Dansk samling i sentrum
«Socialdemokratiet har gjort det beste valet på 20 år», sa Mette Frederiksen etter valsigeren natt til onsdag denne veka.
Mette Frederiksen på valfesten til Socialdemokratiet.
Foto: Martin Sylvest / NTB
SAMTALEN
Signe Bock Segaard
statsvitar med fokus på demokrati, val, representasjon, veljarar, deltaking og politisk tillit
AKTUELL
Val i Danmark

sofie@dagogtid.no
Partiet til Mette Frederiksen går fram med to mandat sidan førre val, og raud blokk har no, saman med mandata frå Grønland og Færøyane, 90 av 179 mandat i Folketinget.
I Europa går dei store sosialdemokratiske partia tilbake. Kvifor skjer det motsette i Danmark? Signe Bock Segaard, statsvitar og valforskar ved Institutt for samfunnsforskning, meiner dette har å gjere med at Socialdemokratiet fører ein streng innvandringspolitikk.
– I tillegg har Socialdemokratiet vist seg styringsdyktig i krisetider. Veljarane har ikkje gløymt innsatsen til Frederiksen under covid-19, og det trass i at ho også har blitt kritisert for maktarroganse.
– Korleis har Frederiksen klart å skaffe seg ein så sterk posisjon?
– Ho har som nemnt blitt kritisert for å vere maktsjuk. Men me kan også snu på det og spørje: Kva er ein sterk leiar? Mange vil seie at det er ein som tar avgjerder og som er bestemt. I minksaka vart ho kritisert for å ta avgjerda om avliving utan lovgrunnlag og tilstrekkeleg støtte i dei andre partia. Saka førte til at Radikale Venstre trua med mistillit mot regjeringa og mot Frederiksen viss ho ikkje skreiv ut nyval.
– Kvar vart det av minkskandalen i valkampen?
– Ho har blitt kritisert for minksaka, og ho har handtert denne kritikken i valkampen, men utan å gå på kne. Minksaka var ikkje stor nok til å velte henne, noko valresultatet stadfestar. Ikkje berre har Socialdemokratiet gjort eit særs godt val, Mette Frederiksen har også fått eit rekordstort tal personlege røyster, og det i Nordjylland, der nettopp minksaka var særleg aktuell.
– Veljarane i Danmark hadde 14 parti å velje mellom, og sperregrensa ligg på 2 prosent. Kva er styrkane og veikskapane ved eit slikt system?
– Det er veldig interessant at ein i Noreg er så oppteken av at sperregrensa i Danmark er på 2 prosent. Det er ikkje eit stort tema i Danmark. Dei mange partia gjer at det er enkelt å få eit mangfaldig politisk system. Dette gjev sjølvsagt ein sjanse for fragmentering, og det ser me i dansk politikk no, særleg i blå blokk. Nokon vil seie at sperregrensa gjer det enklare for fleire røyster å bli høyrde, men det blir også vanskelegare å orientere seg. På same tid har fleire av dei nye partia i blå blokk kome frå velkjende parti og har blitt stifta av kjente politikarar. Avstanden mellom partia må difor ikkje overdrivast. Når det er sagt, kan ulempa med mange – og små – parti gjere det vanskelegare å skape eit styringsdyktig fleirtal.
– Kva konsekvensar vil dette kunne få får regjeringa til Frederiksen?
– Det får tida og dei neste vekene vise. Dersom – og det er jo plan A til Mette Frederiksen – det blir ei regjering med to–tre parti med eit parlamentarisk grunnlag plassert i midten av dansk politikk, så vil «ytterfløyene» på ein måte bli isolert, noko som vil skape ei form for arbeidsro. Samtidig er det også ei kjensgjerning at sjølv om regjeringssamarbeid over midten er sjeldan i dansk politikk, så er den praktiske politikken og dei store politiske reformene og avtalane ofte gjorde over midten. Samstundes er det framleis eitt stort parti i Danmark, Socialdemokratiet fekk 27,5 prosent veljaroppslutnad. Dette gjev dei ei form for «leiarrolle» i det politiske landskapet, spesielt på raud side.
– Har Danmark skapt ein politisk kultur der veljarane ikkje lenger er lojale til partiet?
– Det er velkjent at partilojaliteten til veljarane har blitt mindre dei siste tiåra, også i Danmark. Det er fleire grunnar til det. I Danmark spelar personfaktoren heilt sikkert inn meir enn i Noreg. For det første har personrøyster stor betyding ved folketingsval. For det andre er valkampen «visuelt» sterkt prega av andleta til politikarane, mellom anna valplakatar på lyktestolpar. Og for det tredje og det kanskje viktigaste: Politikken i Danmark følgjer ikkje berre partia, men også i stor grad politikarane. Det er nemleg ikkje berre blant veljarane at partilojaliteten er låg, også blant politikarane er han «låg» – iallfall lågare enn i Noreg. Det er ikkje uvanleg at markante folketingspolitikarar i valperioden melder seg ut og blir såkalla «lausgjengarar», dei melder seg inn i eit anna parti eller dannar kan hende eit nytt parti. Noko både tidlegare formann for Venstre, Lars Løkke Rasmussen, og tidlegare nestformann for Venstre, Inger Støjberg har gjort med dei nye partia deira, Moderaterne og Danmarksdemokraterne, etter tur.
– Radikale Venstre tapte mange mandat, men har likevel politisk innverknad. Korleis vil me merke den styrkte maktposisjonen deira?
– Viss dei får høve til å bruke den innverknaden som dei ser ut til å få, har dei sagt tydeleg at dei vil ha ein meir mild politikk når det gjeld innvandring og asylpolitikk. Eit heilt konkret døme er asylmottaka som regjeringa forsøker å få ein avtale med Rwanda om. Dei ønskjer ikkje å støtte dette. Den avtalen må Socialdemokratiet i så fall gå vekk ifrå. Eventuelt kan dei vere med på ein avtale gjennom EU, slik at fleire land samarbeider om dette. Det er eit ultimatum dei har sett. Og så ønskjer dei ein meir klimavenleg politikk.
– Korleis trur du regjeringa vil kome til å sjå ut?
– Det er vanskeleg å svare på, mange konstellasjonar er moglege – og kanskje umoglege.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?