Aps manøver mot straumen
Ap trassar intern motstand og seier ja til energibyrået Acer. Den som trur debatten om energisamarbeidet med EU med det er over, må likevel tru om att.
Aps stortingsgruppe sikrar regjeringa fleirtal for ei tettare norsk integrering i EUs indre marknad for energi.
Foto: NVE
Bakgrunn
EUs tredje
energimarknadspakke:
Lovpakke for ein felles gass- og elektrisitetsmarknad i EU
Vedteken i EU i 2009
EU-byrået Acer skal regulere energiflyten i EU-området
Skal innførast i Noreg som del av EØS-avtalen
Inneber at Noreg overfører makt til EFTAs overvakingsorgan ESA, bindeleddet mellom Noreg og Acer
Inneber òg at det må opprettast ei ny nasjonal reguleringsstyresmakt for energi i Noreg som ikkje skal kunne instruerast av norske styresmakter

ENERGI
eva@dagogtid.no
Det forsvann i skuggen av Sylvi Listhaug, men tysdag føremiddag la energi- og miljøkomiteen på Stortinget fram ei innstilling som kan få større følgjer for norsk politikk enn Listhaugs avgang som statsråd. I innstillinga sikra Ap og MDG regjeringa fleirtal for at Noreg skal ta inn EUs lovpakke for ein felles gass- og elektrisitetsmarknad og knyte seg til energiregulatorbyrået Acer. Regelverket vart etter alt å døme vedteke i Stortinget i går etter at Dag og Tid gjekk i trykken.
For Noreg inneber eit slikt vedtak tettare integrering i EUs indre marknad for energi og overføring av makt til Brussel.
For Aps stortingsgruppe inneber det å trasse store delar av grasrota i eige parti og LO. Over halvparten av Aps ordførarar har bede Ap seie nei til å ta inn EU-regelverket. Dei fryktar at Noreg gjev frå seg suverenitet over kraftressursane. Fleire fylkeslag i partiet har gjort det same, og LO har bede om at saka vert utsett til EUs pågåande revideringar av regelverket er kjende og vurderte. Sentrale Ap-politikarar som Martin Kolberg, Kjersti Stenseng og Trond Giske er òg imot å gå inn no.
Då eit fleirtal i stortingsgruppa i Ap likevel gjekk inn for dette tysdag, var det etter å ha fått gjennomslag for åtte vilkår for energipolitikken som Aps landsstyre meiner sikrar sjølvråderett og eigarskap over vasskraftressursane. Vilkåra er slegne fast i ein eigen avtale mellom Ap, MDG og regjeringspartia.
Dei åtte vilkåra skal òg meldast inn til EU i ei formell erklæring som slår fast at vilkåra «vil ligge til grunn for Norges syn ved eventuelle fremtidige endringer i EUs energipolitikk», heiter det i avtalen.
Trass i dette har vilkåra ingen juridiske følgjer overfor EU eller for komande EU-regelverk på energiområdet. Dei har heller ikkje så mykje å seie for innføringa av det noverande EU-regelverket, skal vi tru EØS-rettsekspertar.
Den som trur debatten om energisamarbeidet med EU no er ferdig, må såleis tru om att.
Sterke åtvaringar
Lovpakken det er snakk om i denne omgang, er den tredje i EUs arbeid med å samordne energipolitikken i Europa og skape ein fungerande indre energimarknad. Føremålet med dette er å betre forsyningstryggleiken, effektivisere energibruken og auke bruken av fornybar framfor ikkje-fornybar energi i Europa.
Tredje lovpakke inneber felles reglar for produksjon, overføring, distribusjon og forsyning av elektrisitet og gass og skal medverke til mest mogleg saumlaus overføring av kraft over landegrensene og god utnytting av nettkapasiteten.
Noreg har teke inn dei to fyrste energilovpakkane i norsk rett utan større utfordringar. Den tredje er meir omfattande og inneheld krav om tilslutning til det overnasjonale organet Acer, som skal regulere kraftflyten, og oppretting av ein uavhengig nasjonal energiregulator som ikkje skal kunne instruerast av norske styresmakter.
Motstandarar av å ta inn EU-regelverket ønskjer ikkje ei utvikling vekk frå folkevalt styring av kraftsektoren. Dei fryktar tapt råderett over vasskrafta og at ein meir open marknad skal gje høgare straumprisar i Noreg.
Ap-leiinga har på si side åtvara kraftig mot å seie nei. I eit e-brev til ordførarane som er kritiske, skriv Jonas Gahr Støre at det å reservere seg mot regelverket inneber at Noreg må ut av energisamarbeidet i EØS-avtalen og at det truleg òg fører til at andre delar av avtalen vert sette ut av kraft. «Det er et betydelig usikkerhetsmoment, særlig for vår eksportindustri. Vi risikerer i større grad å måtte oppfylle klimaforpliktelsene fra Paris på egen hånd», skreiv Støre ifølgje Klassekampen.
Ordlyden i EØS-avtalen seier derimot at berre «den berørte del av vedlegget» i EØS-avtalen skal setjast ut av kraft mellombels, ved reservasjon.
Jussprofessor Halvard Haukeland Fredriksen ved Universitetet i Bergen seier det kan vere delte oppfatningar om kva for delar av energivedlegget i avtalen som ville vorte råka i eit slikt tilfelle, men at det rettsleg sett er mykje som talar for ei snever tolking, som omfattar regelverket som gjeld grenseoverskridande handel med elektrisitet. Det er heller ingen andre punkt i EØS-avtalen som opnar for at ein avtalepart kan trekkje seg frå andre delar av avtalen.
Politisk sett er det likevel fullt mogleg å gjere det. Òg EU har reservasjonsrett ved endringar av EØS-avtalen, og det trengst inga grunngjeving for å bruke denne retten.
– EU kan difor fullt lovleg reagere på eit veto mot den tredje energipakken i form av eit tilsvarande veto mot kva som helst framtidig avgjerd i EØS-komiteen, seier Fredriksen.
Viktige spørsmål
Vilkåra Ap, MDG og regjeringspartia no er samde om, som føresetnad for å innføre den tredje energipakken, seier mellom anna at
• det skal vere nasjonal kontroll over vasskraftressursane
• offentleg eigarskap til norske vasskraftressursar skal liggje fast
• norske styresmakter skal ha sjølvstendig kontroll over alle avgjerder som har innverknad på energitryggleiken i Noreg
• avgjerder om nye utanlandskablar skal takast av norske styresmakter åleine
• Statnett skal eige og drive alle framtidige mellomlandssamband, og det skal lovfestast
• såkalla flaskehalsinntekter – inntekter frå utanlandskablar – skal kunne nyttast til å redusere nettleiga
Jussprofessor Henrik Bjørnebye, som er leiar ved Avdeling for petroleums- og energirett ved Universitetet i Oslo, seier det er vanskeleg å sjå at den tredje energilovpakken er til hinder for nokon av desse krava.
– Det er sentrale energipolitiske krav dei stiller, men slik eg oppfattar det, er det snakk om krav som langt på veg alt er oppfylte i regelverket i dag.
Det einaste vilkåret som krev lovendring, er kravet om at berre Statnett skal eige og drive framtidige mellomlandssamband. Det kan nok òg diskuterast om det kravet er i samsvar med tredje energimarknadspakke.
Det store spørsmålet, ifølgje Bjørnebye, er kva som er innhaldet i reglane Acer og den nasjonale uavhengige reguleringsstyresmakta for energi skal handheve i framtida. Fleire av dei reglane er alt vedtekne av EU, men dei skal fyrst vurderast for innføring i EØS-avtalen med verknad for Noreg seinare, og er ikkje del av lovpakken Stortinget har til handsaming no.
– Dei kjem med full tyngd etter at vi har teke inn den tredje lovpakken. Eg har ikkje sett noko i dei reglane som isolert sett er svært problematisk, men omfanget av dei er så omfattande og detaljert at det er vanskeleg å overskode konsekvensane, så der må det gjerast grundige vurderingar når den tid kjem.
Fredriksen er av same oppfatning.
– Kompetansen Acer får i seg sjølv, er ikkje så dramatisk, det interessante er korleis det utviklar seg i framtida, seier han.
Utan rettsleg verknad
Dei åtte vilkåra Ap, MDG og regjeringa er samde om, vil ikkje automatisk ha verknad på dei etterfølgjande reglane Acer skal handheve. Det kjem dei heller ikkje til å ha når EU etter kvart kjem med den fjerde energilovpakken, som alt er under utarbeiding. Ei formell erklæring til EU om kva vilkår som vil liggje til grunn for Noregs syn, endrar ikkje på det, ifølgje Bjørnebye.
– Ei slik einsidig erklæring frå norsk side har nok avgrensa rettsleg verknad, men eg skal ikkje avvise at det kan ha noko å seie politisk, seier han.
Fredriksen omtalar vilkåra som «eit forsøk på å trekkje liner i sanden for kva ein ikkje vil vere med på i framtida».
– Dei kan ha noko å seie for korleis Noreg stiller seg til framtidige endringar, men EU kjem ikkje til å ta omsyn til det i utforminga av framtidig energipolitikk. Erklæringa kan ha politisk verknad på den måten at ho gjer EU merksam på kva som er Noregs posisjon, men ho har ingen rettsleg verknad, seier han.
Jussprofessor Eirik Holmøyvik ved Universitetet i Bergen seier erklæringa og vilkåra heller ikkje er bindande for framtidige norske regjeringar og storting.
– Dette er berre ein politisk avtale som gjeld no. Stortinget kan ikkje gjennom oppmodingsvedtak binde framtidige storting eller regjeringar. Får vi plutseleg eit blåblått fleirtal, har avtalen ingenting å seie, så det er ein kalkulert risiko Ap tek her, seier han.
Spørsmål på Island
Noreg kan velje å seie nei til den fjerde pakken med energilovverk frå EU når han kjem, men både Fredriksen og Holmøyvik meiner det kjem til å vere vanskelegare enn å seie nei til den tredje pakken.
– Dess tettare integrert ein er i energisamarbeidet, dess høgare vert terskelen for å seie nei til vidare utvikling. Dette er jo rein politisk psykologi. Så når Ap seier at verknadene av ein reservasjon mot den tredje pakken ville vorte omfattande, men at vi framleis kan seie nei til den fjerde pakken, er det logisk brest i resonnementet, seier Holmøyvik.
– Rettsleg sett kan ein seie nei, men all erfaring tilseier at Noreg ikkje gjer det, seier Fredriksen.
Det som paradoksalt nok kan skje innan den tid, er at Island stoppar norsk deltaking i den tredje pakken. I helga gjorde det eine regjeringspartiet på Island vedtak om at dei i framtida ikkje vil overføre meir makt til EU på energifeltet. Skulle det innebere at det vert fleirtal mot energilovpakken på Island, kan regelverket heller ikkje tre i kraft for EFTA-landa Noreg og Liechtenstein. Det stadfestar Dag Wernø Holter, som er visegeneralsekretær i EFTA.
– Det har ikkje kome konkrete signal om at regjeringspartia ikkje vil godkjenne regelverket, men skulle det verte fleirtal mot i Alltinget, vil vi stå i ein svært spesiell situasjon som aldri har vore prøvd før, seier han.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Omfanget er så omfattande og detaljert at det er vanskeleg å overskode konsekvensane.
Henrik Bjørnebye, jussprofessor
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.