Bladfyklivet
Eg har vore vikar i Dag og Tid sidan januar. Kva skal eg skrive om i den siste petiten min?
Eg kunne skrive om tida mi i avisa. Korleis eg som fersk nynorskpraktikant klarte å lande eit vikariat her. Korleis eg klarte det, lurer eg framleis på.
Eg kunne gjeve nokre humoristiske stikk til redaktøren. Liksom ta att for dei gongene han ikkje har likt ideane mine. Skildre korleis eg som oftast må vedgå (ikkje så han høyrer det, sjølvsagt) at jau, han hadde nok rett igjen. Om korleis eg har gapskratta av kommentarane hans når han treffer spikaren på hovudet.
Eller kanskje eit respektfullt, men litt ertande nikk til desken – Tiril, Johan, Helga og Eva. Dei som nyttar tre–fire datasystem på ein gong og har stålkontroll. Som redigerer, brekker sider og korrekturles avisa på same tid, og gjev meldingar så øyro flagrar.
Sanninga er at utan dei vert det ikkje avis i det heile. Det same gjeld forresten korrekturlesarane, Ole Jan og Ingvald, som best må skildrast som vandrande ordbøker. Alt dei kan!
Eg kunne ha skrive ein panegyrikk til journalistane. Christiane, Per Anders, Ida, Eva og Håvard. Skarpe og røynde journalistar og forfattarar, som i tillegg til å skrive lange og intelligente tekstar også har hatt tid til å drøfte vinklingar og lese tekstane til ein jypling.
Mykje kunne vore skrive om korleis Gregor, som opphavleg er tysk, handterer kundekorrespondanse på perfekt nynorsk, og samstundes syter for at avisa held seg marknadsrelevant og teknologisk oppdatert.
Eller korleis Sofie styrer ordskiftesidene med hard hand i den eine augneblinken, før ho les inn tekstane til lydavisa med silkemjuk røyst i den andre.
Om det kunne ha vore ein petit?
Eg trur forresten eg lèt vere. Svein ville syntest at ein slik petit vert for innforstått.
Men når eg tenkjer meg om, veit eg jo at han ikkje les petitane uansett... Orsak, eg meiner same kva. Takk til korrekturlesarane!
Ekorn
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.