Nytt spel om Balkan
EU opnar dørene for medlemskap for landa på Balkan igjen. Frykta for Russland er ei medverkande årsak.
EU-kommisjonen krev at alle bilaterale grensekonfliktar må vere løyste for at landa på Balkan skal kunne gå med i EU. Verken Serbia (biletet) eller EU-medlemsland som Spania, Kypros og Hellas har anerkjent Kosovo som sjølvstendig republikk.
Foto: REUTERS/Marko Djurica
Bakgrunn
Vest-Balkan og EU
I 2003 stadfesta EUs stats- og regjeringsleiarar at dei ønskte landa på Balkan som medlemmer i EU.
Kroatia vart EU-medlem i 2013.
Serbia og Montenegro har starta medlemskapsforhandlingar, i 2014 og i 2012.
Albania og Makedonia har søkt medlemskap og håpar å starte forhandlingar snart.
Bosnia søkte om medlemskap i 2016 og håpar å få kandidatstatus.
Kosovo vurderer å be formelt om å verte kandidatland.

eva@dagogtid.no
Vinteren og våren 2009 budde eg nokre månader i Skopje i Makedonia. Alle landa på Balkan vart den gong snakka om som komande EU-medlemmer. Bulgaria i aust hadde gått med i EU året før, medan naboane i sørvest, albanarane, denne våren både sende EU-søknad og gjekk inn i Nato – og feira det som «eit fridomsmirakel» i hovudstaden i det tidlegare kommunistdiktaturet.
Makedonia sjølv hadde hatt kandidatstatus i fire år, og i Skopje og Aten vart det gjort forsøk på å løyse namnekonflikten grekarane nytta til å nekte landet å starte medlemsforhandlingar.
– Vi vil òg inn i EU, sa kvinna bak disken i ein av dei belgiske sjokoladebutikkane som hadde etablert seg i Skopje sentrum.
Ho såg at VISA-kortet mitt hadde adresse Noreg, og vart overraska då ho høyrde at det ikkje innebar at eg var EU-borgar òg. Det var uforståeleg for henne at eit land ikkje ønskte å vere med i EU.
Eit knapt tiår seinare har draumen om EU-medlemskap vorte spedd ut med tvil over heile Balkan. Kroatia gjekk inn i EU i 2013, men dei seks landa på Vest-Balkan er framleis eit godt stykke unna medlemskap.
28 prosent av dei spurde i Balkan-barometeret for 2017 trudde EU-medlemskap aldri kom til å verte noko av. 42 prosent såg medlemskap som noko positivt, medan 19 prosent meinte det ville vere negativt.
No har EU sett inn støyten på nytt. I februar la kommisjonen fram ein ny strategi for auka EU-engasjement på Balkan og varsla at Serbia og Montenegro, som har starta medlemskapsforhandlingar, kan vere EU-medlemmer innan 2025. Denne veka føreslo kommisjonen òg å starte forhandlingar med Albania og Makedonia.
Det auka engasjementet vert forklart med at EU no tek til å kome seg etter eigne kriser, eurokrisa og migrasjonskrisa, som har prega unionen sidan 2008. Migrasjonskrisa vert òg omtalt som ein vekkjar, som synte både kor sårbare landa på Balkan er, og kor viktige dei er for stabiliteten og tryggleiken i resten av Europa. Somme peikar òg på brexit som ei forklaring.
I tillegg er det ei veksande uro i EU over det auka nærværet til russarane, tyrkarane og kinesarane på Balkan. Det seier Vessela Tcherneva, som leiar Sofia-kontoret til tankesmia European Council on Foreign Relations, og jobbar med EU-utviding og Vest-Balkan.
– Medan EU har vore oppteken av seg sjølv, har ei rekkje andre spelarar dukka opp. Dei siste to åra har EU byrja innsjå at om dei ikkje engasjerer seg meir, så kjem landa på Balkan til å inngå partnarskap med andre, seier Tcherneva.
Geopolitikken er tilbake
Kina investerer mellom anna stort i Serbia og planlegg å byggje høgfartsjernbane mellom Hellas og Budapest, via Beograd, som del av infrastrukturprosjektet «One belt, one road», som skal knyte Asia til Europa.
Det er likevel russarane sin aukande påverknad på Balkan som vekkjer mest uro hjå EU-leiarane. Russarar er mistenkte for å stå bak kuppforsøket mot statsministeren i Montenegro i 2016, i eit forsøk på å sabotere planane om Nato-medlemskap for landet, og for å ha hatt ei aktiv rolle i den politiske krisa i Makedonia nyleg. EU Observer skriv at russarane forsyner serbiske nasjonalistar med våpenavtalar, og leiaren for utanrikskomiteen i EU-parlamentet, tyske David McAllister (CDU), seier russarane òg påverkar den politiske debatten på Balkan, gjennom anti-vestleg, og EU-kritisk propaganda, særleg i serbisk-språklege medium.
– Geopolitikken er tilbake på Balkan, seier han til The Guardian.
Ivan Krastev, som leiar den Sofia-basert tankesmia Centre for Liberal Strategies, seier i same avis at EUs evne til å tenkje og fungere som geopolitisk spelar no er sett på prøve, og at unionen må handle raskt for å unngå ei potensiell krise på Balkan.
Tcherneva seier EU-medlemskap framleis er det føretrekte alternativet over heile Balkan.
– EU er største handelspartnar og største politiske aktør på bakken i alle landa, og det er til EU dei fleste migrantar frå Balkan reiser for å få jobb. Russland er ei forstyrrande kraft, ikkje ei konstruktiv, og frå det perspektivet er det ikkje for seint for EU på Balkan. Men det kan verte for seint ganske snart om det ikkje vert etablert nødvendig infrastruktur for økonomisk utvikling, som kan hjelpe landa å kome vidare med reformarbeid, men òg gje dei eit europeisk perspektiv, seier ho.
Utfordringar på rekkje
Om ønska og behova er til stades, kan røynda likevel gjere det vanskeleg å integrere landa på Vest-Balkan i EU. Nasjonalisme og politiske spenningar har fått boble både i og mellom land dei siste åra, sjølv om situasjonen er betre enn på 90-talet.
Dei seks landa er i tillegg framleis prega av store sosiale og økonomiske problem, korrupsjon, organisert kriminalitet, svake statsinstitusjonar og sårbare rettsstatar. Det må det gjerast noko med før det vert snakk om medlemskap, ifølgje EU.
I strategien for auka engasjement på Balkan set EU-kommisjonen òg krav om at alle bilaterale grensekonfliktar i området må vere løyste for at landa skal kunne gå med i EU.
Mellom anna må makedonarane og grekarane verte samde om kven som skal ha rett til å bruke namnet Makedonia, som òg er namnet på ein region i Hellas.
Balkan-ekspert og professor emeritus Svein Mønnesland ved Universitetet i Oslo, seier dei største utfordringane for EU på Balkan likevel vert å få politikarane i den delte republikken Bosnia-Hercegovina til å innsjå at dei må gjennomføre store politiske og administrative reformer, og å få landa som ikkje har anerkjent Kosovo til å gjere det.
Serbia er blant landa som ikkje har godteke at republikken Kosovo erklærte seg sjølvstendig for ti år sidan, og det er lite som tyder på at det vil skje med det fyrste. I januar i år vart eit serbisk tog sendt mot Kosovo måla med bodskapen «Kosovo er serbisk» på over 20 ulike språk, og i mars hang det ein banner utanfor det serbiske parlamentet som sa nei til EU-medlemskap for Kosovo.
Heller ikkje EU-landa Spania, Hellas, Kypros, Slovakia og Romania har anerkjent republikken. Den spanske statsministeren har endåtil truga med å ikkje kome på EU-toppmøtet om Vest-Balkan i Sofia i mai dersom Kosovo der vert representert som eigen stat.
I tillegg er det eit spørsmål om alle EU-landa er opne for å inkludere dei fattigare landa på Balkan i unionen, med det det kan koste og innebere av auka innvandring.
– Spørsmålet om EU-medlemskap for landa på Balkan er aktuelt igjen, men det er ingenting som vert lettare no enn førre gong. I tillegg skal EU gjennom eigne reformer av Schengen og eurosona, før landa er klare for EU-utviding. Eg trur ikkje europearane er klare enno, dei treng å sjå langt større reformer på Balkan fyrst, seier Tcherneva.
Ikkje andre alternativ
Mønnesland trur EU-landa kjem til å verte klare, og at alle dei seks landa på Vest-Balkan vert med i EU i løpet av dei neste ti åra.
– Dei overordna prinsippa og synspunkta er viktige her. Bulgaria og Romania var ikkje modne for medlemskap då dei vart tekne inn, men det var ei politisk vurdering frå EU at dei måtte inn før Russland tok over. Eg trur det er noko liknande EU tenkjer no. Den russiske påverknaden på Balkan, og til dels òg påverknad frå Tyrkia og andre islamske krefter, har vorte sterkare fordi EU har somla og forsømt Balkan i nesten ein tiårsperiode, seier han.
Seniorrådgjevar Karsten Friis ved Norsk utanrikspolitisk institutt ser heller ikkje andre alternativ for EU enn å lukkast på Balkan denne gong.
– Dei må lukkast på eit eller anna vis. Alternativet er at statane bryt saman, og at det økonomiske gapet mellom EU og Balkan vert større og større. Det kan gje sosial uro og migrasjonsstraumar og hjerneflukt frå regionen og i verste fall utvikle seg til sosiale kriser. Om ikkje EU får tilbake momentum på Balkan, kan det òg slå tilbake i form av meir reaksjonære og anti-vestlege krefter, seier han.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Medan EU har vore oppteken av seg sjølv, har ei rekkje andre spelarar dukka opp.
Vessela Tcherneva, European Council on Foreign Relations
– Bulgaria og Romania var ikkje modne for medlemskap då dei vart tekne inn, men det var ei politisk vurdering frå EU at dei måtte inn før Russland tok over. Eg trur det er noko liknande EU tenkjer no.
Svein Mønnesland, professor emeritus ved Universitetet i Oslo
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.