Ein omskolert rovfisk
Fram til 1990-åra var nesten alt laksefôr laga av marine råvarer. Fiskemjøl og fiskeolje utgjorde kring 90 prosent av fôret. Innblandinga av plantefôr tok til for alvor etter at loddefisket svikta. I staden for fiskemjøl fekk laksen soya, erter og andre proteinhaldige råvarer, og rapsolje erstatta mykje av fiskeoljen. I dag er laksefôret kring 70 prosent plantekost. Dette har gjort oppdrettsnæringa meir berekraftig. Så seint som i 2000 vart det brukt 7,5 kilo villfisk for å få nok olje til å produsere ein kilo oppdrettslaks, og ein slik ressursbruk ville neppe vore akseptabel i dag. I 2013 var det nok med 1,5 kilo villfisk for å få olje til å produsere ein kilo laks.
Denne endringa i dietten har hatt både positive og negative følgjer. Den reduserte bruken av villfisk i fôret gjer at innhaldet av giftstoff av typen dioksin og PCB i oppdrettslaksen har minka, og innhaldet av desse stoffa i oppdrettslaksen ligg no under feite villfiskar som sild og makrell, ifølgje instituttet NIFES. På andre sida har oppdrettslaksen fått i seg sprøytemiddel frå åkrane i Sør-Amerika, der mykje av råstoffet blir produsert. Og innhaldet av dei marine omega 3-feittsyrene i laksefileten er omtrent halvert.
I dag utgjer fiskeoljen kring 11 prosent av laksefôret, og det er vanskeleg å gå lenger ned enn dette. Om lakseoppdrett skal vekse i framtida, trengst det nye kjelder til marine feittsyrer: Fiskeoljeressursane i verda er utnytta nær det maksimale. Fiskefôrprodusenten Skretting annonserte i fjor at dei snart kan produsere marint feitt i stor skala frå algar. Om dette faktisk lukkast, kan det vere eit langt steg i berekraftig retning for oppdrettsnæringa.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Fram til 1990-åra var nesten alt laksefôr laga av marine råvarer. Fiskemjøl og fiskeolje utgjorde kring 90 prosent av fôret. Innblandinga av plantefôr tok til for alvor etter at loddefisket svikta. I staden for fiskemjøl fekk laksen soya, erter og andre proteinhaldige råvarer, og rapsolje erstatta mykje av fiskeoljen. I dag er laksefôret kring 70 prosent plantekost. Dette har gjort oppdrettsnæringa meir berekraftig. Så seint som i 2000 vart det brukt 7,5 kilo villfisk for å få nok olje til å produsere ein kilo oppdrettslaks, og ein slik ressursbruk ville neppe vore akseptabel i dag. I 2013 var det nok med 1,5 kilo villfisk for å få olje til å produsere ein kilo laks.
Denne endringa i dietten har hatt både positive og negative følgjer. Den reduserte bruken av villfisk i fôret gjer at innhaldet av giftstoff av typen dioksin og PCB i oppdrettslaksen har minka, og innhaldet av desse stoffa i oppdrettslaksen ligg no under feite villfiskar som sild og makrell, ifølgje instituttet NIFES. På andre sida har oppdrettslaksen fått i seg sprøytemiddel frå åkrane i Sør-Amerika, der mykje av råstoffet blir produsert. Og innhaldet av dei marine omega 3-feittsyrene i laksefileten er omtrent halvert.
I dag utgjer fiskeoljen kring 11 prosent av laksefôret, og det er vanskeleg å gå lenger ned enn dette. Om lakseoppdrett skal vekse i framtida, trengst det nye kjelder til marine feittsyrer: Fiskeoljeressursane i verda er utnytta nær det maksimale. Fiskefôrprodusenten Skretting annonserte i fjor at dei snart kan produsere marint feitt i stor skala frå algar. Om dette faktisk lukkast, kan det vere eit langt steg i berekraftig retning for oppdrettsnæringa.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.