JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den særde og einvise Vinje-kopien

A.O. Vinje og Tor Jonsson dyrka poetiske droser, men hadde vanskar med levande kvinner.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statuen i Sogn studentby i Oslo av den farande fanten som hengde ut vertskapen på Grut.

Foto: Roar Blåsmo-Falnes.

5089
20180511
5089
20180511

hompland@online.no

Vertinna er glad i Vinje. Derfor er ho misnøgd med det Spaltisten skriv om han i jubileumsåret. Ho liker ikkje maset om desse kranglane Vinje dreiv på med som bladmann. Ho ser det som tid­trøyte for folk som rotar i gamle arkiv for å setja historiske folk og meiningar i bås.

Vertinna meiner journalistikk er noko herk – nå som på Vinjes tid. Før såg ho alltid Dagsrevyen for å vera sakleg orientert om viktige hendingar i landet og den vide verda. Nå tar ho seg heller ein dupp klokka sju, for dei pålitelege programsekretærane er bytta ut med tabloide journalistar som tutar med dei andre ulvane for å finna sære vinklar på sladresaker, og syna fram enkeltmenneske som er uskuldige offer og burde ha vore verna mot seg sjølve. Og så dukkar det garantert opp minst eitt langt innslag som reklamerer for eit anna program på NRK. Vêret er viktig, men det kjenner ho på gikta, og vêrmeldinga får ho betre i lokalavisa. Der les ho elles dødsannonsane for å halda seg oppdatert om livets gang.

DET EINASTE Vertinna kjenner av Vinjes ferdaminne, er stykket om grauten på Grut, og det likar ho ille. Folket på Grut gjorde sitt beste for den farande fanten, men takken var at han hengde ut matstellet på garden til spott og spe. Slikt sårar eit vertskap.

Men Vertinna kan tilgje den vondskapsfulle Vinje for dikta hans, sjølv om alt vår store fader gjorde, ikkje var like godt. Somt var skrytande flautt og anna var flate høvesdikt – særleg i den språklege dansketida. Men det beste var særs godt: Kunnskap skal styra rike og land; No ser eg atter slike fjell og dalar; Den dag kjem aldri at eg deg gløymer. Og så er det Tytebæret oppå tuva, Lenda frå Land og Blåmann, Blåmann, bukken min. Det er så vent at det vil henne grøta, sjølv om ho er godt vaksen kvinne. Eller kan kanskje nettopp derfor: Vinje minner henne om barndommen, livet og gleda i naturen.

Det med Blåmann held Spaltisten med henne i. Når det ikkje var Fager kveldsol smiler, før grisen tok til å hyla, song eg Blåmann som kveldsong for deg og meg og barna. Men utgangen er jo trist, så eg har ikkje tal på dei nye versa eg måtte dikta til for at guten sin til slutt fann Blåmann sovande bak ein stein etter leiken. Eller at han av seg sjølv kom heim att til Gamle Lykle morgonen etter.

TOR JONSSON (14. mai 1916–11. januar 1951) er Vertinnas andre favoritt. Han gjekk rundt og kalla seg ein Vinje-kopi, men fekk det sjeldan heilt til. For Vertinna ligg det ein sår og bortgøymd tone og dirrar mellom henne og dei to.

Jonsson nådde ikkje same høge lyriske nutar som Vinje, men han var sårare, djupare, svartare og jamnare i kvalitet som poet. Han skreiv bitrare og meir brennande prosatekster enn Vinje, men ikkje med same essayistiske schwung. Der Vinje var tvisynt, var Jonsson einvis. Der Vinje gret med det eine auga og lo med det andre, var Jonsson lynande forbanna. Vinje var ironikar; Jonsson hadde også givnad for humor, men han dyrka han sjeldan – bortsett frå som petitskribent då han var redaktør i Hallingdølen.

Vinje hadde ein flokk rundt seg, som gav han ein ring av sjølvtillit. Men han hadde få varige vennskap. Jonsson hadde også dei som ville hjelpa han fram, men han skauv dei frå seg om dei trødde han for nære. Dei var nærast når dei var borte; noko blei borte når han kom dei nær.

VINJE IDYLLISERTE, smigra, romantiserte og erotiserte kvinner. «Drosi» og andre var hildringar. Levande kvinner av kjøt og blod hadde han det verre med, særleg dersom dei var oppvakte og ville ha eit ord med i mannalaget. Då han endeleg fekk Rosa, enda det med tragisk død.

«Eg åtte ikkje kjærleik, og difor er eg jord», skreiv Tor Jonsson i sitt siste dikt. Han fann ikkje lykka einsam, og lykka var ikkje for to. Den såra og vonbrotne lengta seg så mørk og stur at hans fattige ynske var kjærleik og død, berre kjærleik og død. I «Kattmånadsvise» såg han kvinner som gjekk forbi og minte om nedgangstid og natt. Men gudskjelov heldt spotten tankane i taum:

Kvar vill og vakker kvinne

på Herrens grøne jord

skal bli til bitre minne

om fandens oldemor.

VINJE-KOPISTEN Jonsson prøvde av og til å distansera seg frå Vinje. I eit maibrev frå Mysuseter («Å vera verda») skreiv han: «Ein gong sleiva Vinje ikring her og nasegret når han såg fjella. Eg tek ikkje av meg hatten, korkje for Stor-Ronden eller Smiubelgen. Eg dyrkar ikkje stein.»

Der Vinje brukte synet av fjell og dalar og ungdomsminne til å gå inn i sitt eige sinn og finna forsoning, var det noko anna som strøymde på Tor Jonsson så han knapt kunne anda: forarginga over bygdetankar med vernefarge og matlate hyttefolk som lengta mot det primitive med solid bankkonto i bakhand.

Men då morgonsola tandra over Rondeslottet, kjende Tor Jonsson likevel «ei lengsle etter å koma nær ein evig Vinje som syng og græt over desse fjell og dalar». Der møtest Jonsson, Vinje og Vertinna.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Lengsla etter å koma nær den evige Vinje som song og gret over fjell og dalar.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis