Bergen Høgre stangar i bommen
– Vi har ei tillitskrise mellom veljarar og politikarar. Det må vi alle ta på alvor, seier byrådsleiarkandidat for Høgre i Bergen, Harald Victor Hove.
På ei ny måling ligg Høgre-leiar Erna Solberg og byrådsleiarkandidat Harald Victor Hove i Bergen an til å gjere sitt dårlegaste val i byen på fleire tiår.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Samtalen
Harald Victor Hove
byrådsleiarkandidat for Høgre i Bergen
Aktuell
Høgre går kraftig tilbake i vestlandsbyen

Politikk
eva@dagogtid.no
Folkeaksjonen nei til meir bompengar får 25,2 prosent og er størst i Bergen for andre månad på rad, medan Høgre får 16 prosent oppslutning og ligg an til å gjere sitt dårlegaste val i byen på fleire tiår. Det syner den nyaste målinga Respons Analyse har gjennomført for VG og Bergens Tidende.
Harald Victor Hove er byrådsleiarkandidat for Høgre i Bergen og seier partiet har ein jobb å gjere.
– Eg vert alltid litt paff når eg ser slike tal, men tek det som ekstra motivasjon for å treffe veljarar.
– Kvifor går Høgre så kraftig tilbake?
– Førre veke var det ei anna måling som synte det motsette, Ap på 16 prosent og vi på 21 prosent, og det kjem nok til å kome målingar som syner ulike resultat hyppigare og hyppigare framover. Men dagens byråd er halvert sidan førre val, og det blæs ein borgarleg vind over Bergen. Utan eit sterkt Høgre er det ikkje mogleg få til eit skifte. Det motiverer.
– Ein fjerdedel av 2017-veljarane dykkar har ifølgje denne målinga sett seg på gjerdet. Kva kjem det av?
– Eg trur mange ser det som utfordrande at alt no handlar om bompengar. Det er ein debatt ikkje alle kjenner seg att i. Valet handlar om meir. Ap har dobla eigedomsskatten i Bergen, auka kommunale avgifter og gjort Bergen dyrare å bu i. Det er her skoen trykkjer for mange. Høgre-veljarar er òg opptekne av kunnskap i skulen og valfridom i eldreomsorga, men dei sakene kjem ikkje gjennom no. Då set dei seg på gjerdet.
– Høgre i opposisjon burde vel hatt alle føresetnader for å klare å fronte desse sakene blant veljarane?
– Ja, men no dei siste månadene har det vore vanskeleg å nå gjennom med andre bodskapar. For Høgre har det heller ikkje vore noko poeng å konkurrere om å demontere bomringane raskast mogleg. Vi meiner det trengst god grøn kollektivtransport, men set spørjeteikn ved kostnadsnivået her. Når debatten er så oppheta, er det dei med tydeleg ja eller nei som får mest merksemd. Vi som har ein meir nyansert politikk, kjem på sidelina.
– Kvifor er det Høgre som taper flest veljarar til bompengepartiet i Bergen?
– Vi har flest veljarar å ta av, for vi gjorde eit svært godt val i 2017, og det er det målingane vert vekta mot. Mange av veljarane har vi ambisjonar om å vinne tilbake, men då med diskusjonar om hjartesakene våre, som valfridom i eldreomsorga og kunnskap i skulen. Dei kjem nok meir inn i valkampen etter kvart. Det var mykje diskusjon om bompengar i april då dei nye bomstasjonane kom, men no tek veljarane til å spørje etter andre saker.
– Bompengeparti gjer det òg godt andre stader i landet. Kor mykje av bompengeopprøret trur du kjem av generell misnøye med den nasjonale politikken?
– Eg trur grunnen til at folk røystar på både tydelege eisaksparti og ytterfløyparti og straffar dei tradisjonelle styringspartia, kjem av ein opplevd distanse mellom politikarar og veljarar. Folk får ikkje politikken til å henge saman med kvardagen. Vi har ei tillitskrise mellom veljarar og politikarar. Det må vi alle ta på alvor.
– Er det noko du meiner Høgre burde gjort annleis tidlegare?
– Eg er nøgd med Granavolden-plattforma. Ho tek opp spørsmålet om bompengar på ærleg vis og seier at dagens vegfinansiering og system for bilavgifter ikkje er berekraftig og må leggjast om. Regjeringa burde mykje tidlegare ha sett ned eit fagleg utval som såg på alternativ og kva som må til for at bomstasjonane skal kunne fjernast. Desse løysingane finn vi ikkje over natta.
– Det er òg klimastreikar og opprør mot nedlegging av fødeavdelingar og fødestover. Kva kan Høgre lære av protestane?
– Etter seks år i regjering trur eg vi har vorte så fortrulege med administrasjonen og alle forslag som kjem frå departement og direktorat, at vi automatisk ser på mykje av det som regjeringas politikk. Vi burde spørje oss: «Er dette Høgre-politikk?» Skatt på bonuspoeng og skatt på tips er openbert ikkje det. Det er noko økonomane i Finansdepartementet ser som fornuftig, men som veljarane kan sjå som døme på at Høgre-politikken vert utvatna.
– Så Høgre har vorte for mykje av eit administrasjonsparti?
– Nei, men det er ein risiko for at partiet vert oppfatta slik.
– Kven trur du kjem til å styre Bergen framover?
– Eg trur det vert eit borgarleg byråd med Høgre som leiande parti. Det er vanskeleg å sjå at vi kan vere eit støtteparti, vi må røystast fram som det største på borgarleg side. Det bør Høgre-folk som vurderer å røyste på bompengepartiet, tenkje gjennom. Dei kan ikkje røyste på bompengepartiet og tenkje at dei får Høgre med på kjøpet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Folk får ikkje politikken til å henge saman med kvardagen.»
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.