Delte reaksjonar på samisk kampsak
Reindriftssamar vil endre lova for å stå sterkare i arealkonfliktar, men Høgre-politikar fryktar at konsekvensen kan vere full stopp for framtidig vindkraftutbygging.
Stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) reagerer på NRL sitt krav om å fjerne høvet utbyggjarar i dag har til å starte utbyggingar før erstatningar og samiske rettar er rettsleg avklarte.
Foto: Høgre
REINDRIFT
christiane@dagogtid.no
– Eg forstår at Norske Reindriftssamers Landsforbund (NRL) ønskjer å endre lova for å styrke rettane til reindrifta, men utfordringa med det dei føreslår, er at ei lovendring vil omfatte alt og alle, ikkje berre reindrifta, og vil i realiteten kunne stoppe all kraftutbygging i Noreg.
Slik reagerar stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) på NRL sitt krav om å fjerne høvet utbyggjarar i dag har til å starte utbyggingar før erstatningar og samiske rettar er rettsleg avklarte.
Den såkalla Fosen-dommen gjer kravet aktuelt, fordi Høgsterett i fjor haust kjende konsesjonsvedtaket til to store vindkraftverk på Fosen-halvøya i Trøndelag ugyldig på grunn av brot på folkeretten. Her er samisk reindrift ei verna kulturutøving.
Stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (SV) ser annleis på saka.
– SV har ikkje tatt stilling til forslaget, men eg forstår det. Etter Fosen-dommen er dette kravet frå reindrifta eit krav vi må sjå på. Det kan vere fleire utbyggingar som må gjerast om, seier han.
Følgjer opp dom
Landbruks- og matdepartementet finn det ikkje rett å kommentere forslaget, sidan det er fremja i kravet til årets reindriftsavtale. Staten legg fram sitt tilbod 27. januar.
«Når det gjelder oppfølging av Fosen-dommen er NRL gjort kjent med at regjeringen parallelt med forhandlingene om Reindriftsavtalen 2022/2023 vil komme tilbake til NRL med en redegjørelse om regjeringens videre oppfølging av Fosen-dommen, herunder hva slags prosess man legger opp til å gjennomføre for å avklare hvilke kortsiktige og langsiktige tiltak som vil bli iverksatt for å sikre reindriften på Fosen,» skriv departementet i ein e-post.
Avventande bransje
Vindkraftnæringa er forsiktige med å meine noko om forslaget frå NRL, utover å understreke at omsynet til reindrifta er viktig i arealsaker og har eit spesielt folkerettsleg vern som skal ivaretakast. Bransjen avventar no resultata av prosessane i Olje- og energidepartementet knytte til høgsterettsdommen, dialogen mellom utbyggjarane og reinbeiteutøvarane på Fosen, samt utarbeiding av ein ny konsesjonsprosess for vindkraft.
«Vår forståelse er at det ikke er mulig å si nå hva utfallet av disse prosessene blir. Det er også verdt å ta med seg at det vil ta tid før nye konsesjoner blir gitt, grunnet stans i all konsesjonsbehandling. Det er derfor heller ikke klart hvilke lovendringer som eventuelt bør komme i oppfølgingen, og vi har ikke vurdert forslaget fra NRL, utover at det åpenbart er viktig å unngå slike situasjoner for fremtiden», skriv direktør Øistein Schmidt Galaaen i bransjeorganisasjonen Norwea i ein e-post.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Utfordringa med det dei føreslår, er at ei lovendring vil omfatte alt og alle, ikkje berre reindrifta, og vil i realiteten kunne stoppe all kraftutbygging i Noreg.
Lene Westgaard-Halle (H), stortingsrepresentant
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.