Den lange kampen for Brundtland
Utanriksdepartementet har ført mange kampanjar for norske kandidatar i FN, men strevet for å få Gro Harlem Brundtland vald som sjef i Verdshelseorganisasjonen (WHO) var i særklasse. Offensiven byrja allereie før Brundtland gjekk av som norsk statsminister i 1996, og Gudmund Hernes samanlikna det med kampen for å få OL til Lillehammer. Sjølv sende Hernes hyggelege brev til mellom andre Muammar Gaddafi i Libya for å fortelje om kvalifikasjonane til Brundtland. Det vart oppretta eit sekretariat på fem personar i UD for å drive kampanjen, i tillegg bidrog over hundre tenestemenn og 40 ambassadar i arbeidet.
Mest interessant i denne samanhengen er det at Noreg i 1996 auka dei frivillige norske bidraga til WHO med 45 prosent samanlikna med året før. Med 118 millionar i støtte vart Noreg dermed den fjerde største frivillige bidragsytaren til WHO-budsjettet. Og i 1998 vart Gro Harlem Brundtland ny sjef for Verdshelseorganisasjonen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Utanriksdepartementet har ført mange kampanjar for norske kandidatar i FN, men strevet for å få Gro Harlem Brundtland vald som sjef i Verdshelseorganisasjonen (WHO) var i særklasse. Offensiven byrja allereie før Brundtland gjekk av som norsk statsminister i 1996, og Gudmund Hernes samanlikna det med kampen for å få OL til Lillehammer. Sjølv sende Hernes hyggelege brev til mellom andre Muammar Gaddafi i Libya for å fortelje om kvalifikasjonane til Brundtland. Det vart oppretta eit sekretariat på fem personar i UD for å drive kampanjen, i tillegg bidrog over hundre tenestemenn og 40 ambassadar i arbeidet.
Mest interessant i denne samanhengen er det at Noreg i 1996 auka dei frivillige norske bidraga til WHO med 45 prosent samanlikna med året før. Med 118 millionar i støtte vart Noreg dermed den fjerde største frivillige bidragsytaren til WHO-budsjettet. Og i 1998 vart Gro Harlem Brundtland ny sjef for Verdshelseorganisasjonen.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.