Eit vanskeleg nyval i Italia
Eit nyval i Italia kan verte ei folkerøysting om euroen. Det er likevel ikkje sikkert det vil endre stort på forholdet til EU, seier professor emeritus Steinar Stjernø.
Matteo Salvinis ytre høgre-parti Lega Nord skifta i fjor namn til Lega (Ligaen) for å utvide seg frå eit regionalt parti til eit nasjonalt. Ved valet i mars gjekk partiet frå 4 til 17 prosent oppslutning. No går det mot nyval i Italia, og oppslutninga om partiet berre aukar.
Foto: Yara Nardi / Reuters / NTB scanpix
Bakgrunn
Den politiske krisa
i Italia
Ytre høgre-partiet Ligaen og det fløyuavhengige protestpartiet Femstjernerørsla fekk saman fleirtal ved parlamentsvalet i Italia i mars. Dei ville tidlegare ikkje samarbeide, men la 19. mai fram ei sams regjeringsplattform.
Jussprofessoren Giuseppe Conte vart peika ut som statsminister, men presidenten la ned veto mot valet av den 82 år gamle økonomen og euromotstandaren Paolo Savona som finansminister.
27. mai gav Conte difor opp å danne regjering, og 28. mai peika presidenten i staden ut eurotilhengaren og den tidlegare IMF-direktøren Carlo Cottarelli til å danne ei teknokratregjering.
Truleg får ikkje regjeringa tillit i parlamentet, og det kjem til å gå mot nyval i Italia til hausten.

Italia
eva@dagogtid.no
Det er lett å trekkje på skuldrene av italiensk politikk. Det var det han gjorde, kelneren i Roma òg, då han to og ein halv månad etter parlamentsvalet vart spurd av turistar om det snart nærma seg ei ny regjering. «Det kan vere, men det kan òg ikkje vere. Det er aldri godt å vite. Det betyr ikkje så mykje heller. Ingen gjer det dei lovar likevel», sa han.
Det var 17. mai og det umake paret Matteo Salvini, som leier ytre høgre-partiet Ligaen, og Luigi Di Maio, leiaren av det fløyuavhengige, nettrøystingsbaserte protestpartiet Femstjernerørsla, forhandla om ei sams regjeringsplattform. Eit utkast som var leke til Huffington Post Italia hadde fortalt at dei to ville be den europeiske sentralbanken slette 250 milliardar euro av Italias enorme statsgjeld på 2300 milliardar, leggje til rette for at land kan trekkje seg ut av eurosona, trekkje sanksjonane mot Russland, reforhandle EU-avtalen om asylsøkjarar og deportere ulovlege innvandrarar. Finansmarknadane skalv, Brussel heldt pusten, og utanfor parlamentet i Roma stod journalistane tettpakka og venta på at dei to skulle verte ferdige med forhandlingane.
Morgonen etter var dei i hamn. Det var klart for den fyrste populistiske og EU-kritiske regjeringa i Vest-Europa og blant dei opphavlege landa i EU. Det var ei regjering som ville innføre minsteløn på 780 euro i månaden for arbeidssøkjarar og dei mest trengande, innføre flat skatt på 20 prosent, reversere reforma som heva pensjonsalderen for italienarane, og stogge ein planlagd auke av momsen – reformer som tidlegare IMF-direktør Carlo Cottarelli har rekna til å kunne koste 126 milliardar euro årleg, ifølgje Reuters.
No vert det ikkje noko av. Ikkje med det fyrste i alle fall.
Protestane styrkjer seg
At president Sergio Mattarella, som representerer det EU-venlege, sentrum–venstre-partiet Det demokratiske partiet, nekta å godkjenne euromotstandaren Paolo Savona som finansminister, vert kritisert for å vere eit politisk og lite klokt trekk. Verken Femstjernerørsla eller Ligaen dreiv valkamp på å gå ut av euroen, og tidlegare lefling med krav om ei folkerøysting om saka var ikkje med i den endelege regjeringsplattforma.
Argumentasjonen hans om at lina til Savona kunne provosere fram eit brot med euroen, skape uvisse i den italienske økonomien og utgjere ein risiko for italienske familiar og borgarar, gjer at han vert skulda for å handle på vegner av finansmarknaden, EU og internasjonale elitar. Det vart ikkje betre av at han i staden peika ut den tidlegare nemnde IMF-direktøren og eurotilhengaren Cottarelli – kjend for å gjere kutt i dei offentlege budsjetta i Italia – til å danne ei mellombels teknokratregjering.
Den regjeringa kjem ikkje til å få tillit frå parlamentet, der Ligaen og Femstjernerørsla saman har fleirtal, og dermed går det mest truleg mot nyval og endå sterkare protestar mot EU og euroen i Italia til hausten, om ikkje før. Om då ikkje dei nye regjeringssonderingane mellom Ligaen og Femstjernerørsla, som fleire aviser rapporterte om onsdag, kjem til å snu det heile igjen. Det hadde ikkje kome meldingar om utfallet av desse sonderingane då Dag og Tid gjekk i trykken torsdag.
Dei nyaste målingane syner at Ligaen har auka oppslutninga frå 17 til godt over 20 prosent sidan valet i mars.
Analytikarar meiner eit eventuelt nyval kan verte ei rein folkerøysting om EU og euroen, og tidlegare statsminister Massimo D’Alema fryktar vetoet frå Mattarella kan gje EU-skepsisen i dei to protestpartia vatn på mølla, ifølgje Reuters.
Spørsmålet er om det vil få følgjer i faktisk politikk denne gongen. Det er ikkje sikkert, ifølgje Italia-kjennar og professor emeritus ved OsloMet Steinar Stjernø.
Fleirtal for euro
Stjernø seier at Mattarella etter grunnlova var i sin fulle rett til å leggje ned veto mot Savona.
– Det er både tradisjon for og tydeleg i grunnlova at han kan vende tommelen ned for ein minister han meiner ikkje er eigna eller ikkje har nok tillit. Uvisse kring eurosamarbeidet kunne ført til at dei internasjonale finansbyråa sette opp renta på den italienske statsgjelda. For å dekkje inn slike tap må dei anten kutte i offentlege budsjett og velferd eller auke skattane, og det er det ikkje rom for i eit land som alt har eit skattenivå på oppunder 50 prosent, seier han.
Europeiske børsar har alt reagert på utsiktene til eit populistisk styre i landet, og avstanden mellom det Tyskland må betale for låna sine utlands og det Italia må betale, har auka den siste månaden.
– Trass i utbreidd mistillit til EU i den italienske befolkninga er det ikkje fleirtal for å gå ut av euroen, seier Stjernø: Tvert om var det på dei seinaste målingane dobbelt så mange som meinte det ville vere skadelegare å gå ut enn å verte verande i eurosona.
Han seier at Mattarella i utgangspunktet òg var skeptisk til å godkjenne den uerfarne statsministerkandidaten Ligaen og Femstjernerørsla ønskte, men at han vart pressa av Ligaen, som trua med at det ikkje vart noka regjering utan. Så gjentok det same seg med finansministeren. Femstjernerørsla var villig til å gje seg på val av kandidat, og presidenten sjølv føreslo å gje jobben til nestleiaren i Ligaen, men Ligaen nekta.
– Då oppfatta Mattarella det som at sjølve presidentrolla var under åtak, seier han.
Fleire aviser og kommentatorar i Italia meiner Ligaen har fått dominere både regjeringsplattforma og spelet om ministrar i alliansen med Femstjernerørsla. Stjernø seier spørsmålet no er korleis Femstjernerørsla vurderer den harde lina til Ligaen. I skrivande stund er det òg uklart om Ligaen vil halde fast ved alliansen med Silvio Berlusconi og Forza Italia, eller om han vil velje Femstjernerørsla fram mot eit eventuelt nyval.
Sjansen er òg liten for at eitt av dei to partia får fleirtal åleine. I alliansen med dei andre høgreorienterte partia vil Ligaen måtte bryne seg mot meir EU-venlege Silvio Berlusconi.
Femstjernerørsla hadde på si side tona ned kritikken mot både EU og euroen under den noverande leiaren Luigi Di Maio før presidenten sa nei.
Ser ikkje fordelar
Befolkninga i Italia vert like fullt stadig meir kritisk til EU. Medan ein aukande del av EU-borgarane samla meiner at EU-medlemskap er ein god ting, og at landa dei bur i, har tent på medlemskapen, går italienarane i motsett retning, ifølgje det nyaste halvårlege Eurobarometeret, som kom i mai.
Italia var blant initiativtakarane til EU og vertsland då traktaten som danna grunnlaget for opprettinga av Den europeiske økonomiske fellesskapen, vart signert i 1957. Landet har òg fostra politikaren Altiero Spinelli, den leiande personen bak EU-parlamentets forslag om ein traktat for eit meir føderalt EU, vedteken i 1984.
På 1980- og 90-talet var dei blant dei mest positive til EU. I dag ser berre 39 prosent av italienarar EU-medlemskap som ein bra ting. Berre 44 prosent meiner Italia har hatt fordel av å vere i EU i det heile, og på spørsmål om korleis demokratiet fungerer i EU, er 49 prosent av italienarane ikkje nøgde.
Stjernø seier den store vendinga i tilliten til EU kom rundt 2010, då effekten av den internasjonale finanskrisa tok til å slå inn, og arbeidsløysa auka. Seinare har mistilliten vorte skjerpa av motviljen i dei andre EU-landa mot å hjelpe Italia med dei mange migrantar som har kome til landet sidan 2014.
Stagnasjonen i den italienske økonomien tok til før euroen vart innført. Euroen har likevel fått det meste av skulda, fordi folk har vanskar med å sjå fordelar av valutasamarbeidet, seier Stjernø.
– Italienske politikarar privatiserte og selde unna statseigedom, og fagrørsla var med på kutt i løner og pensjonar for å oppfylle nokre av krava for å innføre den europeiske valutaen, utan at økonomien gjekk betre av det. Seinare har EU pressa på for nye kutt i pensjonssystem og mindre offentleg pengebruk, og italienske politikarar har årlege kranglar med EU om å få lov til å bruke meir pengar for å stimulere til vekst. Det har òg medverka til å svekkje oppslutninga om EU, seier Stjernø.
Dei siste fire åra er det skapt ein million nye jobbar, og arbeidsløysa blant dei under 25 år har gått ned. Over 30 prosent av dei unge er likevel framleis utan jobb, noko som er dobbelte så mykje som snittet for EU-landa samla.
– Dristig hasardspel
Å bryte ut av euroen no ville likevel ikkje kunne løyse problema, i alle fall ikkje på kort sikt, seier Stjernø. Italia har i dag ei statsgjeld på 130 prosent av BNP, som er meir enn dobbelt så mykje som EU tillèt. I absolutte tal er det òg den høgste gjelda i Europa.
Statsgjelda vert verande i euro, sjølv om Italia skulle gå tilbake til liren, som truleg ville verte ein svak valuta. Då vil gjelda auke sterkt. Stjernø meiner det er forklaringa på at fleirtalet i befolkninga ikkje ser ut til å ønskje å bryte ut av eurosamarbeidet.
– Poenget med å bryte med euroen, ifølgje den avviste finansministerkandidaten, er jo nettopp å kunne devaluere valutaen i staden for å kutte i offentlege utgifter. Dersom ei ny italiensk regjering skulle få fleirtal for å gå ut, ville dei fyrst få ein svak valuta, som dei kunne kome til å devaluere. Då ville importen verte dyr, men på lengre sikt vil det kunne styrkje konkurranseevna til Italia og på lang sikt gje landet større økonomisk handlefridom. Alt i alt er det eit dristig hasardspel, seier han.
Stjernø er såleis ikkje overtydd om at det vert store endringar i Italias forhold til EU og euroen.
– Dersom den utbreidde forventninga om at Ligaen kjem til å gå fram ved eit nytt val og ikkje primært ta røyster frå Berlusconi og Forza Italia stemmer, kan det fort verte eit fleirtal av Ligaen, Forza Italia og det nasjonalkonservative Fratelli d’Italia. Då vert det ei tautrekking mellom Salvini og Berlusconi om politikken overfor EU som det er vanskeleg å spå utfallet av. Berlusconi har den siste tida markert seg som tilhengar av EU. Sidan det så langt òg er langt fleire som ønskjer at Italia skal halde fram med euroen enn det er som ønskjer å bryte ut, må Ligaen balansere mellom å spele på den utbreidde mistilliten til EU og den like utbreidde motstanden mot å gå ut av eurosamarbeidet. Det er òg mogleg den store uroa som for tida aukar prisen på låna til Italia, kjem til å roe seg att, seier han.
Men dersom Ligaen og Femstjernerørsla samarbeidar, og får nytt fleirtal, kan det meste skje.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ligaen må balansere mellom å spele på mistilliten til EU og motstanden mot å gå ut av eurosamarbeidet.
Steinar Stjernø, Italia-kjennar
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.