JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det store fallet

Nei, dette er ikkje fake news: I fjor utgjorde petroleumsskatten berre fire prosent av dei samla norske skatteinntektene.

Petroleumsskatt som prosentdel av samla skatteinngang, 2006-2016

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Petroleumsskatten utgjorde i fjor berre fire prosent av dei samla norske skatteinntektene. I 2008 kom nesten ein fjerdedel av skattekronene frå petroleumsskatten. Graf frå Finansdepartementet

3787
20170324
3787
20170324

Noreg er eit oljeland, og vi er vande til å tru at det er skatteinntektene frå olje- og gassutvinning som sikrar velferda vår og held norsk økonomi oppe. «Det er lønnsomheten i oljebransjen som gjør norsk økonomi spesiell, og som gjør det mulig opprettholde vårt ekstraordinære velferdsnivå», sa til dømes Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i NHO-foreininga Norsk olje og gass til Klassekampen i fjor.

Inntil nyleg har denne soga i grove trekk vore sann. Men minkande oljeproduksjon på norsk sokkel og særleg fallet i oljeprisen sidan hausten 2014 har endra biletet dramatisk.

Rett ned

I toppåret 2008 utgjorde skattar og avgifter på petroleumsutvinning på norsk sokkel heile 253 milliardar kroner, nesten ein fjerdedel av dei samla skatteinntektene. Men dei siste åra har skatteinngangen frå olje- og gassutvinninga på norsk sokkel falle forbløffande bratt.

I 2016 var dei samla skattane og avgiftene på petroleumsverksemd i Noreg 47 milliardar kroner, syner tal som Dag og Tid fekk frå Finansdepartementet denne veka. Det utgjer berre fire prosent av dei totale norske skatteinntektene, og er berre litt meir enn det staten kravde inn gjennom bil- og bensinavgifter i fjor. Den eigentlege petroleumsskatten utgjorde berre 40,5 milliardar i fjor, under ein sjettedel av det han var i 2008, medan 6,5 milliardar kroner i fjor kom frå andre typar avgifter på petroleumsverksemda. Oljeavvenninga til den norske staten har kome langt raskare enn dei fleste hadde sett for seg.

I tillegg til skattane får staten òg petroleumsinntekter gjennom utbyte frå Statoil og frå det som blir kalla Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE), som er statens eigne eigardelar i felt på norsk sokkel. I fjor fekk staten inn 56 milliardar kroner i inntekter frå SDØE og 11 milliardar i utbyte frå Statoil. Men også desse inntektene har falle bratt dei siste åra.

Berre frå 2015 til 2016 fall den samla kontantstraumen til staten frå petroleumsverksemda med over 40 prosent, syner tal frå Olje- og energidepartementet. Det er òg verdt å hugse at Statoil dei siste par åra har finansiert ein stor del av utbytebetalinga til staten og andre aksjeeigarar ved å ta opp lån, og det er openbert ikkje berekraftig.

Nye tider

Det er ikkje sikkert at denne endringa er varig. Ingen veit om oljeprisen vil stige, falle eller halde seg kring dagens nivå på 50 dollar fatet dei neste åra. Men utviklinga dei siste åra kan uansett gje grunn til å revurdere skattesystemet for petroleumsverksemda. Premissen for at den norske staten har teke så mykje av risikoen ved leiteboring og andre investeringar på sokkelen, har vore at utvinninga av olje og gass i neste omgang skal gje store skatteinntekter til glede for heile samfunnet.

Men kva om innteninga til oljebransjen ikkje lenger er ekstraordinær, om olje og gassutvinninga på norsk sokkel ikkje lenger er lønsam nok til å finansiere «vårt ekstraordinære velferdsnivå», og om forholdet mellom risiko og sannsynleg framtidig avkastning er varig endra til det verre? Da gjev det ikkje like god meining å stimulere så sterkt til oljeleiting og andre investeringar på sokkelen gjennom skattesystemet, og tilmed betale oljeselskap kontant frå statskassa for å leitebore.

Berre i 2015 betalte staten ut 13 milliardar kroner i leiterefusjon til 39 selskap som ikkje hadde inntekter på norsk sokkel. Mange av desse er småselskap som ikkje har gjort drivverdige funn, og som aldri kjem til å få noko overskot å skatte av i framtida heller.

Det finst ikkje noko enkelt svar på spørsmålet: «Kva skal vi leve av etter oljen?». Men svaret kan neppe vere å leite etter olje.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis