Det store spelet
Sosialdemokratane vann delstatsvalet i Brandenburg. Men det gir ingen grunn til jubel for kanslar Olaf Scholz.
Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz og økonomi- og klimaminister Robert Habeck deltek på statsrådsmøtet i kanselliet i Berlin denne veka.
Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB
«Om eg nokon gong skulle bli kanslar, blir ikkje Christian Lindner finansminister», sa den tyske visekanslaren Robert Habeck til pressa nyleg.
Og kven er så denne Lindner? Han er finansminister og ein av Habecks næraste kollegaer i ei koalisjonsregjering som heller enn å spele kvarandre gode spelar kvarandre ut.
Habeck representerer partiet Dei grøne. Lindner er partileiar for FDP, som er liberalt og liberalistisk.
Dei siste året har mykje handla om gjeldsbremsa, ei ordning som regulerer opptak av ny statsgjeld. Bakteppet er ei grøn omstilling og ein tysk økonomi som er i ulage. Visekanslar Habeck ønskjer fleksibilitet og kallar dagens praksis «lite intelligent». Finansministeren på si side seier at gjeldsbremsa aldri har vore viktigare enn no.
Eit nordtysk problem
Europavalet i sommar og delstatsvala i Sachsen og Thüringen tidlegare denne månaden var ein katastrofe for regjeringspartia. Denne veka jublar sosialdemokratane over at partiet vart størst i delstatsvalet i Brandenburg. Brandenburg strekker seg frå grenselandet mot Polen og vestover. Hovudstaden Berlin ligg som ei øy midt i.
Områda nærast hovudstaden er kjent som spekkbeltet. Her lever folk omtrent som i hovudstaden. Lenger ute er Brandenburg heimsøkt av dei same utfordringane som resten av Aust-Tyskland: fråflytting, framtidspessimisme og ei aldrande befolkning.
På papiret verkar Olaf Scholz’ regjering som eit godt lag. Kjerneveljarane til Dei grøne er å finne i det eine ytterpunktet av den såkalla Gal-Tan-aksen. Dei er grøne, alternative, liberale og urbane.
Lindners parti og Scholz’ sosialdemokratar er også godt likt i desse miljøa.
Men Lindners kjerneveljarar er sjølvstendig næringsdrivande liberalistar. Sosialdemokratane kjempar for å vinne tilbake dei gamle kjerneveljarane i fagrørsla. Det gir lange forhandlingsrundar og kompromiss ingen eigentleg vil ha. Og når sjefen sjølv er ein kanslar som er så nordtysk, nøktern og sakleg at han ikkje berre slit med å nå ut til dei store folkemassane, men også i eigne rekker, blir det tungt.
Karismatikaren
I Brandenburg stemte 43 prosent på ytre høgre-partiet Alternativ for Tyskland (AfD) eller på partiet med namnet Forbundet Sarah Wagenknecht for fornuft og rettferd (BSW). Desse veljarane er å finne i den andre enden av Gal-Tan-aksen. Dei er tradisjonelle, autoritære og nasjonalorienterte.
Wagenknecht-partiet vart stifta tidlegare i år, og er ikkje eit parti i tradisjonell forstand. BSW er ei karismatisk rørsle. 55-åringen Wagenknecht voks opp i DDR og var medlem av SED, som styrte landet som eit diktatur, og seinare av etterfølgjaren Die Linke. Fram til 2010 var ho del av Kommunistisk plattform, ei gruppering innanfor Die Linke som blir kategorisert som ekstremistisk av tryggingstenesta Verfassungsschutz.
Før Wagenknecht stifta sitt eige parti, var ho på kollisjonskurs med den delen av Die Linke som er politisk liberal, internasjonalt orientert og opptatt av klima. Ho raljerer jamleg over språkbruk som speglar eit venstreliberalt verdsbilete over havremjølk og klimakrav.
Sjølv framstiller ho seg som forsvararen for den vanlege mann og kvinne, gjerne eksemplifisert med den austtyske minstepensjonisten. Ho krev folkerøysting om pensjonssatsar.
Partiet BSW har, etter det dei sjølv opplyser, færre enn 1000 medlemer. Det er eit kaderparti. Ein kan ikkje melde seg inn, men må søke om opptak. Forklaringa på dette er, ifølgje partiet sjølv, at dei vil unngå å bli kuppa.
Skrekkeksempelet er AfD, som vart starta av eurokritiske akademikarar, og som no blir overvakt av tryggingstenesta i fleire delstatar.
F-ordet
BSWs valkamp har framfor alt handla om Wagenknecht, sjølv om ho verken stilte til val for Europaparlamentet eller i nokon av dei tre delstatane. Det ho snakka aller mest om, er fred. Ho vil ha slutt på tysk våpenstøtte til Ukraina. «Våpen er aldri vegen til fred», som ho seier. Ho krev at eventuelle samarbeidsparti må «ta stilling for diplomati og mot krigsførebuing». For å få slutt på tilstrøyminga av asylsøkjarar krev ho «svært radikale» tiltak.
Regjeringa har sagt at Tyskland skal fase ut kolkraft seinast i 2038. Wagenknechts parti vil halde fram med brunkolutvinning. Slikt slår an i kolregionen Lausitz, der halvparten av veljarane stemte på anten BSW eller AfD.
På Kapittelfestivalen i Stavanger i førre veke trekte Simon Strauss, som er forfattar og journalist i Frankfurter Allgemeine Zeitung, parallellar mellom Wagenknecht og Benito Mussolini. Karisma er den fremste politiske kapitalen til begge, og begge hadde politisk bakgrunn på ytre venstre.
Hesteskoteorien får dermed ny vår. Han går ut på at den politiske aksen frå høgre til venstre har form som ein hestesko. På tuppane møtest ytre venstre og ytre høgre i felles kritikk av det liberale demokratiet.
Ein kan gjerne tenkje at f-ordet sit laust i tysk presse for tida, men slik går iallfall diskusjonen.
Utan Scholz
Sosialdemokratane si suksessoppskrift i Brandenburg hadde tre ingrediensar. Den første var AfD. Bodskapen var «stem sosialdemokratisk, elles vinn AfD». Den andre var ein populær toppkandidat, Dietmar Woidke. Den tredje var eit totalt fråvær av Olaf Scholz. Sosialdemokratane i Brandenburg bad kanslaren halde seg unna gater og torg i delstaten så lenge det var valkamp.
Ein av dei store spekulasjonane i tysk politisk journalistikk no om dagen er kven som skal overta sosialdemokratane etter Scholz.
Og korleis gjekk det med partia til kamphanane Habeck og Lindner i Brandenburg? Begge hamna under sperregrensa.
Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør i Syn og Segn og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.