Det venstrepopulistiske manifestet
Ein politisk merkelapp kan byta side, men innhaldet har likevel felles grunndrag.
Etter avgjerda om å byggja ut austre Mardalsfossen med Noregs høgste fossefall (665 meter – 297 meter loddrett), samla aksjonistane seg til demonstrasjonar midt mellom kommunane Rauma og Nesset i august 1970.
Foto: Erik Thorberg / NTB scanpix
hompland@online.no
Partiet for folk flest har årsmøte denne helga. I prinsipielle gløtt kallar Anders Langes Eftf. seg gjerne liberalistar. Til dagleg er dei eit statsautoritært parti som vil overgå Senterpartiet i nasjonalisme og by over KrF i gudeleg Israel-støtte, stå til høgre for Høgre i skatt og til venstre for Arbeidarpartiet i velferd. Kong Carl, som nå skal bli heiltidsinnvandrar i Spania, erklærte at partiet hans skulle overta der Einar Gerhardsen slapp, og bli det nye «småkårsfolkets parti». Men dei gir mest skattelette til dei rikaste, for dei er gode på dobbelkommunikasjon og folkeforførande høgrepopulisme.
Måndag denne veka baud venstresidas tankesmie Manifest inn til «venstrepopulistisk aften» på Kulturhuset i Oslo – i ei multikulturell sidegate til Youngstorget. Aftonbladets kulturredaktør Åsa Linderborg presenterte teseboka ho har skrive saman med Göran Greider: Populistiska manifestet – för knegare, arbetslösa, tandlösa och 90 procent av alla andra. Ho blei følgd av overtankesmiar Magnus E. Marsdal, som for elleve år sidan meinte å ha knekt Frp-koden: «Sannheten ligger i overflaten.»
LINDERBORGS utgangspunkt er at høgrepopulismen fossar fram, medan dei sosialdemokratiske partia er kraftlause i eit samfunn der solidariteten går i oppløysing. Den politisk korrekte eliten i middelklassen legg ansvaret på krenkte, rasistiske og kvinnehatande kvite menn som er offer for globaliseringa. Den forakta arbeidarklassen tar revansj ved å slutta opp om høgrepopulistiske parti som peikar ut innvandra syndebukkar og lovar betre kår for verdig trengande innfødde.
Det venstrepopulistiske svaret er å ta folks misnøye på alvor, driva betre samfunnsplanlegging og gjenskapa trua på at politikk nyttar. Politiske konfrontasjonar må flyttast bort frå etnisitet, religion, forhud og identitet. Konflikten må spissast mot den felles fienden: det økonomiske systemet, kapitalismen, finansdominansen og den frie flyten.
SÅDAN ER POPULISMEN. Det kan gå til venstre, men for tida galopperer det mot høgre. Som eit sideblikk kan det vera på sin plass med ei påminning om ulike populistiske rørsler og straumdrag.
Det var sosialantropologen Ottar Brox frå Sosialistisk Folkeparti (SF) som skreiv «populisme» inn i norsk offentlegheit på 1960-talet. I boka Hva skjer i Nord-Norge? brukte han populistisk som motsats til teknokratisk, og lokalsamfunn og hushald som motsats til sektorar. Medkombattanten Hartvig Sætra førte omgrepet vidare som analyse og politisk strategi i Populismen i norsk sosialisme i 1971.
Det blei ein raptus ut av det. Kjernen var PAG – populistiske arbeidsgrupper ved universitetet i Bergen – med Audgunn Oltedal som gudmor. Men rørsla breidde seg både geografisk og politisk som ideologiske prøvepakkar av raudt tankegods og grønt gras. Ho sveipa med seg ungdom og forskarar med bakgrunn i SF og sentrumspartia. Marxist-leninistane såg rørsla som småborgarleg og undergravande for klassekampen. Dei produktivistiske vekst- og styringspartia skreiv under på Statoil-sjef Arve Johnsens definisjon: «Populister er reaksjonære mennesker iført imiterte tresko og imitert busserull som tror trivsel er prat over skigarden i gamle dager.»
PAXLEKSIKON, venstresidas encyklopedi frå 1980, hadde ein lang artikkel om populisme og populistiske rørsler med ulike politiske fargar gjennom historia. Tråden var kampen om fornufta mellom folket og eliten, mellom makt, avmakt og motmakt.
Artikkelen var skriven av Ottar Brox, og blygskap forbyr meg å nemna medforfattaren. Her er slutten: «Det er for tidlig å skrive den endelige historien om populismen i Norge. I vårt land, som overalt ellers i verden, vil det stadig dukke opp ’folkelige’ bevegelser som kan velte skrivebordet for det økonomisk-politisk-byråkratiske ’establishment’. Det er viktig å forstå grunnlaget for slike bevegelser og kjenne deres begrensninger, enten en vil bevare, reformere eller revolusjonere dette samfunnet.»
DEN POPULISTISKE raptusen gjekk over etter 1972, men levde vidare i miljø- og aksjonsgrupper. Då omgrepet dukka opp att, var det om veljarfrieri og destillering av folkets verste sider til ein trylledrikk av olje som lova rask lindring av alle plager. Ved stortingsvalet i 1989 var populisme det ansvarlege etablissementets felles skjellsord om den høgprofilerte einsakspolitikken til SV-leiaren Erik Solheims og «råpopulisten» Jan Simonsen. Seinare blei Framstegspartiet aleine om merkelappen. Det lever dei godt med, men dei bruker han ikkje sjølv.
BYRÅSJEFEN kjenner mange som kalla seg populistar i studietida. Han likte å diskutera med dei og sette pris på hangen dei hadde til praktisk motekspertise, men han kjende seg ikkje heime i mistrua til forvaltning og fagkunnskap, sjølv om det berre var i teorien.
Vertinna husa fleire sjølvoppnemnde populistar som ville støtta utkantfolket mot byråkratar og teknokratar. Det var gilde karar, og professorar og gode samfunnsstøtter er dei blitt. Ho har høyrt at dei stadig har nostalgiske samlingar for å sjå framover. Ho har inga tru på at dei får ei ny tid, men meiner det er bra at nokon tar på seg å minna om slike straumdrag i vår nære fortid.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Populister er reaksjonære mennesker som tror trivsel er prat over skigarden i gamle dager.»
Statoil-sjef Arve Johnsen
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.