JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Bygda slår attende

Skiljet mellom by og land har igjen blitt ei viktig politisk konfliktline.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
At folk på bygda er skeptiske til makta som er samla i storbyane, er eit urgammalt fenomen. Her marsjerer Trump-tilhengarar i Clinton, Michigan 4. mars 2017.

Foto: NTB Scanpix

7744
20170512
7744
20170512

POLITIKK

peranders@dagogtid.no

By og land har sjeldan gått hand i hand. Men for tida ser det ut til at den politiske avstanden mellom folk i storbyane på eine sida og folk på bygda og i småbyane på andre sida berre aukar i vestlege statar. Skiljet mellom det urbane og rurale har blitt ei langt viktigare politisk skiljeline enn før, og nasjonalisme og høgrepopulisme har styrkt seg på bygdene i mange land som på mange vis er temmeleg ulike.

I USA har den politiske kløfta mellom by og land vore tydeleg i mange år. Demokratane dominerer i nesten alle dei store byane, medan republikanarane dominerer på bygda. Ved det siste presidentvalet fekk Hillary Clinton kring to tredelar av røystene i storbyane, medan Donald Trump fekk eit tilsvarande fleirtal på landsbygda og i småbyane. Donald Trump fekk berre ti prosent av røystene i heimbyen New York.

Dette skiljet går gjennom heile USA: Også i sørlege delstatar som republikanarane vinn i kvart presidentval, røystar fleirtalet i storbyane på demokratiske kandidatar. På karta som syner valresultatet i desse statane, ligg storbyane som blå øyar i hav av republikansk raudt. Og republikanarane dominerer på bygda også i mange statar som demokratane vinn kvar gong.

Også i Europa

Denne polariseringa mellom bygd og by har inntil nyleg vore skildra som eit amerikansk særfenomen. Så seint som i 2010 samanlikna The Economist valresultat i USA og Frankrike, og viste at røystene i Frankrike fordelte seg etter regionar i langt større grad enn i USA, ikkje etter eit skilje mellom by og land. Men no har dette fenomenet gjort seg gjeldande også i Frankrike.

Marine Le Pen var rett nok langt unna å vinne det franske presidentvalet. Men når ho fekk så mykje som 34 prosent av røystene i andre valomgang, det klart beste resultatet som Nasjonal Front nokon gong har oppnådd i val, var det først og fremst takk vere oppslutnaden ho fekk på bygda og i mindre byar. I Paris fekk Le Pen berre ti prosent av røystene. Dei to einaste departementa der Le Pen fekk fleirtal, var Pas-de-Calais og Aisne – to nordlege, landlege distrikt utan store byar.

Brexit

Det same mønsteret viser att i andre europeiske land. I Austerrike fekk Norbert Hofer, presidentkandidaten frå det høgrepopulistiske Fridomspartiet, 62 prosent av røystene på bygda i valet i fjor. I Wien fekk han berre 34 prosent. Også Geert Wilders og Fridomspartiet hans i Nederland fekk langt sterkare oppslutnad på bygda enn i storbyane i valet i vår. Da Dansk Folkeparti fekk 21 prosent av røystene i Folketingsvalet i 2015, vart det omtalt som eit distriktsopprør. Og ei meiningsmåling i Sverige i fjor synte at oppslutnaden til Sverigedemokratane er dobbelt så stor på bygda som i byane: 24 prosent mot 12 prosent.

Også i den britiske folkerøystinga om utmelding av EU i fjor var skiljet mellom by og land markert. I London røysta 60 prosent for å bli verande i unionen, medan 55 prosent på bygda røysta for brexit. Og sveitsiske statsvitarar hevdar no at skiljet mellom by og land i Sveits har blitt viktigare enn «Röstigraben», den gamle politiske skiljelina mellom dei tysktalande og fransktalande sveitsarane.

Meir enn rust

Kvart land har sine politiske og historiske særtrekk, og alle desse hendingane og tendensane treng ikkje vere uttrykk for det same fenomenet. Men Donald Trump og europeiske høgrepopulistar har samtidig openberre fellestrekk: Ein nasjonalistisk retorikk, mistillit til den etablerte makteliten og til overnasjonale organisasjonar som EU, og sterk motstand mot innvandring.

Oppslutnaden kring høgrepopulistane blir gjerne tolka som ein protest frå dei såkalla taparane i globaliseringa, dei som ser fabrikkane bli flagga ut til lågkostland, dei som ikkje får sin del av velstanden og dei som fryktar å misse jobbane sine til innvandrarar. Men i denne forklaringa er det nokre manglar og paradoks.

I USA vart sigeren til Trump i stor grad forklart med misnøya i det såkalla rustbeltet i Midtvesten, der den kvite arbeidarklassen slutta opp om Trump. Men både i Midtvesten og i Europa har avindustrialiseringa råka mange storbyar hardt, utan at det ser ut til å gje særlege vinstar for høgrepopulismen i dei same byane. Og majoriteten av dei med lågast inntekt i USA røysta på Clinton, ikkje på Trump. Dei som tener under 50.000 dollar i året, var den einaste inntektsgruppa der Clinton fekk eit fleirtal av røystene.

Innvandring

Motstand mot innvandring er ein sentral del av bodskapen til høgrepopulistane, og truleg ein viktig del av forklaringa på framgangen: Meiningsmålingar viser at innvandring er ei viktig sak for svært mange veljarar både i USA og Europa. Men dei fleste innvandrarar bur i dei store byane. Med ei grov forenkling: Innvandringsskepsisen er størst blant dei som har minst direkte kontakt med innvandrarar, eit fenomen som er kjend også frå norske meiningsmålingar.

At innvandrarar utgjer ein større del av veljarane i store byar, spelar ei rolle her, men det kan ikkje vere hovudforklaringa: Også innfødde storbyveljarar i vestlege land røystar langt sjeldnare på høgrepopulistar enn folk på bygda gjer.

Frykt for terrorisme er òg ei vanleg og plausibel delforklaring på framgangen for høgrepopulistane: Kampen mot terrorisme er langt framme på dagsordenen til politikarar som Trump og Le Pen. Men også her ligg det eit paradoks: Faren for terroråtak er openbert langt større i storbyane enn på bygda og i småbyar. Men dette faktumet har ikkje gjeve høgrepopulistane nemneverdige vinstar i til dømes Paris, den europeiske byen som har blitt hardast råka av terroristar dei siste åra.

Gammal skepsis

Sjølv om framgangen til høgrepopulismen i mange vestlege land verkar ny, kan det tenkjast at det dels er gamle fenomen som ligg bak. At folk på bygda er skeptiske til makta som er samla i storbyane, er eit urgammalt fenomen: Storbyane har hatt det meste av den politiske, økonomiske og kulturelle makta i kvart land gjennom mange hundre år, og mistilliten til sentralmakta aukar som regel med den geografiske avstanden. Men i somme ustabile, historiske epokar har denne mistrua kome sterkare til uttrykk enn i andre periodar.

Spaltisten Adrian Wooldridge i The Economist har samanlikna brexitstriden med borgarkrigstida i England på 1600-talet, da folk på den engelske bygda reiste seg ikkje berre mot kongemakta, men òg mot kyrkjeleiarane og mot kunnskapsmakta til universiteta.

Uimotståeleg?

Ronald Brownstein i The Atlantic har trekt liner attende til 1920-talet i USA, da det samla folketalet i amerikanske byar for første gong vart større enn på bygda. I denne perioden var det skarpe motsetnader mellom dei store byane, med sine mange nye immigrantar, og den meir homogene, protestantiske befolkninga i distrikta. Det gav seg utslag i sterke konservative bygderørsler, som mellom anna fekk innført forbodstida og strengare innvandringslover. Perioden gav òg eit oppsving for Ku Klux Klan.

Den samtidige spaltisten Walter Lippmann i The Atlantic tolka protestane som ei siste krampetrekning frå «den eldre amerikanske landsbysivilisasjonen». Han var overtydd om at «den nye urbane sivilisasjonen, med si uimotståelege økonomiske og vitskaplege makt og massemakt», ville vinne over dei konservative kreftene.

Men 90 år seinare, i ei verd der media tilsynelatande har gjort livet i byen og på bygda meir likt enn nokon gong, er striden mellom bygd og by sprell levande. Og nett i dei landa som i hundreår har gått fremst i modernisering og urbanisering, har bygda vist seg i stand til å slå attende mot dei liberale, urbane kreftene.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Dei to einaste departementa der Le Pen fekk

fleirtal, var Pas-de-Calais og Aisne – to

nordlege, landlege distrikt utan store byar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olav Thon (1923–2024).

Olav Thon (1923–2024).

Foto: Heiko Junge / NTB

KommentarSamfunn

Stadutviklaren Olav Thon

Olav Thon skapte den moderne norske bygdebyen – med større bilbruk og fleire kjøpesenter.

Ronny Spaans

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis