Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Bitcoin for millionar i gamle fabrikklokale

På Dale og Follum er det ca. 11.000 datamaskiner som har i oppgåve å vinna ut bitcoin. Det kan verta mange fleire, fortel Gjermund Hagesæter, som er talsmann for Kryptovault og medeigar i Kryptovault Dale.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
?Dale fabrikker vart starta opp for 140 år sidan, men for nokre år sidan vart det slutt på tekstilindustrien, og no nyttar Kryptovault ein del av lokala til produksjon av bitcoin.

Foto: Wikimedia Commons

9951
20180713
9951
20180713

Kryptovaluta

ottar@dagogtid.no

I gamle og tomme fabrikklokale summar det i tusenvis av datamaskiner. Termometeret inne og støymålaren utanfor syner om lag det same – i underkant av 60 grader inne og i overkant av 60 desibel ute.

Formålet er å vinna ut bitcoin – eller virtuelle pengar – for mange millionar kroner. Då Bergens Tidende skreiv om oppstarten på Dale i byrjinga av april, var det mange som trudde det var ein aprilspøk, men det var det ikkje. I slutten av mai hadde dei ca. 2000 datamaskinene i det gamle fabrikklokalet vunne ut 122 bitcoin – som svarte til 8,5 millionar kroner.

– I Follum fabrikker ved Hønefoss, der det før var papirproduksjon, er det installert ca. 9000 datamaskiner, men går det som planlagt, er det Dale som kjem til å verta størst. På Hønefoss brukar dei 30 megawatt med elektrisk kraft, men dei skal opp i 40. På Dale nyttar dei 17 megawatt, men dei har planar om store investeringar som kan gje ei større utviding.

Det har vorte hevda at det finst over 1500 kryptovalutaer, men det er bitcoin som er vanlegast. Verdien varierer kraftig. I fjor sommar var han nede i 2700 dollar, medan han var verd om lag 19.500 dollar – eller over 150.000 kroner – før jul i fjor.

– I dag – tysdag den 10. juli – er han verd om lag 6600 dollar, og det er opp 1 prosent, fortel Gjermund Hagesæter etter å ha sjekka kursen.

Det tilsvarar om lag 53.000 kroner.

Gigantinvestering

I seksten år sat Gjermund Hagesæter på Stortinget for Framstegspartiet, og i fleire år var han finanspolitisk talsmann for partiet. I fjor avslutta han stortingskarrieren, men hadde lyst til å halda fram med finans. På nyåret vart Hagesæter talsmann for Kryptovault AS, som er eit norsk selskap som vart etablert på Jæren. Bak står Stavanger-gründerane Rein-Owe Flister og Kjetil Hove Pettersen. Dei skal ha investert fleire titals millionar i «mining», som går ut på at datamaskinene skal løysa ei kompleks matematisk oppgåve. Den som først kjem fram til løysinga, får gevinsten. Dei skal med andre ord utvinna pengar, men det kan gå tregt, og det kan vera snakk om å vinna ut ein halv bitcoin på eitt år.

Førebels er ca. 2000 datamaskiner i arbeid i det gamle fabrikklokalet på Dale, men det kan verta langt fleire. Eit kinesisk selskap eig maskinene, medan Kryptovault driftar dei.

– Me driv datasenter og rettar oss særleg mot asiatiske kundar som driv med utvinning og eig maskinene sjølve. I den næraste framtida kan det verta snakk om 50.000 datamaskiner – eller «utvinnarar» – på Dale, men dei er ikkje laga enno. Det er snakk om spesialkonstruerte datamaskiner som er eigna til å løysa kompliserte reknestykke for å vinna ut bitcoin.

Må løysa støyproblemet

– Kryptovault disponerer eit areal på 10.000 kvadratmeter på Dale og kan ta i bruk eit lokale som er like stort. Er det aktuelt?

– Me må ha meir straum om me skal gjera det, og me har fått eit tilbod frå kraftselskapet BKK. Det vert nokså dyrt, og me må gå gjennom tilbodet. Dale fabrikker har vore i drift i 140 år, men har vore stengt i ti år. Området er regulert til industri, men naboane klagar på støy frå datamaskinene. Det må me løysa før me går vidare med investeringa. Dei nye maskinene kjem til å bråka langt mindre enn dagens maskiner, og me trur ikkje at det vert noko stort problem med støy på sikt.

100 millionar investert

– Er det Kryptovault som må betala utbygginga av meir elektrisk kraft fram til fabrikken?

– Ja, og det kan vera snakk om investeringar på meir enn 100 millionar kroner. Men det er snakk om datasenterinfrastruktur som kan brukast til heilt andre ting enn å vinna ut bitcoin. Om nokre veker kjem me truleg til å bestemma oss for om me skal investera i meir kraft.

– De kan disponera 120 MW på Dale, om de satsar på det. Det er svært mykje, nesten halvparten av det som Drammen har til disposisjon?

– I dag har me ca. 17 MW, men kan utvida til nesten 120 MW.

– Er det forsvarleg å bruka krafta på dette viset?

– Ja, det er absolutt forsvarleg. Alternativet er at desse maskinene hadde vorte plasserte i eit anna land i Europa, men mest sannsynleg i Asia, og då hadde sjansen vore stor for at dei ville nytta kolkraft. Nyleg såg eg at Australia har planar om å setja i gang eit nedlagd kolkraftverk att for å dekkja kapasiteten til eit datasenter. Og det er ikkje noka god utvikling. Difor er det svært fornuftig at me får etablert datasenter her i landet i staden for å satsa på kolkraft i Kina.

– Det må vera ei svært risikabel investering?

– Det veit me ikkje, men eg vil seia at det ikkje er det, ettersom det er infrastruktur for eit datasenter me byggjer opp. Stig Myrseth, som er administrerande direktør i Kryptovault, vart i mange år kåra til Noregs beste finansanalytikar, og han er svært flink til å sjå kva som kjem til å skje i framtida. Han snakkar om superdatamaskiner som skal kunna spå vêret eitt år fram i tid, og som skal vera i stand til å løysa kreftgåter. Ei datamaskin som skal løysa problem i Tokyo eller New York, kan like godt stå på Dale som i millionbyane. Rett nok er Noreg eit dyrt land, og alt kostar meir her enn i andre land. Berre éin ting er billegare i Noreg enn i nabolanda, og det er straum. Det er ein av fordelane me har når det gjeld å byggja opp eit datasenter. Dessutan er det politiske landskapet stabilt. Me har også eit kaldt klima, og det er bra når datamaskinene gjev frå seg mykje varme. Det er større utfordringar med eit datasenter i Spania, der det kan vera 45 grader ute. I tillegg har me eit høgt kunnskapsnivå her i landet.

Hagesæter er optimist og har tru på at mykje er mogleg.

– Det er vanskeleg å sjå for seg ei framtid utan datamaskiner, datakraft og datasenter. Det svenske teleselskapet Ericsson laga ein analyse som viste at i 2015 fanst det 5 milliardar tilknytingspunkt for data, og at det vil auka til 50 milliardar i 2020. Eg er overtydd om at datasenter er ei næring som kan verta stor i Noreg i åra frametter, seier han.

Produksjonsbedrift?

Dei aller fleste bedrifter produserer noko, men det er ikkje så lett å skjøna kva som vert produsert i den gamle fabrikken på Dale.

– Er det råd å seia at Kryptovault produserer noko på Dale?

– Det vil det vera delte meiningar om. Kundane brukar omgrepet «mining», og det er dei som spekulerer i om bitcoinkursen går opp eller ned.

– Kor mange tilsette kan det verta på Dale?

– No har me fem–seks, men dersom me får til den nemnde kraftutbygginga, kan det verta 20 arbeidsplassar, pluss store positive ringverknader. Dermed vert det også skatteinntekter til Vaksdal kommune.

– Vert det skatta til kommunen av dei millionane som kjem inn som følgje av bitcoinutvinninga?

– Så langt har Kryptovault hatt så store investeringar det ikkje har vorte noko skatt frå selskapet, men det er ein mellombels fase. Selskapet reknar med å tena godt i framtida, og då skal dei betala selskapsskatt av overskotet.

– Har du investert i bitcoin?

– Nei, det har eg ikkje. I utgangspunktet har eg vore skeptisk, og eg har fått høyra at dette er ei boble. Men etter at eg vart involvert i Kryptovault, har eg lese meg opp. Eg har hatt mykje kontakt med asiatar, og dei har ei heilt anna haldning enn me har her i landet. Dei er langt meir positive og optimistiske. Eg har fått meir kunnskap, og det har gjort meg mindre skeptisk til bitcoin og datateknologien som ligg bak.

– Finansminister Siv Jensen har åtvara mot å investera i bitcoin. Har du ein kommentar til det?

– Nei, men det hadde vel eg sjølv også truleg gjort då eg var finanspolitisk talsmann for Framstegspartiet, basert på den informasjonen eg fekk frå Finansdepartementet og Noregs Bank.

– Vil du rå folk til å investera i bitcoin?

– Eg vil ikkje gje råd, men det følgjer betydeleg risiko med ei slik investering. Svingingane er store, og det er ingen som veit kva kryptovalutaen er verd om ein månad eller eitt år.

Ting skjer fort

I dag sit Gjermund Hagesæter i representantskapet i Noregs Bank, og han kjenner godt til at sentralbanksjefen er svært skeptisk til kryptovaluta.

– Trur du at kryptovalutaen kan konkurrera ut bankane og den tradisjonelle valutaen i framtida?

– Eg veit ikkje, men det er mykje som har overraska meg med utviklinga. Ting skjer veldig fort, og utan at ein har vore i stand til å planleggja det. Eg hugsar at Facebook var prisa til over 10 milliardar dollar. Då tenkte eg at folk var store optimistar, men i dag er Facebook eit av dei største selskapa og ei av dei beste investeringane Oljefondet har . Det var ikkje lett å sjå at Facebook skulle verta så stort, og eg var ikkje blant dei som skjøna det. Eg trur det kjem til å skje mykje på dette feltet, og det kan revolusjonera mange ting.

– Kva kommentarar har du fått etter artiklane i Bergens Tidene om Kryptovaults etablering på Dale?

– Det er dei som synest det er spennande, og fleire peikar på at utviklinga går sin gang uavhengig av kva Noreg meiner og gjer. Dei meiner at det bra me tek del i utviklinga og skaper arbeidsplassar her i landet. Greier me å redusera kolkrafta som vert brukt i Kina, er det sjølvsagt positivt. Men det finst nok mange som undrar seg over kva det er som skjer i den gamle fabrikken på Dale.

– Kan ein bruka datamaskinene på Dale til noko anna enn å utvinna bitcoin?

– Når me byggjer opp eit datasenter, kan det godt henda at Facebook og Google vert kundar i framtida. Eller det kan koma superdatamaskiner i fabrikken, eller andre delar av blokkjedeteknologien. Eg har tru på at Kryptovault er eit selskap som kjem til å oppleva sterk vekst i åra som kjem, og at datasenteret kjem til å gje mange framtidsretta arbeidsplassar, seier Gjermund Hagesæter.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det er svært fornuftig at me får etablert datasenter her i landet i staden for å satsa på kolkraft i Kina.

Gjermund Hagesæter,
talsmann for Kryptovault

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis