JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det utanlandskeigde gullet i grunnen

Utanlandske aktørar sit med minst 60 prosent av undersøkingsrettane og minst 34 prosent av utvinningsrettane i norsk mineralnæring.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
På Tellnes i Sokndal ved Jøssingfjord i Rogaland vinn selskapet Titania AS ut ilmenitt frå det som er rekna som verdas største ilmenittførekomst. Titania AS er eigd av det amerikanske konsernet Kronos Inc.

Foto: Wikipedia

12451
20211203

Fakta

Døme på utanlandsk-
eigde selskap i norsk mineralnæring:

Elkem AS – dominert av kinesiske China National BlueStar

Titania A/S – eigd av det amerikanske selskapet Kronos

Sydvaranger – eigd av canadiske Tacora Resources

Norge Mineraler AS – eigd av det britiske gruveselskapet Norge Mining PLC

Joma Gruver AS – dominert av svenske Vilhelmina Mineral AB

EMX Norwegian Services AS – eigd av svenske Eurasian Minerals Sweden AB

Kjelde: Proff.no

eva@dagogtid.no

Det ligg store verdiar i bakken rundt om i Noreg. Minst 2500 milliardar, synte utrekningane Noregs geologiske undersøking gjorde av ressursane som var kjende i 2016. Truleg ville talet vore høgare om det hadde vorte rekna ut på nytt i dag.

Litt over 40 prosent av verdiane som var kjende i 2016, ligg i industrimineral som kalkstein og kvarts, i naturstein som granitt og skifer og i byggjeråstoff som grus og pukk. Desse ressursane er det grunneigarane som har eigarskapen til.

Resten, altså størstedelen av verdiane, ligg i metall – som jarn, nikkel, titan, molybden, sink, kopar, gull og sølv – som er eigde av staten.

Men den statlege eigarskapen har lite å seie i praksis. Det er fri leiterett, og den som finn gull eller andre av dei gjæve metalla, har òg fyrsteretten til utvinning, om det er aktuelt etter plan- og bygningslovar, lokale omsyn og miljø- og forureiningsomsyn. Staten sjølv tek ikkje ut verdiar.

Selskapa som undersøkjer og utvinn statens mineral, er i hovudsak private, og mange er òg eigde av utanlandske aktørar.

I mindretal

Ein gjennomgang Dag og Tid har gjort av alle aktørane som, ifølgje Direktoratet for Mineralforvalting, hadde undersøkingsrettar og utvinningsrettar til statens mineral i Noreg per 1. november 2021, syner at minst 60 prosent av undersøkingsrettane og minst 34 prosent av utvinningsrettane høyrer til selskap som er heileigde eller dominerte av utanlandske eigarar.

Norske aktørar og eigarar er i mindretal i minst 31 av 70 selskap som har undersøkingsrettar, og minst 5 av 17 som har utvinningsrettar. Rettane som er kontrollerte av utanlandske aktørar og eigarar dekkjer nær 70 prosent av arealet det finst undersøkingsrettar på, og nær 50 prosent av arealet det finst utvinningsrettar på.

Til dømes er selskapet med flest undersøkingsrettar – EMX Norwegian Services AS – heileigd av svenske Eurasian Minerals Sweden AB. Selskapet Norge Mineraler AS, som har nest flest undersøkingsrettar, og som ifølgje Stavanger Aftenblad har estimert at dei har gjort funn av mineralressursar for «mange, mange ganger» større verdiar enn 300 milliardar kroner i Rogaland, er eigd av eit britisk selskap.

Samstundes er Titania AS, ein av dei to aktørane som ifølgje Direktoratet for mineralforvalting hadde kontinuerleg produksjon av såkalla metallisk malm i Noreg i fjor, eigd av det amerikanske konsernet Kronos Inc.

Sydvaranger, som er ein av tre aktørar som har fått driftskonsesjon til nye gruveprosjekt etter 2010, vart tidlegare i år selt til det USA-baserte gruveselskapet Tacora Resources Inc.

Nordic Mining, som har fått konsesjon til å utvinne rutil og granat frå Engebøfjellet i Sunnfjord, ser derimot ut til å ha overvekt av norske aksjonærar, og det same gjeld for Nussir, som har fått konsesjon til å utvinne kopar i Repparfjorden utanfor Hammerfest.

Ifølgje Øystein Rushfeldt, som er gründer av og administrerande direktør i Nussir, kan eigarskapen derimot kome til å endre seg dei komande månadene.

Norsk akkurat no

– Så langt er vi eit sjølvstendig norsk selskap der om lag 75 prosent av aksjane er norskeigde. Men vi er under utvikling og etablering, så dei som kjem med den milliarden vi skal investere, avgjer korleis eigarskapen kjem til å sjå ut. Det same gjeld nok for Nordic Mining, som har mange norske aksjonærar no. Når dei skal byggje ut for to milliardar kroner, kan det nok bikke over til mest utanlandsk eigd, seier Rushfeldt.

I sommar vart det kjent at Nordic Mining hadde signert intensjonsavtale med eit japansk handelshus for levering av råstoff frå gruva, og til E24 sa administrerande direktør Ivar Fossum at det var venta at same selskap kunne gå inn med ein stor del av eigenkapitalen som trongst.

Kva er det som gjer norsk mineralnæring meir attraktiv og innbringande for utlendingar enn for nordmenn?

Avkasting på vent

Rushfeldt jobba i fleire norske mineralbedrifter, som Sydvaranger, Titania og selskapet Hustadmarmor, før han grunnla selskapet Nussir. Han seier alle dei større bedriftene er eigde av internasjonale og multinasjonale selskap, og at det har vore slik i lang tid, ikkje berre i Noreg.

– Marknaden for mineral og metall er jo internasjonal, produksjonen er internasjonal og kompetansen er internasjonal, seier han.

I tillegg er prosessen med å få konsesjon til gruvedrift i Noreg svært tidkrevjande og ei hindring for mange investorar, ifølgje Rushfeldt. Han syner til at det gjekk 10 år og 21 dagar frå Nussir starta arbeidet med industrialisering, og til konsesjonen var på plass i februar 2019. Dei fyrste førebuingane og arbeidet med å skaffe startkapitalen byrja derimot tilbake i 2005.

– Det vil seie at vi har brukt rundt 15 år. Så kan du jo spørje folk om dei er viljuge til å binde opp kapital i noko dei ikkje kan vente seg avkasting frå før om 15 år, og kanskje ikkje i det heile. Dei fleste vil nok svare nei, seier han.

– Men tidsaspektet er det same for utanlandske investorar.

– Ja, men ein del andre land har ein større gruvesektor og profesjonelle kapitalmiljø for investering i mineralverksemd. Canada og Australia, som er dei to største på mineral, har like store gruvesektorar som Noreg har olje- og gassektor.

Frå idé eller prospekt og til det kjem til avgjerd om utbygging eller ikkje, må ein rekne med ein kostnad på rundt 300 millionar kroner, pluss/minus 100 millionar, alt etter kor stort mineralprosjekt det er snakk om, ifølgje han.

– Dette er noko av grunnen til at det er rundt 70 prosjekt i Noreg med registrerte undersøkingsrettar i dag, medan det berre er 2–3 aktørar som jobbar med framskridne prosjekt, seier han.

Omkampar og risiko

Anita Helene Hall, som er generalsekretær i bransjeforeininga Norsk Bergindustri, seier det i nokre tilfelle kan gå heile 15–20 år frå det vert funne mineral, og til eit gruveprosjekt er i drift i Noreg.

– Det er knytt stor politisk risiko til å starte opp. Det krevst mange løyve, og det er lite koordinering mellom offentlege instansar. Den som vil utvinne, må rekne med å måtte svare på fleire av dei same spørsmåla frå ulike miljøstyresmakter, frå Direktoratet for mineralforvalting, frå statsforvaltaren og frå det kommunale forvaltingsapparatet, og det er mange omkampar og mange interessegrupper som skal verte høyrde. Noreg har eit lite finansieringsmiljø, og få der har uthald og krefter til å greie eit så langt og krevjande løp, men det har i større grad dei globale spesialselskapa, seier ho.

– Samstundes er det ein del svenske selskap som har både undersøkings- og utvinningsrettar i Noreg. Kva gjer det lettare for dei å investere?

– Svenskane har eit anna forhold til gruvedrift og ein litt annan kapitalmarknad og investeringsvilje enn vi. Dei er meir innstilte på fastlandsinvesteringar, seier Hall.

Manglar risikokapital

Norsk Bergindustri har ikkje detaljert oversikt over kor mange av dei 160 medlemsbedriftene som er norske, og kor mange som er utanlandske, men Hall seier inntrykket er at det har kome inn fleire utanlandske aktørar i mineralnæringa dei siste tiåra, i takt med mellom anna auka kapitalbehov. Det kan leggjast til at gruveindustrien gjennom denne perioden har vorte meir høgteknologisk og følgjer stadig høgare krav frå styresmaktene.

Rushfeldt meiner han ser teikn til at metallmangelen internasjonalt no har medverka til at fleire norske investorar tek til å syne større interesse for bransjen.

– Fleire ser at dette kan vere spanande å investere i, men det er snakk om endring frå eit ganske lågt nivå, så vi snakkar ikkje om store utslag, seier han.

Er det eit mål for Norsk Bergindustri å auke den norske eigarskapen til mineralrettane, spør vi Hall

– Ja, men det er ikkje eit uttalt mål for oss. Det er ikkje nok risikokapital i Noreg i dag, og då ser vi det som viktigare å få i gang fleire gruver og auke verdiskapinga frå mineralnæringa enn at eigarane er norske. Det er råvarekrise både i Europa og i Noreg, og om vi skal vere med og avhjelpe den krisa, hastar det å få meir straumlineforma prosessar for å kunne starte verksemd, seier Hall.

– Kva skal til for å få fleire norske investorar med dykk, slik du ser det?

– Ei form for statleg risikoavlasting eller statlege garantiar på eit eller anna vis hadde truleg hjelpt. Finland har etablert Finnish Minerals Group, som går inn og støttar oppstart av batteri- og bergverksindustri, seier ho.

Vil ha meir att

Mineralnæringa er sagd å vere eit viktig satsingsområde for den nye regjeringa, mellom anna fordi tilgang på mineral er avgjerande for det grøne skiftet.

I Hurdalsplattforma skriv regjeringa at ho vil stille langsiktig kapital til rådvelde der det kan spele ei avgjerande rolle for å få til nye industrielle satsingar i Noreg, til dømes i mineralnæringa, og at konsesjonsbehandlingstida i mineralnæringa skal kortast ned.

Regjeringa skriv òg at lokal forankring skal vektleggjast før nye prosjekt får konsesjon, og at mineralnæringa skal forvaltast på ein måte som sikrar at fellesskapet får sin del av verdiskapinga.

Det næringa legg att lokalt og nasjonalt for statens mineral utover arbeidsplassar i dag, er ordinær skatt, eventuell eigedomsskatt og 0,5 prosent årleg av verdiane til grunneigarane og 0,25 prosent meir i urfolksvederlag i Finnmark.

Senterpartiet har i sitt program teke til orde for å greie ut ein naturressursskatt for mineral som skal kome vertskommunen til gode.

Utvalet som i 2018 evaluerte minerallova på oppdrag frå regjeringa, meinte på si side det burde vurderast å innføre grunnrenteskatt på utvinning av mineral, slik som for oljen og vasskrafta, slik at ein del av avkastinga går tilbake til fellesskapen.

Men verken naturressursskatt eller grunnrenteskatt er nemnde i regjeringsplattforma. Å vurdere ein grunnrenteskatt er heller ikkje del av oppdraget til ekspertutvalet som no vurderer korleis mineralloven kan vidareutviklast og moderniserast. Tvert om står det i mandatet til utvalet at avgiftsnivået for næringa ikkje bør aukast.

– Vil fjerne tiltak

Jussprofessor Ernst Nordtveit ved Universitetet i Bergen leidde evalueringsutvalet og leier no ekspertutvalet, som skal levere sin rapport til sommaren.

– Er du overraska over at politikarane ikkje har gått inn for å vurdere grunnrenteskatt?

– Grunnrenteskatt på mineralnæringa er nok vurdert som vanskeleg i og med at det er så stor variasjon i fortenesta for ulike mineral, og fordi næringa er svært utsett for konjunktursvingingar. Det ser dessutan ut til at interessa til både politikarar og departement fyrst og fremst er å få i gang aktivitet og verdiskaping og å fjerne tiltak som bremsar det. Grunnrenteskatt er jo òg avvist for akvakulturnæringa, så det ser ikkje ut til å vere eit politisk ønske. Vi held oss til mandatet vi har fått, seier han.

– Minerallova har som føremål å leggje til rette for høgast mogleg samla verdiskaping i norsk økonomi innanfor berekraftige rammer gjennom å leggje til rette for verdiskaping i norsk mineralnæring. De skal vurdere om det er behov for justeringar i lova for å betre samsvaret mellom desse føremåla og resten av lova. Inneber det å leggje til rette for å auke den norske eigarskapen?

– Eg kan ikkje seie så mykje om kva som kjem av forslag, men det med regulering av eigarskap er ikkje i seg sjølv ein del av mandatet vårt. Derimot skal vi leggje til rette for enklare og raskare sakshandsaming og meir føreseielege prosessar. Kan det skapast større tryggleik rundt prosessane, kan det tenkjast å føre til at norske interessentar vert meir viljuge til å investere. Men det kan òg gjere internasjonale investorar meir interesserte, seier Nordtveit.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Dei som kjem med milliarden vi skal investere, avgjer korleis eigarskapen kjem til å sjå ut.

Øystein Rushfeldt,
administrerande direktør i Nussir

– Vi ser det som viktigare å få
i gang fleire gruver og auke verdiskapinga enn at eigarane er norske.

Anita Helene Hall,
generalsekretær i Norsk Bergindustri

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis