Det store fallet
Noreg har gått gjennom eit økonomisk sjokk utan like. For fyrste gong på 25 år går offentleg forvaltning med underskot.
Sjefen for dei dårlege tidene. Finansminister Jan Tore Sanner kjem truleg til å henta ut over 750 milliardar frå Oljefondet i år.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Samtalen
Pål Sletten
Seksjonssjef i SSB
Aktuelt
Statistisk sentralbyrå legg fram nasjonalrekneskapen

jon@dagogtid.no
Statistisk sentralbyrå (SSB) har lagt fram nasjonalrekneskapen for andre kvartal. Verdiskapinga i fastlandsøkonomien, BNP, gjekk ned med 8,7 prosent, trur SSB. Seksjonssjefen for nasjonalrekneskapen er Pål Sletten.
– Kva er nasjonalrekneskapen?
– Det er ei samla framstilling av norsk økonomi som teiknar opp den norske makroøkonomien. Om ein ser på dei gamle publikasjonane til SSB frå mellomkrigstida, fortel dei at skipsfraktratane gjekk ned, at jordbruksproduksjonen gjekk ned og så bortetter. Men ein sakna det analytiske apparatet som kunne gje eit samla bilete av norsk økonomi på veg inn i ei djup krise. I Økonomisk utsyn for 1950 får vi noko heilt anna. Då vert tala sette i system, og systemet er nasjonalrekneskapen.
– Korleis lagar de rekneskapen?
– Når vi ser på eit heilt år, gjer vi det med ei stor mengd opplysningar, både utarbeidde av SSB sjølv og innhenta utanfrå. Skatteopplysningane er særs viktige, og vi går detaljert til verks. Vi ser til dømes på alle norsk verksemder på detaljnivå. Kva kjøpte dei, kva selde dei, kva var lønskostnadene? Så reknar vi ut bruttoproduktet deira. Dette summerer seg til bruttonasjonalproduktet, som er det talet dei fleste kjenner frå daglegtalen. Når vi lagar rekneskap for eit kvartal, framskriv vi utvalde postar frå rekneskapen, og til det nyttar vi ei lang rekkje indikatorar. Vi får til dømes opplysningar frå Fiskeridirektoratet om kor mykje fisk som vart landa og selt sist månad. Men vi veit ikkje kor mykje fiskereiarane betalte i løn. Då framskriv vi utgiftene frå eit basisår, som no er 2017. Normalt sett går dette heilt greitt. Indikatorane er prøvde ut over tid og fangar opp den variasjon vi normalt har i norsk økonomi. Men etter 12. mars braut fleire av dei saman.
– Kva gjer de då?
– Vi leiter etter alternative kjelder. Ja, Nav gjev oss opplysningar om innbetalt arbeidsgjevaravgift kvar månad, og normalt er det ein god indikasjon på aktiviteten i tenestesektoren. Men frå mars av kan folk ha vorte permittert midt i månaden, og då stemmer ikkje dei kjende samanhengane lenger. Då ser vi oss om etter alternative kjelder, til dømes tal for bruk av bankkort i butikkane.
– Men denne gongen kom endringa i det offentlege òg?
– Andre kvartal er også særmerkt ved at aktiviteten i offentleg forvaltning har gått dramatisk ned. Det skjer i grunnen aldri. Sjukehusa står no der og opererer kvar månad, og ungane går i barnehage. I Noreg er vi godt stilte på helseområdet, for Helsedirektoratet har laga månadstal for aktiviteten i helsevesenet. Undervisning veit vi mindre om og må lite på sjablongmessige overslag. Dette har mykje å seie for sluttsummen: Den einskildnæringa som trekte ned BNP mest i andre kvartal, var helse- og omsorgstenestene.
– Men denne sparinga vi nordmenn har halde på med? Vi har spart over 20 prosent av inntektene?
– Det har skjedd to ting: Inntektene til hushalda har gått ned med vel halvannan prosent frå fyrste til andre kvartal. Det er mykje og hadde normalt sett skapt store overskrifter. Men samanlikna med den andre faktoren, nedgang i konsum, er det ganske lite. Det har ikkje vore mogleg å konsumera som vanleg, frisørane har vore stengde, reiser har vore umogleg. Det ser vi også på pengemengda: bankinnskot frå hushalda har foke i vêret. For mange har andre kvartal vore svært tungt, mange har vorte permitterte og opplevd ein nedgang i inntekt, men dei fleste av oss har tent som normalt. I offentleg sektor er det vel berre Operaen som har permittert tilsette. Når så rentene i tillegg har gått kraftig ned, sit folk enkelt og greitt att med mykje meir pengar.
– Men så var det dette at offentleg forvaltning går med underskot?
– Det er fleire ting her: Det er ein kraftig nedgang i formueinntektene til staten. Det gjeld Oljefondet, der utbyteinntektene frå utlandet har gått ned, men også utbyta frå anna staten eig – og den norske staten er ein stor eigar. Og så har sjølvsagt skatteinntektene gått ned. I tillegg har utbetalingar til dagpengar gått opp. Dette skjedde automatisk før Stortinget vedtok noko som helst. Så kjem den ekstra kompensasjonen staten har gjeve både næringsliv og hushalda, pluss redusert arbeidsgjevaravgift og oljepakkar og slikt, som har drege ned inntektene og auka utgiftene på toppen av alt anna. Staten har teke ein stor del av støyten som privat sektor elles ville ha fått.
– Går det fort over?
– Finansdepartementet trudde at offentleg forvaltning ville gå med eit overskot på 249 milliardar i 2020, når ein stiller opp tala som i nasjonalrekneskapen. I revidert budsjett trur dei underskotet vert på 208 milliardar. Det er summar som er vanskelege å fatte, så store er tala. Ja, om denne perioden har vore som å slå av lyset, og lyset kan slåast på att utan vidare, vert det ein eingongssum. Men per 1. september er det ikkje teikn til at lyset er slått rett på att. Effekten av nedstenginga kjem nok til vara ei god stund. Samstundes er det noko storslege over det heile. Stat etter stat har lukka ned samfunnet og økonomien for å verna dei svake mellom oss. No er spørsmålet korleis rekninga skal gjerast opp.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er summar som er vanskelege å fatte.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.