2009 kom det færre einslege mindreårige til Noreg, men talet stabiliserte seg på dobbelt så høgt nivå årleg som før 2008. Fram til 2014 vart det gjeve mellombels opphaldsløyve til mellom 1 og 3 prosent av dei som kom, ifølgje UDI. Så kom flyktningkrisa.
Men innan den tid hadde det kome fleire uromeldingar. Einslege mindreårige med mellombels opphald skulle bu i eigne mottak, og det nasjonale mottaket i Salhus i Bergen, oppretta hausten 2009, vart pilotprosjekt. Alt i mai 2010 varsla Redd Barna barnevernet om at opphaldet på mottaket medførte tilleggsbelastingar for ungdomane som det ikkje var teke høgd for.
Fafo-forskar Silje Sønsterudbråten, som fekk i oppdrag frå UDI å evaluere opplæringsopplegget for ungdomane same år, såg grunn til å gå utover mandatet og etterlyste vurdering og diskusjon om levekår, psykisk helsevern og bu- og omsorgssituasjonen for ungdomane, i tillegg til ein generell debatt om mellombelse opphaldsløyve.
Året etterpå vedtok UDI at mottaket på Salhus skulle leggjast ned, og ungdomane vart spreidde til ulike mottak.
Med flyktningkrisa vart talet på einslege mindreårige som kom til Noreg, meir enn firedobla på eitt år, frå 1204 i 2014, til 5480 i 2015. Bruken av mellombelse opphaldsløyve skaut deretter i vêret. Det siste året har både UDI og Redd Barna rapportert om auka uro og ei negativ utvikling blant ungdomane på mottaka.
Vurdering av urimeleg
Diskusjonane i Stortinget no er i hovudsak knytte til den store auken i talet på einslege mindreårige med mellombels opphald og til at Noreg returnerer asylsøkjarar til Afghanistan.
Over 60 prosent av dei einslege mindreårige som søkte asyl i Noreg i 2015, var frå Afghanistan. Heile 94 prosent av dei 673 einslege mindreårige som har fått mellombels opphald sidan starten av 2016, er afghanarar. Til jamføring vart det i 2015 berre gjeve 15 mellombelse opphaldsløyve.
Den store auken i mellombelse opphaldsløyve er eit resultat av at UDI i fjor sommar vurderte fleire område i Afghanistan som trygge å returnere til. I tillegg fekk regjeringa med seg Ap og Sp på å fjerne vilkåret om at sterke menneskelege omsyn – som manglande nettverk og familie, sjukdom eller liknande – kunne gjere det urimeleg å returnere asylsøkjarar til internflukt i heimlandet. Dei fjerna altså det såkalla rimelegheitsvilkåret.
Eit forslag frå UDI om å avgrense bruken av mellombels opphaldsløyve for einslege asylsøkjarar under 17 som manglar nettverk ved internflukt, vart tidlegare i år avvist av Justisdepartementet.
Summen av desse forholda har gjort at fleire einslege mindreårige afghanarar som før fekk ordinært opphaldsløyve no i større grad får mellombels opphald fram til dei er 18 år. Det var ein av grunnane til at SV og Venstre gjekk mot å fjerne rimelegheitsvilkåret ved vurdering av internflukt. «Dette kan også føre til at enslige mindreårige asylsøkere som har krav på beskyttelse etter folkeretten, blir henvist til internflukt», skreiv dei to i ein felles merknad.
Ap og Sp meiner regjeringa har underkommunisert følgjene for einslege mindreårige av å fjerne vilkåret. Ap-leiar Jonas Gahr Støre brukte det som argument då Ap nyleg fekk stortingsfleirtalet med på å instruere regjeringa til å la alle som har fått mellombels opphald sidan endringa trødde i kraft, få søknaden vurdert på nytt.
Skilnad mellom land
Ein ny rapport frå Amnesty International omtalar Noreg som det europeiske landet som står for flest tvangsreturar av afghanarar. Av dei 580 afghanarane som vart returnerte mot sin vilje frå Europa i 2016, kom 64 prosent frå Noreg, ifølgje afghanske styresmakter. Dei fleste av desse er vaksne, men Noreg tvangsreturnerer også familiar med barn. Tal frå Eurostat syner at 760 afghanarar reiste tilbake til Afghanistan frå Noreg i 2016. Dei store mottakslanda av asylsøkjarar – Tyskland, Hellas, Sverige og Storbritannia – sende tilbake fleire.
Rapporten fortel også at EUs asylkontor, EASO, har funne store skilnader i korleis dei europeiske landa vurderer tryggleikssituasjonen i Afghanistan. Finland og Storbritannia meiner til dømes at alle provinsar i landet er trygge nok til å returnere folk til, ifølgje Amnesty. Sverige meiner derimot at sivile kan vere utsette for stor fare i provinsane Helmand og Uruzgan, medan Noreg meiner det er stor fare i provinsane Helmand og Nangarhar.
Innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) kunne ikkje svare for skilnaden mellom vurderingane til Noreg og Sverige då ho informerte Stortinget om praksisen for retur av tidlegare asylsøkjarar til Afghanistan 8. november.
– Dette må vi undersøkje og kome tilbake til, men det er ingen tvil om at vurderingane våre i stor grad er i tråd med det land rundt oss gjer, sa ho.
Samstundes understreka ho fleire gonger at det – etter det ho kjende til – ikkje var andre land i Europa som hadde stoppa alle returar til Afghanistan: «Meg bekjent er det heller ingen signaler fra andre europeiske land om at de har planer om å stanse returer til Afghanistan på grunn av sikkerhetssituasjonen, heller ikke fra Sverige», sa ho.
Same dag kom det europeiske migrasjonsnettverket, EU-kommisjonen og svenske Migrationsverket med resultatet frå ei rundspørjing om nettopp tvangsreturar til Afghanistan. Rundspørjinga, som Noreg hadde delteke i saman med 17 EU-land, var gjort på oppdrag frå Sverige, på bakgrunn av at tvangsreturar hadde vore mykje debattert der. Austerrike, Belgia, Kypros, Slovakia og Ungarn er blant dei små landa som svarar at dei tvangsreturnerer. Danmark har ikkje svara på undersøkinga, men det danske utlendings- og integrasjonsdepartementet svarar Dag og Tid at dei også kan sende ut folk over 18 år med tvang. Dei siste fire åra har Danmark derimot ikkje sendt ein einaste einsleg mindreårig til Afghanistan.
Kroatia, Tsjekkia, Estland, Latvia, Luxembourg, Malta og Portugal svarar at dei ikkje tvangsreturnerer afghanarar, dei fleste av dei fordi dei ikkje har afghanske asylsøkjarar å returnere. Estland har den siste tida ikkje hatt afghanske asylsøkjarar, men svarar samstundes at dei ikkje tvangsreturnerer til Afghanistan på grunn av situasjonen i landet. Luxembourg har fyrste halvdel av 2017 gjeve opphald til rundt 100 afghanarar og svarar at landet av politiske grunnar ikkje tvangsreturnerer personar til Afghanistan.
I januar skal Stortinget gjere vedtak i spørsmåla om vilkår for retur av asylsøkjarar og uttransporteringa av asylsøkjarar til Afghanistan. Det er mogleg Listhaug og regjeringa må ha fleire svar å gje Stortinget innan den tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er ingen tvil om at vurderingane våre i stor grad er i tråd med det land rundt oss gjer.
Sylvi Listhaug, innvandrings- og integreringsminister
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.