JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det store feilgrepet

Kanslaren har gjort mange feil; den største, om migrasjon, kan bli banen hennar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Konvensjonell visdom seier at Mutti karar seg gjennom også denne krisa i tysk politikk.

Foto: Hannibal Hanschke/Reuters/NYB scanpix

7442
20180302
7442
20180302

Min tyskfødde ven Peter Thiel – verdas beste til å vere kontrari – har eit favorittspørsmål når han lagar intervju. «Kva viktig sanning», plar han spørje teknologiske wannabes, «er svært få menneske einige med deg i?» Thiel har tent milliardar av dollar på slike kontrariposisjonar, for ikkje å snakke om kor mange fiendar han har skaffa seg. I 2004 (då han investerte) trudde dei fleste at Facebook berre var ei grille blant ferske Harvard-studentar, men sanninga var at det kom til å bli eit av verdas største selskap i løpet av eit tiår. Dei fleste trudde i 2016 (då han støtta han) at Donald Trump hadde lita von om å bli president, men sanninga var at han var på veg til Det kvite huset. Eit tips: Vedd aldri mot Peter!

Den viktige sanninga som svært få er einige med meg i, er at Angela Merkel har vore ein politisk katastrofe. Den tyske kanslaren har lenge vore yndlingen til proeuropeiske medium. I november 2015 vart ho kalla «den uunnverlege europearen» av The Economist. Ein månad seinare var ho «person of the year» for Financial Times. Time Magazine proklamerte at ho var «den frie verdas kanslar». Eg kunne halde fram.

Dette var grove feilbedømmingar. For bifallsytringane hagla over ei kvinne som berre nokre månader tidlegare hadde gjort det største mistaket i tysk etterkrigshistorie.

På tysk fjernsyn i juli 2015 fekk Merkel ei ung palestinsk flyktningjente til å gråte sine salte tårer då ho sa til henne at familien hennar måtte innsjå at dei kunne bli sende ut av landet. «Det er mangfaldige tusen menneske i palestinske flyktningleirar», forklarte kanslaren. «Dersom vi no seier ’de kan kome alle’ (...), så maktar vi det ikkje, rett og slett.» Gråtekoret verka. Seks veker seinare opna Merkel portane til Tyskland og erklærte: «Vi kan makte det.»

Alle slags historiske forklaringar på Merkels epokegjerande snunad er lagde fram, inkludert oppveksten i Aust-Tyskland og prestepappaen hennar. Kven veit? Stilt overfor tårene til Reem Sahwil var kanslarens reaksjon ein impulsiv freistnad på å trøyste henne, følgt av ein massiv, unilateral U-sving, som ho seinare laut reversere. Her hadde vi ein av raritetane som finst i politikken: ein 360 gradars piruett.

Ofte er det slik i historia at det ikkje er motiva som tel, men konsekvensane. Sidan byrjinga på 2015 har Tyskland motteke 1,38 millionar søknader om asyl, om lag ein tredjedel av dei frå Syria. Tre fjerdedelar av asylsøkarane er 30 år eller yngre, 60 prosent er menn. Om lag halvparten av søknadene er innvilga, men berre rundt 80.000 av dei som er nekta asyl, er deporterte. Om lag 86 prosent av dei godtekne flyktningane er muslimar.

Dei fulle implikasjonane av denne massetilstrøyminga står att å sjå. Ifølgje Pew Research Centre kan den muslimske folkesetnaden i Tyskland (som var 6 prosent i 2016) bli kva som helst mellom 8,7 prosent og 19,7 prosent i 2050, avhengig av den framtidige immigrasjonsraten.

Dei kortsiktige konsekvensane er likevel klare. Det har vore ein markert auke i brotsverk. Og det har vore ein seismisk politisk baksmell. Brotsverksaka er kontroversiell, men førre månaden vart ein grundig regjeringsbestilt rapport offentleggjord av den tekniske høgskulen i Zürich, bygd på data frå den tyske delstaten Niedersachsen. Ved slutten av 2016 var rundt 750.000 av dei 8 millionar innbyggjarane ikkje-tyske, og om lag 170.000 av dei hadde søkt om asyl.

Zürich-rapporten syner at asylsøkjarane var ansvarlege for ein auke i talet på valdsbrotsverk, som hadde gått ned med 22 prosent mellom 2007 og 2014, men opp med over 10 prosent frå då og til slutten av 2016. Meir enn 92 prosent av auken hadde nykomarar skulda for, med unge menn frå Marokko, Algerie og Tunisia overrepresenterte blant gjerningsmennene.

Og offera? I ni av ti drap og i tre fjerdedelar av sakene med grov lekamsskade var offera andre migrantar. Men i 70 prosent av rana og 58,6 prosent av tilfella av valdtekt og uønskt seksuell kontakt, var offera tyske.

Den politiske baksmellen har berre så vidt byrja, men har alt endra det tyske politiske landskapet. I valet i fjor kom antiinnvandringspartiet Alternative für Deutschland på tredjeplass med 12,6 prosent av røystene. Dei siste meiningsmålingane gav partiet 15 prosent, og auken ser ut til å halde fram. Vi nærmar oss raskt punktet då det vil vere landets nest største parti etter Merkels kristelegdemokratar (CDU). Det er alt no stort nok til å gjere koalisjonsbygging til ei uhandterleg utfordring. Fem månader etter valet er Tyskland framleis utan ny regjering.

Fansen til Merkel liker å kalle henne «Mutti» – «mamma». Vel, dette var alle politiske blunderars Mutti.

Det kan seiast meir om Merkel. Eg trur ho har sytt for at Tyskland er farleg veikt, geopolitisk og militært. Eg trur ho har ein stor del av ansvaret for den europeiske forkludringa av dei arabiske revolusjonane, som i sin tur trigga massemigrasjonen over Middelhavet. Eg trur ho gjorde den globale finanskrisa verre enn ho trong vere for landa i Sør-Europa når ho venta til det siste med å gå inn med økonomisk hjelp, og på den måten auka uvissa om framtida til euroen.

Og eg trur ho ber like mykje av skulda for brexit som nokon britisk politikar, fordi ho undervurderte trugsmålet frå «leave»-kampanjen og dermed gav David Cameron latterlege innrømmingar på den frie flyten av folk når han hadde eit desperat behov for ein skikkeleg avtale. Same kva brexit kan vise seg å bety for Storbritannia, er eg temmeleg viss på at det vil bli ille for Europa og ille for Tyskland.

Kva vert det neste? Den konvensjonelle visdomen er at Merkel på ein eller annan måte vil henge med. Kan hende. Ein tidlegare regjeringskollega, Karl-Theodor zu Guttenberg, sa ein gong til meg at ho er ein suveren taktikar, og at den «Merkel-velliske» evna hennar til å manøvrere – til å maksimere alternativa sine og kvitte seg med rivalar – veg opp for mangelen på strategi.

Men når dette vert skrive, har vi enno ikkje fått stadfest at medlemane av det sosialdemokratiske partiet vil godta den «store koalisjonen» ho har gjort avtale om med leiarane deira. I Tyskland, som elles i det vestlege Europa, har veksten til populistiske parti både til høgre og venstre tvinga sentrum-høgre og sentrum-venstre til å setje til sides rivaliseringa frå 1900-talet og slå kreftene sine saman. Likevel er begge sidene plagsamt merksame på at for kvart år som går, blir den samla delen deira av veljarmassen mindre. Avgjerda til SPD avheng av ei røysting via posten frå alle dei 463.000 medlemane mellom 20. februar og 2. mars.

Konvensjonell visdom seier at ho karar seg gjennom. Men over 24.000 nye medlemar har slutta seg til SPD sidan byrjinga på dette året. Det leier tanken til det som hende med Labour då ein straum av nye medlemar styrkte Jeremy Corbyn mot det parlamentariske partiet. Sjølv om SPD underskriv avtalen om ein ny koalisjon, seier avtaleteksten at partane skal vurdere avtalen att etter to år. Om SPD seier nei, skipar Merkel ei mindretalsregjering. Ho vil òg bli kortliva, trur eg.

Som eg sa: Konvensjonell visdom seier at Mutti karar seg gjennom. Men hugs kva Peter Thiel fortalde deg om konvensjonell visdom.

Einerett: The Sunday Times/
Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle

Niall Ferguson og Paul Krugman skriv denne spalta
annakvar veke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Den viktige sanninga som svært få er einige med meg i, er at Angela Merkel har vore ein politisk katastrofe.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis