Blåis
Isen var ikkje berre grå denne påska. Han var blå over heile Jølstravatnet, men ikkje i eitt flak, men som skiver med render imellom. Farleg å sjå til, farleg og gå på. Som i 1956 då fylkesmeisterskapen vart avvikla på Vassenden, og vinnaren Oskar Hilleren frå Jostedalen vann alle distansane. Bana var saga laus på både innsida og utsida og flaut opp, for å kunne måke av den våte snøen. I Cortina same år måtte dei sage laus heile det store flaket. Det høyrer til Jølster-soga at vinnaren vart våt då han kom utanfor kanten under oppvarminga. Han hadde ikkje med sokkeskift, men vrei opp det våte og vann distansen.
Ein stor mannsalder seinare er vi i toppsjiktet i skeisesporten som heilskap, verdas største skiskyttar avslutta ein eineståande karriere, for første gang har vi lagt bak oss eit tilsynelatande hendingsrikt år. Eg skriv mest om musikk, og tykkjer den politiske striden har vore meir skrik enn ull. I det politiske sentrum har deltakarane bydd seg fram som støttespelarar for fløyene, denne veka når det gjeld eggdonasjon.
Det er då ei lita bok landar på bordet med teksten «Alle detaljane var heslege og til saman danna dei lykke». Det er forlaget Skald som i ein serie gjev ut klassikarar på nynorsk. Forfattaren Robert Musil (1880–1942) er elles mest kjend som forfattar av Mannen uten egenskaper.
Tre kvinner er ei samling med tre noveller der tilhøvet mellom mann og kvinne står i sentrum, med Øystein Vidnes som framifrå omsetjar. Eg skal ikkje skryte på meg kunnskap om forfattaren. Men teksten er ein fryd å lese, i ein serie som startar med Franz Kafkas Forvandlinga og andre forteljingar. Som påskelesnad fylde han tida saman med Leif GW Perssons Kan man dö två gånger, ein siste klassikar, så langt, av sjefen i svensk krim. Han er nett omsett til norsk også, men saftig svensk krim skal lesast på originalspråket. Spørsmålet er: Kan ein døy to gonger?
R.H.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.