JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Også Trump kan reverserast

Trump gjorde oss alle ei teneste. Han såg ei viktig gruppe som andre politikarar har oversett, òg i Europa. Dei fleste snuoperasjonane Trump har gjort i utanriks-politikken kan reverserast, trur USAs tidlegare EU-ambassadør.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Elleve månader ut i presidentperioden til Donald Trump er USAs tidlegare EU-ambassadør Anthony L. Gardner mindre uroa enn i starten.

Foto: Matt York / AP Photo / NTB scanpix

10279
20171208

Bakgrunn

Anthony L. Gardner

Var USAs ambassadør til EU frå 2014 til januar 2017.

Vart utnemnt av Barack Obama og var sentral i forhandlingane om ein handels- og investeringsavtale mellom EU og USA.

Jobbar i dag for kommunikasjonsselskapet Brunswick Group og advokatfirmaet Sidley Austin, med base i London og Brussel.

Er utdanna frå Oxford og Harvard, Columbia Law School og London Business School.

USA

eva@dagogtid.no

– Eg trur vi kan reparere skadane.

Det seier Anthony L. Gardner, USAs tidlegare ambassadør til EU, om utanriks- og handelspolitikken til president Donald Trump.

Gardner vart utnemnd av Barack Obama i 2013. Han forsvann ut døra ved den amerikanske ambassaden i EU-hovudstaden rundt lunsjtider 20. januar i år, om lag samstundes som Donald Trump flytta inn på det ovale kontoret i Washington.

– Då var eg veldig nøgd med å vere ferdig, seier Gardner, som måndag denne veka var i Oslo for å innleie på NHO og Nærings- og fiskeridepartementets årlege konferanse om utviklinga i Europa og EUs indre marknad.

Den tidlegare ambassadøren har jobba med EU–USA-relasjonar i over 20 år, som jurist, investor og embetsmann. I dag er han seniorrådgjevar i det internasjonale kommunikasjonsselskapet Brunswick Group og i advokatfirmaet Sidley Austin. Som ambassadør i EU var han sentral i forsøket på å forhandle fram den store avtalen som både Barack Obama og dåverande statsminister i Storbritannia, David Cameron, gav sterk støtte til: ein handels- og investeringsavtale mellom EU og USA, òg kalla TTIP. Desse forhandlingane er lagde på is etter at Trump kom til makta. «Dei er botnfrosne», seier Gardner skuffa.

Han har i det heile teke svært lite positivt å seie om handels- og utanrikspolitikken til Trump – og det alt før Trump denne veka kunngjorde at han flyttar USAs ambassade i Israel til Jerusalem.

Då Dag og Tid spør han om forholdet mellom USA og EU, vedgår han likevel at det så langt har gått betre enn han frykta under Trump.

Mindre uroa

Trump gav tidleg uttrykk for at han hadde stor forståing for brexit, og han såg føre seg at fleire land kom til å følgje etter britane ut av EU. «Det ser ut som om det er på veg. Vi får sjå kva som skjer», svara den dåverande presidentkandidaten då han like etter den britiske folkerøystinga vart spurd om han trudde EU kunne bryte saman.

«They will soon be calling me MR. BREXIT!», tvitra han nokre veker etterpå.

Den tidlegare sjefstrategen hans, Steve Bannon, har hylla sentrum-høgreorienterte populistiske parti i Europa som står opp mot «sentraliserande regjeringar».

Gardner meiner det verka som Trump-administrasjonen stilte seg likesæl til om EU braut saman eller ikkje.

– No, elleve månader ut i Trump-administrasjonen, er eg mindre uroa enn eg var i starten, for at dei aktivt skal prøve å øydeleggje EU. Men eg er framleis uroa over kor alvorleg kollisjonen i verdssyn er mellom EU og USA, og kva problem det kan skape, seier han.

– Den noverande administrasjonen trur ikkje på den multilaterale regelstyrte verdsordenen Europa og USA har bygd opp etter den andre verdskrigen. Dei har heller inga tru på mjuk makt. For EU er den multilaterale regelbaserte verdsordenen og mjuk makt derimot fundamentalt.

– Større rolle for EU

At Trump vil trekkje USA ut av Parisavtalen, og at han ser annleis på Iran enn forgjengaren, er også problematisk for EU, seier Gardner. Det same gjeld proteksjonismen til Trump-administrasjonen.

Forutan å leggje TTIP på is har Trump trekt USA ut av handelsavtalen TPP, Trans-Pacific Partnership, som var forhandla fram med elleve land ved Stillehavet. Han har òg starta reforhandling av North America Free Trade Agreement, NAFTA, som regulerer handelen mellom USA, Canada og Mexico, og han har trekt autoriteten til WTO i tvil ved å varsle at USA ikkje vil prioritere multilateralt samarbeid.

– Korleis bør EU stille seg til Trump-administrasjonen framover?

– EU må openbert handtere Trump, for USA kjem til å halde fram med å vere ei leiande stormakt. Dei må finne ein måte å både minimere ulemper og skader av politikken hans, og i tillegg prøve å byggje eit positivt samarbeid med han. Der er det ikkje ei lang liste å ta av, men det finst nokre punkt. Samarbeidet om rettshandheving og kamp mot terrorisme, til dømes, samarbeid mot nettkriminalitet og mot urettvis handelspraksis i andre land. Eg trur òg dette er eit høve for EU til å ta ei større rolle globalt, særleg i handelspolitikken, seier han.

Det meste av dei politiske snuoperasjonane Trump-administrasjonen har gjennomført, kan likevel reverserast, om Trump ikkje sit som president i meir enn éin periode, meiner Gardner.

Bjeffing og bitt

– Hovudpoenget er at Trump-administrasjonen på svært viktige område har snudd ryggen til det som har vore etablert amerikansk utanrikspolitikk i 60 år. Får vi eit maktbyte om tre år, til noko meir tradisjonelt, anten det gjeld demokratar eller republikanarar, trur eg vi kan reparere skadane, seier han.

Å trekkje USA ut av Parisavtalen kjem i alle høve til å ta fleire år. Fleire amerikanske byar, delstatar og selskap gjer no det dei kan for å ta vare på avtalen, ifølgje Gardner. Når det gjeld atomavtalen med Iran, er det opp til Kongressen å avgjere kva som skal skje. TPP-avtalen går i fyrste omgang vidare utan USA og med litt mindre omfattande innhald enn før. Dei andre landa har likevel signalisert at USA kan kome tilbake i samarbeidet, seier Gardner.

– Snakkar vi om tre år til, får vi tre vanskelege og utfordrande år, men ingenting som ikkje kan fiksast etterpå. Får vi denne politikken i sju år til, har vi derimot ei anna historie og eit heilt anna sett av problem. Då kan det verte mykje større friksjon, særleg i handelspolitikken. Så langt er det bjeffa meir enn bite her, men det kan snu, seier han.

TTIP er ikkje død

Skulle det verte maktbyte om tre år, ser Gardner heller ikkje vekk frå at handelsavtalen mellom EU og USA kan verte teken fram att til forhandlingsbordet.

Forhandlingane, som gjekk føre seg over tre år, omfatta i utgangspunktet marknadstilgang gjennom tollreduksjon, tenester, investeringar og innkjøp, og felles standardar og tekniske reguleringar.

Ein liten del av forhandlingane lever alt no vidare, utan merksemd frå media, ifølgje Gardner. Det dreier seg om tekniske spørsmål om regulatorisk samarbeid, særleg i farmasi- og bilindustrien. EU og USA kan kome til gjensidig godkjenning av måten den andre parten testar utstyr på, og såleis hindre at produkta må testast av begge.

Skal det gå bra å forhandle vidare òg på andre felt, må ein ta lærdom av fortida og forstå kva som vart gjort feil i førre runde, seier Gardner.

Han trur likevel ikkje TTIP kan verte den store og omfattande frihandelsavtalen han fyrst var tenkt som.

– Det kjem av motstanden mot avtalen i mange delar av Europa. Og det vart for mange vanskelege saker for oss å kome til semje om. Vi hadde ikkje nok framgang, seier han.

EU og USA kom mellom anna ikkje til semje om reglar for vern av merkenamn på matvarer. EU ville ha lovvern og forbod mot kopiering og etterlikning av nokre av merkenamna som har vern i EU, i USA. Amerikanarane ville på si side ikkje nekte produsentane sine å bruke namn som parmesan og feta på eigne produkt. Dei kom heller ikkje til semje om regelverk for offentlege innkjøp, maritime tenester og avtale om plantehelse og mattryggleik. EU har mellom anna forbod mot hormonhandsama kjøt og strenge importreglar for genmodifiserte produkt, som stengjer ute amerikanske produkt i dag.

Gardner ser i dag fleire måtar både EU og USA kunne prøvd å nærme seg kvarandre på, som ikkje vart testa, men som kan prøvast ut i eventuelle nye forhandlingar.

Trump og teneste

– Trump vann mange røyster blant globaliseringskritikarar og -motstandarar. Betyr ikkje det at vi ikkje bør gå tilbake til verda slik ho var?

– Nei, men Trump gjorde oss alle ei teneste. Før mange andre såg han kor viktig denne gruppa menneske er, både i Europa og i USA. Folk som kjenner seg frustrerte, sinte, gløymde og ikkje lytta til ... Dei fleste av oss undervurderte dei. I tillegg har både Trump og desse menneska rett. Mange har ikkje hatt glede av globalisering og frihandel. Det betyr at vi må gjere ein betre jobb. Vi må vere smartare når det kjem til å syte for at folk kjenner seg trygge. Her trur eg Macron har den rette balansen når han seier han trur på globalisering, frihandel og liberal marknadsøkonomi, men at vi må gjere ein betre jobb med å verne folk frå å hamne utanfor.

– TTIP og TTP vart kalla neste generasjons handelsavtalar, og vi var på veg mot meir og meir økonomisk integrasjon. Er vi altså framleis på veg dit?

– Nei, ikkje no, men eg håpar det endrar seg. Held USA fram som i dag, inneber det berre at andre land går føre oss i handelspolitikken. EU går alt føre med frihandelsforhandlingar. Det er alt stor uro i fleire av dei landbrukseksporterande delstatane våre. Dei fryktar dei hamnar bakpå i konkurransen mot andre. Held vi fram med å halde tilbake, er det verst for oss. Men for EU er det bra, og eit enormt høve til å ta ei større rolle globalt, seier han. Men det gjeld fyrst og fremst i handelspolitikken. Vi må ikkje lure oss sjølv til å tru noko anna enn det. EU kan ikkje bere ansvaret for leiarskap i verda åleine. No kjem vi til å få store vakuum, og det er svært problematisk, som på Balkan, der USA no er fråverande og EU står åleine om ansvaret. Der går land som Russland og Saudi-Arabia inn for å fylle tomrommet. Det er forferdeleg.

– Apropos Russland. Kor viktig er Putin for Trump, trur du?

– Nett det kan det vere vi får svar på dei neste vekene. Eg ser ikkje teikn til stor betring i forholdet mellom USA og Russland i denne presidentperioden. Det ironiske er at om Putin vann slaget, tapte han krigen. Han kan ha lukkast i å påverke valkampen i USA, men kva fekk han ut av det? Jau, ein administrasjon som er meir problematisk for Russland enn Hillary Clinton ville ha vore.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Det vart for mange saker for oss å kome til semje om. Vi hadde ikkje nok framgang.»

Anthony L. Gardner, USAs tidlegare EU-ambassadør

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis