JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Dei vanskelege vedtektene

Industri- og Næringspartiet vil klare seg godt utan leiar Owe Ingemann Waltherzøe, forsikrar nestleiar Finn Arne Follestad.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det var god stemning på valvaka til Industri- og Næringspartiet på Restaurant Louise i Oslo under kommunevalet i 2023. Partileiar Owe Ingemann Waltherzøe ståande midt i biletet.

Foto: Emilie Holtet / NTB

7445
20240126

Samtalen

Finn Arne Follestad

nestleiar i Industri- og Næringspartiet

Aktuell

Intern strid i INP

7445
20240126

Samtalen

Finn Arne Follestad

nestleiar i Industri- og Næringspartiet

Aktuell

Intern strid i INP

Peranders@dagogtid.no

Intervjuet vart gjort før leiar Owe Ingemann Waltherzøe trakk seg torsdag kveld.

Industri- og Næringspartiet (INP) har hatt fire framgangsrike år sidan stiftinga i februar 2020. I fleire meiningsmålingar har partiet hatt stor nok oppslutnad til å kome over sperregrensa i stortingsval. Men no stormar det i INP. Leiar og partigrunnleggjar Owe Ingemann Waltherzøe har fått hard kritikk for leiarstilen. Sist fredag forlét han landsstyremøtet i partiet i protest, fordi han ikkje ville gje legitimitet til møtet. Waltherzøe svarte ikkje på Dag og Tid-førespurnaden om intervju. Men det gjorde Finn Arne Follestad, andre nestleiar i partiet. Han er fylkesleiar for INP i Møre og Romsdal, og vart i fjor innvald i kommunestyret i Volda og på fylkestinget. Follestad har yrkesbakgrunn som forpleiingssjef i offshore.

– Du var med på å kalle inn til landsstyremøtet i INP sist fredag. Det gjekk ikkje spesielt bra?

– Jau, sjølve møtet gjekk jo bra. Men innleiinga gjekk ikkje fullt så bra.

– Nett det. Partileiar Walterzøe slo fast at landsstyremøtet ikkje var gyldig, og forlét møtet saman med to sentralstyremedlemer og tre fylkesrepresentantar. Kvifor meinte han møtet var ugyldig?

–?Fordi landsstyret ikkje er nemnt i paragraf 6 i vedtektene våre. Men landsstyret er nemnt i paragraf 8.

– Walterzøe meinte òg at arbeidsutvalet der du er med, ikkje hadde mandat til å kalle inn til landsstyremøte?

– Vi hadde mandat til å kalle inn landsstyret. Det fekk vi i eit møte i sentralstyret 2. januar.

– Partileiaren har hevda at landsstyret til INP ikkje finst. Kan du stadfeste at landsstyret dykkar faktisk eksisterer?

–?Ja, vi har eit landsstyre. I eit vedtaksdyktig sentralstyremøte 16. november i fjor vart saksliste og innkalling til landsstyremøte 2. desember vedtekne. Deretter vart landsstyret konstituert den 2. desember.

–?Det verkar som Waltherzøe tolka landsstyremøtet sist veke som eit forsøk på å kaste han som leiar. Var det slik?

–?Nei. Ingen i landsstyret nektar for at Owe vart vald som leiar i 2023. Han vart vald for tre år.

–?Kvifor trudde Waltherzøe at de ville kaste han?

– Eg veit ikkje. Det må du spørje han om.

– I ei fråsegn frå landsmøtet dykkar heiter det at «landsstyret ikke kan akseptere at partilederens negative atferd får fortsette uten konsekvenser». Det høyrest litt trugande ut?

– Den fråsegna var eit resultat av det som skjedde på møtet. Landsstyret tolka det slik at partileiaren ikkje var interessert i å gjere noko med konfliktane i partiet.

–?Er dette mest personkonfliktar, eller handlar det om politisk usemje?

– Det er ikkje personkonfliktar. Men partiet vårt må gå frå ein interimorganisasjon til ein organisasjon med demokratiske prosessar, slik det bør vere i eit politisk parti.

– INP har i stor grad vore bygd opp kring partileiaren. Det kan minne om dei første åra til Framstegspartiet, da Carl I. Hagen styrte heile butikken. Kan INP klare seg utan Walterzøe?

–?Ja, det kan vi. Vi har ingen politisk konflikt. Dei tillitsvalde står samla bak partiprogrammet. INP kan eksistere utan Owe. Men om han skulle trekkje seg, misser vi ein markant frontfigur. I så fall blir partiet sett attende, men det vil overleve. INP har kome for å bli. Og sidan du nemner Framstegspartiet: Dei har jo klart seg godt etter at Carl I. Hagen gjekk av som leiar.

– INP skal no prøve å bli samde om nye partivedtekter. Det verkar lurt?

–?Ja. Vi har sentralstyremøte onsdag denne veka, Så skal eit utval jobbe med vedtektene, og så blir det ekstraordinært landsmøte 16. februar for å få vedtektene på plass. Vi må sikre at vi har skikkelege demokratiske prosessar. Det trengst.

– INP har vakse svært raskt, og meiningsmålingane tydde på at de kunne kome over sperregrensa ved neste stortingsval. Korleis har de hamna i eit slikt uføre?

– Det er ikkje godt å seie. Fleire hendingar har ført fram til dette, det er ikkje noko enkelt svar.

– Men mykje handlar om leiarstil?

– Noko gjer det. Vi er alle menneske, og vi oppfattar ting litt ulikt. Det er ikkje gjeve at ein beskjed blir oppfatta likt av avsendar og mottakar.

–?Både Walterzøe og andre i INP har gjerne omtalt dykk som eit parti for sunn fornuft. Akkurat no verkar det ikkje heilt slik?

– Nei, sett utanfrå gjer det nok ikkje det. Men eg håpar vi skal gå vidare med sunn fornuft når vi får lagt dette bak oss.

–?Som nytt parti har INP opplevd den såkalla fjøslykteffekten, eit uttrykk frå første levetida til Anders Langes parti: De har tiltrekt dykk folk med til dels vidt ulike politiske syn. Det kan skape grobotn for splid?

–?Det kan det. Men slik eg oppfattar det, er det ikkje ein politisk konflikt vi har.

– 16. november i fjor anerkjende sentralstyret at vi har eit lands­styre.

Finn Arne Follestad, nestleiar i Industri- og Næringspartiet

–?Somme har talt for å ta partiet i ei meir innvandringskritisk retning?

–?Eg synest ikkje det med innvandringspolitikken er noko stort tema i partiet.

– Du har kalla partiet eit moderat sentrumsparti med synspunkt både til venstre og høgre på den tradisjonelle skalaen.

– Ja, så lenge vi held oss til partiprogrammet, synest eg det stemmer.

–?Walterzøe har tidlegare sagt til Klassekampen at somme i partiet ønskjer ei skarp mørkeblå dreiing. Kjenner du deg att i det?

–?Eg opplever det ikkje slik. Ein del lokallag og fylkeslag har kanskje søkt meir støtte på borgarleg side enn eg hadde venta, men eg ser ikkje noka mørkeblå dreiing i partiet.

–?Du har vore med i INP sidan starten i 2019. Kva var det som tiltrekte deg?

–?Det var vel heile det politiske biletet. Eg las om ideane til partiet på Facebook etter valet i 2019, og dei tiltalte meg med ein gong. Det var til dømes motstanden mot vindkraft, ønsket om å ta attende råderetten over norske naturresursar, nei til EØS, og vidare leiting etter olje.

– Du var med på stiftinga på Rjukan i 2020. Korleis var stemninga den gongen?

–?Det var mykje optimisme. Vi hadde ei facebookgruppe med svært mange følgjarar, og grunnprinsippa var utforma gjennom facebookgruppa. Vi hadde fått ein enorm respons. Å samle dei 5000 underskriftene vi trong, gjekk svært raskt.

–?Du har jobba i mange år i offshore. No har du ein kvardag full av politikk, som folkevald i kommunestyre og fylkesting. Kjenner du at du får utretta ting i politikken?

–?Eigentleg ikkje. Sidan valet har veldig mykje av tida gått med til partiarbeidet.

– Er det nokre saker lokalt i Volda eller Møre og Romsdal fylke du har engasjert deg spesielt i?

– Eg vart innvald i september, og sidan da har eg rett og slett ikkje hatt tid til å markere oss i det heile. Vi har hatt fullt opp med partioppgåver.

–?Korleis har du og INP blitt mottekne av dei andre partia i Møre og Romsdal?

– Eg opplever vel at vi blir litt uglesett. Vi har vore tydelege på at vi ikkje vil binde oss til nokon av fløyene, og dei andre partia er nok litt usikre på oss.

–?Du har stått på lokalvalliste for Arbeidarpartiet i Volda tidlegare. Er det nokon veg attende dit for deg, om INP skulle kollapse?

–?Det stemmer at eg stod langt nede på lista for Ap i 2019. Men eg blir ikkje med der att. For det første kjem ikkje INP til å kollapse. Og om eg skulle gå til eit anna parti, ville det ikkje bli Arbeidarpartiet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

Olav Thon (1923–2024).

Olav Thon (1923–2024).

Foto: Heiko Junge / NTB

KommentarSamfunn

Stadutviklaren Olav Thon

Olav Thon skapte den moderne norske bygdebyen – med større bilbruk og fleire kjøpesenter.

Ronny Spaans

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis