JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Dei som var så gode vener

Det er neppe vonde erfaringar frå dei raudgrøne åra som gjer at Senterpartiet ikkje vil danne regjering med SV.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sp-leiar Åslaug Haga, Ap-leiar Jens Stoltenberg og SV-leiar Kristin Halvorsen legg fram resultatet av regjeringsforhandlingane på Soria Moria 13. oktober 2005. Samtalane mellom dei tre hadde lagt grunnen for den raudgrøne regjeringa i god tid før valet den hausten.

Foto: Svein E. Furulund / NTB

9446
20210813
9446
20210813

Politikk

peranders@dagogtid.no

I innspurten fram mot stortingsvalet har forholdet mellom Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti blitt eit viktig tema i norsk politikk. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier på innpust og utpust at målet er ei koalisjonsregjering med Arbeidarpartiet, sjølv om han ikkje kategorisk har utelukka regjeringsforhandlingar med SV. Det har derimot nestleiar Ola Borten Moe gjort. Medan Sp, SV og Ap i 2005 gjekk til val som eit samla regjeringsalternativ, ser avstanden mellom SP og SV no ut til å vere større enn på mange år.

I dag verkar det pussig at desse to partia sat saman i regjering i åtte år, frå 2005 til 2013. Kan det vere at erfaringane frå dette samarbeidet har gjort Senterpartiet skeptiske til samarbeid med SV? Dag og Tid har snakka med ei rekkje tidlegare statsrådar frå dei raudgrøne regjeringane. Dei fortel om mange harde tak, men òg om godt samarbeid – og konfliktane gjekk på ingen måte berre mellom SV og Sp.

«Det beste fra alle»

Vi startar med ei som ikkje ønskjer å snakke om erfaringane frå den raudgrøne regjeringa. Åslaug Haga var leiaren som førte Senterpartiet inn i sitt første regjeringssamarbeid med parti på venstresida. Ho forlét regjeringa og leiarvervet i Senterpartiet i 2008 og ønskjer ikkje å bli intervjua til denne saka. Men i boka Rødgrønn. Slik jeg ser det frå 2012 skreiv Haga med eigne ord om det raudgrøne samarbeidet. Der skreiv ho mellom anna dette: «En regjering som henter ut det beste fra Arbeiderpartiets, SVs og Senterpartiets tradisjon er den som best kan tjene det norske folk slik landet er skrudd sammen av skillelinjer på kryss og tvers, men med et solid fundament av felles verdier i bunnen.»

Slik Haga såg det, var desse partia naturlege alliansepartnarar som utfylte kvarandre: «Vi skulle bygge på det beste fra alle de tre partiene. Vi skulle bygge på Arbeiderpartiets historiske forankring i arbeiderklassen og forsvaret av ’dem som sitter nederst ved bordet’, på SVs nasjonale og internasjonale fordelingspolitikk og på Senterpartiets vilje til å ta hele landet i bruk.»

Skiftande alliansar

Sjølvsagt var ikkje samarbeidet mellom dei tre partia så idyllisk heile tida. Det går til dømes klart fram av boka Gjennomslag frå 2012, der tidlegare SV-leiar Kristin Halvorsen fortalde om livet i den raudgrøne regjeringa. SV og Senterpartiet var djupt usamde i mange saker. Men slik Halvorsen skildra det i boka, handla konfliktane vel så ofte om at dei to minste partia kjende seg overkøyrde av Arbeidarpartiet.

Det er ei framstilling Liv Signe Navarsete kan kjenne seg att i. Ho var samferdsleminister og kommunalminister i den raudgrøne regjeringa og partileiar i Sp frå 2008 til 2014.

– Samarbeidet var tøft på somme område, det er ikkje tvil om det. Men det var ikkje SV som påførte oss dei største nederlaga. Når det handla om til dømes nedlegging av sjukehus eller kommuneøkonomi, var det Ap vi var usamde med, seier Navarsete.

–?Det var mange felt der vi og SV stod langt frå kvarandre. Rovdyrpolitikk, så klart, og ein del saker som handla om oljepolitikk og innvandringspolitikk. Men på mange andre felt som var viktige for oss, til dømes distriktspolitikk, velferd, lokalsjukehus og EØS-saker, stod SV oss nærare enn Ap. Eg vil ikkje seie at vi hadde fleire diskusjonar med SV enn med Ap.

Godt og tøft

Terje Riis-Johansen minnest regjeringssamarbeidet på liknande vis som Navarsete. Han var landbruks- og matminister og olje- og energiminister for Senterpartiet i dei raudgrøne regjeringane og er i dag fylkesordførar i Vestfold og Telemark.

– Slik eg opplevde det, hadde vi eit konstruktivt og godt samarbeid i regjeringa. Eg hugsar det som gode år. Det var år da desse tre partia gjorde mange gode vedtak saman. Det var knalltøft til tider, det er det ikkje tvil om. Men det var det òg i sentrumsregjeringa saman med KrF og Venstre. Same kva parti ein skal samarbeide med i regjering, vil det vere saker som er vanskelege.

– Var det verre å få gjennomslag for hjartesakene dykkar overfor SV enn overfor Ap?

– Eg opplevde det ikkje slik. Dette varierte frå sak til sak.

– Kva saker skapte mest vanskar i forholdet til SV?

Ein treng ikkje ha vore med i regjeringa for å sjå det. I saker som handla om til dømes rovdyr og vernepolitikk, hadde vi heilt ulike posisjonar.

– Men i spørsmål om desentralisering, landbruk eller EU-saker stod de truleg nærare SV?

– Ja, det er mange objektive fakta her. Det er berre å leggje partiprogramma ved sida av kvarandre, så ser du kor det er kontaktpunkt med andre parti.

Nytte og glede

–?Eg hadde stor nytte og glede av å vere i regjering med SV, seier Magnhild Meltveit Kleppa, som var kommunalminister og samferdsleminister i dei raudgrøne åra.

– Det var nokre openberre felt der vi kunne lære av kvarandre. SV kunne lære noko av distriktspolitikken vår, og fleire i Senterpartiet fekk augo opp for verdien av sosial utjamning gjennom samarbeidet.

Ei av sakene der det var store motsetnader mellom Senterpartiet og SV, var ekteskapslova frå 2008 som likestilte homo- og heterofile. Kleppa, som kjem frå eit konservativt kristent miljø, var mot lova, men snudde. Senterpartiet fristilte representantane sine i saka, og Kleppa røysta for.

– Det finst eit fint bilete av deg og Kristin Halvorsen den dagen lova vart vedteken. Personkjemi har noko å seie i ei koalisjonsregjering.

– Ja, det er eit spesielt bilete. Eg hadde jo gått ein lang veg i det spørsmålet personleg. Men eg og Kristin hadde god kjemi frå langt attende. Vi sat i finanskomiteen saman frå 1993 og fann ein tone som vi heldt på.

– Personkjemi er vel òg ein del av det som skal til for at ei koalisjonsregjering skal fungere?

– Det ligg absolutt noko der. Om ein har ein personleg kjemi som held, kan ein respektere kvarandre sjølv om ein har heilt ulikt syn på mange ting.

Nei til SV

Ein tidlegare Sp-statsråd som truleg har eit noko annleis syn på dei raudgrøne åra, er Ola Borten Moe. Som olje- og energiminister frå 2011 til 2013 førte han ein offensiv petroleumspolitikk som skapte konfliktar med både leiande SV-politikarar og iblant med eiga partileiing. Og alt i 2009 gjekk Moe ut med krass kritikk av SV i ein VG-kronikk med tittelen «Nei til SV-staten». I dag er Moe som nemnt svært klar på at Senterpartiet ikkje skal gå i regjering med SV. Dag og Tid bad Moe om ein kommentar til denne saka, men fekk ikkje svar.

– God hjelp

Kva så med tidlegare regjeringspartnar SV? Partileiar Audun Lysbakken, som var barne- og likestillingsminister frå 2009 til 2012, har gode minne frå samarbeidet med Senterpartiet.

– Eg opplevde samarbeidet med Sp som godt, og på nokre område fekk vi veldig god hjelp av kvarandre, seier Lysbakken.

– Vi stod kvarandre nær i alle spørsmål som handla om EU og EØS-avtalen. Det var òg ein del viktige klima- og miljøsaker der vi stod kvarandre nær, som i spørsmålet om oljeleiting utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Så var det klar usemje i saker som handla om naturvern, det er ei kjend sak.

– Har det skjedd vesentlege endringar sidan 2013 som hindrar dykk i å samarbeide i regjering i dag?

– I mange viktige saker står vi framleis kvarandre nær, til dømes sjukehusstyring, distriktspolitikk og motstand mot EØS-direktiv. Men det er ingen tvil om at klimapolitikken til Senterpartiet har endra seg mykje. Det er ikkje mange år sidan partiet såg ganske annleis på dei tinga.

Lysbakken meiner likevel at SV og Sp kan finne saman att.

– Eg meiner vi ikkje er tente med å dyrke fiendebilete av kvarandre. Samarbeidet mellom oss har vore viktig ved fleire vegskilje. Vi utgjorde ryggrada i nei-rørsla i 1994, og vi fekk til eit historisk samarbeid i den raudgrøne regjeringa. Dei interessene Sp representerer, treng allierte på venstresida som er opptekne av miljø og rettferd, seier Lysbakken.

– Godt for alle

Til slutt nokre ord frå Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (Ap), som hadde ei uvanleg rolle i Stoltenberg-regjeringa frå 2009 til 2013: Som «samordningsminister» utan departement var jobben hans å halde troppene samla i regjeringa.

– Vi hadde eit utmerkt samarbeid i den raudgrøne regjeringa. Eg hadde eit særleg ansvar for å sikre god dialog i kompliserte saker, og vi klarte å få til samlande løysingar som bidrog til god politikk.

– Det der kunne vore sagt av ein talsmann for kommunistpartiet i Kina?

– Ja, men det er jo sant.

Schjøtt-Pedersen vil ikkje gå inn på kva saker som skapte størst konflikt i den raudgrøne regjeringa.

– Eit godt samarbeid føreset at alle har respekt for det sentrale for dei ulike partia. Sjølvsagt kan det vere krevjande. Men når Ap igjen tilrår regjeringssamarbeid med både Senterpartiet og SV, er det fordi det fungerte sist.

– Kanskje det var ei betre oppleving for Ap enn for dei andre?

– Du kan ikkje byggje ei koalisjonsregjering på at det er godt for berre eitt parti.

– Sett utanfrå var det ofte SV og Sp som stod mot Ap i regjeringa dykkar?

– I nokre saker var det slik, i alle fall. Så er det alltid usemje mellom ulike departement òg. Å kjempe for interessene til departementet kan vere vel så viktig som å kjempe for partia sine interesser.

– Du trur ikkje nokon fekk traume i regjeringsåra dykkar som hindrar eit nytt samarbeid?

– Absolutt ikkje. Nei, nei, nei, seier Schjøtt-Pedersen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det var ikkje SV som påførte oss dei største nederlaga.

Liv Signe Navarsete, Senterpartiet

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis