JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Bråkmakar øvst ved bordet

Den største urokråka internt i EU har overteke formannskapen i EUs ministerråd. Mest påverknad framover kan Viktor Orbán kome til å ha i Europaparlamentet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Foto: Omar Havana / AP

11508
20240712
11508
20240712

Politikk 

eva@dagogtid.no

Han har møtt Vladimir Putin fleire gonger sidan invasjonen og prøvd å stoppe EU-bistand til ukrainarane i fleire rundar. Han har gått imot EUs sanksjonar mot Russland, og landet hans kjøper olje og gass frå aggressoren i aust som før. I tillegg både handlar og investerer han med Kina, han støttar opp om Donald Trump som presidentkandidat, og ifølgje Reuters har han nyleg inngått avtale med Belarus om djupare atomsamarbeid.

I interne EU-saker er han òg ein bråkmakar. Landet hans er fråteke både EU-støtte og EØS-midlar fordi det ikkje oppfyller vilkår om uavhengig rettsvesen og eit uavhengig sivilt samfunn. I tillegg har EU-parlamentet initiert ein såkalla artikkel 7-prosess for å undersøkje om landet bryt grunnleggjande EU-rettar og bør miste røysteretten i unionen. Orbán har vidare motsett seg EUs noverande lovar og reglar på asylfeltet og stemt imot den nye asyl- og migrasjonspakta. EUs klimapolitikk har han omtalt som ein «utopisk fantasi», og han har vore imot å gje tyske Ursula von der Leyen fem nye år som EU-kommisjonspresident.

1. juli fekk Ungarns statsminister Viktor Orbán sjølv ei leiande rolle i EU. Då overtok Ungarn den halvårlege formannskapen i Rådet for den europeiske unionen, også kalla Ministerrådet i EU.

Og det syner seg alt at dei som sa det ville by på bråk, hadde rett prognose.

Markerer eigen politikk

Med formannskapsmottoet «Make Europe great again» klarte Orbán å irritere fleire av dei andre EU-landa alt før formannskapsperioden byrja, ifølgje nettavisa Euractiv.

Det har heller ikkje falle i god jord hjå andre EU-leiarar at han førre veke vitja Putin att, for tredje gong etter invasjonen – sjølv om Orbán sjølv har argumentert for at besøket er eit forsøk på å bidra til å skape fred mellom Russland og Ukraina. Ansvarslaust og illojalt, har Sveriges statsminister uttalt, og både EUs utanrikssjef Josep Borrell og EU-rådspresident Charles Michel har understreka at besøket ikkje var på vegner av eller med mandat frå EU.

Orbán skal heller ikkje ha informert EU-institusjonane om besøket før han drog, ifølgje ein EU-tenesteperson Euractiv har snakka med.

Framferda til Orban burde kanskje ikkje overraske nokon.

Thomas Vermes er pensjonert journalist og sjølv frå Ungarn. Han seier Orbán med besøket fyrst og fremst følgjer opp ungarsk politikk og det regjeringa hans har sagt at ho ønskjer å få ut av formannskapsperioden.

I eit intervju med det franske nyhendemagasinet Le Point i mai skisserte Orbán sjølv opp fem punkt for den ungarske formannskapsperioden, og eit av punkta han ville prioritere høgst, var å få i stand ein «rasjonell debatt om EUs haldningar til krigen mellom Ukraina og Russland». Orbán meinte det trongst ei avklaring av kostnadene og måla for krigen i Europa, og sa det var utilstrekkeleg å «berre erklære at Vladimir Putin ikkje kan vinne».  

– Representerer ikkje EU

Kva som vert historia om besøka til Russland og Kina i eit lengre perspektiv, står att å sjå.

Men at Orbán skal få med seg andre EU-land til å presse på for våpenkvile mellom Russland og Ukraina no, er lite truleg, ifølgje Marianne Riddervold, som er professor ved Høgskolen Innlandet og seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt, Nupi.

– EUs posisjon er at Ukraina skal forhandle på eigne premissar og når landet sjølv ønskjer det, så det Orbán gjer, skapar berre mykje irritasjon, kanskje med unntak av hjå Slovakia, seier ho.

Ho understrekar at han med besøket i Moskva også går langt utanfor formannskapsrolla i Ministerrådet.

Ministerrådet er der fagministrane frå dei ulike EU-landa møtest for å forhandle om nye lovar og reglar i EU, og rolla som formannskapsland inneber fyrst og fremst å leie rådsmøta, styre dagsordenen og rekkefølgja i diskusjonane, og å mekle og prøve å finne kompromiss i sakene der EU-landa står langt unna kvarandre.

Det finst ikkje store ting Orbán kan blokkere i halvåret som kjem, seier Marianne Riddervold, professor og seniorforskar.

Foto: Nupi

– Det er såleis ikkje slik at Orbán ved å overta formannskapen plutseleg representerer heile EU-samarbeidet. Han kunne bidrege til å fronte enkeltsaker, om EU-landa var samde om det, men det er EU-presidenten, EUs utanrikssjef og i aukande grad EU-kommisjonspresidenten som representerer EU i utanrikspolitikken og dreg rundt. Formannskapsrolla pleier å vere knytt til det interne. Så det er ikkje Orbáns rolle å vere EU-diplomat på reise rundt i verda. Verda veit nok òg at han ikkje representerer EU, seier Riddervold.

Vil stoppe migrantar

Kva så med sakene internt i EU? Kva inneber den ungarske EU-formannskapen for dei?

Truleg svært lite, held både Riddervold og Vermes fram.

– Orbán får nok ikkje til vedtak og avgjerder om saker der han og Ungarn er i stort mindretal i EU, men han kan bruke posisjonen i formannskapet til å markere seg sterkare enn før, og det trur eg han kjem til å gjere, seier Vermes.

Utover å få debatt om EUs haldning til krigen har Orbán sjølv sagt at han vil prioritere å gjere meir for å stoppe migrantar som kjem til EU. Meir konkret vil han «stoppe fleire migrantar enn (den nye asyl- og migrasjonspakta i) EU tillèt», sa han til Le Point.

Dei siste tre prioriteringane han nemnde for formannskapsperioden i same intervju, var desse:

Å revurdere den grøne omstillinga: «EU har lenge hevda at den grøne omstillinga ikkje er i strid med europeisk konkurranseevne, men det stemmer ikkje. Vi må tenkje nytt om denne omstillinga før ho drep industrien vår», sa han.

Å utvikle forsvarsevna i Europa for å gjere Europa uavhengig av amerikanarane.

Å utveksle erfaringar for å handtere den demografiske krisa i Europa, utan å ty til innvandring.

I den offisielle presentasjonen av Ungarns formannskap på nettsidene til Ministerrådet, er dei mest provoserande punkta – om å diskutere EUs haldning til krigen og revurdere den grøne omstillinga – ikkje med. Derimot er det lagt til at Ungarn vil jobbe for å gjere EUs utvidingspolitikk «konsistent og merittbasert», «fremje ein bondeorientert landbrukspolitikk i EU» og å styrkje EUs konkurranseevne.

At både konkurranseevna og forsvarsevna i EU må styrkjast, er noko alle EU-land er samde om, og som alt vert diskutert, sjølv om dei færraste er samde i at det grøne skiftet skal stoppe opp, seier Riddervold.

– Det går føre seg mange diskusjonar i EU om økonomisk tryggleik for tida; om korleis Europa skal gjere seg mindre avhengige av statar vi ikkje stolar på, om korleis vi skal sikre forsyningslinene våre, om Kina, og om korleis Europa skal verte meir konkurransedyktig og motstandsdyktig. Men desse temaa vert også i stor grad diskuterte mellom statsleiarane, og forslag til ny lovgjeving kjem uansett berre frå kommisjonen. Ungarn har som formannskap berre ansvaret for den daglege drifta av Ministerrådet, ved å setje dagsorden, skape konsensus og få gjennom lovgjevingsforslag, men utover det er det inga formelt viktig rolle, seier ho, og legg til:

– Dei andre landa er nokså leie av Orbán, som alltid skal opponere og trenere. Men sjølv om han gjer det, pleier han til slutt å følgje EU. Han har også gjeve etter når det gjeld å starte medlemskapsforhandlingar med Ukraina. Ser vi vekk frå menneskerettsproblematikken og rettsstatsproblema Ungarn har på heimebane, og som EU sanksjonerer, har landet i praksis etterlevd og implementert dei fleste EU-regelverka og følgt EU-domstolens avgjerder, seier ho.

Halvår utan store saker

I halvåret som kjem, er det ikkje venta nokon nye store lovpakkar til handsaming i EU. I fyrste omgang skal det nye Europaparlamentet organisere seg, og ny kommisjon skal utpeikast. Det kjem til å ta noko tid, seier Riddervold.

Større lovpakkar og vedtak som krev full semje i EU, vart dessutan rydda av vegen før Ungarn overtok formannskapen, legg ho til:

Den store hjelpepakken til Ukraina, verd rundt 50 milliardar euro, vart vedteken i februar, og i juni vedtok EU den 14. sanksjonspakken mot Russland. Begge prosessane vart trenerte av Ungarn før dei kom i mål. I tillegg vart det sytt for at Ukraina kom i gang med medlemskapsforhandlingane med EU før Ungarn overtok formannskapen, slik at den prosessen ikkje skulle verte liggjande på vent under den ungarske formannskapen.

EUs nye asyl- og migrasjonspakt, som Ungarn var imot, vart òg endeleg vedteken i mai, etter fleire år med diskusjonar og forhandlingar.

– Såleis finst det ikkje store ting Orbán kan blokkere i halvåret som kjem, seier Riddervold.

– Samstundes vil Ungarn no gå lenger enn asyl- og migrasjonspakta i å stoppe migrantar, og landet vil revurdere klimapolitikken. Kan landet stikke kjeppar i hjula for gjennomføringa av desse regelverka gjennom formannskapsrolla?

– Det er berre EU-kommisjonen som kan leggje fram forslag til ny lovgjeving. Og migrasjonspakta ligg fast, sjølv om Ungarn røysta imot. Ho er vedteken av fleirtalet, seier Riddervold.

Parlamentet

Der Orbán kan få større makt og påverknad framover, er i Europaparlamentet. Der har han dei siste vekene klart å posisjonere det nasjonalkonservative partiet sitt, Fidesz, langt betre enn før.

Fidesz vart suspendert frå den største partigruppa i parlamentet – European People’s Party, som samlar konservative og kristendemokratiske parti – i 2019, og har frå 2021 stått heilt utan parti i parlamentet. No har det i tillegg fått ein ny utfordrar på heimebane, og gjekk merkbart tilbake i oppslutning ved det siste EU-valet.

Men framover vert partiet del av den nye store grupperinga Patriotar for Europa i Europaparlamentet – som har erklært at ho skal jobbe for større suverenitet for EUs medlemsland, sterkare tiltak mot ulovleg migrasjon og ein revisjon av miljø- og klimapolitikken i EU.

Grupperinga vart initiert av Orbán og leiarane for det austerrikske Fridomspartiet (FPÖ) og tsjekkiske ANO i slutten av juni, men har sidan fått med seg dei fleste av dei andre store ytre høgre-partia i Europa, inkludert spanske Vox, Dansk Folkeparti, det nederlandske Fridomspartiet, portugisiske Chega, belgiske Vlaams Belang, italienske Lega og franske Nasjonal Samling. No vert dette den tredje største gruppa i parlamentet.

Utanrikspolitikken

Riddervold ser ikkje vekk frå at den nye grupperinga i EU-parlamentet kan få gjennom fleire innstrammingar i asyl- og migrasjonspolitikken, og justeringar eller utsetjingar av delar av lovverka for ei grøn omstilling. Ikkje minst om Ursula von der Leyen vert avhengig av støtta deira for å få ein ny periode som EU-kommisjonspresident. Ho har fått støtte frå EU-rådet no, men treng også fleirtal i Europaparlamentet.

– Men dette dreier seg altså om kva dei høgreradikale partia i parlamentet generelt kan gjere samla, ikkje kva Ungarn kan få til gjennom EU-formannskapen, seier ho.

– Det føreset dessutan at dei høgreradikale partia klarar å samle og koordinere seg om felles politikk. Noko av problemet deira så langt er at dei ikkje har klart det. Dei er usamde om for mykje. Difor har dei òg hatt lite påverknad så langt, legg ho til.

Slik Vermes ser det, kan Orbán med den nye partigrupperinga ha klart å overkome nokre av skilnadene mellom partia ytst på høgresida.

– Noko av grunnen til at det har vore vanskeleg å sameine kreftene på den sida, er Orbáns syn på Russland–Ukraina-krigen. No ser det ut til at han har klart å skreddarsy eit grunnlag for den nye grupperinga som har løyst det problemet. Dansk Folkeparti er jo sterkt usamd i Ungarns syn på krigen og Russland, men grunngjev si deltaking med at gruppa ikkje skal blande seg inn i utanrikspolitikken, seier Vermes.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis