Uavgjord klimasak
Miljøorganisasjonane tapte klimasøksmålet mot staten,
men vann slaget om miljøparagrafen i Grunnlova.
Siste ord er ikkje sagt.
Skal Greenpeace anke, er det ikkje for å teste rettane i miljøparagrafen i Grunnlova. – Utgangspunktet vårt er å stoppe leiting etter olje vi meiner klimaet ikkje toler, seier Truls Gulowsen.
Foto: Eva Aalberg Undheim
Bakgrunn
Klimasøksmålet
Greenpeace, Natur og Ungdom og Besteforeldrenes klimaaksjon saksøkte staten for å dele ut ti nye løyve til å utvinne olje i nye område i Barentshavet.
Dei meinte utvinningsløyva var i strid med den nye miljøparagrafen i Grunnlova, paragraf 112, men fekk ikkje støtte i Oslo tingrett.
Miljøparagrafen er frå 1992, men vart spissa og flytta inn i menneskerettskapittelet i Grunnlova ved revisjonen i 2014.
Dette var fyrste gong miljøparagrafen vart prøvd for ein domstol.

Klimasøksmål
eva@dagogtid.no
Det gjekk som mange venta. Greenpeace, Natur og Ungdom og Besteforeldrenes klimaaksjon tapte klimasøksmålet mot staten. Oslo tingrett meiner regjeringsvedtaket frå 2016 om å dele ut ti nye løyve til å utvinne olje i nye område i Barentshavet, ikkje er i strid med miljøparagrafen i Grunnlova – paragraf 112.
Paragrafen seier at alle har rett til eit helsesamt og mangfaldig miljø der naturressursar vert forvalta ansvarleg, at denne retten òg skal tryggjast for komande slekter, og at statlege styresmakter er pliktige til å setje i verk tiltak for å syte for at det skjer.
Hovudargumentet til staten – at miljøparagrafen ikkje gjev individ og organisasjonar rettar som kan avgrense politisk styresmakt og hindre vedtak og handlingar som inneber risiko for negative verknader for miljøet – vart likevel avvist.
Tingretten slår fast at paragraf 112 «er en rettighetsbestemmelse som kan innebære at vedtak som det aktuelle er ugyldig», men kjem likevel til at staten ikkje har brote retten i paragrafen i dette tilfellet.
Dommen i det som var Noregs fyrste klimasøksmål, kan sjåast som ein delsiger for miljørørsla. Dei tapte søksmålet om utvinningsløyva, men vann slaget om miljøparagrafen. I alle fall for no.
Utfallet frå ein tingrettsdom er derimot lite verdt som rettsleg argument i andre saker. For å kome dit må saka til Høgsterett. Fleire juristar meiner difor at miljøorganisasjonane bør anke dommen, både for å få ei meir bindande avklaring og fordi dei meiner tingrettsdommen har andre punkt som er veike og til dels motstridande.
Inge Lorange Backer har vore ekspedisjonssjef i Lovavdelinga i Justisdepartementet i 14 år og jobba i Miljøverndepartementet i to periodar. I dag er han professor emeritus ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo, med lovgjevingslære og miljørett som spesialfelt. Han er ikkje overraska over at miljøorganisasjonane ikkje vann fram, men ser gode argument for å anke.
– Frå fagleg hald er det eit alminneleg synspunkt at dommen bør ankast.
Ser vekk frå eksport
Miljøorganisasjonane argumenterte for at dei ti utvinningsløyva i Barentshavet har irreversible miljøskadeverknader og ikkje går overeins med behovet for å redusere verdas og Noregs CO2-utslepp. I tillegg meiner dei vedtaka bak løyva byggjer på så grove sakshandsamingsfeil at dei bør gjerast ugyldige av den grunn òg.
Konklusjonen frå tingretten er at inngrep med negativ konsekvens for miljøet berre kan kjennast ugyldige etter paragraf 112 dersom dei er «av et visst omfang», og dersom det ikkje er sett i verk «adekvate og nødvendige» avhjelpande miljøtiltak – og at ingen av delane er oppfylte for utvinningsløyva i Barentshavet. «Risikoen både for (tradisjonell) miljøskade og klimaforverring som følgje av Vedtaket er begrenset, og avhjelpende tiltak er tilstrekkelige», seier dommen.
For å kome til den konklusjonen legg tingretten til grunn at CO2-utslepp frå norsk olje og gass som vert eksportert til utlandet, ikkje skal takast med i vurderinga av om paragraf 112 er broten. Grunngjevinga er at norske styresmakter ikkje har tiltak for å redusere utslepp utanlands, og at dei folkerettslege pliktene etter både Kyotoavtalen og Parisavtalen òg er knytte opp til nasjonale utsleppsmål.
Når det gjeld utslepp innanlands, understrekar tingretten at norske CO2-utslepp berre utgjer 1,5 promille av utsleppa globalt, og at dei ti utvinningsløyva «innebærer bare helt marginal økning av totale norske utslipp for petroleumssektorens andel».
Retten avviser òg at vedtaka om utvinning byggjer på faktafeil. Det vert gjort gjennom ein argumentasjon Backer kallar «litt for lettvinn».
– Fullstendig skivebom
Det som har skapt mest diskusjon i dei juridiske miljøa, er likevel at tingrettsdommen ser vekk frå utsleppa frå eksportert olje og gass. Det er den svakaste sida ved dommen, ifølgje Backer.
– Resonnementet til retten her gjer at paragraf 112 mistar heilt verdi i klimaspørsmål. Det er ein såpass urimeleg konsekvens at det i seg sjølv er grunn til å få saka vurdert på nytt. Det er ikkje grunn til at ansvarsfordelinga etter internasjonalt avtaleverk skal vere avgjerande for tolkinga av Grunnlova. Vi har mange døme på at norsk rett går lenger i å setje miljøkrav og -rettar enn det vi har folkerettsleg plikt til, seier han.
Jan Fridtjof Bernt, som er professor emeritus ved juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen, jamfører tolkinga til tingretten med det å ikkje ta ansvar for skadeverknadene ved å skyte opp ein rakett så lenge han landar i eit anna land.
Argumentet om at dette følgjer av at Noreg gjennom folkeretten berre står ansvarleg for klimautslepp på eige territorium, bles han av.
– Det er fullstendig skivebom, for det handlar om to ulike spørsmål. Det eine er kva Noreg har forplikta seg til overfor andre land gjennom avtalar. Det andre er kva Stortinget har forplikta seg til overfor borgarane i sitt eige land gjennom Grunnlova, seier Bernt.
– Vert konklusjonen annleis om utslepp utanlands vert rekna inn?
– Då må det vurderast kva som skjer ute i verda dersom vi ikkje vinn ut olja. Så lenge vi sel olje til land som er bundne av internasjonale avtalar, er det ikkje sikkert det vert mindre utslepp av det. Men dette er vanskelege spørsmål, og eg har ikkje svara. Innvendinga mi er dette ikkje utan vidare kan springast over som irrelevant. Høgsterett må ta stilling til korleis desse spørsmåla skal vurderast, seier han.
Jussprofessor Hans Petter Graver ved Universitetet i Oslo reagerer òg på at tingretten marginaliserer norske utslepp i global kontekst. Det riv grunnen under alle norske klimatiltak, argumenterer han i ein kronikk i Morgenbladet.
Ein etablert trussel
Dei tre juristane trur ikkje miljørørsla har mykje å tape på å anke saka, sjølv om det i teorien inneber ein risiko for å miste delsigeren som no ligg der. At paragraf 112 inneber ein individuell rett som kan prøvast for domstolen, er godt argumentert i dommen og i tråd med ordlyden i paragrafen, meiner dei.
– Eg ser det som lite truleg at Høgsterett kjem til eit anna syn på dette, seier Bernt.
Skulle det likevel skje, vil det gje grunnlag for nye krav om nye verkemiddel for å kunne realisere retten til godt miljø og skikkeleg klima, meiner Backer.
– Det kan verte litt som i Alta-saka, der organisasjonane tapte, men saka førte til ein god del nye verkemiddel likevel, seier han.
Erlend Andreas Methi, som er seniorrådgjevar ved Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar, seier diskusjonen om dei jussteoretiske spørsmåla ved tingrettsdommen kjem til å halde fram òg om miljøorganisasjonane ikkje ankar dommen. Diskusjonen kjem til å halde fram til miljøparagrafen får ei avklaring i Høgsterett, anten som følgje av ein anke eller eit anna søksmål seinare.
Tingrettsdommen i seg sjølv kan òg ha psykologisk verknad både i politikken og i rettssystemet. Det seier jussprofessor Eirik Holmøyvik ved Universitetet i Bergen.
Dommen har etablert ein trussel om at paragraf 112 kan gjere vedtak ugyldige, noko som kan påverke politiske styresmakter til å vere meir føre var og gjere ekstra grundige vurderingar i framtida, meiner han. Det vil òg kunne stimulere til nye søksmål i meir konkrete utsleppsspørsmål, som til dømes dumping av gruveslam i Førdefjorden, og når det gjeld vern og forvalting av naturressursar.
Vil vidare
Det er ikkje avklart om miljøorganisasjonane kjem til å anke tingrettsdommen enno. Fristen er 5. februar, og det er Greenpeace avgjerda står og fell på. Landsmøtet i Natur og Ungdom støttar ein anke, og det same gjer Besteforeldrenes klimaaksjon.
Tidlegare høgsterettsdommar Ketil Lund er representant for sistnemnde. Han er sterkt kritisk til at den norske produksjonen som går til utlandet for brenning og utslepp, vert sett som irrelevant, og at dommen berre vurderer dei isolerte effektane av dei ti utvinningsløyva, utan å sjå dei i kontekst med utsleppshistorikken og som eit fyrste steg i ei storstilt utvinning i Barentshavet. Med det har tingrettsdommen innskrenka retten i paragraf 112 så mykje at paragrafen står att utan innhald, meiner han.
– Legg vi tingrettstolkinga til grunn, får paragrafen inga betydning for klimaet og truleg lita betydning òg når det gjeld andre miljøspørsmål. For miljøinngrep går som oftast inn i ei historisk lang kjede med skadelege inngrep, seier han.
Leiar Truls Gulowsen i Greenpeace Norge ser det òg som rett å anke saka, men seier det er eit spørsmål som må vurderast ut frå den totale ressursbruken og opp mot andre oppgåver og kampanjar. Miljøorganisasjonane har brukt over tre millionar kroner på klimarettssaka alt no og er dømde til å betale sakskostnader på 580.000 kroner etter tapet i tingretten.
Det motiverer likevel at det frå juridisk hald ikkje har kome åtvaringar mot å anke.
–?Eg tolkar det som at det i alle fall ikkje er dummare enn før å gå vidare, og at det var rett, det vi gjorde. Det var mange i miljørørsla som var redde for at vi kunne hole ut paragraf 112, og at vi skulle svekkje oppslutninga om miljøsaka ved å flytte saka frå politikken og inn i rettssalen. Eg trur vi har tilbakevist det, seier han.
Slik han ser det, har søksmålet synt fram stor inkonsistens mellom norsk klimapolitikk og norsk oljepolitikk, og det har gjort at paragraf 112 er meir kjend og står sterkare no enn før. Skal organisasjonane gå vidare med søksmålet, er det derimot ikkje for å teste paragrafen.
– Utgangspunktet vårt er å stoppe leiting etter olje vi meiner klimaet ikkje toler, seier han.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Frå fagleg hald er det eit alminneleg
synspunkt at dommen bør ankast.
Inge Lorange Backer, jussprofessor
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.