– Dei har ikkje vore verre stilte sidan 1948
Den israelske historikaren Ilan Pappe set sin lit til den yngre generasjonen palestinarar og jødar. Og til Trump.
Ilan Pappe ser håp i unge palestinarars kamp. 16 år gamle Ahed Tamini vart fengsla for å ha slått og sparka ein israelsk soldat som hadde skote den 15 år gamle fetteren hennar i hovudet med ei gummikule.
Foto: Ammar Awad, Reuters
Bakgrunn
Ilan Pappe
Israelsk jøde og historikar
Fødd og oppvaksen i Haifa
Sentral i den internasjonale boikottrørsla mot Israel
Vart pressa til å slutte ved Universitetet i Haifa etter å ha oppmoda til internasjonal boikott av israelske universitet i 2005
Professor ved Universitetet i Exeter i Storbritannia i dag

Midtausten
eva@dagogtid.no
– Ikkje sidan 1948 har palestinarar vore verre stilte enn dei er i dag. Ubalansen mellom Israel, den sterkaste militærmakta i Midtausten, og palestinarane, som står utan militærmakt, har aldri vore større enn no. Mangelen på interesse for palestinarane frå det internasjonale samfunnet har aldri vore så tydeleg som i dag. Hendingar i resten av Midtausten tek merksemda bort frå Palestina. Splittinga i palestinsk politisk leir hjelper heller ikkje til kunne å utfordre dei israelske politiske strategiane og ideologiane. Det er ei fortvilande tid, der ein nesten må avfinne seg med at Palestina er tapt.
Det sa den israelske historikaren Ilan Pappe då han heldt opningsføredrag på Saladindagane på Litteraturhuset i Oslo nyleg. I føredraget presenterte han òg den nyaste boka si Ti myter om Israel som nett kom på norsk.
I boka går han gjennom sentrale tema i Israels offisielle historieframstilling, og møter dei med nyare historisk forsking, for å syne at framstillinga byggjer på oppkonstruerte feilslutningar. Han går i rette med myten om at Palestina var eit nær folketomt land før Israel vart etablert, og oppfatninga om at jødane var eit folk utan land. Han avviser òg at palestinarane forlét heimlandet friviljug i 1948, og at tostatsløysinga er den einaste vegen til fred.
Slike mytar må motbevisast på grunnlag av si moralske gyldigheit for å kome nærare ei forståing av kvifor det er konflikt mellom Israel og palestinarane, kvifor konflikten ikkje er løyst enno, og kva som kan gjerast for å finne ei løysing, sa Pappe.
– Sterkare sionisme
Då boka hans kom ut i fjor, var det 100 år sidan Balfour-erklæringa som gav sionistrørsla støtte til oppretting av ein jødisk nasjonal heim i Palestina, det var 70 år sidan FNs delingsplan for Palestina vart vedteken, og 50 år sidan den israelske okkupasjonen av Vestbreidda og Gazastripa vart vedteken. I dag er tostatsløysinga «heilt usannsynleg», skriv Pappe.
Under Saladindagane skildra han ei dyster utvikling i forholdet mellom Israel og palestinarane: Palestinarar på Vestbreidda kjenner jødar berre som busetjarar og soldatar. Israel opptrer stadig meir brutalt, fører ein politikk lenger til høgre og ein mykje sterkare versjon av sionisme no enn før.
Han seier palestinarane i Israel lever under betre forhold enn palestinarar på Gaza og Vestbreidda, men at dei òg lever i eit samfunn med segregerte skular og der dei vert overvakte og kontrollerte.
– Mange av forholda som har å gjere med det sivile liv, vert overvakte av dei hemmelege tenestene, og palestinarane vert sett på som potensielle trugslar mot den nasjonale tryggleiken. Israelske politikarar seier til og med at dei ser på palestinarane som ei demografisk bombe, seier Pappe.
Han ser likevel teikn til håp.
– Ja, eg ser lys, eg ser tunnelen og lyset i enden av tunnelen. Eg trur historia lærer oss at det er ei grense for kor lenge ein kan konstruere og lage dissonansar mellom røyndomen og oppfatningar av røyndomen, seier han.
Pressar fram nye idear
Optimismen hans kviler på tre faktorar, ifølgje Pappe. Ein av dei er USAs president Donald Trump.
I ein artikkel på nettsidene til det engelske forlaget Versos skriv Pappe at Trumps godkjenning av Jerusalem som hovudstad for Israel kan vere bensin på bålet for konflikten, men samstundes ein augeopnar som kan gje ei ny tilnærming til «den pågåande palestinske katastrofen».
Han håpar òg at Trump kan vere mannen som trekkjer USA ut av Midtausten. USA har vore involvert i Midtausten i 60 år utan at det har ført til noko positivt, ifølgje Pappe.
– Amerikansk tilbaketrekking kan vere farleg, fordi det kan gje eit vakuum som andre ønskjer å fylle. Men eg ser det òg som eit høve til å presse fram nye idear, som einstatsløysinga, til dømes, som eg ser som den einaste moglege løysinga, seier han.
Dei andre årsakene til håp er den yngre generasjonen av både palestinarar og jødar, i og utanfor Israel, ifølgje Pappe.
50 prosent av befolkninga som bur i Gaza, er under 18, og ein stor del av palestinarane i Israel, på Vestbreidda og blant flyktningar er under 21, ifølgje Pappe.
– Dei er unge, og dei har ei heilt anna oppfatning av kva det er å vere til og yte motstand, seier han og syner til 16 år gamle palestinske Ahed Tamini som døme.
Tamini vart fengsla for å ha slått og sparka ein israelsk soldat som hadde skote fetteren hennar i hovudet med ei gummikule. Ho har vorte eit symbol på motstand mot den israelske okkupasjonen på Vestbreidda.
– Eg trur ikkje israelarane har noka aning om kva dei står overfor når det gjeld viljen, sjølvtryggleiken og motstanden hjå desse ungdomane. Israels militærmakt har ikkje eit akseptabel svar overfor ein slik type motstand, seier Pappe.
Han ser òg ein fellesskap av unge, aktive palestinarar utanfor Midtausten, som heller ikkje sluttar å drøyme om ei anna framtid, og unge jødar, både i USA og i Israel, som ser ut til å ønskje ei anna utvikling enn i dag.
– Det finst håp om ei framtid, ikkje med hemn og motåtak, men med atterreising. Og for at ei slik atterreising skal fungere, må dei som har flykta, få lov å vende tilbake, seier Pappe.
Hardare og steilare
Marte Heian-Engdal som er seniorrådgjevar ved Norsk senter for konfliktløysing (NOREF), har òg nyleg gjeve ut bok om Israel. Til liks med Pappe skildrar ho frontane i konflikten som «hardare og hardare og steilare og steilare», men i motsetnad til Pappe har ho ikkje lys i sikte.
– Nei, det er ingenting av det som skjer no, som tyder på betring verken på kort, mellomlang eller lang sikt. Det eg ser som særleg urovekkjande, er at folk ikkje snakkar med kvarandre lenger. Mange israelarar lever sitt eige liv utan å møte palestinarar, og mange palestinarar møter israelarar berre som soldatar. Palestinarane vert dehumaniserte på systemisk nivå, men det same skjer som resultat på motsett side òg. Difor er vegen framover svært lang, seier ho til Dag og Tid.
– Pappe ser håp i den yngre generasjonen. Kvifor gjer ikkje du det?
– Det er positivt at han møter kloke, inspirerande og dyktige palestinske ungdomar som har evne til å tenkje nytt og kreativt om vegen vidare. Ser du likevel på den store tendensen i Gaza, der ein heil generasjon har vakse opp under svært vanskelege forhold, med enorm arbeidsløyse og straum berre nokre timar om dagen og aldri har opplevd anna enn blokade og stengingsregime, er det vanskeleg å sjå at det skal kome positive drivkrefter ut av det. Det er sjølvsagt bra om det gjer det, seier ho.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det finst håp om ei framtid, ikkje med hemn og motåtak, men atterreising.
Ilan Pappe, israelsk historikar
Det eg ser som særleg urovekkjande, er at folk ikkje snakkar med kvarandre lenger.
Marte Heian-Engdal, NOREF-rådgjevar
– Det eg ser som særleg uro-
vekkjande, er at folk ikkje
snakkar med kvarandre lenger.
Marte Heian-Engdal, NOREF-rådgjevar
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.