Det er frihetens forpost her nord
Noreg står sentralt i USAs militærstrategi som lyttepost mot den store grannen i aust.
Etterretningstenesta jaktar på terroristar frå denne hemmelege lyttestasjonen på Eggemoen ved Hønefoss.
Fotio: E-tenesta
hompland@online.no
Sibirkulda har lagt seg over landet. Den kalde krigen er tilbake. Den russiske bjørnen trugar. Putin har annektert den russiske Krim-halvøya som partisjef Nikita Khrustsjov frå Donetsk formelt overførte til den ukrainske sovjetrepublikken i 1954 for å gjera bot for gamle synder som partikommissær der under Stalin. Russarane driv militærøvingar på Kola. Dei bruker snart ein tredel så mykje i militærutgifter som USA. Dei har fengsla ein truskuldig pensjonist frå Kirkenes.
Derfor må me rusta raskare opp til toprosentmålet; det krev USA-Trump, Nato og leiaren i Stortingets utanriks- og forsvarskomité, Anniken Huitfeldt, som framleis agerer som statsråd og løparjente for Jens Stoltenberg. Landet treng rakettskjold, fleire stridsvogner, ubåtar og 52 kampfly som kostar om lag ein olemic per stykk.
Når det blir kravd av USA, må våre profesjonelle spesialstyrkar med elitekrigarar alltid vera budde på oppdrag i Langtvekkistan. Lojalitet til vår viktigaste allierte er sjølve truvedkjenninga i norsk tryggingspolitikk. Vernepliktige soldatar er det så få att av, at fleire utanlandske krigarar må ha basar og øva i vinterkrig på norsk jord i fredstid.
SOLDATAR på bakken nærare russegrensa er éi side av opprustinga. E-tenesta meiner likevel at det mest alvorlege trugsmålet mot Noreg er etterretning i det digitale rommet. Men som elektronisk lyttepost har me sidan 1950-talet vore i toppklassen og hatt ein sentral plass i USAs globale militærstrategi. Med både hemmelege og godt synlege anlegg på finnmarkskysten var me Pentagons augo og øyro mot den russiske faren. Alltid med merkelege forklaringar på kva som gjekk føre seg.
Loran-C var eit USA-finansiert navigasjonssystem som blei sagt å skulle sikra norske fiskebåtar i farlege farvatn. Men det skapte stor politisk røre då det kom fram at hovudføremålet var å spora sovjetiske krigsskip og hjelpa amerikanske atom-
ubåtar på tokt.
Dette systemet har tapt for GPS og er nedlagt. Nå er brennpunktet ein skog av parabolske antenner bak eit lubbent gjerde utanfor Hønefoss. «Victory garden» som det heiter på amerikansk militærspråk.
Det offisielle føremålet er å henta ned digital kommunikasjon mellom utlendingar i utlandet for å verna norske soldatar på farlege oppdrag utaskjers. Men når det innsamla materialet blir delt med vår store allierte, kan det openbert nyttast til andre nyttige ting, som å «ta ut» fiendar med dronebomber. Det har norske styremakter inga styring på. Men som forsvarsminister Bakke-Jensen så truverdig seier: «Vi forutsetter at de andre følger våre betingelser.»
BYRÅSJEFEN er på heimebane i desse traktene – både militært, litterært og geografisk. Etter befalsskulen var han stasjonert på Eggemoen. Han har hytte på Ringerike og er lommekjend i terrenget, både i skispor og på skogsvegar. Når han er på tur, må han synga: «Ser du byen og hjembygdas lier, ser du bølgende åser og fjell?» Og med ekstra patos: «Vi skal bygge, vi skal trygge, vi skal verge hver fot av dets jord». Inni seg nynnar han «Jeg går og rusler på Ringerike, på stille stier jeg sjelden går».
ARNE PAASCHE AASEN (1901–1978) tonar i bakgrunnen. Han debuterte i 1921 med den kommunistisk forkynnande diktsamlinga Sigd og hammer. Der forkasta han «det brukne gevær» og hylla Lenin og bolsjevikrevolusjonen.
Det var året etter at mora, Augusta Aasen, mista livet på spektakulært vis. Ho høyrde til Tranmæl-fløya i Det Norske Arbeidarpartiet og var delegat til den andre kongressen i Den tredje internasjonalen i Moskva. Der blei ho råka av eit krigsfly som krasja under ei oppvising. Ho blei storslege gravlagd ved Kremlmuren. Sonen skreiv minneordet: «Glæd dig – kjære mor, du faldt paa hellig – hellig jord!»
Arne Paasche-Aasen blei Arbeidarpartiets husdiktar, med melodiar av Jolly Kramer-Johansen til partiallsongane: «Frihetens forpost», «Seiren følger våre faner», «Vi bygger landet» og «Samholdsangen».
Den revolusjonære rebellen bleikna i takt med Partiet. Han enda med prologar og schlägerar, og som rimsmed skreiv han limericks og humoristiske skråblikk i Arbeiderbladet. Han har også æra for dei norske tekstane til «White Christmas», «Edelweiss» og «My Favorite Things».
VERTINNA har lite kjennskap til revolusjonære dikt og arbeidarsongar, og ho trur ikkje ho har høyrt om Arne Paasche-Aasen. Men ho minnest med godhug radiofantoma Kurt Foss og Reidar Bøe frå Ønskekonserten. Ho kan når som helst dra «Blåveispiken», og når dagane er usle og grå, tyr ho til «De nære ting». Der åtvarar Arne Paasche-Aasen om at når «ditt sinn monne flyve så vide omkring», og du tar inn over deg tunge tankar om krig og undergang, blir du jagande i kvilelaus ring og får aldri rast eller ro. Det er betre å finna vegen tilbake til det du har, i di eiga stove, for på ropet i skogen skal ingen få svar.
SLIK TENKER også dei hemmelege tenestene og mangestjernersgeneralane om denne ugreie overvakinga i sigershagen på Ringerike: Folk flest har best av å vita minst mogleg. Og jo mindre informasjon som kjem ut, jo færre sanselause bortforklaringar treng ein stakkars forsvarsminister å lira av seg.
Andreas Hompland
er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er best å finna vegen tilbake til det du har, for på ropet i skogen skal ingen få svar.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.