JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Tarmen vert stadig meir trøblete

Tarmen gjer fleire sjuke. Roundup og antibiotika ser ut til å vera dei store syndarane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei kvinne er til grastroskopi på Sjukehuset Telemark.

Foto: Roger Hardy / Samfoto / NTB scanpix

9684
20180216

Bakgrunn

80 prosent av immunsystemet vert styrt av tarmfloraen.

Vi har ti gonger så mange bakteriar i kroppen som celler.

Stadig fleire rapporterer om uroleg tarm og matintoleransar.

Glyfosat og antibiotika er dokumenterte å ha negativ effekt på tarmfloraen.

Helse

jon@dagogtid.no

Alle som har sett fjernsynsserien Riget av Lars von Trier, med Ernst-Hugo Järegård i hovudrolla som den utrivelege svenske overlækjaren, veit at avføring er viktige saker. Det evige spørsmålet for overlækjaren var om avføringa var blaut eller ikkje. Både livet og helsa stod og fall med det. Men det avgrensar seg ikkje til om skiten flyt eller ikkje. Er han laus eller fast, må du hyppig eller nær aldri på do, og får du tømt deg heilt eller ikkje? Dette er spørsmål stadig fleire lækjarar stiller pasientane.

Tarmen og bakteriefloraen i han er no det «hottaste» som finst innanfor medisinsk forsking. Det skulle i grunnen berre mangla. 80 prosent av immunsystemet vert styrt av bakteriane, lækjarane har tradisjonelt konsentrert seg om dei resterande 20 prosentane. Tak noko så vanleg som uroleg tarm, ein stad mellom 10 og 20 prosent av folkesetnaden lid av dette. Men sympatien pasientane møter, er nokså liten. Dei fleste av oss vert leie av alt desse pasientane påstår at dei ikkje toler. Ein dag er det gluten, ein annan dag er det mjølk, ein tredje er det sjokolade. Matindustrien veit òg å utnytta fenomenet. I alle matbutikkar kan ein no få kjøpt glutenfri havre som kostar 30 prosent meir enn vanleg havregryn. Salet går strålande, og det sjølv om havre aldri har innehalde gluten.

Stadig større merksemd

Men i åra framover kjem vi berre til å høyra meir om ulike matintoleransar. Alt no er vekeblada fulle av stoff om fenomenet, og VG og Dagbladet produserer artikkel på artikkel som dei legg bak betalingsmurar saman med artiklane om sex. Ja, så vanleg har problem med tarm og avføring vorte at til og med Fedon Lindberg har skrive bok om kva du kan gjera for å få betre avføring og færre problem med uroleg tarm.

Men diverre har ikkje forskingsfronten kome fram til ein kur. Vi kan på basis av det vi veit i dag, i høgda gjera litt med symptoma. Feitt og til dels protein er eitt av svara. Som på så mange andre felt syner det seg at særleg karbohydrat, som vert til monosakkarid eller sukker i tarmen, vert dårleg teke opp av ein uroleg tarm med utarma tarmflora. Feitt greier derimot pasientane framleis å nyttiggjera seg, men feittet skal helst ikkje vera soyaolja og margarin.

Dysbiose

Fenomenet ubalanse i tarmfloraen er i hovudsak det som vert kalla tarmdysbiose. Ein reknar med at 70 prosent av dei som er plaga med uroleg tarm, har dysbiose. Tarmfloraen byrjar alt i munnen og sluttar i anus. Overalt bør balansen vera god. Tarmfloraen er stort sett bakteriar, og dei er mange. Faktisk har vi ti gonger så mange bakteriar i tarmfloraen som vi har celler i heile kroppen. Det er enkelt og greitt livsviktig at tarmfloraen er i balanse, men hjå stadig fleire er han ikkje det.

For ikkje berre fører dysbiose til uroleg tarm, det er òg truleg at dysbiose kan leia til fibromyalgi, kronisk utmattingssyndrom (ME), diabetes, overvekt – før fekk husdyr tilsett antibiotika i fôret av di dei la mykje raskare på seg då – gikt og vondt i ledd, allergiar og autoimmune lidingar og sjukdomar. Ja, det er til med dokumentert at ein god tarmflora kan gjera det lettare for alkoholikarar å slutta å drikka, og at ein dårleg tarmflora fører til meir alkoholmisbruk. Lista over lidingar er etter kvart så lang at folk neppe har godt av å vita av det – om dei skal halda på den psykiske helsa.

Tryptofan!

Men òg for den psykiske helsa er rett tarmflora viktig. Her kjem truleg stoffet tryptofan inn i biletet. Tryptofan er ei amionosyre, faktisk den største av dei proteindanande aminosyrene. Tryptofan er også ei essensiell aminosyre, det vil seia at kroppen ikkje danar syra sjølv, men vi må få ho tilført gjennom kosthaldet. Normalt passerer 5 prosent av den tryptofanen vi får i oss, barrierane inn til hjernen. Ein god tarmflora i samarbeid med hjernen omdanar tryptofanen til melatonin og serontonin. Båe stoffa er særs viktige for at vi skal vera lukkelege og få sova godt.

Men det er langt ifrå sikkert at det hjelper å tilføre kroppen ekstra mengder med tryptofan om ein har desse problema, for om tarmfloraen er feil, er det sjølve opptaket som er problemet, og ikkje mangel på tryptofan. Dei amerikanske helsestyresmaktene har likevel tilrådd at tryptofan vert kunstig tilsett kosten for vaksne amerikanarar, og det skadar neppe å taka tryptofan som kosttilskot så sant ein held seg innanfor det inntaket som vert tilrådd på pakningane.

Mykje mindre no enn før

Det er heller ingen tvil om at vi får i oss mykje mindre tryptofan enn tidlegare slekter. Her kjem det fremste hatobjektet til tarmforskarar inn i biletet, nemleg Roundup, eller glyfosat, som i si tid vart hylla som heilt ufarleg og like bra for oss menneske som aspirin. I 2013 kom ei såkalla metagransking av 300 spesifikke studiar på glyfosat. Granskinga heiter Glyphosate’s Suppression of Cytochrome P450 Enzymes and Amino Acid Biosynthesis by the Gut Microbiome: Pathways to Modern Diseases og vart publisert i tidsskriftet Entrophy. Artikkelen er ikkje oppbyggjeleg lesnad.

Glyfosat drep enkelt og greitt dei gode bakteriane i tarmen og gjev dei dårlege nokså fritt spelerom. Dette har produsenten av stoffet visst lenge, sidan dei har teke ut eit patent på Roundup som ein mikrobedrepande mekanismen. Men ikkje berre fører glyfosat til at tarmen knapt tek opp tryptofan, stoffet hindrar òg plantene frå å dana det. Dimed får glyfosat ein dobbel negativ effekt. Vi får i oss mindre tryptofan, og det vesle vi får i oss, nyttiggjer vi dårlegare.

Antibiotika som problem

Glyfosat er mykje rart, men det er altså òg eit antibiotikum. Og antibiotika er truleg den andre store syndaren. Lækjarar har hatt altfor lett for å skriva ut antibiotika. Det har vore velkjent i fleire tiår at antibiotika går ut over mjølkesyrebakteriar, men ein har gått ut ifrå at denne kulturen raskt kjem attende i balanse. Diverre gjer han ikkje det for ein god del menneske, og dimed får sopp og dårlege bakteriar nokså fritt spelerom, særleg om antibiotikakurane vert mange. Mjølkesyrebakteriar er gode bakteriar som vi ynskjer å ha i rikt mon.

At mange manglar mjølkesyrebakteriar, er velkjent og noko også matindustrien har utnytta, stadig fleire et og drikk Biola og liknande probiotiske produkt. Og ja, pasientar rapporterer om at dei vert betre av Biola. Diverre ser effekten ut til å vera forbigåande. For bakteriekulturen i Biola dreg rett gjennom tarmen, og på vegen gjennom drep han dei gode slektningane som vi vil ha der permanent.

Så der er vi: Vi treng tryptofan for å dana nevrotransmittaren serotonin og hormonet melatonin og for å få fleire mjølkesyrebakteriar. Mangelen fører til oppvekst av sopp og lek tarm, som igjen gjev oss dårlegare helse og søvn. Mangel på søvn kan igjen føra til Alzheimers sjukdom og mykje anna vi på ingen måte ynskjer oss.

Ingen vedunderkur

Så kva kan vi gjera for å få tarmfloraen til å fungera igjen? Det korte svaret ser ut til å vera: Vi veit ikkje. Det er dokumentert at transplantasjon av ein sunn bakterieflora frå avføringa til ein frisk person har positiv effekt, men den effekten ser diverre ut til ikkje å vera permanent. Dessutan er det frykteleg dyrt. Ein bør helst ha tre slike tilføringar. Det er ikkje standard behandling innanfor det offentlege helsevesenet, sidan effekten ikkje er godt nok dokumentert. For tre såkalla «orale dropp» tek Volvat 75.000 kroner.

Problemet ser ut til å vera at når tarmfloraen verkeleg har vorte dårleg, får ikkje dei gode bakteriane ein tilfører eksternt, høve til å festa seg og verte eit permanent innslag. Dimed står symptombehandling att. Pasientar med uroleg tarm toler som nemnt karbohydrat dårleg, med eitt klart unnatak, den gode, gamle havregrynsgrauten. Havren har ein god del tryptofan og i tillegg soppdrepande effekt. På toppen av det heile reduserer han den dårlege kolesterolen og har ein positiv effekt på inflammasjonar. Også omega 3, men helst i naturleg form, ser ut til å kunne ha positiv verknad, særleg om omega 3 får verke i kombinasjon med lågdosar av aspirin.

I tillegg kan melatonin i form av tablettar ha ein positiv effekt. Men melatonin i Noreg er på resept, og det er dyrt. Dette bør kanskje ikkje nemnast: I dei fleste land er syntetisert melatonin lovleg og vert selt billig på internett.

Veit for lite

Men ein permanent og varig kur for uroleg tarm og dysbiose er enno ikkje dokumentert. Det går føre seg ei lang rekkje studiar til kvar tid, og alternativ medisin og kosttilskotsindustrien har gode dagar. Det er ingen tvil om at særleg antibiotika har vore eit utruleg framsteg for menneskeslekta, men det er heller ikkje nokon tvil om at så sant råd er, bør ikkje barn og unge gå på antibiotikakurar. Dei negative effektane av antibiotika kan synast 20 til 30 år etter at vi har gått på kuren.

Glyfosat, derimot, er neppe eit framsteg for oss. Men så seint som i 2015 tillét norske styresmakter sprøyting av havre for at kornet skulle verta mode raskare, og med det forsvinn mange av dei positive effektane av havren.

Til slutt: Underskrivne er ingen klinikar. Ikkje send e-post til meg, snakk med fastlækjaren om du trur du har dårleg tarmflora. Men om du har fast og regulær avføring med kraftig skitlukt, er det truleg ikkje tarmen som er problemet om du slit med helsa.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Dei negative effektane av antibiotika kan synast 20 til 30 år etter at vi har gått på kuren.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis