JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det mørknar i Amazonas

Jair Bolsonaro kan bli slutten på den norske regnskogsatsinga i Brasil.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Jens Stoltenberg, miljø-  og utviklingsminister Erik Solheim og Brasils miljøminister Carlos Minc (til venstre) utforska Amazonas i 2008 og trappa opp den norske regnskogsatsinga. Sidan har nesten åtte milliardar gått til Brasil via Amazonasfondet.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

11095
20181102

Bakgrunn

Skogsatsinga

Sidan 2008 har Noreg løyvd over 23 milliardar kroner for å bremse avskoginga i verda

Nesten åtte milliardar har gått til Brasil via Amazonasfondet

Pengane skal brukast til tiltak for skogvern

Sidna 2012 har avskoginga i Brasil auka noko att

Om avskoginga i Brasil kjem over eit visst nivå, stoggar utbetalinga frå Noreg

Resultata av skogsatsinga er usikre, slo Riksrevisjonen fast i ein rapport i mai

Miljø

peranders@dagogtid.no

Søndag vart høgrepopulisten Jair Bolsonaro vald til president i Brasil, og utsegnene til den nye statsleiaren gjev mange grunnar til uro. Men her skal det ikkje handle om sympatien hans for det tidlegare diktaturet i Brasil, valdsromantikken eller kvinnesynet hans, vi skal avgrense oss til miljøspørsmål.

Den nye presidenten teiknar til å bli ei stor ulukke for regnskogen i Brasil og klimaet i verda. Og det er nett i Brasil at Noreg har hatt det største prestisjeprosjektet sitt for å redusere klimagassutsleppa: Dei siste ti åra har Noreg gjeve nesten åtte milliardar kroner til Brasil gjennom det såkalla Amazonasfondet, for å oppmuntre brasilianarane til å verne meir av regnskogen.

Etter presidentvalet ser det mørkt ut både for regnskogen og for nytteverdien av Amazonasfondet. Og sjølv før valet av Bolsonaro var klimaeffekten av dei norske regnskogspengane til Brasil diskutabel. Det kjem vi snart attende til, men først litt om den venta miljøpolitikken til den nye presidenten – i den grad han har ein slik politikk i det heile.

Full gass

– Alt tyder på at Bolsonaro vil gje full gass for utnyttinga av naturressursane i Brasil. Han vil ha meir vegbygging og gruveutbygging og vekst i soya- og kjøtproduksjonen, og alt dette vil gje meir avskoging, seier Torkjell Leira. Han er samfunnsgeograf og Brasil-kjennar, og gav i 2014 ut boka Brasil – kjempen våkner.

Bolsonaro har mellom anna varsla at han vil leggje miljøverndepartementet inn under landbruksdepartementet. Presidenten framstår som like fiendtleg til miljøvern som han er entusiastisk for næringsinteresser, meiner Leira.

– I det politiske programmet hans på 80 sider står det ikkje eitt ord om miljø. Samtidig har han varsla at det blir full brems for miljøverndepartementet i Brasil, og han har kalla miljødirektoratet for terroristar. Han har òg påstått at Brasil risikerer at urfolk vil lausrive territoria sine, og at det internasjonale samfunnet er ute etter å overta ressursane i Amazonas.

Politikken til Bolsonaro kjem til å føre til enda hardare konfliktar om ressursane i Amazonas og meir vald, spår Leira.

– Og Brasil er alt i dag det landet i verda der flest miljøforkjemparar blir drepne.

Godseigarmakt

Biletet blir enda mørkare av at bodskapen til Bolsonaro var så populær i delstatane i utkanten av Amazonas, der mesteparten av avskoginga skjer. I desse områda fekk han aller størst oppslutnad i presidentvalet. Og også dei politiske og økonomiske kreftene som støttar Bolsonaro, har styrkt seg i Brasil dei siste åra, meiner Leira.

– Mektige grupper ser på han som sin kandidat, ikkje minst dei store godseigarane. Dei kjempar for interessene til den brasilianske agrobusinessen og mot skogvern, miljøinteresser og urfolksrettar. Godseigarlobbyen kalla bancada ruralista står no sterkt i kongressen, og det gjev Bolsorado stort handlingsrom.

Lovande år

Det politiske biletet i Brasil såg heilt annleis ut da Stoltenberg-regjeringa lanserte den store regnskogsatsinga si på klimatoppmøtet i 2007. Da førte president Luiz Inácio Lula da Silva og miljøvernminister Marina Silva ein ambisiøs miljøpolitikk. Store skogsområde vart verna, urfolksterritoria vart utvida og handhevinga av skogvernet forsterka. Den årlege avskoginga i Brasil var meir enn halvert sidan 2004, da nesten 28.000 kvadratkilometer regnskog gjekk tapt.

Våren 2008 byrja så den norske regnskogsatsinga. Land som reduserte øydelegginga av regnskog, vart lova pengar frå Noreg, og pengane skulle gå til tiltak som styrkte regnskogsvernet. Solberg-regjeringa heldt fram programmet, og Noreg har til no betalt ut kring 23 milliardar kroner. Av dette har nesten åtte milliardar gått til Brasil gjennom det såkalla Amazonasfondet.

Men kor stor effekt har desse pengane eigentleg hatt? Dei første åra såg det bra ut: Nedgangen i regnskogsøydelegginga i Brasil heldt fram til 2012, da «berre» 4500 kvadratkilometer gjekk tapt. Men sidan da har avskoginga auka att i landet, og i fjor vart nærare 7000 kvadratkilometer skog øydelagd – eit område på storleik med Vest-Agder. Den politiske utviklinga i Brasil er, ikkje overraskande, viktigare for lagnaden til regnskogen enn pengane frå Noreg.

Motkrefter

Det har ikkje gått så bra med dei som dreiv fram skogvernet i Brasil. Lula fekk ikkje stille i presidentvalet i år, han sit i fengsel etter ein omstridd dom for korrupsjon. Den tidlegare miljøvernministeren Marina Silva stilte som kandidat, men fekk berre 1 prosent av røystene. Presidentane i Brasil sidan Lula gjekk av i 2011, har ikkje hatt same engasjement for regnskogen, meiner Torkjell Leira.

– Dilma Rouseff var ein kraftsosialist, og Michel Temer som tok over i 2016, var ein liberalist. Båe har opna for meir øydeleggande aktivitetar i Amazonas.

– Og no har brasilianarane vald Bolsonaro. Det tyder på at tanken om regnskogsvern har tapt oppslutnad i landet?

– Det er ikkje så sikkert. Spørjeundersøkingar syner at brasilianarar er veldig opptekne av miljø, og eit fleirtal ønskjer å redusere avskoginga. Men motkreftene har blitt sterkare både politisk og økonomisk dei siste ti åra. Og brasiliansk økonomi har gått svært dårleg dei siste åra. Somme ser nok på miljøvern som ein luksus ein kan tillate seg i gode tider.

Store pengar

Det norske Amazonasfondet gjer kanskje ikkje så stort inntrykk i Brasil som mange nordmenn har trudd. Åtte milliardar kroner er det vi kallar mykje pengar, men alt kjem an på målestokken: Brasil er ikkje eit fattig land, det er verdas sjette største økonomi, og har dei siste åra teke seg råd til å bruke kring 250 milliardar kroner på å arrangere fotball-VM og sommar-OL.

Også samanlikna med nokre av dei økonomiske insentiva for å rasere regnskog blir dei norske regnskogsmilliardane puslete. I fjor etablerte til dømes Kina og Brasil eit nytt fond for å investere i infrastruktur i Brasil, og kinesarane har sett av 130 milliardar kroner i fondet. Mykje av dette skal gå til å byggje vegar og jernbane for å få tilgang til råvarer i det indre av landet, og slike utbyggingar medfører hardare press på regnskogen. Og også dei brasilianske subsidiane til landbruk og skogindustri er langt større enn dei norske løyvingane til regnskogsvern i landet.

Uvisse resultat

Men om ein skal tru dei norske miljøvernministrane sidan 2008, har regnskogspengane frå Noreg vore svært viktige for å bremse avskoginga i Brasil. Slik formulerte Ola Elvestuen seg i ei pressemelding i mai: «Den årlige avskogingen i Brasil er nå over 60 prosent lavere enn den var i tiåret før landet gjennomførte store skogreformer og partnerskapet med Norge ble innledet.» Elvestuen slo rett nok ikkje årsakssamanhengane klart fast, men bodskapen kjem likevel fram.

Riksrevisjonen sette på si side store spørjeteikn ved effekten av den norske regnskogsatsinga i ein rapport i mai. Resultata var «forsinka og usikre», stod det i konklusjonen. Om Amazonasfondet heitte det at «norske myndigheter betaler for utslippsreduksjoner der varigheten av resultatene er usikker». Og den uvissa Riksrevisjonen påpeika om framtida, har blitt enda sterkare med valet av Bolsonaro til president.

– Ikkje bortkasta

Torkjell Leira, som sjølv har arbeidd for det norske Regnskogsfondet i Brasil, meiner at Amazonasfondet har spela ei viktig rolle.

– Det er heilt feil å framstille det norske bidraget som hovudårsak til reduksjonen i avskoginga. Men det er òg heilt feil å hevde at det ikkje har hatt noko å seie.

Leira meiner at mange av tiltaka som er finansierte gjennom Amazonasfondet, er svært verdifulle.

– Fondet har bidrege til å styrke brannvernet, skogforvaltninga, miljødirektoratet og innsatsen mot ulovleg hogst. Det finansierer òg mange gode lokale prosjekt i Amazonas. Det norske bidraget er viktigare no enn det var i starten, da miljøvern var høgare prioritert av regjeringa i Brasil.

– Men om avskoginga under Bolsonaro aukar til gamle høgder att – kva har Noreg oppnådd med regnskogpengane da?

– Vi har bidrege til store reduksjonar av klimagssutslepp og til mange gode, lokale prosjekt for å hindre at meir skog går tapt. Det er heilt feil å kalle det bortkasta. Men om Brasil fell attende til gamle synder, er det svært tragisk.

– Lite bidrag

Arild Angelsen, professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, er meir usikker på effekten av Amazonasfondet. Han har studert den internasjonale innsatsen for å berge regnskogen i mange år.

– Det finst ikkje vitskapleg grunnlag for å slå fast kor mykje Amazonasfondet har påverka avskoginga i Brasil. Men vi veit at det meste av reduksjonen i avskoginga skjedde før avtalen med Noreg vart inngått. Avtalen har nok hatt ein positiv effekt, men han har truleg vore eit relativt lite bidrag samanlikna med endringane i brasiliansk politikk.

Også Angelsen ser på valet av Bolsonaro som verkeleg dårleg nytt for den norske regnskogsatsinga. Om presidenten gjennomfører den politikken han har lova, er det grunn til å frykte at avskoginga i Brasil vil auke så mykje at dei årlege utbetalingane frå Noreg kan blir stogga, trur Angelsen.

– Kor mykje har det å seie for Brasil om det ikkje blir fleire utbetalingar frå Noreg til Amazonasfondet? I den store samanhengen er den straffa neppe stor nok til å gjere ein verkeleg skilnad for politikken. Norske milliardar monar lite. Om det skulle bli lønsamt å late trea stå, ville det krevje mykje meir.

Vinn ikkje krigen

Rett etter at regnskogsatsinga vart lansert i 2007 skreiv Angelsen dette i Dagbladet, som ein spådom for arbeidet i åra framover: «Underveis vil vi lære at trær ikke vokser på penger. De vokser på ting som bare i begrenset grad kan kjøpes for norske kroner.» Den spådomen slo bra til, meiner han.

– Pengane i Amazonasfondet går til prosjekt. Prosjekt kan vinne nokre slag, men det er politikk som vinn krigen. Og du kan ikkje kjøpe deg ein ny politikk og vilje til å handheve politikken i eit anna land. Du kan berre gje nokre små stimulansar.

Det ligg meir enn berre ønsket om å redusere klimagassutslepp bak den norske regnskogssatsinga, meiner Arild Angelsen.

– Denne satsinga har blitt brukt til å legitimere den norske frikoplinga mellom norsk oljepolitikk og klimapolitikk: «Noreg treng ikkje redusere utsleppa heime, for vi kan kutte utslepp mykje billegare i Amazonas». Og for norske politikarar har det vore viktig å framstille regnskogsatsinga som vellukka – meir vellukka enn det finst rimeleg grunnlag for.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Alt tyder på at Bolsonaro vil gje full gass for utnyttinga av naturressursane i Brasil.

Torkjell Leira, samfunnsgeograf

Du kan ikkje kjøpe deg ein ny politikk i eit anna land.

Arild Angelsen, professor ved NMBU

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis