JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Di meir maskinane lærer, di mindre kjem vi til å begripe

Opplever vi remystifiseringa av verda? Mykje av det som no skjer kring oss, er forvirrande. Rørsler i finansmarknadene, til dømes, verkar stadig meir mystiske.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Musio», ein sosial robot med kunstig intelligens, fotografert på gata i Berlin i september 2017.

Foto: Michael Sohn/AP/NTB scanpix

7249
20180216
7249
20180216

Kvifor selde dei globale aksjemarknadene seg så hardt ned denne månaden, etter å ha brukt nesten eit tiår på å kome seg på beina igjen etter lågpunktet i 2009?

Vi som kallar oss ekspertar på dette, kan fortelje historier om kva som nett hende, men den ekle kjensla av at vi ikkje har peiling, er ikkje til å kome unna. For tretten veker sidan åtvara eg om at «raude finansielle lys» blinka igjen. Var eg framsynt, eller hadde eg berre flaks? Argumentet mitt var at når sentralbankar auka renta og avvikla programma for det som vert kalla «kvantitativ lette», måtte det kome eit press nedover for aksjemarknadene. Av demografiske og andre årsaker meinte eg òg at slutten for det langvarig høge nivået på obligasjonsmarknaden var nær.

Eg liker framleis den historia, ettersom ho er grunna på kjende mønster frå finanshistoria, sjølv om du ikkje ville tent ei krone på å ta omsyn til orda mine. (Det einaste som har hendt, er at etter ein oppgang som toppa seg dei siste par månadene, har marknadene kome attende til det nivået dei var på då eg skreiv spalta mi. Å høyre på meg ville ha spara deg for ein rundtur.)

Men marknadskvervlane dei siste par vekene har lokka fram ei mengd meir eksotiske forklaringar. Kvar korreksjon av aksjemarknaden har sine skurkar, det produktet eller dei folka som alle kan skulde på for tapa dei har lidt. Denne gongen omfatta skurkane finansielle verkty som XIV og store kvantitative hedgefond som nyttar «risk parity»- og «trend following»-strategiar. For folk i middagsselskap som ville sleppe å forklare desse heller kompliserte sakene, var det ein enklare måte å uttrykke seg på: skulda låg hos «maskinane», eller algoritmane.

Ingen tvilar på at datamaskinar spelar ei langt viktigare rolle på finansmarknadene i dag enn nokon gong før. Det verkar rimeleg å gå ut frå at automatiserte transaksjonar forsterkar marknadsrørsler på ulike vis. Likevel er det ingen grunn til å påkalle desse nye innretningane for å forklare at normal finansiell ustabilitet gjentek seg. Slik eg ser det, er det noko overtruisk ved utsegna: «Det var maskinane.»

I storparten av menneskja si historie har overtru vore den dominerande forklaringsmåten. Om avlinga slo feil, var gudane vreide. Om eit barn døydde, var det vonde ånder si skuld. Som Oxford-historikaren Keith Thomas syner i den framifrå boka Religion and the Decline of Magic, la folk i England skulda for ulykker på hekser til langt inn i det 17. hundreåret.

Den store tyske sosiologen Max Weber hevda at modernitet handla om framgang for rasjonaliteten og tilbakegang for mysteriet – det han kalla «verdas desillusjon (Entzauberung)». Folk sa farvel til magi og gjekk inn i eit «jarnbur» av rasjonalitet og byråkrati. Weber lånte ordet Entzauberung frå poeten og skodespelforfattaren Friedrich Schiller. Eg har alltid syntest at «avmystifisering» er ei meir presis, om enn uelegant, omsetjing. Poenget er at denne prosessen kan vere reversibel.

Maskinane vert smartare for kvar dag. Dataekspertar i USA og Kina tevlar med kvarandre om å nå eit gjennombrot for kunstig intelligens (KI) som ikkje berre vil gjere førarlause køyrety til det dominerande transportsystemet, men òg revolusjonere mest all aktivitet som avheng av menneskeleg mønsterattkjenning.

Maskinlæring er alt no overlegen i høve til menneskeleg læring på mange område. Dei beste spelarane av sjakk og det kinesiske spelet go er sjanselause mot datamaskinane til det britiske pionerselskapet DeepMind, som Google kjøpte i 2014. Sjølv det minst cerebrale spelet av alle, fotball, er i ferd med å bli revolusjonert av KI. Den briljante ungarsk-amerikanske fysikaren Albert-Laszlo Barabasi fortalde meg for eit par veker sidan at datamaskinar i laboratoriet hans ved Northeastern University i Massachusetts er betre til å vurdere prestasjonane til fotballspelarar enn menneskelege ekspertar.

Når folk freistar skjøne kva den raske framgangen til KI eigentleg inneber, har dei lett for å tenkje på science fiction. Den vanlege referansen er 2001: En romodyssé, Stanley Kubricks film frå 1968, der den «idiotsikre og feilfrie» datamaskinen HAL 9000 prøver å drepe heile mannskapet på romskipet.

Men kan hende er den rette måten å tenkje om KI på, historisk – som eit fenomen som kan sende menneskja attende til den gamle verda med mysterium og magi. Etter kvart som maskinlæring erstattar menneskeleg dømmekraft, vil vi bli like forvirra av hendingar som dei førmoderne forgjengarane våre var. For vi vil ikkje begripe verkemåten til maskinane noko betre enn dei skjøna den lunefulle naturen. Alt no er det mange av oss som har det same forholdet til finansielle «bråkrasj» som middelalderbonden hadde til plutseleg flaum.

Poenget, som tidlegare styreleiar i Google, Eric Schmidt, forklarte meg i fjor, er at sjølv dei beste software-ingeniørane i Silicon Valley ikkje lenger skjønar fullt ut korleis algoritmane deira fungerer.

I firma som Nvidia programmerer dei sjølvkøyrande bilar til å lære seg sjølve å køyre. Denne «djupe læringa» går djupare enn vår ringe menneskelege forstand kan fatte. Korleis er eigentleg Deep Patient, eit system utvikla ved Mount Sinai Hospital i New York, som kan slå fast på førehand kva pasientar som kan bli schizofrene? Vi veit ikkje, og Deep Patient er ikkje designa for å forklare korleis det går fram.

KI handlar ikkje lenger om å få datamaskinar til å tenkje som menneske, berre raskare. Det handlar om å få datamaskinar til å tenkje som ein art med hjerne mykje større enn vår – ikkje lik menneske i det heile teke. Spørsmålet er: korleis skal vi hanskast med denne remystifiseringa av verda? Skal vi ta til å tilbe maskinane – blidgjere dei med bøner, eller til og med offer? Eller skal vi berre gje oss over til fatalisme?

Menneskja står på terskelen til ein ny æra. Eg skulle gjerne tru på at summen av menneskeleg lykke vil auke med djup læring. Kan hende vil det skje. Men eg fryktar at summen av menneskeleg lykke kan minske.

Sjå på eit politisk døme. Mange britar undrar seg i dag over kvifor brexit slår feil. «Bremorse» (av brexit + remorse, det vil seie brexit + anger, red. merk.) kan for første gong registrerast ved val. Stadig fleire vil ha ny folkerøysting. Regjeringa ser ut til å gå i søvne mot ei overgangsavtale der ingen ting eigentleg blir endra, bortsett frå at Storbritannia mistar all røysterett i Brussel. Alt dette var meir eller mindre føreseieleg for to år sidan. Men The Daily Telegraph og The Daily Mail har ei alternativ forklaring: «ei hemmeleg samansverjing for å sabotere brexit», leia av den usle kosmopolitiske finansmannen George Soros.

Denne typen forklaring har òg ei historie, som ikkje er særleg oppbyggjeleg. Dersom remystifiseringa av verda betyr ei gjenoppliving av tynt tilslørt antisemittisme såvel som magisk tenking, då vert eg verande i Webers jarnbur.

Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid Omsett av Lasse H. Takle

Niall Ferguson og Paul Krugmann skriv denne spalta annakvar veke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Sjølv det minst cerebrale spelet av alle, fotball, er i ferd med å bli revolusjonert av kunstig intelligens.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis