JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Då freden kom attende til Afrika, tok migrasjonen av

Dei fleste migrantar flyktar ikkje frå krig, men frå elende.
Såleis forlèt ei stor mengd menneske det underutvikla afrikanske kontinentet. Heller enn å lette børene for Afrika forsterkar migrasjonen fattigdomen på dramatisk vis,
syner historikaren Pierre Vermeren.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Folkevandringa vert sett på som ei naturkatastrofe, ho må berre aksepterast eller tolast. Å finne ut av årsakene, blindvegane, omstenda går ein ikkje laus på, skriv historikaren Pierre Vermeren.

Foto: Antonio Parrinello/Reuters/NTB scanpix

12847
20180713

Pierre Vermeren

Pierre Vermeren (f. 1966), professor ved Sorbonne 1 Panthéon i Paris, er av dei aller fremste nolevande franske kjennarane av historia og kulturen i Nord-Afrika. Han har budd og arbeidd i Marokko, Tunisia og Egypt. Den omfattande produksjonen gjev rikhaldige analysar av Maghreb, kystlanda frå Mauritania til Tunisia, og innvandringa til Frankrike derifrå gjennom historia.

To av dei siste bøkene hans vart akademiske bestseljarar: Le Choc des décolonisations. De la guerre d’Algérie aux printemps arabes (Avkoloniseringssjokket. Frå Algeriekrigen til Den arabiske våren) (2015) og La France en terre d’Islam. Empire colonial et religions (Frankrike på islams jord. Koloniimperium og religionar) (2016). Noko av grunnen er at han tidleg åtvara franske styresmakter om kva grupper som ætta frå Nord-Afrika, dei måtte vere på vakt overfor, særleg i dei store byane. Sidan uttala han seg i belgisk media om kva slags farleg plass bydelen Molenbeek i Brüssel heldt på å utvikle seg til. Ingen ansvarlege tok nokon notis den gongen.

Vermeren må seiast å stå i den mentalitetshistoriske franske tradisjonen; han ser økonomi, statsstyring og marknad, sosialt system, kultur (og dermed religion) i samanheng, og meiner at ein må granske langtidstendensar for å skjøne omskifte. Han har noggrant forklart kva vanskar franskmennene laga for seg sjølve i dei afrikanske koloniane, med å bryte opp gamle autoritetsmønster og vilkårleg etablere nye, og korleis dei har oversett rolla til religiøse retningar. Samstundes godtek han ikkje at nordafrikanske ansvarshavarar bortforklarer manglande handlekraft med kolonihistoria. Han ivrar likevel for at Frankrike må skape samarbeidstilhøve i Nord- og Sentral-Afrika som gjer at innvandringsstraumen stoggar, og er overtydd om at denne folkevandringa er skadeleg for alle partar. Han har vorte ein krass kritikar av fleire internasjonale organisasjonar og friviljuge hjelpetiltak.

Migrantane på skipet «Aquarius» hadde vorte lova eit europeisk paradis. Dei kava ikkje for å kome seg unna krigar – i Afrika er det lite krig for tida – men frå alminnelege plager på kontinentet: veike eller ikkje-eksisterande statssystem, korrupsjon blant statstilsette, politivald, mafiaer og radikale islamistgrupper, ekstreme sosiale ulikskapar, mangel på sosialhjelp og helsestell, underbetalt arbeid, mangel på husvære, brutaliteten i dei sosiale tilhøva, særleg knytt til kjønn og klasse, og fråverande infrastruktur.

Dette dagleglivet utgjer lagnaden til fleire milliardar innbyggjarar i den tredje verda og står i stram motsetnad til den durabelege vestlege fornøyelsesparken som internett skaper skjermbilete av. Frå skya dalar dømesoger om strålande suksess ned, som kjærleiken mellom ein ung afrikansk fotballspelar og ein europeisk toppmodell. Kor mange ulukkelege er ikkje budde på å gjere kva som helst, jamvel risikere livet, for å gjere slike draumar verkelege?

Middelhavet er vorte gravstad for mangfaldige fleire knuste voner enn det finst verkelege suksesshistorier til. Mellom 1993 og 2017 drukna 33.293 identifiserte personar, hovudsakleg afrikanarar, ifylgje ei tysk undersøking frå hausten 2017. Kor mange hundre tusen andre må leve i nådelaus utnytting i arbeidslivet, som sexslavar, eller i brutalitet og ytste naud?

Dei internasjonale folkevandringane som no går føre seg til Vesten, har forsvararar som køyrer argumentasjonen gjennom moralske (religiøse eller verdslege) spor og målber visse interesser (med omsyn til politiske val og økonomi). Svært få slike aktørar interesserer seg for migrantane som einskildmenneske, og dei interesserer seg endå mindre for samfunna som får menneske til å fare derifrå i milliontal. Aldri gir media ordet til afrikanske aktørar – like lite om dette som om anna. Dette gjeld for dei styrande, familiane etterlatne av migrantane, pasientane som brått står utan lækjarar og dei som arbeider hardt for å fremje migrasjonen og lever feitt av han. Ikkje eingong innvandrarane som kjem fram, vert spurde, om det ikkje plent er eit omframt drama å utbrodere (som salet av slavar i Libya eller eit særskilt dødeleg forlis). Folkevandringa vert sett på som ein naturkatastrofe, ho må berre aksepterast eller tolast. Å finne ut av årsakene, blindvegane, omstenda, sjå, det går ein ikkje laus på.

Ingen spør kvifor ytst få migrantar forlét heimlandet sitt under den fæle hungersnauda i Kina i 1960-åra, dei indiske miserene i 1970-åra eller tørken og hungersnauda i Sahel (det sentrale Afrika) i 1980-åra eller då dei svære konfliktane spela seg ut i Afrika i 1990-åra, då mellom 10 og 20 millionar menneske vart drepne. Det er fyrst no når freden er komen attende til Afrika, når konfliktane er mildna (jamvel på Afrikas Horn), medan den økonomiske voksteren aldri har vore betre sidan 1960-åra, at folkevandringar vert utløyste. Tendensen til å sjå migrantane som eit kollektiv utan andlet, noko uomgjengeleg som lagnaden har valt for vegane til Vesten, er ein sterkt fordomsfull tendens.

Ein gløymer at dei som reiser og dei som organiserer migrasjonen, om dei er i nord eller i sør, har heilt presise mål, og dei er enkle å identifisere. Lat oss sjå på etappane i folkevandringane: kven som sender migrantar, kva internasjonale organisasjonar som stør opp under verksemda, og til sist mottakarlanda.

Mellom avgjevarlanda er visse land i krig. Syria står som hovudtragedien i byrjinga av dette hundreåret. Men lat oss ikkje gløyme at bylgja av syriske migrantar inn i Europa var styrt av Ankara i åra 2015–2016, heilt til dei tyrkiske styresmaktene oppnådde omfattande økonomisk godtgjersle frå Berlin. Elles er det heilt unnataksvis at offera for svolt eller klimakatastrofar tek i veg heimanfrå, for migrasjonen er ein økonomisk kostesam prosess som må finansierast (av styresmakter, familiar eller mafiaer).

Folkevandringa oppstår blant hovudsakleg velsituerte einskildpersonar i utviklingsland. Om vi då ser bort frå dei som vil til granneland, som meksikanarane eller marokkanarane i 1960-åra – det opnar for eit breiare utval migrantar. Allment sett er studentar, arbeidsledige med fagutdanning eller fagfolk på høgt nivå mest tilbøyelege til å prøve å forbetre levekåra sine. I den algeriske borgarkrigen vart alle fransklærarar og ein stor del av fransktalande akademikarar og intellektuelle jaga til Frankrike. Bortimot halvparten av afrikanske lækjarar utøver yrket sitt utanfor eit kontinent der tilhøva for å drive medisinsk arbeid er forskrekkelege. Ofte vert offentleg kosta utstyr og viktig materiell i helsearbeidet anten stole eller underslege og selt vidare til overprisar av just dei som administrerer helsevesenet, utan reaksjonar frå styresmaktene kringom.

Når det gjeld tvangsmigrering, vert slikt organisert av familiane sjølve, og også av mafiøse grupperingar. Mindreårige er her av to slag. Når dei vert sende av garde som speidarar av familiane, er det anten for at dei seinare skal få familien etter seg til mottakarlandet, eller for å sende pengar heim. Ved nokre høve, dessutan, sørgjer styresmakter utan skruplar for å sende frå seg foreldrelause mindreårige eller kriminelle ungdommar som det er for mange av i hovudstadene i landa i sør. (I Frankrike ser ein for tida dramatiske konsekvensar av denne politikken i Rennes og Paris.)

Tvungen migrasjon er likevel i all hovudsak skapt av mafiøse verksemder. Nigeria ser ut til å vere den viktigaste leverandøren til Europa: Trafikken av prostituerte og små born til Italia, fordelte av mafiaorganisasjonar ikring på kontinentet, fell saman med kokainsmugling og -langing. Kartella får mangfaldige migrantar til å svelgje kapslar med kokain og transporterer slik stoffet til mottakarar i Europa.

Slike former for migrasjon vekslar mellom utnytting og slavebinding av menneske. Dei gjer sitt til å halde sektorar av afrikansk økonomi fast i underutvikling, der vald og kriminalitet florerer – det motsette av frigjerande folkevandring. Samstundes har utvandringa av studentar – så sant dei ikkje reiser heim att – og fagfolk like dårlege konsekvensar i andre enden av kjeda. Av dei som lettast har høve til å forlate det underutvikla afrikanske kontinentet, kjem millionar aldri attende.

Anten dei personlege motiva til dei det gjeld, er gode eller dårlege, får dei katastrofale konsekvensar for industri, miljø og helsetilstand i opphavslanda. Tapet av fagfolk det har kosta dyrt å utdanne i fattige statar, er eit særs alvorleg nettotap. Det meiner då òg mange afrikanske leiarar, som skuldar Europa for å rane til seg kompetanse og å drive «hjernetjuveri». Visseleg gjev folkeforflyttingane store pengeoverføringar attende til heimlanda, men millionar av familiar i Egypt, Kabylia, Senegal, Mali, Sør-Tunisia og Rif- eller Souss-områda i Marokko vert alle haldne fast i ein tilstand av minimum livsopphald som består av tigging, noko som fremjar meir tigging – ein tilstand som fritek statane frå naudsynte investeringar i dei nemnde områda.

Ein lyt vere merksam på rolla til dei internasjonale organisasjonane. Ein førebels rapport frå Dei sameinte nasjonane spådde i 2000 at Europa i åra 2000–2025 ville få bruk for 139 millionar innvandrarar til å erstatte nedgangen i fødselsraten. Rapporten – (Replacement migration: Is it a solution to declining and ageing populations? – fremja ei framherskande overtyding hjå avgjerdstakarar i Europa og SN: Ein måtte forsterke migrasjonen, ikkje for å hjelpe dei fattige landa, men for å tene dei rike landa som sleit med ei aldrande befolkning.

Denne politikken, framleis gjennomført trass i ein klart markert motvilje frå Europas folk, betrar slett ikkje tilstandane, korkje i Afrika eller i Europa. I Europa gjer kombinasjonen av veik økonomisk vokster og dårleg demografisk vokster, dels fylgjer av innvandringa, at nivået av skapte verdiar per innbyggjar stagnerer. To modellar står mot kvarandre: marknadsorienterte produksjonsfaktorar (som i Frankrike) mot teknologisk utvikling (som i Japan).

I dei rike landa dirigerer ikkje økonomisk tvang innvandringa: Politiske val har smidd den økonomiske modellen for vokster. Frankrike, til dømes, har valt å satse på ein finansstyrt og forbruksbasert økonomi som produserer mindre og mindre materielle gode, som dermed må stimulerast av eit tungt offentleg gjeldsnivå for å halde oppe bankvesenet. Ein slik økonomi har bruk for stabil flyt av jamt nye konsumentar, noko migrantane og borna deira representerer, irekna dei minst kvalifiserte, for å få dei store verksemdene til å fungere (bygningsbransjen, varehandel, telefoni, sosialøkonomien utanfor marknaden).

På motsett vis har Tyskland valt å satse på produksjonsøkonomi med høg kvalitet. Innvandrarane bør vere godt kvalifiserte for å kunne «få hjula til å gå rundt» i industrimaskinen så vel som i landbruket. Men slik vart det opne inntaket av syrarar eit stort vonbrot. Hovudmengda av dei har nemleg ikkje den kompetansen som trengst for å fylle oppgåver som ventar – og dei slit med å lære seg tysk. Tenkjer ein derimot på Canada, som no har nett den kunnskapsøkonomien Europa drøymde om for 15 år sidan, kallar ein der til seg ingeniørar og andre spesialiserte fagfolk. Dette slaget innvandrarar underbyggjer landets særmerkte og «insulære» stilling, fjernt frå det store havet av migrantar.

I ein enorm verdsmarknad av produsentar og konsumentar fremjar kvar og ein sine eigne interesser. Mobiliteten til menneska som er omdøypte til «migrantar», er eitt av hjula i det store verdsomfemnande økonomiske maskineriet. Difor går ein så sterkt inn for denne drepande modellen, så lite gunstig for det afrikanske kontinentet. av produsentar og konsumentar fremjar kvar og ein sine eigne interesser. Mobiliteten til menneska som er omdøypte til «migrantar», er eitt av hjula i det store verdsomfemnande økonomiske maskineriet. Difor går ein så sterkt inn for denne drepande modellen, så lite gunstig for det afrikanske kontinentet.

Pierre Vermeren

Denne artikkelen, som stod i Le Figaro 29. juni 2018,
er omsett for Dag og Tid av Bjørn Kvalsvik Nicolaysen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Mellom 1993 og 2017 drukna 33.293 identifiserte personar, hovudsakleg afrikanarar. Kor mange hundre tusen andre må leve i nådelaus utnytting i arbeidslivet, som sexslavar eller i ­brutalitet og ytste naud?

Tapet av fagfolk det har kosta dyrt å utdanne i fattige statar, er eit særs alvorleg nettotap. Det meiner då òg mange afrikanske leiarar, som skuldar Europa for å rane til seg kompetanse og å drive «hjernetjuveri».

Mobiliteten til menneska som er ­omdøypte til «migrantar», er eitt av hjula i det store verdsomfemnande økonomiske maskineriet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis