JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Dei urbaniserte langrennarane

Norske bygder er ikkje lenger det dei var. Skisporten er avruralisert og har flytta til byen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Martin Johnsrud Sundby svarte på spørsmål på pressekonferansen før 15 km langrenn i Pyeongchang. Simen Hegstad Krüger (t.v.), Finn Hågen Krog og Hans Christer Holund (t.h.) skulle også gå distansen.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

5335
20180216
5335
20180216

hompland@online.no

Langrennshegemoniet har flytta til byen, med tyngda i godt møblerte heimar i Oslo nord for Ring 3. Oslo vest er best og først i løypa. Den kvalitative krona på verket var tredobbelt i krinsmeisterskapen på 30 kilometeren i OL. Simen Hegstad Krüger er frå Nordberg i Lyns kjerneland, og Martin Johnsrud Sundby frå Røa. Hans Christer Holund er frå det meir suburbane, men då det ikkje var mange nok seniorar til eit stafettlag i Nittedal, gjorde han som sambygdingen Odd Martinsen. Han gjekk for BUL (Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo). Holund fekk eit løft då han gjekk til Lyn.

Kvantitativt har ingen stader i landet så godt preparert løypenett og så tett mellom skiløparane som langs markagrensa i Oslo, og ingen stader går så mange barn så mykje på ski som der. Om villsnøen sviktar, har dei kunstsnø på Kringsjå. Og for dei utan familiehytte med smørjebu på fjellet går det pappabilar og busskolonnar til Sjusjøen straks løypene er køyrde opp der.

NIKKERSADELEN har alltid hatt ei fremjande hand i ski-
idretten. Dei produserte nasjonal ideologi og identitet, dei var sentrum i organiseringa og sola seg i glansen, men det var unge menn frå enkle kår i periferien som konkurrerte. Dei mest myteomspunne gjekk fram og tilbake på ski frå dei djupe skogane i Telemark og Østerdalen til Huseby og Holmenkollen. Og bakom spøkte trønderane.

Langrenn var ein manndomsprøve. Jentutten blei ikkje tatt på alvor før med Ingrid Wigernes på 1970-talet.

ODDMUND JENSEN (1928–2011) overtok i 1964 etter Kristen Kvello frå Mebonden i Selbu som rikstrenar for herrelangrenn. Han kombinerte filosofi frå den australske løps-
trenaren Arthur Lydiard med eigne røynsler: Han kom frå Sørfold i Salten, der han hadde bygd grunnkondisjon gjennom å springa med telefonmeldingar til straumlause og snøfattige grender. Men då han satsa på å bli ein habil langrennar, flytta han til Alvdal som tømmerhoggar, for hardt skogsarbeid og langrenn var to sider av same sak. Dei blei sterke som bjørnar.

Jensen var gudfar i 14 år og fostra ein innseig generasjon av langrennarar etter LSD-doktrinen – long, slow distance, altså roleg langkøyring. Til dømes Harald Grønningen og Ole Ellefsæter og andre av heltane til Thor Gotaas. Filosofien er stadig gyldig: Krüger og Holund frå Lyn blir kalla kapasitetsløparar og O2-snapparar.

DEN SVENSKE idéhistorikaren og regionalforskaren Sverker Sörlin gav i 2011 ut Kroppens geni. Marit, Petter og langrenn som lidenskap. Der ville han forklara den relativt nyvunne norske langrennsdominansen – både i ideologi og i prestasjonar. Boka slo betre an i Noreg enn i Sverige. Vegard Ulvang lét seg sitera på omslaget: «Det måtte en svenske til for å forstå norsk langrenn.»

Sörlin merka seg at halvparten av gullmedaljane i langrenn i 2010 blei tatt av éin landsdel: Trøndelag. Lasta med idéhistorisk ballast og eigne røynsler som skiløpar drog han til Hølonda, Rognes og Framverran.

Svaret fann han i den rurale faktoren, i levande norske bygder – som motsats til dei uttynna gläsbygdene i Sverige. I livskraftige bondebygder utan kino, kafé, innandørshall og tilrettelagde aktivitetar voks barn og unge opp i naturleg rørsle. Dei leika og baska i naturen året rundt og gjekk på ski til skulen om vinteren. Ivrige foreldre med gode genar stod attåt og trakka løyper, som Oline Brå.

SVERKER SÖRLIN hadde rett dersom Trøndelag er ein metafor for norske bygder. I krinsmeisterskap og landsrenn var det eit mål å slå «byfisan». Sörlin skriv: «Skiløping er arbeiderklassens vei til aristokrati.»

Tredobbelt på den klassiske femmila i VM i Oberstdorf i 2005 var eit siste høgdepunkt. Frode Estil frå Lierne brøyta i snøvêret og slo til i den siste springbakken. Odd-Bjørn Hjelmeset (Fjellhug/Vereide Hyen IL) fekk sølv, og stakaren Anders Aukland (Oseberg skilag) tok bronse. Den siste langrennaren, Kristen Skjeldal frå Bulken på Voss, blei nummer sju.

Men Sörlin har ikkje rett lenger. Norske bygder er ikkje det dei var. Dei har breiband, og barna blir bussa til sentralskulen. Skisporten er avruralisert, teknologisert og profesjonalisert. Lovande ungdom flyttar ikkje til Alvdal for å bli gode skiløparar; dei flyttar frå dalsbygdene til toppidrettsgymnasa, og så til byåsane i Trondheim, Lillehammer og Oslo. Ei tid budde det fleire eliteløparar i Nydalen med omland enn i alle andre dalstrok til saman. Dei som gjer det best, har av atletiske grunnar flytta vidare til den etnisk kvite vinteren i Holmenkollåsen.

«BØNDER SPELAR ikkje tennis», dikta Herbjørn Sørebø. Men dei har lagt ut jorda sine til golfbanar for folk flest, og golf har med det falle nedover på den sportskulturelle rangstigen.

Langrennskulturen har diffusert motsett veg. Han er blitt urban og fått bustad i den øvre middelklassen. Alpint er sosiokulturelt detronisert. Birken og Marcialonga gir høgare status.

Langrenn er blitt ein dyr og komplisert idrett for dei som siktar mot toppen. Og verre blir det med klimaendringar og snøfattige vintrar. Det meste ligg best til rette for dei som kjem frå velberga strok – også i skisporet.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Nikkersadelen har hatt ei fremjande hand i skiidretten, men det var ungdom frå periferien som vann.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis