JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Eit spørsmål om fugl eller fisk

Ein ny studie tyder på at kylling utnyttar fôret betre enn oppdrettslaks gjer. Andre oppdrettfiskar kjem dårlegare ut enn grisen i fôrrekneskapen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kyllingen overfører meir av både proteinet og den samla energien i fôret til matborda våre enn laksen gjer, viser ein ny studie.

Foto : Berit Roald / NTB scanpix

9761
20180316

Bakgrunn

Norske forskarar meiner at laks gjev langt meir mat per fôreining enn andre dyr.

Ein ny studie frå USA tyder på at det er kylling som utnyttar fôret best.

Ifølgje denne studien blir 37 prosent av proteinet i kyllingfôret att i produktet.

Berre 28 prosent av proteinet i laksefôret blir til menneskemat, ifølgje studien.

Oppdrett

peranders@dagogtid.no

Det er ei etablert sanning i Noreg at laksen utnyttar fôret klart best av alle husdyr. Den kjende soga er omtrent slik: For kvar kilo med fôr får vi dobbelt så mykje laks som kylling, og laksen tek med seg langt meir av proteininnhaldet i fôret sitt over i fileten. «Av alle husdyr har laks den mest effektive omdanning av fôr til mat», heiter det på nettsidene til Sjømat Norge.

Denne bodskapen har ikkje berre kome frå oppdrettsnæringa sjølv, men òg frå norske forskarar som har arbeidd med emnet. Og effektiviteten til laksen er ein del av grunnlaget for at mange norske politikarar held fram lakseoppdrett som eit viktig bidrag til matforsyninga for ei veksande verdsbefolkning. Den enklaste versjonen av denne bodskapen kom frå daverande fiskeriminister Elisabeth Aspaker, som skreiv dette i Bergens Tidende i 2014: «Laks er mat, og verden trenger mer mat i årene fremover.»

Logikken her er tvilsam: Det hjelper openbert ikkje dei svoltne i verda at norske oppdrettarar sel laks for 70 kroner kiloen. Men dersom laksen utnyttar fôret mykje betre enn kylling og andre husdyr, er i det minste lakseoppdrett ein meir ressurseffektiv måte å produsere dyreprotein på enn husdyrhald på land. I ei verd med knappe ressursar er det bra å vere effektiv. Og sidan kring 70 prosent av laksefôret i dag kjem frå soya, raps og andre landbruksprodukt, er det ikkje urimeleg å samanlikne laksen med landdyra vi et.

Kylling til topps

Men stemmer det at laksen er den mest effektive «proteinprodusenten» av alle husdyr? Nei, er konklusjonen i ein ny studie frå USA, publisert i tidsskriftet Environmental Research Letters i februar. Ei gruppe forskarar ved Johns Hopkins-universitetet, leidd av Jillian P. Fry, har studert fôrutnyttinga hos nokre vanlege husdyr og oppdrettsartar, mellom anna atlanterhavslaks. Forskarane såg på korleis dyra utnytta både proteinet og kaloriane i fôret, og kom til ein overraskande konklusjon: Kyllingen overfører meir av både proteinet og den samla energien i fôret til matborda våre enn laksen gjer.

Denne konklusjonen er overraskande. Fisk har nokre store fordelar samanlikna med landdyr: Sidan fiskar er vekselvarme, brukar dei ikkje energi på å halde varmen. Og sidan dei lever i vatn, brukar dei heller ikkje krefter på å halde seg oppreiste. Korleis kan det da ha seg at ikkje laksen er klart overlegen kyllingen som fôrutnyttar?

Omskolert rovdyr

Ein del av forklaringa kan vere at laksen er eit rovdyr av natur. Rett nok har oppdrettslaksen blitt meir og meir av ein planteetar dei siste 30 åra. Dagens verdsproduksjon på omtrent to millionar tonn atlanterhavslaks (godt over halvparten av dette i Noreg) ville neppe vore mogleg om laksen skulle fått nesten berre marin føde, slik han gjorde for 30 år sidan. Mykje av fiskemjølet i fôret er erstatta av soya, og mykje av fiskeoljen er erstatta med rapsolje. Men til skilnad frå kylling og gris klarer ikkje laksen å fordøye karbohydrat, han treng eit kraftfôr som er svært rikt på protein og feitt. Det er difor omtrent dobbelt så mykje protein i laksefôret som i kyllingfôret.

Og sjølv om ein laks legg på seg meir enn kyllingen gjer for kvar hekto med pellets han et, konkluderer Fry og kollegaene hennar med at kyllingen likevel utnyttar fôret best. Kyllingen sender 37 prosent av proteinet i fôret vidare som menneskeføde, mot 28 prosent for laksen, ifølgje Fry. Og også når det gjeld bevaringa av kaloriane i fôret, vinn kyllingen over laksen, med 27 mot 25 prosent. Men laksen kjem i det minste langt betre ut enn andre oppdrettsartar i vatn: Dei fleste andre fiskane i studien utnyttar kaloriane i fôret mindre effektivt enn gris og berre litt betre enn storfe, og tigerreka kjem enda dårlegare ut av dette reknestykket enn storfe gjer.

Halve sanninga

– Denne studien er veldig interessant, meiner Jeppe Kolding, professor i fiskeribiologi ved Universitetet i Bergen. Han har lenge vore kritisk til ideen om at fiskeoppdrett skal spele ei verkeleg stor rolle for matforsyninga i verda i framtida. «Mange går rundt i troen på at fisk er de mest effektive husdyr til å produsere protein. Men dette er dessverre feil, og det er viktig at slike utbredte misforståelser ikke fortsetter uten korrigering», skreiv han i eit innlegg i Fiskeribladet i 2016.

– Den historia vi har fått høyre om laksen, er berre halve sanninga. Folk er ikkje klare over kor mykje protein som går med til å produsere laks. Problemet med fisk er at dei ikkje toler karbohydrat, og karbohydrathaldige råvarer som mais er det billegaste og minst arealkrevjande fôret å framstille. Rovfisk som laks må ha høgoktanfôr, seier Kolding.

– Eg har ingenting imot at folk driv med lakseoppdrett i Noreg. Det eg ikkje likar, er at fiskeoppdrett blir halde fram som ei løysing på matvareproblemet i verda. Vi får ikkje meir mat i verda ved å drive lakseoppdrett. Om vi skal snakke om matforsyning globalt, kunne vi like gjerne lage trankapslar av småfisken og gje soyaen til kyllingen. Eller lage tofu av soyaen og ete han sjølve.

Utnyttingsgrad

Kva kan det så kome av at Fry og kollegaene konkludererer så ulikt norske forskarar, som i mange år har sagt at laksen utnyttar fôret langt betre enn kyllingen? Det har ein enkel grunn: Dei amerikanske forskarane har rekna med ein mykje høgare utnyttingsprosent for kyllingen til menneskemat, seier Trine Ytrestøyl. Ho er forskar ved det statlege matforskingsinstituttet Nofima og har lenge arbeidd med berekraftspørsmål og fòrutnytting hos laks og andre husdyr.

Ytrestøyl går god for tala dei amerikanske forskarane har nytta for laksen i studien sin. Men i sine eigne publikasjonar har ho konkludert med at laksen gjev langt meir att både av protein og kaloriar for kvar fôreining han får, med utgangspunkt i ein norsk studie frå 2002. Her ligg det til grunn at berre 50 prosent av slaktevekta til kyllingen blir til menneskemat, og forskarar ved Nofima reknar framleis med ein utnytttingsgrad for kylling på halve slaktevekta. Fry og kollegaene hennar brukar derimot 74 prosent som snitt for kylling, og da kjem altså kyllingen langt betre ut enn laksen. Både Fry og Ytrestøyl legg til grunn at kring 65 prosent av totalvekta til laksen blir nytta til mat.

– Eg er ikkje i stand til å vurdere dei tala som Fry har funne for utnyttinga av kyllingen. Men det kan godt hende at dei er rette for USA i dag. Det kan vere at ein har blitt mykje flinkare enn før til å utnytte meir av kyllingen som mat. Eg er ikkje sikker på kva som er det eksakte talet for utnyttingsgraden av kylling i Noreg i dag, seier Ytrestøyl.

Ho påpeikar at studien til Fry ikkje har teke omsyn til energien som mordyret til kyllingen brukar, og ikkje har korrigert tala sine for svinn i produksjonen.

– Tala våre for laks er korrigerte for svinn i produksjonen, både av fisk og fôr.

Fisken og verda

Funna i studien til Fry er relevante for langt meir enn debatten om berekrafta til norsk oppdrettslaks. Dei går rett inn i nokre av dei verkeleg store spørsmåla om den globale matforsyninga. Verdsproduksjonen av fisk og skaldyr i oppdrett er i dag langt større enn dei samla fangstane i fiskeria i verda, og akvakultur er framleis i sterk vekst globalt, med Kina som den desidert største oppdrettsnasjonen. Men studien til Fry tyder altså på at oppdrett av fisk og reker gjev større tap av både protein og kaloriar enn al av kylling og gris gjer: I gjennomsnitt går 90 prosent av kaloriane og over 80 prosent av proteinet i fôret tapt i oppdrett av dei artane Fry har studert.

Dette syner at akvakultur langt frå er den berginga for mennesket som somme vil ha det til, meiner Jeppe Kolding. Han er svært kritisk til at Noreg satsar på akvakultur som bistand i fattige land.

– Norfund og «Fisk for utvikling»-programmet til Norad har investert stort i akvakultur i Afrika, mellom anna i oppdrett av fisken tilapia. Men dette gjev eit stort tap av protein, og det er heller ikkje økonomisk lønsamt. Tilapia har ei fôrutnytting på nivå med ei ku, i følgje studien til Fry. Om fiskeoppdrett skal bli berekraftig, må vi hente fôr lenger nede i næringskjeda i havet, til dømes i form av plankton, seier Kolding.

– I dag kjem kring 97 prosent av maten til mennesket frå landjorda. Da bør vi ikkje leggje enda meir press på ressursane på landjorda for å produsere soya og raps til fiskefôr.

Trine Ytrestøyl er langt meir optimistisk. Ho trur at fiskeoppdrett kan få ei mykje større rolle i den globale matforsyninga i framtida, og understrekar at vi må skilje mellom det biologiske potensialet og ressursbruken i dagens akvakultur.

– Akvakultur er ganske nytt, og vi har avla på husdyr svært lenge. Når oppdrettslaksen utnyttar fôret mykje betre enn andre fiskeslag, er det fordi det har vore drive målretta avl av laks for å auke tilveksten sidan tidleg på 1970-talet. Eg trur potensialet i oppdrett er stort. Vi kan ikkje berge verda med laks, men Noreg kan eksportere mykje teknologi og kunnskap om avl i akvakultur, seier Ytrestøyl.

Utgangspunktet for denne saka er artikkelen «Feeed conversion efficiency in aquaculture: do we measure it correctly?», publisert i tidsskriftet Environmental Research Letters 4. februar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Den historia vi har fått høyre om laksen, er berre halve
sanninga.

Jeppe Kolding,
professor i fiskeribiologi

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis