Ståltest av EØS-avtalen
Det tok norske styresmakter to og ein halv månad å få stadfesta at Noreg ikkje kjem til å verte råka om EU innfører vernetoll på stål og aluminium. Kva seier det om EØS-avtalen?
EU har varsla vernetoll på metall frå 1. juli, men lovar å skjerme Noreg. – Det vil faktisk ikkje få konsekvensar for Noreg i det heile teke, sa EU-kommisjonspresident Jean-Claude Juncker til Erna Solberg i Brussel denne veka.
Foto: Etienne Ansotte / EU
Bakgrunn
Toll på stål og aluminium
1. mars varsla USAs president Donald Trump at han ville innføre 25 prosent toll på stål og 10 prosent toll på aluminium som eit vernetiltak for amerikansk industri.
Tollsatsane vart innførte frå 23. mars, men ei rekkje land, som Argentina, Australia, Brasil, Canada, Mexico, Sør-Korea og landa i EU fekk mellombels unntak.
1. juni vart tollsatsane innførte for EU, Mexico og Canada òg.
EU og fleire land har klaga USA inn for Verdshandelsorganisasjonen (WTO).

Toll
eva@dagogtid.no
Når det med jamne mellomrom vert stilt spørsmål ved EØS-avtalen og utfordrande utviklingstrekk eller krevjande enkeltsaker som kjem med han, har forsvararane av avtalen nokre kronargument som ofte trumfar det meste: Det er at EØS-avtalen sikrar Noreg deltaking i EUs indre marknad på like vilkår og med like spelereglar som EU-landa, og at han er trygg, føreseieleg og heilt avgjerande for norsk økonomi.
Dette er gjenteke frå regjering til regjering, frå Ap som frå Høgre, og vart no nyleg igjen presisert av utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) i strategien for samarbeidet med EU for perioden 2018–2021. I strategien skriv regjeringa at «EØS-avtalen utvider norske virksomheters hjemmemarked fra fem til 500 millioner innbyggere. Avtalen sørger for at handelen i hele EØS-området foregår med et minimum av hindringer, på de områdene den omfatter».
Den siste tida har synt kor sårbar den forsikringa er.
EØS-avtalen gjev tollfridom på alle industrivarer. Like fullt tok det norske styresmakter to og ein halv månad å få ei stadfesting frå EU om at Noreg ikkje kjem til å verte råka dersom EU innfører toll eller kvotar for å verne eigne produsentar mot følgjene av USAs nye toll på stål og aluminium.
WTO mot EØS
EU opna for at det kunne verte naudsynt å innføre toll eller kvotar på stål og aluminium inn til EU kort tid etter at USAs president Donald Trump i mars varsla innføring av 25 prosent toll på import av stål og 10 prosent toll på import av aluminium. Føremålet var å hindre at stål og aluminium frå andre land som før vart selt til USA, framover skal overfløyme den europeiske marknaden. Opplever EU importauke som er til alvorleg skade eller truar med å vere til alvorleg skade for EUs eigne produsentar i ein slik situasjon, kan unionen etter WTO-regelverket innføre mellombelse antidumpingtiltak eller importrestriksjonar mot omverda, såkalla safeguard measures, for å hindre nedgang i eigen produksjon.
EU starta undersøkingar for å sjå på behovet for å verne eigen marknad i slutten av mars, og sidan har norske styresmakter drive aktivt diplomati overfor EU-kommisjonen og fleire av EUs medlemsland. NHO og Norsk Industri har kartlagt kva for norske bedrifter som eksporterer stålprodukt til EU, vore i kontakt med fleire av bedriftsleiarane og hatt tett kontakt med Utanriksdepartementet, Næringsdepartementet og Statsministerens kontor om saka. Utanriksminister Ine Eriksen Søreide har hatt samtalar med EUs handelskommissær Cecilia Malmström, og denne veka drog statsminister Erna Solberg til Brussel for å ha samtalar med EU-president Donald Tusk og kommisjonspresident Jean-Claude Juncker.
Årsaka til alt dette er at importrestriksjonane EU vurderer etter WTO-regelverket, må gjelde for alle land, utan diskriminering. Noreg er del av EUs indre marknad, men står utanfor EUs tollunion. Det inneber at Noreg forhandlar sine eigne handels- og tollavtalar. Det inneber òg at auka tollsatsar frå EU i utgangspunktet ville omfatte Noreg. Det har EUs handelskommissær Cecilia Malmström òg stadfesta overfor Aftenposten.
Den norske regjeringa har på si side argumentert for at EØS-avtalen forbyr innføring av handelshindringar mellom landa i den indre marknaden.
Då forsikringa frå EU-kommisjonspresidenten kom tysdag ettermiddag, var det òg EØS-avtalen som fekk takka og æra, både frå NHO, Norsk Industri og frå regjeringa sjølv. «Det ligger en solidaritet i EØS som gjør at vi ikke innfører slike tiltak mot hverandre», sa Solberg til NTB.
EU-kommisjonen har ikkje offentleggjort noka juridiske grunngjeving for korleis Noreg skal kunne skjermast. Det Juncker sa under pressekonferansen med Solberg, var at EU jobba med ei løysing for å mjuke opp dei moglege følgjene vernetiltak kan få for Noreg.
– Det vil faktisk ikkje få konsekvensar for Noreg i det heile teke, sa han.
EU undersøkjer framleis om det er behov for å innføre vernande tiltak mot tredjeland som følgje av den amerikanske tollen.
Kjelder i kommisjonen seier til Dag og Tid at den frie rørsla i den indre marknaden som følgjer av EØS-avtalen er noko kommisjonen vil ta omsyn til når undersøkingane er ferdige og det skal takast tilling til moglege tiltak og omfanget av dei.
«Handelspolitisk gråsone»
Seniorforskar Arne Melchior ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) har doktorgrad i internasjonal handel og meiner EØS-avtalen i seg sjølv ikkje gjev klare føringar på feltet. Han seier det finst nokre frihandelsavtalar i verda som forbyr bruken av safegard measures, men at EØS-avtalen ikkje er blant dei. Rett nok forbyr EØS-avtalen toll på industrivarer, og bruk av antidumpingtiltak for industrivarer, men for såkalla safeguards finst det ikkje eit slikt forbod. Derimot har EØS-avtalen ein eigen safeguard-klausul. Den er generelt utforma. EØS-avtalen er såleis ikkje blant den fjerdedelen av frihandelsavtalane i verda som eksplisitt strammar inn høva til å innføre slike vernande tiltak eller utforminga av dei. Spørsmålet vert ifølgje Melchior kva som er forholdet mellom safeguard-klausulen i EØS og reglane i WTO-avtalen.
– Eg trur det kan vere både mogleg og legitimt å skjerme Noreg, i og med at EØS-avtalen er den mest vidtgåande handelsavtalen i verda, men jussen her er ikkje krystallklar. Vi i ei handelspolitisk gråsone med mat for handelsjuristane. Dersom EU gjev Noreg unntak, vil Sveits og Tyrkia banke på døra og be om det same, og då må EU ha eit klart svar, seier han.
Tidlegare praksis vitnar heller ikkje om at EØS-avtalen har overtydande slagkraft på feltet. EU innførte nemleg òg vernetiltak som følgje av amerikansk toll tidleg på 2000-talet, og den gongen vart Noreg som land ikkje skjerma.
Både WTO-regelverket og EØS-avtalen gjev Noreg høve til å ty til tvisteløysingsmekanismar andsynes EU, dersom ein skulle meine at EU ikkje hadde følgt regelverka. Det gjorde Noreg ikkje den gongen, ifølgje svar frå Nærings- og handelsdepartementet.
– EU innførte då importkvotar. Kvotane var likevel av ein slik storleik at dei hadde liten praktisk effekt for norsk eksport. Tiltaka vart oppheva etter relativt kort tid, svarar kommunikasjonsrådgjevar Camilla Pettersen i departementet i eit e-brev.
Håpar testen er greidd
Å ikkje skjerme Noreg mot toll eller kvotar for stål og aluminium i dag kunne hatt store konsekvensar for norske eksportbedrifter. Eksporten av stålprodukt som kunne vorte råka av vernetiltak frå EU, var i fjor på tre milliardar kroner, ifølgje Næringsdepartementet. Aluminiumseksporten til EU var ifølgje SSB på over 25 milliardar og utgjorde 98 prosent av samla norsk aluminiumseksport.
Samstundes står EØS-landa Noreg og Island saman for rundt 70 prosent av det som vert produsert av aluminium i Europa. Det seier Knut E. Sunde, som er direktør i Norsk Industri.
Han seier at mellombels vernetoll frå EU si side vil råke EUs eigen industri meir enn det gagnar.
– Stålindustrien i EU er heilt marginal jamført med den ståltilarbeidande industrien. Skulle den få meirkostnader, øydelegg EU eiga konkurranseevne, seier han.
– Når det gjeld aluminium, er Noreg ei stormakt. EU ville ha slite med å få tak i så mykje aluminium andre stader, legg han til.
Vernetoll mot Noreg trur han òg hadde vore til skade for EØS-avtalen.
– Det ville vore ei skikkeleg hard nøtt og ein tøff test på forholdet vårt til EU, seier han.
No tolkar han det som at den testen er greidd, sjølv om han ikkje har sett grunngjevinga frå EU-kommisjonen enno.
– Det einaste logiske er at det er EØS-avtalen som er lagd til grunn for avgjerda. Det er vi òg veldig opptekne av at det skal vere. Handelskrigen kan eskalere til stadig nye område, og då er det bra om EØS ligg fast som grunngjeving, slik at vi slepp eskalering til stadig nye felt, seier han.
Svaret kan han få denne månaden. EU har varsla at dei fyrste vernetiltaka mot omverda kan tre i kraft frå 1. juli.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Jussen her er ikkje krystallklar.
Arne Melchior, seniorforskar NUPI
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.