Ønskt av bygda,
fjerna av UDI
Sunndal kommune er gode på integrering og meiner snart 30 år med kommunalt asylmottak er del av forklaringa. No stengjer UDI dørene på mottaket.
Bakgrunn
Sunndal mottak
Vart oppretta på slutten av 80-talet og er – med unntak av tre år på 90-talet – drive kontinuerleg sidan
Har i periodar vore eitt av få kommunale asylmottak
Vart i 2015 utvida til over 400 mottaksplassar, inkludert 104 for einslege mindreårige
Har i dag 149 bebuarar, inkludert 55 barn
Er vedteke lagt ned innan 1. februar.

Asylmottak
eva@dagogtid.no
Då Utlendingsdirektoratet (UDI) i 2015 og 2016 ønskte å opprette asylmottak på Bolkesjø i Telemark og i bydelen Montebello i Oslo, vart det møtt med massiv motstand frå lokalbefolkninga – så massiv at mottaka ikkje vart noko av, sjølv om UDI sårt trong fleire mottaksplassar.
Motstand mot asylmottak har det òg vore i Froland i Aust-Agder, i Fyresdal i Telemark, i Randaberg i Rogaland, på Dombås og i Austre Toten i Oppland, på Hamar i Hedmark, i Loen i Sogn og Fjordane, i Ålesund i Møre og Romsdal og i Lødingen i Nordland – mellom andre.
Sunndal kommune på Nordmøre er annleis. Der gjekk lokalbefolkninga i haust i fakkeltog til støtte for asylmottaket, som UDI har vedteke å stengje frå 31. januar – etter drift gjennom nesten 30 år.
Rundt 1600 innbyggjarar møtte opp på fakkelmarkeringa i Sunndalsøra, ifølgje TV 2. Det er over 20 prosent av befolkninga i kommunen. På sosiale medium vart det skrytt av at sunndalingane sette ny varmerekord. Dei er kjende for det. I desember i fjor vart det målt 18,1 grader på Sunndalsøra.
I integreringsmeldinga regjeringa la fram for Stortinget i fjor, er Sunndal trekt fram spesielt, som ein god busetjingskommune for flyktningar og som ein av relativt få kommunar som sjølv driv asylmottak.
Det er hit eg er på veg, ein føremiddag i desember, for å høyre kva det er dei gjer. Klokka har nett passert halv ti, men dagslyset har ikkje brote gjennom når eg køyrer frå flyplassen i Molde. Verda er sveipt i morgonblått og gradestokken på dashbordet seier fire minus. Utanfor Sunndal asylmottak halvanna time seinare, er det tre pluss og lyst. Frå barnehagen i fyrste etasje høyrest barnelatter og leik.
Godt brukt
Det er dei låge tala asylsøkjarar til Noreg som gjer at UDI no legg ned mottak over heile landet. I 2015 søkte 31.150 personar asyl i Noreg. I år har det kome 3378 asylsøkjarar. Mottaksnedleggingane starta i fjor. I august i år fekk Sunndal melding om å leggje ned avdelinga for einslege mindreårige, som då hadde 30 mottaksplassar. Ein liten månad vart det varsla at heile mottaket, med 230 mottaksplassar, skulle avviklast.
Sunndal mottak er det nest største mottaket som har vorte avvikla siste året, og det største blant dei kommunalt drivne. Faktisk har det kome nye bebuarar til mottaket heilt fram til no nyleg, òg etter at nedlegginga var varsla. Mellom 30 og 40 bebuarar kom frå Kyrksæterøra, då mottaket der vart lagt ned.
– Det var familiar med store og små barn. Det er jo verst for barna i grunnskulealder, som må byte klasse fleire gonger på kort tid, seier Tore Vaagen.
Den sindige mottaksleiaren brukar ingen krasse ord, men han strekkjer seg til å seie at han meiner UDI gjer feil når det legg ned mottaket i Sunndal. Det har òg lokalpolitikarar, fylkespolitikarar og næringsforeininga i Sunndal prøvd å få både UDI og innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug til å forstå, men utan å få svaret dei ønskjer.
Listhaug har synt til at ansvaret for å opprette og leggje ned asylmottak er delegert til UDI, og vil ikkje overprøve avgjerda. UDI har svara generelt at det no kjem så få asylsøkjarar at nedleggingane òg må omfatte fleire veldrivne mottak.
Kompetansehevar
Sunndal mottak har historie tilbake til slutten av 80-talet då talet på asylsøkjarar som kom til Noreg, auka, og mottaksapparatet vart etablert her i landet. Med unntak av tre år på 90-talet har mottaksdrifta vore kontinuerleg sidan. Det har bidrege til at Sunndal har fått eit sterkt fagmiljø og kompetanse som òg er brukt andre stader i landet, seier Vaagen. Han har vore mottaksleiar sidan 1998.
Mottaket var lenge blant dei største i landet. Under flyktningkrisa i 2015 vart det utvida til over 400 mottaksplassar, inkludert 104 plassar for einslege mindreårige.
Då UDI i same periode trong fleire kommunale mottaksoperatørar, vart tilsette frå Sunndal sende rundt i landet for å hjelpe andre kommunar med å starte.
– Vi har drive mykje kompetanseformidling, og mange har kome hit for å sjå korleis vi gjer det, seier Vaagen.
Mottaket driv òg ein offentleg godkjend barnehage med spesialkompetanse på migrasjonspedagogikk.
– Det er over standardkravet frå UDI. Barnehagen har gjort det mogleg å avdekke dysfunksjonelle familiar på tidleg tidspunkt, slik at vi kan gå inn å gje rettleiing. Vi held samtalar om vald i familiar, verdiar i norske samfunn, barneoppseding, forholdet mellom mann og kvinne, og vi førebur retur for dei som skal tilbake, seier Vaagen.
I dag bur det 149 personar frå 14 ulike land på mottaket. Trass i det er det lite konflikt, ifølgje Vaagen. Han trur sjølve bygningane har bidrege til det. Mottaket, som opphavleg var bygd som hybelhus i tilknyting til aluminiumsverket i bygda på 60-talet, har dobbeltrom med eige kjøkken, dusj og do, der folk kan trekkje seg unna om dei treng ro. I tillegg har bemanninga vore høgare her enn ved mange andre mottak, ifølgje Vaagen. På det meste har mottaket hatt 66 tilsette: 13 på det ordinære mottaket og 53 på avdelingane for einslege mindreårige.
– Vi er blant dei rimelegaste mottaka i landet å drive, men driv ikkje for å tene pengar. Oppdraget mitt er å drive i balanse, seier han.
Sunndalsmodellen
Suksessfaktoren for mottaksdrifta er fyrst og fremst innhaldet i tenestene og tett og integrert samarbeid med andre instansar i kommunen, ifølgje Vaagen.
Sunndal kommune har organisert arbeidet med flyktningane i ei eiga kommunal innvandringsteneste, som inkluderer vaksenopplæringa, helsetenesta, flyktningkonsulentar, skulen og mottaket. Saman har dei utvikla det som Ap-nestleiar Helga Pedersen har kalla «sunndalsmodellen»: Alle flyktningar og asylsøkjarar vert rådde til å ta grunnskuleopplæring som del av introduksjonsprogrammet kommunane skal tilby. Målet er å lære norsk, få ei fullverdig utdanning og papir på utdanninga slik at ein er betre rusta for arbeidslivet seinare. Resultatet av den styrkte opplæringa er, ifølgje Sunndal kommune, at over 80 prosent av dei som er ferdige med introduksjonsprogrammet, går over i jobb eller meir utdanning. På landsbasis er talet 58 prosent, ifølgje Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.
Sunndal kommune har i tillegg busett langt fleire flyktningar enn landssnittet. Ordførar Ståle Refstie (Ap) skal seinare på dagen fortelje at 800 flyktningar har vorte busette i kommunen i løpet av dei siste 30 åra. Det er meir enn 10 prosent av det samla folketalet.
Vaagen skjønar at UDI må redusere mottakskapasiteten, men han meiner direktoratet har teke for lite omsyn til det store biletet og innhaldet i tenestene når dei vel å leggje ned Sunndal.
– Ser du på totalen, meiner eg UDI har kome til feil avgjerd. Dei er best tente med å ta vare på drifta her, seier Vaagen.
Han er frustrert over at det frå politisk hald òg har vore gjort grep han meiner forverrar livssituasjonen for bebuarane i mottak.
– Tidlegare skulle vi til dømes ta ekstra vare på dei lengeverande bebuarane gjennom mellom anna aktivitetar og butilhøve. No er politikken det motsette. Eitt av mange døme er at vi for litt sidan skulle flytte på dei lengeverande til andre mottak, for å stimulere til retur og for å hindre at dei vart for godt integrerte i lokalmiljøa sine, seier han.
– Held på å eksplodere
Khadija har vore på mottaket i Sunndal i fem år, men veit at ho må flytte no. Eg møter henne på rommet hennar i fjerde etasje på mottaket. Der er òg sonen hennar Wail og to veninner, Sara og Golono. Dei håpar dei kjem til å verte flytta saman.
– Vi får skrive opp fem stader vi vil til, men det er UDI som skal bestemme. Vi må berre vente og sjå, seier Khadija.
Ho er frå Marokko, seier ho på engelsk.
– Men eg er frå Hellas, seier sonen Wail (7) på norsk.
Han er sjuk og heime frå skulen i dag, men går til vanleg på Tredal barneskule. Han har vener i Sunndal. Det har ho òg.
– Det vert vanskeleg å flytte. Her kjenner eg staden, og eg er ikkje redd når sonen min er ute åleine, seier Khadija.
Det dei har høyrt frå folk som har kome frå andre mottak, er at Sunndal er betre. Her har dei rom for seg sjølve og slepp å dele komfyr med tre andre familiar. Ved eitt mottak hadde straumen gått over helga. Administrasjonen var stengd og bebuarane vart sitjande utan elektrisitet i tre døgn, seier Khadija. Ho har høyrt at ho kanskje må flytte mottak fleire gonger òg.
– Hovudet held på å eksplodere av alle tankane, seier ho.
– Eit knyttneveslag
– Vi har jo alle vener som kom hit på 90-talet og fekk opphald. Mottaket er ein del av oss, seier Kjersti Ramsøy-Halle.
Ho har budd like ved mottaket på Sunndalsøra i fleire år og barna hennar har klassekameratar frå mottaket, som no ikkje veit kvar dei skal. Nedlegginga er eit knyttneveslag som råkar heile bygda, meiner ho.
«Sunndal asylsøkermottak og dets beboere er en del av meg, min oppvekst, mine barns liv og en del av oss mellom fjella. Vi MÅ gjøre noe, og vi må gjøre det nå. Vi kan rett og slett ikke sitte å se på dette og tie. Hvem blir med?», skreiv ho på Facebook då meldinga om nedlegging kom. Responsen var overveldande. Resultatet vart til ei 1,5 timar lang markering, konsert på torget og det nemnde fakkeltoget med godt over 1000 deltakarar. Heile Sunndalsøra bidrog, seier ho.
– Har det aldri vore motstand i lokalbefolkninga?
– Det er vel her som andre stader nokre få som er kritiske, men mottaket har vore eit gode for oss og kommunen vår. Eg trur nøkkelen er eit kompetent personale og at vi er ein liten stad. Det er oversiktleg her, seier ho.
Ordførar Ståle Refstie kan heller ikkje hugse særleg motstand. Han trur det kjem av at folk har vorte vane med mottaket. Og alle kjenner nokon som har kome som asylsøkjarar og vorte verande.
Har mista ein fot
Refstie kjem rett frå kommunestyremøte saman med leiar av innvandringstenesta, Bente Mosbakk, denne ettermiddagen. Dei har nett handsama neste års budsjett, som nedlegginga òg har følgjer for.
I og med at fleire kommunale sektorar har vore involverte i integreringsarbeid, har satsinga gjeve meirverdi for fleire. Når kommunen har hatt behov for å styrkje helsesystertenesta, barnehagetenesta eller NAV som følgje av flyktningane, er det gjort med midlar frå flyktningarbeidet, samstundes som same styrkinga har kome resten av kommunen til gode, ifølgje Refstie.
– Arbeidet med flyktningar har gått med overskot frå år til år. Vi har aldri måtta ta frå det vanlege kommunebudsjettet, men heller bidrege inn dit, seier Mosbakk.
Innvandringstenesta i kommunen har på det meste hatt over 90 tilsette. Nedlegginga av mottaket kjem til å råke rundt 50 stillingar totalt. Ein del tilsette går over i andre stillingar, men brorparten vert truleg overtalige, ifølgje Refstie.
Kommunen mistar no ein viktig del av integreringsarbeidet, seier han.
– Vi har kunna jobbe med flyktningane frå dei kom til landet og til dei har kome seg ut i jobb eller utdanning. No har den eine foten i arbeidet ramla vekk. Vi kan ikkje jobbe langs heile kvalifiseringskjeda lenger, for vi får fyrst folk hit når dei skal busetjast. Då har vi mindre fleksibilitet og mindre ressursar å bruke på dei. I tillegg mistar vi kompetanse. Men vi kjem til å halde fram med å busetje så mange vi kan, seier han.
I kommunestyret har det vore tverrpolitisk semje i alle vedtak om utviding av mottakskapasiteten. Det var også semje om å krevje at mottaksnedlegginga vart omgjord.
– Kan det vere aktuelt å starte opp att drifta seinare, om det kjem fleire asylsøkjarar igjen?
– Det må vi i tilfelle tenkje på. Du får deg nokre slag til ettertanke. Det å plutseleg no ha i alle fall 30 overtalige tilsette med tre månaders varsel, er ein risikofaktor vi må dvele litt ved, seier Refstie.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Vi har jo alle vener som kom hit på 90-talet og fekk opphald.»
Kjersti Ramsøy-Halle
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.