JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Den store X i kamp om hegemoni

Elon Musk kom til oljehovudstaden, takka Noreg og sa det petroholikarane ville høyra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tesla-gründer Elon Musk i Stavanger i august i fjor.

Foto: Carina Johansen / NTB

5585
20230804
5585
20230804

hompland@online.no

Det var ei varm og mørk natt. Grekarane har begynt å spara på utelyset, så den månelause himmelen var uvanleg stjerneklar og overveldande.

Slikt skaper age, ærefrykt og djup vørdnad. Det stemmer til ettertanke om dei store spørsmåla i eksistensen, i fortid, samtid og framtid. Kva laga fortidsmenneske seg av mytar og forteljingar med utgangspunkt i skiftingar på stjernehimmelen? Kva gav det av makt til prestar og herskarar?

Navigering, teleskop og romfart har avmystifisert himmelen som kvelvar seg over oss, men stjernene er stadig dragande og fantasieggande. Men kva vil skje framover: stjernekrig, militarisering, kolonisering?

Mens me sat og håpa på stjerneskot, leita me fram stjernebilde, ungdommen på nettet og Spaltisten med rudimentære minne om plansjane i læreboka om astronomi i det vesle tilleggsfaget på gymnaset som me kalla himmelgeografi.

Det er 88 stjernebilde, men me kom ikkje lenger enn til seks av dei sju stjernene i Karlsvogna, Store Bjørn, Vesle Bjørn, Orions belte, Nordstjerna over oss og Mjølkevegen bak oss. Og sidan dette var i Hellas: den klassiske favoritten Kassiopeia.

Da med ett der blev å skue. Det er Grundtvig med deilig er den himmel blå ved midnattstid, men her er teksten i Hovdens umsetjing om ein ny konge utan like som skulle fødast på vår jord, og vise menn koma til honom for å bøya kne:

kvar ei stjerne blinka radt,

men med eitt på himmelboge

stråla det so bjart ein loge,

som ei liti stjernesol.

På sørhimmelen dukka det opp ei rad lysande objekt, som perler på ei snor, 15–20 i talet. Dei flytta seg relativt langsamt i eit minutt til dei visna og bleikna bort.

Det var ein wow-augneblink som gav gåsehud. Kva i all verda var dette for slags fenomen? Det kunne ikkje vera ein meteorstorm, for dei sigla for kontrollert. Og neppe ein gresk flyskvadron som passa på tyrkarar. Var julenissen ute på øvingskøyring med reinsdyra eller som eit reklamestunt for Coca-Cola? Var det eit teikn om skogbrannar og andre dramatiske hendingar? Eit varsel om slutten? Eller ei ny byrjing?

Mystisk og rasjonell undring over ukjende dimensjonar varte ikkje evig, for me hadde Google, og svaret var pinleg skuffande: Det var Elon Musk som ovra seg.

Starlink med tusenvis av satellittar skal omkransa heile kloten og gje 5G-dekning overalt til dei som abonnerer. Satellittane blir skotne opp i lange rekker. Dei me såg, kom frå Florida eit par dagar tidlegare. Dei er synlege i nokre dagar før dei legg seg i ein høgare bane og blir verksame.

Det er ikkje alle som er på plass ennå, men Musk lét Ukraina bruka systemet i krigen, så kravde han at Pentagon skulle betala. I første omgang for å demonstrera viljen til å støtta det gode, men med eit personleg fredsforslag på kjøpet, til jubel i Kreml: Russland må få Krim.

Starlink er berre ein del av Musk-porteføljen. Den sentrale biten er SpaceX, som satsar på romturisme og draumen om å skapa utanomjordiske sivilisasjonar.

Neuralink er eit meir gjennomgripande prosjekt: med ein innoperert chip skal det bli tovegskommunikasjon mellom menneskehjerne og maskin. Det skal kurera øydelagde nervebanar, psykiske lidingar og mykje anna og skapa supermenneske for dei som har råd til å betala.

Mest synleg for flest var det då Musk kjøpte Twitter, la om spelereglane i ytringsfridomens namn, slutta å sløsa pengar på ugrasluking og bestemmer personleg kven som er innanfor og utanfor. Han har smitta den vesle blå fuglen med influensa og døypt han om til X.

X er eit passande bumerke for denne farlege oligarken med Aspergers syndrom. Med innstuderte og spontane moves er Musk så rik og mektig at han ikkje kan regulerast. Han turar fram som han vil, mens den amerikanske kongressen bruker tid og krefter på meir eller mindre konspiratorisk ufojakt.

Musk er noregsvenn; det blir utanlandske figurar som kjem hit, er takksame og skryter av oss. I fjor blei han tatt mot som rockestjerne, helt, profet og sannseiar på oljemessa i Stavanger. Han elskar at Noreg la til rette for at Tesla fekk det store gjennombrotet. Og han sa det den petroholiske forsamlinga ville høyra: Framtida er elektrisk, men for tida treng verda meir norsk olje og gass.

Pengemaskina Musk har rusta seg med humanistisk og grønvaskande retorikk. Han verkar kunstig intelligent og er totalt uføreseieleg, men er rik og geopolitisk mektig nok til å vinna krigar med statar, Zuckerberg og Gates om digitalt verdshegemoni.

Brave New World av Aldous Huxley, frå 1932 e.Kr., er lagd til år 632 e.F. Tidsrekninga er etter Henry Ford, som sa at historie er humbug. Samlebandets far er den nye guden. Prinsippa frå masseproduksjon er overførte til biologisk reproduksjon, med sosial predestinering. Alle trur det dei er blitt kondisjonerte til å tru. Fords utvalde disiplar veit alt om alle, og privatliv er forbode. Tilværet er ikkje lenger som i gamle, vonde dagar, for samfunnet er trygt og stabilt, og alle er lykkelege med passe dosar av dopet «soma».

Symbolet for systemet er ein stor T, etter T-Forden. «Herregud» er blitt til «Å, Ford». Ein gjer T-teiknet med lovprising av «edle nye verden».

Bøker og gamal visdom er utrydda i den vedunderlege nye verda. Kors har fått toppen kutta av og er gjorde om til T-ar. Dei er til forveksling lik Tesla-logen – før Musk vel byter han ut med ein X. M-en har Il Duce hevd på.

Sanneleg seier eg dykk: Me lever i år 52 e.X.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Stjernehimmelen over oss er stadig dragande og egger fantasien.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis