JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det daglege brødet blir stadig dyrare

Matprisane på verdsmarknaden stig bratt og er no på same nivå
som i 2011. For ti år sidan var dei høge matprisane med på å destabilisere Midtausten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Høgare prisar på verdsmarknaden kan merkast i USA òg. Kjøtprodusenten Tyson Foods har meldt om 15 prosent høgare råvareprisar, og Coca-Cola og Nestlé har varsla at utsalsprisane kjem til å gå opp.

Foto: LM Otero / AP / NTB

10320
20210625
10320
20210625

Mat

eva@dagogtid.no

Dei norske jordbæra er komne i butikken, men dei kostar – nokre stader meir enn det dobbelte av det dei plar koste. Og slik vert det kan hende heile denne sesongen, i og med at innreiserestriksjonane har gjort det vanskeleg å skaffe nok sesongarbeidskraft i jordbruket. Medan den norske produksjonen av jordbær gjekk ned med 30 prosent i fjor, kan han i år verte redusert til kring halvparten av eit godt år, melde NTB nettopp.

Prisauken på jordbær her til lands er likevel ingenting mot prisutviklinga på verdsmarknaden, no når økonomiane tek til å opne opp att etter koronanedstengingar.

Dei globale matvareprisane har stige tolv månader på rad og er no på det høgaste nivået sidan september i 2011, under den arabiske våren. Det går fram av prisindeksen til FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO.

Verdsmarknadsprisane på planteoljer som palme-, soya- og rapsolje er meir enn dobla sidan i fjor, og kornprisane er 37 prosent høgare. Det siste har ført til at både amerikansk og europeisk matkveite no for fyrste gong sidan 2008 er dyrare enn norsk matkveite, ifølgje Nationen.

Sukkerprisen ligg òg 57 prosent høgare enn i mai 2020, medan meierivarer ligg 28 prosent høgare og kjøtvarer 10 prosent. Samla ligg matvareprisane globalt no på eit nivå som er nesten 40 prosent høgare enn på same tid i fjor.

Og som vi skal kome tilbake til, er det ikkje godt å seie når den utviklinga kjem til å stoppe.

Oppbygging og tørke

Men fyrst: Prisstiginga har fleire forklaringar.

Dag og Tid har vore i kontakt med Boubaker BenBelhassen, som er FAOs avdelingsdirektør for handel og marknad, Rob Vos, som er direktør for marknad, handel og institusjonar ved landbruksforskingssenteret International Food Policy Research Institute, og Christian Anton Smedshaug, som er dagleg leiar for AgriAnalyse i Noreg.

Dei forklarar prisauken på verdsmarknaden med ein kombinasjon av auka etterspurnad, særleg frå Kina, og ugunstige klimatiske forhold i nokre store produksjonsland.

Kina fekk raskare kontroll på koronasmitten og har hatt ei sterkare økonomisk innhenting enn mange andre land så langt, i tillegg til at kinesarane no byggjer opp svinebesetningane att etter utbrotet av afrikansk svinepest. Til det treng dei mykje dyrefôr som mais og soyabønner.

Ein generell auka etterspurnad etter planteoljer til biodiesel og mais til bioetanol, mellom anna som følgje av den høge oljeprisen, spelar òg inn.

Samstundes har altså ugunstige vêr- og vekstforhold påverka produksjonen av sukker, planteolje og korn i både Sør-Amerika og Søraust-Asia. Brasil, som er blant verdas største eksportørar av soyabønner, mais, sukker og kaffi, har til dømes vore råka av den lengste tørkeperioden på over 90 år, og veksten i planteoljeproduksjonen i Søraust-Asia har vore mindre enn venta.

Indikasjonar om at utplantinga av mais i USA vart mindre enn venta, har òg medverka til prisauken, ifølgje BenBelhassen i FAO.

Vos ved International Food Policy Research Institute (IFPRI) seier forsyningsutsiktene ser litt betre ut etter at det amerikanske landbruksdepartementet i mai la fram prognosar som peika mot betre produksjon på den nordlege halvkula.

– Likevel er dei globale råvaremarknadene framleis pressa, seier han.

Dollar og dyr olje

Ein annan prisdrivande faktor, ifølgje Vos, er den amerikanske dollaren, som har svekt seg mellom 10 og 15 prosent mot andre store valutaer det siste året.

– Det meste av varehandelen går føre seg i dollar, og ein svakare dollar pressar vanlegvis prisane ettersom handelspartnarar krev høgare pris for å kompensere for valutatapet. Den svakare dollaren bidreg for tida både til meir handel og til aukande prisar, seier han.

I tillegg medverkar den høge oljeprisen og dei høge transportkostnadene internasjonalt.

Smedshaug i AgriAnalyse seier dei stigande matprisane må sjåast i lys av prisveksten på råvarer generelt.

– Prisane i landbruket er ein funksjon av prisane på kunstgjødsel, metall, olje og liknande, og inflasjonen vi har sett her den siste tida, kan slå ut i at prisane vert drivne vidare opp, seier han.

Uvisse framover

BenBelhassen i FAO seier prisoppgangen på tvers av sektorar har utløyst ein debatt om dei høge prisane er komne for å verte eller ikkje. Heilt nyleg, frå slutten av mai til juni, har prisane jamt over likevel gått litt tilbake, seier han, og tek det som eit mogleg teikn på at etterspurnaden globalt kan vere i ferd med å dempe seg.

– Det indikerer òg at dei høge prisane kan vere mellombelse. Det som likevel er klart, er at det er behov for å følgje marknadsutviklinga svært nøye, seier han.

Ifølgje prognosane til det internasjonale kornrådet (IGC) er det venta rekordhøg global produksjon av korn for 2021–2022, men forbruket vil truleg likevel auke meir enn produksjonen, særleg for kveite og mais, slik at dei globale kornlagera kjem til å gå ned. Det vil i så fall vere femte året på rad at kornlagera minkar. Smedshaug tek det som ein indikasjon på at prisane på korn kjem til å halde seg høge i nokre år til, og at prisane er svært utsette for dårlege vêrforhold.

– Det er ei form for vêrlotto i jordbruksmarknaden, seier han.

Vos ser heller ikkje vekk frå at vi kan kome til å sjå ein ytterlegare auke i nokre matprisar framover, men han ventar ikkje at det vert ein trend som varar.

– Sjølv om marknadene for landbruksprodukt truleg kjem til å vere pressa i nær framtid, er det førebels ingen grunn til panikk for ei mogleg gjentaking av den globale matvarekrisa for eit tiår sidan, legg han til.

– Relativt marginalt

Ifølgje Landbruksdirektoratet fungerer vareforsyninga til Noreg framleis godt, men prisutviklinga framover er uviss. Det ein eventuelt kjem til å merke, er at prisane på kunstgjødsel og råstoff til kraftfôr kan gå opp, seier Smedshaug.

– Vi har regulerte prisar som ligg over verdsmarknadsprisen, og stor sjølvforsyning på kjøt, korn og mjølk, som er dei store produkta. Parallelt med dei stigande prisane på verdsmarknaden har krona styrkt seg, så valutaen hjelper oss òg. Prisen kan gå litt opp på kaffi og nokre produkt vi ikkje har norsk produksjon av, og der tollvernet ikkje slår inn. Det er relativt marginalt per no, seier han.

I Storbritannia og EU har prisveksten på mat også vore avgrensa til no, men hovudorganisasjonen til den britiske detaljhandelen, British Retail Consortium, åtvara nyleg om at prisane kan stige i andre halvdel av året. Det skriv Financial Times.

Om USA skriv same avis at kjøtprodusenten Tyson Foods har meldt om 15 prosent høgare råvareprisar i tillegg til høgare kostnader for logistikk, emballasje og arbeidskraft. Mat- og drikkevareprodusentar som Coca-Cola og Nestlé har varsla høgare prisar til forbrukaren som følgje av dei auka råvareprisane.

Under press

Ifølgje Bloomberg er det i store mellominntektsland som Brasil, Russland, Nigeria, Tyrkia og India verda kjem til å merke effektane av dei høge matvareprisane mest: Dette er svært folkerike land, der matkostnadene utgjer ein større del av forbruket, og der regjeringane er under mest press for å handle.

Brasil er til dømes eitt av landa der matvareprisane auka raskast i fjor, ifølgje analysebyrået Oxford Economics.

I Nigeria, der ein gjennomsnittleg husstand brukar meir enn halvparten av budsjettet på mat, har matvareprisane gått opp med nesten 23 prosent, ifølgje nyhendenettstaden Africanews. 43 prosent av befolkninga lever no under fattigdomsgrensa, ifølgje World Poverty Clock.

Russland har òg hatt ein sterk prisauke og innførte tidlegare i år eksportrestriksjonar på nokre viktige basisvarer for å halde prisane under kontroll på den nasjonale marknaden. Desse tiltaka kan verte vidareførte, melde nyleg Financial Times.

– Hardt råka

Låginntektslanda er likevel dei som vert hardast råka av auken i dei internasjonale matprisane, ifølgje Vos ved IFPRI.

– I desse landa står mat for om lag halvparten av forbruket og 20 prosent av importen. Aukande jordbruksråvareprisar på verdsmarknaden har difor ein tendens til å verke monaleg inn på den innanlandske prisveksten her. Låginntektslanda har òg vorte hardt råka av den globale lågkonjunkturen i 2020, noko som har ført til nedgang i etterspurnaden etter eksporten deira og manglande tilgang på tilstrekkeleg beredskapsfinansiering, som igjen har svekt valutakursen. Dette aukar kostnadene for importert mat endå meir, seier han.

Alt i februar melde Verdsmatvareprogrammet at prisane på basisvarer i Syria hadde auka med over 200 prosent på eit år, samstundes som verdien av det syriske pundet gjekk ned. Talet på syrarar som ikkje hadde tilgang på nok mat, auka same år med 4,5 millionar, til 12,4 millionar – nær 60 prosent av befolkninga, ifølgje matvareprogrammet.

I Sudan vart det erklært unntakstilstand tidlegare i år, etter valdelege protestar mot prisauken på mat, skriv The Guardian. Prisane på brød hadde då meir enn dobla seg, og inflasjonen var oppe i eit tresifra beløp.

I Libanon har matprisane firedobla seg og pundet svekt seg rundt 90 prosent dei siste 18 månadene, ifølgje Bloomberg.

Faktor for uro

Førre gong den globale mat­-
vareprisen var på same høge nivå som no, følgde den arabiske våren med store folkelege opprør og regimeendringar i Midtausten.

Kan matprisane føre til sosial omvelting igjen?

– Det er alltid ein risiko for det, men fyrste og fremst i land som har andre sosiale utfordringar i tillegg, og der matvareprisveksten kan fyre opp under politisk uro og konflikt. Den noverande prisauken er kan hende ikkje så langvarig, så dette kan førebels ikkje sjåast som ein generell risiko, men høge matprisar er utan tvil ein faktor som fremjar sosial uro i sårbare kontekstar, seier Vos i IFPRI.

BenBelhassen i FAO seier at det som skjer framover, er avhengig av korleis landa rundt om i verda gradvis opnar opp att samstundes som dei set i verk tiltak for å avgrense spreiinga av korona.

– Etter mitt syn bør ikkje politikken berre ta høgde for ei restarting og gjenoppta økonomisk vekst, men òg vere inkluderande og berekraftig og ha som mål å inkludere alle, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Høge matprisar er utan tvil ein faktor som fremjar sosial uro i sårbare kontekstar.

Rob Vos, avdelingsdirektør i International Food Policy Research Institute

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis