Brennande spørsmål
Brannar, oljelekkasjar og auke i talet på varsel tyder på at noko er gale i Equinor. Har kostnadskutta gått på tryggleiken laus?
Brann i produksjonsanlegget på Melkøya utanfor Hammerfest.
Foto: Bjarne Halvorsen / NTB
Bakgrunn
Ei rekkje saker tyder på at tryggleiken kan vere svekt i petroleumsnæringa.
Equinor har hatt fleire stygge hendingar på kort tid.
29. september braut det ut ein stor brann ved gassanlegget til Equinor på Melkøya.
27. november fortalde Equinor at titusenvis av liter olje har leke ut i grunnen ved Mongstad-raffineriet.
2. desember braut det ut brann ved metanolfabrikken på Tjeldbergodden.
I fjor fekk Petroleumstilsynet dobbelt så mange varsel om alvorlege hendingar som i 2019.
Talet på varsel er firedobla sidan 2018.

Industri
peranders@dagogtid.no
I mange år har det vore eit erklært mål at norsk petroleumsindustri skal vere den tryggaste i verda, og truleg har det òg vore slik. Samanlikna med andre oljeland har talet på ulukker i Noreg vore svært lågt, og slik er det framleis. Men sist haust fekk glansbiletet stygge riper, og det handla mest om Equinor, der staten er hovudeigar.
Tre alvorlege saker på norsk jord har stilt Noregs største selskap i dårleg lys dei siste månadene. 29. september braut det ut ein storbrann på Melkøya-anlegget utanfor Hammerfest, der Equinor leverer flytande gass frå Snøhvit, og det kan ta eit år å få produksjonen i gang att. 27. november opplyste Equinor sjølv at det gjennom mange år har leke titusenvis av liter olje ut i grunnen ved Mongstad-raffineriet. Og 2. desember braut det ut brann i eit kompressoranlegg ved metanolfabrikken som Equinor driv på Tjeldbergodden i Aure. Dette er mykje dårleg nytt frå eitt selskap på litt over to månader.
Stygge tal
I tillegg er det teikn til at talet på uhell og farlege situasjonar aukar i petroleumsindustrien i Noreg. 14. oktober fortalde Petroleumstilsynet at det var kome 50 varsel om alvorlege hendingar i 2020, ei dobling frå same periode i 2019 og ei firedobling sidan 2018. I fjor sette Petroleumstilsynet i verk 13 granskingar av anlegg i Noreg, det er rekord.
Og mange meiner desse utviklingstrekka i bransjen generelt og Equinor spesielt har med sparetiltak å gjere. I desember varsla den konserntillitsvalde Owe Ingemann Waltherzøe i Equinor om det han kalla ein ukultur i selskapet. «Vi har hatt voldsomt fokus på kostnadskutt og å spare penger, og skjøvet på vedlikeholdet gradvis mer og mer», sa Waltherzøe til NRK. Også Petroleumstilsynet har gjort denne koplinga i ein tilsynsrapport om Equinor frå desember i fjor, rett nok varsamt formulert: «Selskapets nødvendige tilpasninger for å ivareta forretningsmessige mål kan få konsekvenser for sikkerhet og arbeidsmiljø, og påvirke evnen til å forebygge storulykke.»
Harde kutt
Historia om desse kutta i petroleumsindustrien tok til lenge før koronaviruset byrja å spreie seg utover verda og sende oljeprisen til botns i fjor vår. Ein betre stad å starte er hausten 2014, da Saudi-Arabia ønskte å strupe amerikansk skiferoljeindustri og Opec-landa valde å halde oppe oljeproduksjonen trass i eit gryande prisfall. På sommaren det året hadde oljen kosta godt over 100 dollar fatet, men overraskinga frå Opec sende prisen rett ned. Botnen vart nådd i januar 2016, med ein pris på under 30 dollar per fat. Dei gylne åra var over, og jorda rundt skar petroleumselskapa hardt ned på kostnadene sine – ikkje minst på norsk sokkel, som er ein temmeleg dyr stad å utvinne olje og gass.
At det måtte kuttast i desse åra, var openbert. Petroleumsindustrien hadde lagt seg til eit svært høgt kostnadsnivå medan oljeprisen svevde kring hundre dollar. Og sidan 2014 har Equinor og andre selskap hatt runde etter runde med kostnadskutt. Spørsmålet no er om desse kutta har gått på vedlikehaldet og tryggleiken laus, og om dei har medverka til den illevarslande utviklinga som har blitt synleg dei siste månadene?
Mindre tid
Ein slik årsakssamanheng er ikkje så lett å dokumentere, og konsernleiinga i Equinor har gong på gong avvist at kutta går ut over tryggleiken. Men om ein spør fagforeiningane i petroleumsindustrien, er svaret eit anna. Owe Ingemann Waltherzøe er berre ein av mange tillitsvalde som har ropa varsko dei siste åra. Også Hilde-Marit Rysst meiner kostnadskutta går på tryggleiken laus. Ho er leiar for fagforbundet Safe, som organiserer mange tilsette i petroleumsindustrien.
– Det handlar om mange ting: kutt i bemanninga, kutt i kursing, lågare krav til kompetanse, meir bruk av innleigd arbeidskraft som ikkje har erfaring med anlegga, seier Rysst.
Til liks med Waltherzøe er ho særleg uroa over at verneomboda har fått mindre tid til vernearbeid dei siste åra.
– Verneomboda har varsla om mange problem som kunne ha ført til storulukker. Men om dei skal gjere jobben skikkeleg, må dei få tid til å setje seg inn i oppgåvene. Slik det er no, får ingen nok tid til å vere verneombod. Toget berre rasar av garde, og det kan ende med verkeleg alvorlege ulukker.
Tapt respekt
Equinor hadde før verneombod på heiltid. Dei siste åra har selskapet fått fleire verneombod, men dei har den rolla ved sida av anna arbeid. Rysst har sjølv vore hovudverneombod på Statfjord, og ho meiner ombodsrolla ikkje lenger blir respektert som før av selskapa.
– Da eg var verneombod, vart eg respektert, og bidraga mine vart anerkjende. Verneomboda skal jo bidra til å løyse ting betre. Men no høyrer vi stadig om at dei som er verneombod, ikkje får nok tid til å setje seg inn i ting. Det er alvorleg, for verneomboda skal jo vere sikringsventilar. Leiarane seier til journalistar at dei respekterer og anerkjenner verneomboda, men i praksis gjer dei ikkje det.
Det er ikkje berre fagorganisasjonane som meiner Equinor har svikta på dette punktet. I fjor skreiv Petroleumstilsynet om alvorlege brot på regelverket etter eit tilsyn hos selskapet: «Vi har avdekket konflikt mellom vernearbeid og faglig arbeid, det vil si at det ikke sikres nødvendig tid til vernearbeid. Vi har også påvist manglende eller mangelfull opplæring av verneombudene og for sen involvering i saker av betydning for HMS», heitte det i rapporten.
– Svekt tryggleik
Også miljøstiftinga Bellona har kritisert olje- og gassnæringa for å svekkje vernetenesta. «Når innsparingstiltakene ikke får forankring i organisasjonen og vernetjeneste, kan det være sikkerhetskritisk», skreiv Bellona i eit brev til Arbeids- og sosialdepartementet i desember i fjor.
Verneomboda har fått både meir ansvar og mindre tid til å drive vernearbeid dei siste åra, meiner seniorrådgjevar Eivind Berstad i Bellona.
– Vi ser òg at vernetenesta kjem seinare inn i avgjerdsprosessane i selskapa. Når verneomboda kjem inn, er avgjerdene alt tekne, og dei blir ikkje lytta til.
Berstad er ikkje i tvil om at kostnadskutt i Equinor og andre selskap har gått ut over tryggleiken, mellom anna gjennom dårlegare vedlikehald.
– Eg trur ikkje ein kjem unna at endringane i vedlikehaldet har gått ut over tryggleiken. Det er viktig for Equinor å vise at det ikkje har skjedd. Men vi meiner sviktande vedlikehald medverka til hendingane på både Melkøya og Mongstad, og truleg på Tjeldbergodden.
Svakt tilsyn
Her må vi ta atterhald: Granskinga av brannane på Melkøya og Tjeldbergodden er ikkje avslutta, og Equinor har avvist framstillinga Bellona har gjort av årsaka til Melkøya-brannen (sjå eiga sak).
– Men når det lak olje frå eit sundrusta røyr på Mongstad, er det i alle fall ikkje tvil om at det har med vedlikehald å gjere, seier Berstad.
Han meiner at Equinor og andre selskap har fått altfor frie taumar av Petroleumstilsynet, og at det tillitsbaserte kontrollregimet for industrien ikkje fungerer.
– Samanlikna med Arbeidstilsynet og Miljødirektoratet nyttar Petroleumstilsynet veldig svake verkemiddel. Dei kan bruke tvangsmulkt og stengje anlegg, men dei gjer det ikkje. Og dei har aldri meldt eit utslepp til politiet. Dei forklarer det med at operatørselskapa har ansvaret. Men Petroleumstilsynet må kontrollere meir i staden for å stole på selskapa.
Tillitsfullt
Det er verdt å sjå nærare på rolla til Petroleumstilsynet her. I utgangspunktet er norsk petroleumsindustri tett inngjerda av lover og forskrifter som skal førebyggje ulukker. Næringa er pålagd strengare tryggleikskrav enn dei aller fleste bransjar. Og ansvaret for å overvake tryggleik, arbeidsmiljø og beredskap i petroleumsverksemda ligg hos det statlege Petroleumstilsynet. Folka deira reiser rundt og fører tilsyn både på landanlegg og offshore, skriv rapportar, påpeikar avvik og kan påleggje selskapa å rette opp feil. Men Petroleumstilsynet brukar overraskande milde verkemiddel når dei avdekkjer farlege forhold og brot på forskrifter. Petroleumstilsynet har aldri gjeve bøter, sjølv når dei har avdekt alvorlege avvik på anlegga.
Til samanlikning: I desember i fjor varsla Konkurransetilsynet gebyr på 21 milliardar kroner til daglegvareselskapa for prissamarbeid. Det er ille om vi betaler litt meir for brød og kjøtdeig enn vi burde, men ei storulukke ute på sokkelen vil truleg ha verre konsekvensar. Likevel har Petroleumstilsynet satsa på dialog og mildt åtvarande peikefingrar når dei har avdekt alvorlege feil hos oljeselskapa.
Dette systemet fungerer dårleg, konkluderte Riksrevisjonen i 2019, i ein krass rapport om verksemda til Petroleumstilsynet. Metodikken til tilsynet «bidrar ikke godt nok til å avdekke alvorlige sikkerhetsutfordringer», heitte det. Selskapa rettar slett ikkje alltid opp avvika som Petroleumstilsynet har funne, og tilsynet sjekkar for sjeldan at dei gjer det. Petroleumstilsynet «stoler i for stor grad på planene og tiltakene som selskapene presenterer, uten å undersøke om de stemmer med faktiske forhold».
– For dårleg
Riksrevisjonen har altså slått fast at dagens kontrollregime ikkje fungerer godt nok, og vi har hatt ein haust med fleire alvorlege hendingar i Equinor, der staten ved Olje- og energidepartementet eig 67 prosent av aksjane. Da er det naturleg at regjeringa kjem på banen, meiner Lars Haltbrekken, som er stortingspolitikar for SV. Han tok i november opp Melkøya-brannen med olje- og energiminister Tina Bru i spørjetimen og viste til at Equinor ikkje hadde retta opp fleire feil som Petroleumstilsynet tidlegare hadde påpeika på Melkøya. «Hva vil statsråden gjøre for å sørge for at Equinor følger de pålegg om sikkerhetsutbedringer de får, og ser statsråden at det er behov for å gjøre noe med det tillitsbaserte systemet», spurde Haltbrekken.
Tina Bru svarte at ho hadde fortalt styreleiar og konsernsjef i Equinor at ho «forventer at selskapet følger opp pålegg det får fra myndighetsorganer», og at ho ville ta opp tryggleiksarbeidet med styreleiaren og konsernsjefen. Statsråden viste elles til at det i 2018 var brei semje i Stortinget «om at regimet i stort fungerer godt og bidrar til riktig ansvarsplassering i næringen».
Lars Haltbrekken er usamd.
– Det tillitsbaserte regimet fungerer ikkje godt, og det er på tide at Petroleumstilsynet blir tøffare til å handheve reglane, seier Haltbrekken til Dag og Tid.
– Det er avdekt ei rekkje tilfelle der Equinor har sagt at dei har retta opp feil som Petroleumstilsynet har påpeika, og ikkje gjort det. Det er grovt, og det viser at Equinor ikkje er verdig den tilliten dei har fått.
Sprikande tal
Men det opphavlege spørsmålet i denne artikkelen står framleis utan sikkert svar: Har kostnadskutta i petroleumsindustrien gått ut over tryggleiken? Den årlege risikoanalysen til Petroleumstilsynet, som seinast vart publisert i april i fjor, har ikkje synt noka klar forverring. Rett nok har talet på alvorlege personskadar auka noko sidan 2014. 2015 vart eit vendepunkt etter ei rekkje år med fallande tal på skadar. Det er òg verdt å merke seg at 42 prosent av dei offshoretilsette i spørjeundersøkinga til Petroleumstilsynet for 2019 slutta seg til denne påstanden: «Mangelfullt vedlikehold har ført til dårligere sikkerhet.» Talet har rett nok gått ned frå oppsiktsvekkjande 52 prosent i 2017, men er framleis høgt.
Men analysen til tilsynet tyder på at talet på hendingar med storulukkepotensial var på omtrent same nivå i 2019 som året før, og klart lågare enn gjennomsnittet for åra 2009 til 2018. Og fleire andre parametrar peika litt i positiv retning i den siste analysen. Når leiinga i Equinor og andre selskap seier at tryggleiken er minst like god som før, har dei bra støtte i tala frå Petroleumstilsynet – i alle fall fram til 2019, det siste året vi har tal for.
Men biletet er meir komplisert enn som så, meiner Jan-Erik Vinnem, som er professor emeritus i marin teknikk ved Noregs teknisk-vitskaplege universitet (NTNU) og har førebygging av store offshoreulukker som spesialfelt.
– Når ein ser berre på ei og ei hending, kan det lett sjå ut til at det ikkje er nokon samanheng med kostnadskutt. Men kanskje tek det ti år før vi veit om kutta har auka risikoen eller ikkje. Det er heldigvis mange år mellom kvar storulukke med tap av menneskeliv på norsk sokkel, og når noko skjer så sjeldan, er det krevjande å analysere årsakssamanhengar, seier Vinnem.
Manglar heilskap
Problemet med risikoanalysane til selskapa er at dei ikkje fangar inn heilskapen, seier Vinnem.
– Det har vore så mange endringar i verksemda sidan oljeprisfallet i 2014, og dei fleste analysane ser på éin faktor om gongen. Da ser det bra ut. Men rammevilkåra for verksemda er endra, og det påverkar tryggleiken. Kostnadskutt og omorganisering fører til endringar i organisasjonen, lågare bemanning, endring av roller og meir rotasjon av tilsette mellom innretningane. Det er naivt å tru at det ikkje påverkar risikoen for storulukker.
– Petroleumstilsynet meiner risikoen har vore på sitt lågaste nokon gong dei siste åra?
– Eg trur det er både rett og feil. Den viktigaste årsaksfaktoren for storulukker er gasslekkasjar på plattformene, og risikoen for gasslekkasjar har vore på same nivå i meir enn ti år. Og det er vanskeleg å fange opp den samla effekten av endra rammevilkår. Men spørjeundersøkingane Petroleumstilsynet gjer blant dei offshoretilsette annakvart år, har synt ei tydeleg forverring etter 2014, seier han.
– Når det gjeld Petroleumstilsynet, sit eg framleis og ventar på at dei skal bli fastare i klypa. Men eg er i tvil om dei vil klare det. I bransjen har det i 20 år blitt snakka om at Petroleumstilsynet har vanskar med å ha kontroll over Statoil/Equinor.
For framtida for petroleumsnæringa si skuld vil det vere klokt å stramme inn regimet, meiner Vinnem: Ei storulukke no kunne bli kroken på døra.
– Det er ei interessant problemstilling å tenkje over: Om vi får ei storulukke à la Deepwater Horizon-ulukka, vil det da vere oljeverksemd på norsk sokkel dei neste 30 åra? Truleg vil ei slik ulukke gjere så mange kritiske til næringa at politikarane kjem til setje ein sluttdato.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi veit ikkje før om ti år om kutta har auka risikoen eller ikkje.
Jan-Erik Vinnem, professor emeritus i marin teknikk
– Slik det er no, får ingen nok tid til å vere verneombod.
Hilde-Marit Rysst, leiar i Safe
– Det er på tide at Petroleumstilsynet blir tøffare.
Lars Haltbrekken, SV
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.