JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Bitcoin kan ende med ein smell, men revolusjonen han starta, vil halde fram

Dei som åtvarar om eit samanbrot, overser det verkelege potensialet til kryptovalutaen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Når det gjeld teknologi, er det lurt å ta omsyn til det tenåringane seier, skriv Niall Ferguson.

Foto: Dado Ruvic/Reuters/NTB scanpix

7491
20171229
7491
20171229

For noko over tre år sidan tok eg den verste investeringsavgjerda i heile mitt liv. Det var i oktober. «Du veit vel det, pappa,» sa den då 15-årige sonen min, «du burde verkeleg kjøpe litt bitcoin.» Ja, det stemmer, bitcoin: den nymotens «kryptovalutaen» som er basert på noko mystisk kalla blokkjedeteknologi som vart oppfunne i 2008 av eit like mystisk individ som nytta dekknamnet Satoshi Nakamoto.

«Høyr no her, guten min», sa den allvitande finanshistorikaren, «dette er ikkje måten å investere mine hardt tileigna pund, shilling og pence på.»

Son: «Pappa, kva er shilling?»

Eg: «Ikkje bry deg med det. Poenget er at sidan gamle Mesopotamia har pengar meir og meir har vorte monopolisert av statar. Det er årsaka til at hovudet til dronninga dukkar opp på setlane i lommeboka mi og på myntane i lomma di.»

Son: «Sant å seie greier eg meg utan setlar og myntar no for tida, eg kan betale med telefonen min – sjå her, eg skal vise deg.»

Eg: «Tru meg, regjeringane i verda går aldri med på å late den nasjonale valutaen bli undergraven av ein valuta som alt er blitt nytta til ulovlege ting av kriminelle og kvitvaskarar av pengar.»

Son: «Ja, men...»

Eg: «Ikkje noko men – eg kastar ikkje verkelege pengar i den virtuelle kloakken.»

Den 7. oktober 2014, då noko som likna denne samtalen fann stad, var dollarprisen for ein bitcoin 334. Når eg skriv dette, er han 15.150. Ja, du las rett. Om eg hadde lytta til sonen min, ville eg ha auka dollarverdien av investeringa mi med ein faktor på 45 – eller, om du vil, eg hadde hatt ein vinst på 4436 prosent.

Moralen i historia er klar: Når det gjeld teknologi, er det lurt å ta omsyn til det tenåringane seier.

Det er aldri for seint å kome seg på føtene att etter ein investeringstabbe, sjølvsagt. Men no melder det skremmelege spørsmålet seg: Kva om det å kjøpe bitcoin no gjer meg til den «største tosken» – sistemann inn, som sit med bitcoin når bobla sprekk og prisen rasar attende til 334 dollar, om ikkje 0 dollar?

Frykta er ikkje ugrunna. Finanshistoria er full av døme på investeringsmaniar som ein eller annan gong snudde til panikk og samanbrot. Til liks med dei fem stadia til ein sorgprosess (fornekting, sinne, tinging, depresjon og aksept), går dei fleste finansboblene gjennom fem stadium.

1. Forskuving: ei endring i økonomiske omstende skaper nye og lønsame moglegheiter. Ein ny finansiell ressurs er fødd.

2. Eufori: ein tilbakemeldingsprosess byrjar: forventingar om aukande fortenester fører til rask vekst i prisen på den nye ressursen.

3. Mani: utsiktene til lettente pengar lokkar førstegongsinvestorar så vel som svindlarar som er ivrige etter å få kloa i pengane deira.

4. Uro: insidarane innser at framtidig forteneste ikkje kan rettferdiggjere den no overdrivne prisen, og byrjar ta ut vinst gjennom å selje.

5. Omslag eller tillitssvikt: når prisen fell, stormar outsidarane mot utgangane, og får bobla til å sprekke fullstendig.

Med andre ord: det er typisk at insidarane gjer pengar på å selje i ellevte time til outsidarane. Det var nettopp uroa for dette som gjorde at eg heldt igjen då den framsynte sonen min, som no er 18 år, kom for å vitje meg i september i år. På den tida låg prisen for bitcoin på 3672 dollar. Om eg hadde følgt rådet hans og kjøpt den gongen, ville eg likevel ha firedobla innsatsen. Gjorde eg det? Er månen laga av grøn ost?

Den føretrekte analogien for bitcoinskeptikarar er hungeren etter tulipanløkar som sveipte over Nederland mellom 1634 og 1637. Bitcoin er «verre enn tulipanløk», sa Jamie Dimon, sjefen for JP Morgan, under ein konferanse i september. «Det er svindel,» erklærte han.

«Bitcoin er eit slag tulipan,» sa visepresidenten i Den europeiske sentralbanken, Vitor Constancio, på om lag same tid. «Det er (...) eit spekulasjonsinstrument for desse som ønsker å vedde på noko som kan gå 50 eller 40 prosent opp og ned i løpet av nokre få dagar, men visseleg ingen valuta.»

Nobelprisvinnaren og den evig klandrande New York Times-spaltisten Paul Krugman har vore skeptisk til bitcoin sidan desember 2013. «Kan det verkeleg fungere?» spurde han då. «Eg lyt berre seie at eg framleis er alt anna enn overtydd.» Ti månader seinare forkasta han «bitcoinfeberen» som eit produkt av «høgrelibertarianske antiregjeringsfantasiar».

Det burde ha vore mitt signal om å kjøpe. Det var jo den same Krugman som i 1998 spådde at «veksten til internettet ville saktne drastisk» ettersom «dei fleste menneske ikkje har noko å seie til kvarandre».

«I 2005 eller der omkring,» slo Krugman fast, «vil det bli klart at internettets innverknad på økonomien ikkje har vore større enn faksmaskinas innverknad.»

Tulipanmani er ikkje den rette analogien for å skjøne bitcoin, like lite som faksmaskina var den rette analogien for å skjøne internettet. Som South Sea-bobla i 1719–21 synte, er finansielle nyskapingar på eit tidleg stadium ofte følgde av bobler, men den uunngåelege konkursen tek ikkje nødvendigvis livet av nyskapningen. Prisen på aksjane i South Sea Company flata nok ut, for så å kollapse, men dette innebar ikkje slutten på aksjehandel som finansielt instrument. Tvert om vart aksjar sjølve grunnlaget for bedriftsfinansiering.

Noko liknande, trur eg no, kjem til å bli sanninga om bitcoin og kryptovaluta i det heile. Det er ikkje så mykje det at blokkjedebaserte myntar og pollettar vil erstatte pengane vi har blitt vande med etter fjerninga av gullstandarden. Snarare er det minst tre andre bruksområde for den nye finansielle teknologien som vil vare ved også etter at denne bobla sprekk.

For det første har bitcoin etablert seg som ei form for digitalt gull: ein lagringsplass for verdiar til nytte for rike investorar, særleg dei som held til i land med svak rettstryggleik og høg politisk risiko.

For det andre har «initial coin offerings» (opne investeringsrundar, red. merk.), som reiser kapital i bitcoin og ein annan stor kryptovaluta, ethereum, vakse fram som ein rask og lett veg til finansiering av innovasjonar – eit digitalt alternativ til å skrive ut aksjar.

For det tredje – ettersom blokkjeder er ein kryptografisk metode for bevaring av data i eit nettverk, det vil seie noko det er nær sagt uråd å hacke – kan dei nyttast til mange ulike transaksjonar. I framtida vil skøyte på eigedom ha denne forma. Det skjer alt no i republikken Georgia. Estland planlegg å lagre all pasientinformasjon i blokkjede.

Før eller seinare vil sikkert amerikanske reguleringar syte for at den noverande bitcoinbobla vil krympe litt. Men dei vil ikkje bremse, og langt mindre fjerne, denne finansielle revolusjonen.

Tenk på det på denne måten. Det maksimale talet på bitcoins som kan lagast, er 21 millionar. Talet på millionærar i verda er, ifølgje Crédit Suisse, 36 millionar. Den totale rikdomen deira er på 128,7 billionar dollar. Om millionærane kollektivt vart einige om å ha berre 1 prosent av rikdomen sin som bitcoin, ville prisen for ein bitcoin ikkje vere 15.000 dollar, men over 60.000 dollar. Om dei auka dette til 5 prosent, ville den rette prisen for bitcoin vere over 300.000 dollar.

Eg seier ikkje at dette heilt sikkert vil hende. Eg seier berre at tenåringsson min meiner det kunne hende.

Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Tulipanmani er ikkje den rette analogien for å skjøne bitcoin, like lite som faksmaskina var den rette analogien for å skjøne internettet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis