JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Sultanen viser stålneven

Nato-landet Tyrkia vil knuse Natos kurdiske fotsoldatar.
For president Erdogan er aust viktigare enn vest.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tyrkiske soldatar og panservogner nær grensa til Syria 23. januar. Tyrkia har teke i bruk bombefly, artilleri og infanteri i krigen sin mot kurdarane i Syria.

Foto: Umit Bektas / Reuters / NTB scanpix

7046
20180202

Bakgrunn

Tyrkisk invasjon

19. januar gjekk den tyrkiske hæren til åtak på kurdiske YPG-styrkar nord i Syria

Tyrkia ser på YPG som same rørsle som PKK, som har status som terroristar i Tyrkia

I Syria har YPG kjempa lenge mot IS, i allianse med USA og andre Nato-land

Utanriks

peranders@dagogtid.no

Historia om krigen i Syria får stadig nye tragiske kapittel. Den siste vendinga kom 19. januar, da den tyrkiske hæren gjekk til åtak på Afrin-regionen i det nordlege Syria for å knuse dei kurdiske YPG-styrkane. Tyrkia ser på YPG som del av same rørsle som den kurdiske PKK-geriljaen, som blir rekna som terroristar av tyrkarane (og for den del av USA og EU). For Ankara er det uakseptabelt at YPG skal få etablere eit permanent kurdisk sjølvstyre nord i Syria.

Når Natos nest største hær går til krig mot det som i praksis har vore Natos bakkestyrkar i kampen mot IS, tek det seg mildt sagt dårleg ut. Dei sivile dødstala stig raskt, og Tyrkia vinn få vener i Vesten ved å bombe dei kurdiske krigarane som har stått fram som heltane i striden mot IS. Men så er da heller ikkje Erdogan særleg oppteken av å pleie relasjonane til USA og Europa lenger. Den tyrkiske presidenten har dei siste åra endra syn på kva rolle landet hans skal spele i verda. Men det tyder slett ikkje at han har senka ambisjonsnivået.

Klossete

At Tyrkia fører krig mot kurdiske styrkar i nabolanda, er i seg sjølv ikkje noko nytt. På 1990- og 2000-talet gjekk den tyrkiske hæren fleire gonger inn i Irak i forsøk på å knuse PKK, som hadde basar nord i landet. Og også i 2016 gjekk Tyrkia inn i Nord-Syria og tok store landområde frå YPG i samarbeid med Den frie syriske hæren, men ved den invasjonen førte tyrkarane krig også mot IS. Denne gongen er kurdarane det einaste målet.

Den tragiske situasjonen no er dels eit resultat av svært klossete politikk frå USA si side. Den tyrkiske invasjonen kom like etter at USA hadde lagt fram ein vag plan om å etablere ein tryggingsstyrke på 30.000 mann i Nord-Syria, ein styrke som for ein stor del ville vere kurdisk. At dette vart møtt med raseri i Ankara, er ikkje overraskande. Men når Tyrkia no har gått til full krig mot USAs kurdiske allierte, går det òg inn i eit større soge om Erdogan og Tyrkias vending vekk frå Vesten.

Adjø til EU

I nokre år såg det ut til at Tyrkia skulle ta rolla som ein påliteleg brubyggjar mellom aust og vest, og bli eit demokratisk førebilete for Midtausten. Det moderate islamistpartiet AKP vann parlamentsvalet i Tyrkia for første gong i 2002, og Recep Tayyip Erdogan vart statsminister i 2003. Dei første åra under styret hans stod Tyrkia fram som ei av dei få politiske gladhistoriene i denne delen av verda: Demokratiet såg ut til å slå rot i eit land som hadde vore gjennom ei rekkje militærkupp, og den tyrkiske økonomien hadde ei rekkje år med sterk vekst. I 2005 starta Tyrkia òg forhandlingar om EU-medlemskap, men forhandlingane gjekk svært tregt, mellom anna på grunn av problema med den delte øya Kypros.

Med åra vart dessutan styret til Erdogan stadig meir autoritært. Da han vart president i 2014, flytta han den utøvande makta med seg frå statsministerposten. Og etter det mislukka militærkuppet i 2016 har Erdogan styrt Tyrkia ved dekret, og han har nytta unntakstilstanden til å reinske ut alle potensielle motstandarar frå statsapparatet og militæret. Ingen snakkar lenger om EU-medlemskap for Tyrkia.

Osmansk inspirasjon

Men medan forholdet til Europa og USA stadig har kjølna, har Tyrkia dei siste femten åra utvida makta si mot sør og aust, ei historie som har fått mindre merksemd her i vest. Og det er ikkje lenger den sekulære landsfaderen Kemal Atatürk som er førebiletet. I staden har Erdogan og støttespelarane hans stadig oftare vist til historia om det osmanske riket som ei inspirasjonskjelde.

Det er rikeleg med råstoff i denne historia. Det osmanske riket varte i over 600 år. På høgda av makta si på 1500-talet var dette eit kolossalt imperium, som strekte seg frå Kaukasus i aust til Algerie i vest, og frå Ungarn i nord til Aden på den arabiske halvøya i sør. Riket kollapsa på slutten av første verdskrigen og vart partert da sigerherrane teikna det nye kartet over Midtausten.

I den moderne, sekulære tyrkiske staten som Kemal Atatürk leidde etter første verdskrigen, var slett ikkje det osmanske riket noko ideal. Gjennom det meste av det 20. hundreåret orienterte Tyrkia seg vestover, og det osmanske imperiet vart sett på som reaksjonært og korrupt, langt frå ideala for ein moderne stat.

Mjuk makt

Dei siste åra har dette snudd heilt. Under Erdogan har historia om det osmanske riket blitt til ei historie om ei stordomstid der ulike folkeslag levde fredeleg under tyrkisk administrasjon, og Erdogan sjølv vil gjerne stå fram som ein leiarfigur for heile den muslimske verda. Og dei siste åra har Tyrkia auka påverknaden sin i mange land som før var under osmansk herredøme. Men dette er neppe eit stormannsgale forsøk på å gjenerobre det gamle imperiet. Stort sett er det snakk om mjuke former for maktutøving, og mykje handlar om pengar. Tyrkiske interesser har mellom anna investert stort i Nord-Irak, der dei regionale kurdiske styresmaktene står på god fot med Ankara.

Inn i Afrika

Tyrkia har òg utvida engasjementet sitt mykje i Afrika. I 2009 var det 12 tyrkiske ambassadar i Afrika, no er det 39. Tyrkia har i dag det nest største humanitære budsjettet i verda, bak USA. Ein stor del av pengane går til syriske flyktningar i Tyrkia, men tyrkarane driv òg mykje bistand i Afrika, gjerne knytt til investeringar i landa som nyt godt av hjelpa. I fjor inngjekk òg Tyrkia dessutan ein avtale med Sudan om å byggje ei ny hamn på øya Suakin på den sudanesiske raudehavskysten. Denne avtalen har symbolsk klang: Suakin var ei viktig hamn i stordomstida til det osmanske riket.

I tillegg viser Tyrkia òg militære musklar rundt i verda: I fjor opna landet ein stor militærbase i Mogadishu i Somalia, der somaliske regjeringssoldatar skal få trening. Tyrkia har òg etablert ein militærbase i Qatar, til stor irritasjon for Saudi-Arabia, som ligg i diplomatisk strid med nabolandet.

Dyster presedens

Erdogan har stått fram som stadig meir brå og uføreseieleg dei siste åra, og det er uvisst kor langt han vil strekkje stormaktsambisjonane sine. Somme utsegner frå presidenten kan tolkast som at han meiner den irakiske storbyen Mosul, der tyrkiske styrkar var med på å kaste ut IS i fjor, burde vore ein del av Tyrkia. Men å teikne grensene på nytt ville vere eit nytt og dramatisk steg, og så mykje av ein sultan er kanskje ikkje eingong Erdogan.

At han prøver å knuse kurdarane i Syria, er derimot ikkje noko nytt. Der held dagens tyrkiske eineherskar fram med ein politikk som har presedens både frå dei osmanske sultanane og frå landsfader Atatürk. Og at stormaktene svik kurdarane når det gjeld som mest, finst det òg ein dyster tradisjon for.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ingen snakkar lenger om EU-medlemskap
for Tyrkia.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis