Katastrofen i Kemerovo
Russarane har stor tiltru til eigen leiar, men protesterer stadig oftare mot styresmaktene. Den nylege katastrofebrannen i Kemerovo i Sibir er ein vekkjar for mange, seier Inna Sangadzhieva.
64 personar, av dei 41 barn, mista livet då det braut ut brann i ein tidlegare fabrikk som var ombygd til kjøpesenter i kolgruvebyen Kemerovo, vest i Sibir, 25. mars i år.
Foto: Maxim Lisov / Reuters / NTB scanpix
Bakgrunn
Vinterkirsebæret
Er eit kjøpesenter i byen Kemerovo i Sibir som brann 25. mars. 64 personar, av dei 41 barn, mista livet i brannen
Vart opna i 2013 og inneheldt kino, bowlingbane, skøytebane og butikkar
Skal ha hatt branntryggingskontroll i 2016, men hadde ikkje fungerande brannalarm og skal ha brote ei rekkje andre branntryggingsreglar
Brannen var den dødelegaste i Russland sidan 2009, då 156 personar mista livet i brann på ein nattklubb i byen Perm

Russland
eva@dagogtid.no
Medan attentatet mot russiske Sergej Skripal og dei påfølgjande utvisingane av diplomatar frå Vesten og frå Russland har prega mediebiletet her heime, er det ei anna sak som har fått større merksemd blant russarane i det som ifølgje kalenderen vår var påskeveka: Eit kjøpesenter med det vonefulle namnet Vinterkirsebæret i ein tidlegare fabrikk som var bygd om ulovleg. Barn leika, gjekk på skeiser og såg film i underhaldningssenteret og kinokomplekset i dei øvre etasjane, medan foreldra handla i etasjane under. Kortslutning i eit elektrisk anlegg, ein brannalarm som ikkje fungerte, røyk og flammar som spreidde seg raskt gjennom toppetasjane, rømmingsvegar som var stengde, tilsette som la på sprang for å berge seg sjølv, brannmannskap som ikkje rykte inn fordi dei mangla kart og oversikt over bygningen.
Minst 64 personar mista livet i brannen, 41 av dei barn. Nokre døydde medan dei slo mot låste utgangsdører og ropte på hjelp via mobil til familie og slektningar. Fleire skal ha hoppa frå vindauge for å prøve kome unna røyk og flammar.
Katastrofen i den sibirske kolgruvebyen Kemerovo palmesundag har ført til offentleg sinne og protestar fleire stader i Russland. I Kemerovo vart det gjennomført ein elleve timar lang demonstrasjon med krav om at nokon måtte ta ansvar, og at borgarmeister og regionale styresmakter måtte gå. Somme ropte òg om Putins avgang. I Moskva utvikla protestane seg til ein demonstrasjon mot dei sentrale styresmaktene, og opposisjonsleiar Aleksej Navalnyj skal ha uttrykt at det var eit korrupt system som tok livet av barna på kjøpesenteret.
Demonstrantane er fyrst og fremst mobiliserte gjennom sosiale medium, seier russiske Inna Sangadzhieva. Ho er seniorrådgjevar og landansvarleg for Russland i Den norske Helsingforskomité. Dei statlege TV-kanalane rapporterte ikkje eingong om brannen før langt utpå kvelden palmesundag, og då var det ikkje som hovudsak, seier ho. Den elleve timar lange demonstrasjonen i Kemerovo vart heller ikkje dekt av dei statlege TV-kanalane, men via Youtube, ifølgje avisa The Moscow Times.
Utover påskeveka eskalerte saka derimot og fekk meir plass i TV-sendingane.
Maxim Trudolyubov, som jobbar ved Kennan Institute og er redaktør i den uavhengige russiske avisa Vedomosti, kallar brannen ein «uunngåeleg tragedie som rista russarane vakne».
– Mange russarar kjenner seg einsame og forlatne i desse dagar, meir av eigne styresmakter enn internasjonalt. Det er Kemerovo, ein stor kolgruveby vest i Sibir, som har vore i tankane til folk, ikkje Skripal-saka eller dei diplomatiske utvisingane, skriv han i The Moscow Times.
Vekking og protestar
Sangadzhieva seier Kemerovo-brannen ser ut til å ha vore ein vekkjar for mange russarar, og ho trur saka kjem til å få følgjer for regimet på sikt.
– Folk har laga grupper i sosiale medium, samla seg i protestar, laga aksjonsgrupper og går rundt til andre kjøpesenter for å sjekke branntryggleiken der. Dei stolar ikkje på styresmaktene. Det har alltid vore ein grunnleggjande mangel på tillit mellom folk og styresmakter i Russland, men han har vorte mykje meir synleg no. Folk tek til å sjå at dei sjølv må ta ansvar, seier ho.
Mistilliten har kome til uttrykk òg ved tidlegare katastrofar. Putin fekk kritikk for handteringa av forliset av ubåten Kursk i 2000, då 118 personar omkom, og for å ikkje ta større ansvar for tryggleiken under gisselsituasjonen i Beslan i Nord-Ossetia i 2004, der 338 personar vart drepne.
Folkelege protestar og kritikk er heller ikkje noko nytt, men har auka dei siste åra.
Ifølgje Senter for økonomiske og politiske reformer, som er ein uavhengig russisk tenketank, auka talet på protestaksjonar og demonstrasjonar i Russland frå 284 i fyrste kvartal 2017 til 378 i andre og 445 i tredje. 78 prosent av protestaksjonane mellom januar og september 2017 hadde å gjere med arbeidskonfliktar eller sosioøkonomiske forhold, resten var politisk motiverte. Dei fleste var derimot lokale og små, med mellom 300 og 800 demonstrantar.
– Det vi ser etter Kemerovo, er nok eit steg i den endringa som byrja med avdekkinga av valfusk i 2011 og 2012, då folk tok til å sjå at dei må stille krav til styresmaktene, seier Sangadzhieva.
Sosiale medium har i same periode spelt ei viktig rolle i mobiliseringa, særleg blant unge folk. Det seier Julie Wilhelmsen, som er seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).
– At mobiliseringa skjer på sosiale medium, har vore trenden sidan dei fyrste store demonstrasjonane i 2011, og opposisjonsleiar Navalnyjs appell blant unge går via formidling på internett og i sosiale medium. Uavhengig av Navalnyj oppstår det òg spontandemonstrasjonar rundt om som følgje av låge løner eller liknande, men oppslutninga om denne typen protestar er ikkje veldig stor og har det siste året vore mindre enn før, seier ho.
Det overordna biletet er i alle høve at Putin nett er attvald med solid mandat til å halde fram.
– Så det er ikkje nødvendigvis slik at protestar mot styret i ein region er ein protest mot styret til Putin, seier ho om brannen i Kemerovo.
Wilhelmsen meiner derimot det finst eit potensial for mobilisering mot regimet, ikkje så mykje når det gjeld demokrati og politiske rettar, men dersom den sosiale og økonomiske misnøya skulle auke eller russisk økonomi vert ytterlegare forverra.
– Det er òg demonstrert ganske godt at den som klarar å mobilisere rundt antikorrupsjonsparolar, slik Navalnyj starta med, kan få mange russarar ut i gatene.
– Tek makta sjølv
Sangadzhieva seier det er tydeleg at det var korrupsjon med i biletet i Kemerovo. Kjøpesenteret var registrert som eit lite føretak for å unngå å betale høg skatt, og tryggleiken var ikkje teken på alvor. Kontrasten mellom det og eit regime som snakkar mest om fiendar utanfor landet, er dermed stor for mange.
– Styresmaktene snakkar om eit Russland som er omgjeve av fiendar ute, samstundes som tragedien syner at problema òg finst i Russland, og at det finst interne fiendar, ikkje i enkeltpersonar, men i eit system som sviktar på den mest grufulle måten, seier Sangadzhieva.
– Folk ser at institusjonane og systemet ikkje verkar som dei skal, og det spreier seg ei forståing av at du som borgar er svikta av styresmaktene. Samstundes går økonomien dårleg, og styresmaktene har ikkje ressursar nok til å gjere mykje med situasjonen, seier ho.
Mykje gjekk òg gale i handteringa etter brannen. Leiarane av kjøpesenteret og lokale styresmakter prøvde fyrst å leggje skulda på andre og sa at brannen var tend på av unge gutar med ein annan nasjonalitet. Viseguvernøren i Kemerovo, Vladimir Tsjernov, skulda ein av dei som demonstrerte, for å vere opposisjonell og utnytte tragedien politisk. Demonstranten synte seg å vere ein mann som hadde mista kona, tre born og syster si i brannen.
Guvernøren, Aman Tulejev, møtte ikkje sjølv folkemengda, men orsaka tragedien overfor president Putin og sa han ville gjere sitt for å hindre opposisjonen i å bruke saka til sin fordel. Det vert tolka som at han var meir oppteken av reaksjonane frå Moskva enn av å verne om eigne borgarar.
Då Putin sjølv drog til Kemerovo, møtte han Tulejev, ministeren for krisehandtering og sjefetterforskaren for brannen, ikkje folket og dei som protesterte. Han ville ikkje love å fjerne Tulejev då han var i Kemerovo, men ei veke seinare hadde situasjonen eskalert såpass at guvernøren gjekk av likevel.
Russiske styresmakter erklærte heller ikkje nasjonal sørgjedag etter tragedien før det folkelege presset vart for stort. Folk etablerte sørgjedag sjølv, via sosiale medium, seier Sangadzhieva.
– Det syner at systemet Putin representerer, ikkje har løysingar som svarar til behova til folk. Folk tek i staden makta i eigne hender. Folk støttar Putin, men dei vil samstundes ha endringar, og det er interessant å sjå korleis det sivile samfunnet no veks og tek tilbake legitimitet, seier ho.
Paralysert
Geir Flikke, som er fyrsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, trur òg brannen i Kemerovo vil medverke til endringar i Russland.
– Eg trur denne saka vert ei av fleire saker som får følgjer. Styresmaktene verkar paralyserte når det oppstår spontane folkelege aksjonar. Symptomatisk nok måtte den lokale guvernøren gå etter ei rekkje svært uheldige utsegner om at framande makter som prøvde å stille Russland i dårleg lys, utnytta denne saka for å spreie misnøye. Folk var i sorg, dei var opprørte, og det var eit russisk kjøpesenter som brann ned på grunn av dårleg elektrisk anlegg. Å skjule fakta er alltid ein dårleg kommunikasjonsstrategi, seier han.
Wilhelmsen er på si side ikkje overtydd om at saka kjem til å få følgjer for regimet når guvernøren no har gått av.
– Putin er ein strategisk politisk spelar, og regimet hans er populistisk. Når det dukkar opp utfordringar, møter han dei. Det Putin gjer i denne saka, er å irettesetje guvernøren. Då appellerer han til befolkninga. Hadde det vore handtert annleis, kunne det fått meir dramatiske følgjer. At guvernøren har trekt seg, er ganske talande. Det kan vere stor mistillit til lokal leiing og byråkrati, til og med ganske høgt opp i det føderale systemet, men russarane har kultur for å stole på den øvste leiaren, tru at han er skuldfri og kan ordne opp i problema.
Om ho får rett, vil tida syne. Tidlegare denne veka hadde sju personar vorte arresterte etter brannen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det spreier seg ei forståing av at du som borgar er svikta av styresmaktene.
Inna Sangadzhieva, Den norske Helsingforskomité
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.