JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den nye oljen

Om Acer kan få negative konsekvensar for norsk kraftkrevjande industri, veit vi ikkje. Men Noreg som nasjon tener på fri flyt av kraft.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Europa vantar ein integrert kraftmarknad som me har i Norden. Svaret er Acer, eit nytt organ som skal regulera kraftflyten i og til EU-området, ikkje minst med balansekraft frå Noreg.

Foto: Emil Løkås, Statnett

10534
20180309

Bakgrunn

Acer er EUs nye organ for regulering av kraftnettet i EU.

EU treng i dag ein større marknad for vind- og solkraft.

Acer skal føra til like vilkår for nett-trafikk.

Noreg er i dag ikkje ein del av Acer, men det er truleg eit stor fleirtal i Stortinget for organet.

Kraft

jon@dagogtid.no

Acer (Agency for the Cooperation of Energy Regulators) er eit relativt nytt organ som skal regulera kraftflyten i EU-området. Det er lett å forstå kvifor organet er oppretta. EU-landa produserer stadig meir utstabil kraft. Utstabil kraft er i hovudsak vind- og solkraft. Skal ein kunna laga slik kraft, må vinden blåsa og sola skina. Førebels har vi ikkje god teknologi for å lagra slik kraft, batteria er for dyre. Dimed må vi nytta denne krafta her og no.

Vind- og solkraft har ei anna ulempe òg, ho er dyr å produsera, men som regel billig å kjøpa før avgifter. Blæs vinden ekstra godt, kjem det mykje kraft ut i marknaden, og då går prisen ned. Ved visse høve har krafta dimed vorte gratis i Tyskland, sidan det vert så mykje av henne, ja, i ekstreme tilfelle har tyskarane faktisk fått betalt for å nytta krafta. Hovudårsaka til at krafta vert så billig, er at EU og Tyskland ikkje har ein stor nok marknad å selja henne i. EU vantar enkelt og greitt ein integrert marknad som vi har i Norden, dei treng fleire kablar og kraftliner i og mellom landa for å utnytta kraft best mogleg og for å få meir stabile prisar.

Usikker framtid

Kva kjem så Acer til å gjera med dette? Det er eit såkalla godt spørsmål. Vi veit at Acer får ei uavhengig regulatorisk makt ved overføring av kraft, men vi veit ikkje kva dei kjem til å nytta denne makta til. Framtida kjenner ingen, som det heiter. Men vi kan spekulera og prøva å tenkja logisk. Acer er som det meste anna i EU ein del av EUs indre marknad. EUs indre marknad handlar om å skapa like vilkår og å fjerna monopol og særfordelar.

Vi kan nytta Danmark som døme. Noreg har kablar og kjem til å få fleire kablar som går direkte til kontinentet. Men vi er òg avhengige av å eksportera og importera kraft via Danmark. For dette tek danskane seg betalt. Internt i Noreg har vi eit regime der staten regulerer prisen for nettleige. Nettleiga skal forsvara bygging av nye kablar og gje nettselskapa ein liten profitt. Altså får ikkje dei som eig linene i utgangspunktet, taka monopolprofitt. Acer skal gjera det same på europeisk nivå. Kanskje får dei danske netteselskapa ein dag melding frå Acer om at dei tek for høg pris. Då får dei norske kraftprodusentane ei lægre utgift når dei sender kraft til kontinentet.

Regulering er naudsynt

Regulering av nettet er heilt avgjerande for utbygging av både kraft og nett. Om heile EU-området får stabile og føreseielege prisar for overføring av kraft, vil både nettutbyggjarar og kraftprodusentar vita kva dei har å halda seg til når dei planlegg utbygging. Men om alt vert meir føreseieleg, og vi får fri flyt av kraft og Noreg er ein stor nettoeksportør av kraft, kvifor er det slik bråk her heime rundt Acer? Av di Noreg nyttar kraft til massiv subsidiering av den kraftkrevjande industrien.

Om du ser nærare på kraftrekninga di, vil du sjå at sjølve krafta utgjer mindre enn halvparten av rekninga. Avgifter og nettleige er brorparten av det du betaler. Greitt nok, tenkjer du. Staten må ha avgifter, og nettselskapa må ha leige for å byggja ut og vedlikehalda nettet. Om du derimot er Hydro i Sunndal, ser rekninga heilt annleis ut. Den kraftkrevjande industrien betaler så godt som ingenting i avgifter og lite for nettleige.

Vi kan byrja med dei såkalla grøne sertifikata som Jens Stoltenberg skriv mykje om i sjølvbiografien sin. Stoltenberg klagar mykje over det vi kan kalla energimafiaen. Litt enkelt sagt er energimafiaen den kraftkrevjande industrien, LO, bøndene og miljøorganisasjonane. Dei ville alle ha subsidiar for å laga kraft. For dess meir subsidiar, dess meir kraft. Og dess meir kraft, dess billigare kraft. Stoltenberg gav etter. Vi inngjekk ein avtale med Sverige om å skapa 26 nye terawattimar før 2020. Denne krafta kjem i hovudsak frå vind, sol, rein fallkraft og biomasse. Og det meste av denne nye krafta vert produsert og skapt i Sverige. Vi i Noreg gjev altså svenskane mykje pengar for å laga kraft.

Du betaler

I Noreg er det forbrukarane som betaler for denne krafta, som ikkje er lønsam. Kor mykje det kostar å laga denne krafta, varierer. Men gjennomsnittsprisen ligg rundt 65 øre per kilowattime. Så høgt kjem prisen på kraft i Norden stort sett aldri. Dimed er det ikkje lønsamt å laga den krafta utan subsidiar. Her kjem dei grøne sertifikata inn. Vi forbrukarar betaler mellomlegget. Er prisen 20 øre, får vi rekninga i posten for mellomlegget opp til 65 øre. All den nye krafta gjer prisen på «råkraft» mykje lægre, men det merkar altså ikkje vi forbrukarar, sidan vi må betala for produksjonen av ny kraft.

Vi forbrukarar tapar faktisk dobbelt. For vi eig også kraftselskapa og magasina som ligg rundt omkring i norske fjell. Over 90 prosent av norsk kraft er ått av statlege og kommunale kraftselskap. Går prisen ned med 1 øre, tapar staten og kommunane rundt 1,4 milliardar i profitt. Og når staten og kommunane tener mindre på kraft, må dei skattleggja oss og framtida hardare for å halde oppe velferdsstaten. Grøne sertifikat i kombinasjon med offentleg åtte kraftselskap er altså elendig samfunnsøkonomi. Forbrukarane betaler meir for krafta gjennom subsidiering, og overskota i kommunane og staten går ned. Den kraftkrevjande industrien, derimot, kan fryda seg, for den industrien betaler ikkje for dei grøne sertifikata.

Nett for 200 milliardar

Men det stoggar ikkje der. Acer kjem ikkje til å ha makt over subsidiering av ny kraft. Men det får makt over reguleringa av nettet. Og her kjem grøne sertifikat indirekte inn att. For det er ikkje nok å laga ny kraft, ny kraft krev nemleg nytt nett. Rekninga for deg og meg er langt høgre enn grøne sertifikat åleine. Dei statlege og kommunale nettselskapa byggjer no ut nettet i ein rasande fart for å taka mot all den nye krafta. Utbygginga kostar rundt 200 milliardar, og dette for å taka mot all denne nye og billige krafta som altså tvingar ned prisen på all kraft.

Kven betaler for denne nye utbygginga? Igjen er det du og eg, men stort sett ikkje den kraftkrevjande industrien. Vi, fellesskapen, betaler altså både for grøne sertifikat og for nytt nett. Men dette samsvarar då ikkje med reglane for EUs indre marknad? Nei, det gjer ikkje det. Marknadstenking heilt sidan Adam Smith seier at ein skal konkurrera på like vilkår.

Ein analogi her kan vera bompengar. I Noreg får vi stadig meir og høgre bompengeavgifter. Kvart år tek det offentlege inn over 10 milliardar kroner, og vi skal i framtida betale endå mykje meir for å nytta vegane og i motor- og drivstoffavgifter. Men som vi alle legg merke til, så betaler vi etter storleik. Lastebileigarane og industriprodusentane betaler kvart år store summar for å flytta varer til oss forbrukarar og til kontinentet i form av det vi kan kalla vegleige. Det som gjeld for veg, burde vel òg gjelda for kraftnettet, vil mange meina. Men slik er det altså ikkje. Hydro betaler lite for nettleige, medan transportselskapa betaler mykje for vegleige.

Like vilkår

Vi veit i dag ikkje korleis Acer vil regulera i framtida. Men vi veit at det norske systemet for nettleige ikkje samsvarar med marknadsdevisa om like vilkår. Kvifor skal ein møbelsnikkar betala høg nettleige, men Hydro låg? Få bør verta forundra om Acer gjer eit eller anna med det ein gong i framtida. Ein integrert marknad tilseier at ei tysk verksemd skal få kjøpa norsk kraft til same pris som ei norsk verksemd.

Så ja, i ei tenkt framtid, vi veit ikkje, kan det vera at Acer skaper reguleringar som gjer at norsk kraftkrevjande industri må betala ein rettvis pris for den krafta dei kjøper. Men det tyder ikkje at Noreg samla sett taper på å verta ein del av eit felles regulatorisk regime for overføring av kraft. Noreg er nemleg europameister i stabil og fornyeleg kraft. Vi har langt over halvparten av magasinkrafta i Europa, det som på fagspråket heiter balansekraft. Og balansekraft vil både EU og Storbritannia ha. For kvar ny eining med vind og sol som vert produsert, treng kraftselskapa 80 prosent med balansekraft, eller backup, for å nytta engelsk, når vinden ikkje blæs eller sola ikkje skin.

Ustabile prisar

Ustabil kraft skapar store daglege ubalansar i kraftprisane. Det vil enkelt og greitt seia at magasinkraft får mykje betre prisar enn vindkraft. Når vinden blæs på kontinentet eller i Nordsjøen, kan Noreg importera billig kraft og halda att vatnet i magasina. Når vinden derimot løyar og natta kjem for sola, kan vi sleppa ned vatnet og selja balansekrafta dyrt til Storbritannia og kontinentet. Dessutan kan vi produsera langt meir magasinkraft enn vi gjer i dag, og det berre frå eksisterande magasin.

Studiar frå forskingssenteret Cedren (Centre for Environmental Design of Renewable Energy) ved NTNU syner at vi med nye turbinar og nye røyrgater i eksisterande magasin kan auka kraftproduksjonen med 60 prosent i Noreg. Men desse investeringane tek ikkje kraftselskapa i dag av di kraftprisen på grunn av grøne sertifikat er for låg. Om vi derimot får kraftprisen opp til rundt 40 øre, vil desse investeringane verta gjorde. Og kva skal til for at vi får prisen dit? Jau, ein integrert og større marknad. Ynsket om ein slik marknad er grunnen til at EU har laga Acer.

Uavhengig av Acer vil fleire kablar til Storbritannia og kontinentet gjera norsk magasinkraft meir verdifull. Og ein integrert marknad vil truleg også gjera prisen på utstabil kraft meir stabil. Vert prisen på ustabil kraft høgre, vil vi forbrukarar i Noreg betala mindre for dei grøne sertifikata. Det er ein fordel for deg og meg. Får vi i tillegg opp prisen på magasinkraft, vil overskota i dei offentlege selskapa gå opp, og trongen til å skattleggja oss hardare vil gå ned.

Det er òg slik at vi kan byggja ut massivt med ny magasinkraft i Noreg. Dei siste 30 åra har vi knapt bygd ut ny magasinkraft i Noreg av di vi har hatt meir enn nok kraft, og av di miljørørsla var mot inngrepa i naturen. Men rein magasinkraft er noko vi faktisk kan leva av etter oljen. I alle høve kan det vera liten tvil om at Acer vil få ned klimaut-
sleppa.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kvifor er det slikt bråk her heime rundt Acer?
Av di Noreg nyttar kraft til massiv subsidiering av den kraftkrevjande industrien.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis