Opp som ein hjort, ned som ein …
Slik stoda er no, har britane så godt som ingenting
å tena på å gå ut av EU.
Theresa May er vorten ein tragisk statsminister. Ho var mot brexit, så tok ho på seg oppgåva med å få Storbritannia ut av EU, for så å skriva ut nyval som øydela fleirtalet hennar.
Foto: Peter Nicholls / Reuters / NTB scanpix
Bakgrunn
Brexit
I juni 2016 sa eit fleirtal av britane ja til å gå ut av EU.
No tingar dei om ei overgangsordning.
Truleg er det eit klart fleirtal i Underhuset for å halda fram med EU-medlemskapen.

jon@dagogtid.no
Måndag denne veka heldt Jeremy Corbyn ein mykje etterlengta tale for dei som liker frihandel, globalisering og store multinasjonale selskap, dette fenomenet som ofte går under nemninga «kapitalisme». I talen sa han at det var ein skandale at Tory-partiet ikkje gjekk inn for at Storbritannia skulle verta ein del av EUs frihandelsmarknad – sjølvsagt burde britane verta med i EUs tollunion. Og med det ser det ut som heile brexit renn ut i sanden.
At Corbyn no har vorte tilhengjar av EUs tollunion, må vel seiast å vera ein ironi. For i 1972 var han glødande motstandar av fellesmarknaden og ein av dei som var på den verkeleg hatefulle venstresida i Labour. Det er rett nok ikkje noko nytt at ein brite snur i spørsmålet om EU. Kva britane, Det konservative partiet og Labour til kvar tid meiner om EU, er det nær umogleg å få oversikt over.
Roy Jenkins er i Noreg best kjend som forfattar og historikar, men i si tid var han kjend som nestleiaren i Labour som gjekk av, av di han ikkje fekk argumentera fritt for at Storbritannia måtte gå inn i EF. Torsdag den 28. oktober 1971 stilte statsminister Edvard Heath Tory-parlamentsmedlemane fritt til å røysta som dei ville i spørsmålet om britane skulle gå inn i EF. Labour-leiaren og tidlegare statsminister Harold Wilson, som før hadde vore glødande tilhengjar av EF, hadde no av taktiske grunnar vorte mot EF, men vanta autoritet over sitt eige parti og kunne difor ikkje rekna med full støtte for motstanden. For ikkje å tapa andlet stilte han difor også sitt parti fritt i avrøystinga.
Lang debatt
Debatten i Underhuset den kvelden vart ein av dei lengste i britisk soge. 176 parlamentsmedlemar tok ordet, fortel Dominic Sandbrook i boka State of Emergency. Stemninga var hatsk, noko som på ingen måte var uventa. Frå før hadde den komande Labour-leiaren og EU-kommissæren Neil Kinnock fortalt at ein medlemskap i EF ville øydeleggja demokratiet og den britisk velferda: «Å overvinna kapitalismen i eitt land er ei stor oppgåve. Å slå han ned i fleire land vert ei for stor oppgåve til og med for meg.» Den komande Labour-statsministeren Jim Callaghan hadde på si side fortalt at ein medlemskap «vil riva identiteten vår i sunder» og føra «oss inn i ein total kontinental klaustrofobi».
Men så var det Jenkins, då. Han argumenterte beinhardt for britisk medlemskap og hadde ein stor tilhengjarskare i Underhuset. Mange lytta til silketunga. Resultatet vart tydeleg: 356 røysta for medlemskap, 244 mot. Jenkins hadde overtalt eit stort mindretal i Labour til å røysta for. Då resultatet vart kunngjort, byrja representantar frå venstresida i Labour å slå ned dei i eige parti som hadde røysta saman med Jenkins. Det heile vart totalt kaos, fortel Sandbrook. «Ditt fascistiske svin!» «Din rotteknullar, din rotteknullar!» Brøla rulla mot forrædaren Jenkins, som gliste av glede. «Det heile var forferdeleg», skreiv EF-motstandaren Tony Benn, som såg at partiet var åt å gå i oppløysing.
Glade konservative
Men for eit stort fleirtal av toryane var dette verkeleg jolaftan. Heile kvelden hadde den tidlegare statsministeren Harold Macmillan venta på klippene ved Dover Castle. Då resultatet vart kunngjort, sette han fyr på ein stor haug med ved. Langt borte, i Frankrike, steig eit svarlys til vêrs på himmelen over Pas de Calais. Franskmennene ynskte brørne i vest velkomne inn i Europa. Ventetida var over. Kanslar Willy Brandt var på gråten då han møtte pressa i Bonn: «Dette er ein stor dag for Europa!» ropte han ut. Jean Monnet, EUs far, som hadde vore til stades på galleriet i Underhuset den kvelden, var om mogleg endå lukkelegare. «Dette er det eg har venta på i 25 år», sa han. «No er tida komen for Europas ungdom.» I alle åra etterpå har det stort sett berre vore bråk. Og toryane har bråka mest av alle.
Det er heller ikkje til å leggja skjul på at britane fekk ein dårleg avtale, men det var ikkje anna å venta, sidan dei i si tid hadde stilt seg på sidelina då Fellesmarknaden vart dana. Verst for den vanlege briten var nok den felles landbrukspolitikken i EF, CAP, som det heiter. Britane hadde frihandel med mat innanfor Det britiske samveldet, dimed fekk dei mykje billigare smør, kjøt, frukt og grønsaker enn det dei hadde på kontinentet. Dessutan fekk britiske bønder knapt subsidiar før EF. No vart Storbritannia påført eit regulatorisk landbruksregime på 13.000 sider og auka matprisar.
Maggie fekk rabatt
Nesten like ille var det at Storbritannia måtte betala eit svært høgt årleg tilskot til EF. Men det fiksa Margaret Thatcher. Ho laga eit slikt bråk kvar gong ho var i Brussel, at dei andre leiarane gav etter og gjekk med på den vidgjetne rabatten. Faktisk betaler Storbritannia mindre for medlemskapen i EU enn Noreg betaler for EØS per hovud. CAP er heller ikkje eit store problem lenger, sidan europeiske bønder har vorte såpass effektive at matprisane har vorte låge og subsidiane gradvis lægre. Dessutan er dei EU-hatande britiske fiskarane no så få at dei ikkje lenger er ein maktfaktor.
Det var òg logikk i å gå inn i EF. Britisk økonomi leid av alvorleg gikt på 1960- og 1970-talet. Tyskland med sin liberalisme og si vektlegging av konkurranse var ein heilt annan stad og hadde ein mykje større marknad å eksportera til enn det fattige Samveldet hadde å by på for britane. Medan Tyskland stadig auka sin del av verdseksporten, gjekk det tilsvarande attende for Storbritannia. Landet gjekk frå den eine valutakrisa til den andre, og inflasjonen hadde kome heilt ut av kontroll. Å verta medlem av ein stor tollunion med frihandel skulle ordna britisk økonomi, var vona.
Gjekk for godt
Og britisk økonomi vart ordna. Om det var på grunn av EU eller Margaret Thatcher, er vanskeleg å seia, men økonomien vart så god at fleire millionar EU-arbeidarar har strøymt til landet, ei tilstrøyming som igjen førte til at eit relativt stort fleirtal av britane i 2016 altså røysta for å gå ut av EU. Men no ser det ut til at nissen vert med på lasset likevel. For å forstå kvifor, må vi forstå kva ein tollunion er, og kvifor den britiske arbeidsgjevarforeininga, eit samla finansmiljø og finanspressa hylla Corbyn etter talen på måndag.
Ein tollunion er eit felles regime for eksport og import mot omverda. Når ei vare vert importert inn i EUs tollunion, vert vara fri. Ho møter ikkje toll eller andre hindringar om ho vert eksportert vidare ut i tollunionen. Når ei svensk verksemd importer metall frå Kina og lagar ein lyktestolpe, kan dei fritt eksportera denne til Danmark eller Tyskland. Men dette krev at tollunionen har felles ytre tollsatsar, og at regelverk knytt til nesten kva det skal vera, er samordna.
Kven er det som samordnar tollunionen i EU? Jau, det er EU, det. Ein kan gjerne hevda at Storbritannia ikkje er ein del av EF-domstolen om dei får ei særeigen domstolsordning, men i praksis ville ein slik domstol verta det same som EFTA-domstolen, som ingenting anna er enn ein forlengd arm av EF-domstolen. For å få vera med i tollunionen må ein altså akseptera at ein ikkje kan tinga fritt med omverda om handel. Ein må òg akseptera at EU har juridisk makt over landa som er med, for om EU ikkje har det, er det ikkje lenger ein tollunion. Men britane røysta altså for å gå ut av EU for å få attende juridisk makt.
Ja til finansunion
Det vi kan slå fast etter Corbyns tale, er at det no er eit stort fleirtal i Underhuset for å verta med i tollunionen, Tory-partiet er heilt splitta, og ei rekkje av medlemane er tilhengjarar av EU. Alt tyder òg på at det er eit stort fleirtal i parlamentet for at Storbritannia skal vera medlem av tenesteutveksling og særleg såkalla passporting. London er verdsmeister i finans, det har britane mellom anna fått til gjennom å gje amerikanske bankar som etablerer seg i London, fri tilgang til EUs indre marknad. Om du er ein del av EUs finansregime, kan du fritt gjera forretningar i heile området, det er passporting. Ingen har vore betre til å utnytta dette regimet enn London City.
Tala er smått utrulege. I 2016 gav finanssektoren eit tilskot til den britiske nasjonalinntekta på 124,2 milliardar pund, seier Underhusets utgreiingskontor. Vel 1 million menneske arbeider i finanssektoren i Storbritannia, og ingen arbeidarar gjev eit høgre tilskot til BNP enn dei per hovud. I 2016 hadde finanssektoren eit overskot mot omverda på over 60 milliardar pund. Om vi berre ser på bankane og held all annan finans utanfor, genererte dei 24,4 milliardar i skatteinntekter. Storbritannia er heilt avhengig av å få passporting skal landet halda på desse inntektene. Det igjen tyder at dei må underkasta seg EUs jurisdiksjon på desse felta.
Lang liste
Lista over kva fleirtalet i Underhuset vil vera med på av EUs mange ulike regime, kan gjerast mykje lengre. Her kan ein rett nok innvenda at det britane tingar om, er ein overgangsperiode medan dei gjennomfører ei styrt avvikling av medlemskapen i EU. Sjølv om dei no seier at dei vil gå med på både tollunionen og passporting, treng ikkje det halda fram i æva. Sant nok. Når overgangsperioden er i gang, kan britane forhandla på ny med EU – i teorien. Men det krev at EU er interessert i å tinga med Storbritannia på ny. EU kan seia at dei er nøgde med stoda som ho er, og at dei ikkje har meir å tilby. Og sjølv om EU går med på nye tingingar fram i tid, vil dei same problema vera der. Skal britane få fri tilgang til tollunionen og eksportera finansielle tenester, ja, så må dei ha det EU kan tilby. Og det EU har å tilby, er eit felles reguleringsregime.
Det beste Storbritannia truleg kan vona at dei får av EU, er eit EØS-regime som til og med inkluderer landbruk og fiske. Det tyder, som vi nordmenn veit, medlemskap i EU, men utan formell politisk makt i EU-institusjonane, og utan reell makt gjennom slikt som EFTA-domstolen. Nissen ser altså ut til å ha teke over makta.
Kva med demokratiet?
Er så dette som no går føre seg i Det britiske parlamentet, særleg demokratisk? Det er eit ope spørsmål. Ein truleg utgang av det heile er ei ny britisk folkerøysting når overgangsavtalen med EU er ferdig. Problemet med den førre røystinga var at veljarane ikkje visste kva dei sa nei til. Når avtalen er der, kan dei taka stilling til om dei liker han eller ikkje. Men som vi veit, ei folkerøysting i EU endar til slutt med å vera ei folkerøysting styrt av EU.
Det som er heilt klart, er at svært mange ikkje kjem til å lika avtalen, EU har nemleg ein verkeleg god forhandlingsposisjon. Ved å skriva ut nyval øydela statsminister Theresa May sin eigen posisjon, autoritet og fleirtal. Ho er no heilt avhengig av nordirane, og er det noko Nord-Irland vil ha, så er det opne grenser mot Irland. May og eit fleirtal av parlamentsmedlemane frå Tory kan gjerne seia at dei vil ha ein hard brexit, men det finst det ikkje noko fleirtal for etter at Corbyn no har vorte tilhengjar av kapitalismen. Alternativa slik stoda er no, er truleg ei slags EØS-ordning versus full medlemskap, eller maktesløyse versus verkeleg makt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein truleg utgang av det heile er ei ny britisk folkerøysting når overgangsavtalen med EU er ferdig.
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.