Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Diagnose: den femi niserte skulen

Må skulen bli meir maskulin for å hindre at gutar står igjen som skuletaparar?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Blabla

Blabla

Blabla

Blabla

10603
20170303

Bakgrunn

jenter og gutar i skulen

Jenter får betre standpunktkarakterar i alle fag og har betre resultat i alt unntatt gym.

33.000 gutar og 15.000 jenter får spesialundervisning i grunnskulen.

14,4 prosent av gutane fekk «nokså god» eller «lite god» ordenskarakter, og 6,6 prosent fekk nedsett åtferdskarakter, mot høvesvis 7,2 prosent og 2,1 prosent for jentene.

På vidaregåande skule fullførte 78 prosent av jentene, mot 67 prosent av gutane innan fem år.

I yrkesfag er fråfallet størst: Her sluttar kvar fjerde elev undervegs.

På høgskule og universitet er 60 prosent av studentane kvinner. Berre Island, Sverige, Latvia, Slovakia og Polen har høgare kvinnedel blant studentane, ifølgje Eurostat.

Kjelder: Statistisk sentralbyrå og Utdanningforbundet

utdanning

redaksjonen@dagogtid.no

Gutane får dårlegare karakterar og droppar oftare ut av vidaregåande skule. Førre fredag uttrykte både kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) og skuleforskar Peder Haug uro på vegner av gutane. Ofte blir gutar som følgje av statistikken presenterte som skuletaparar.

«Den enklaste forklaringa er at undervisninga passar betre for jenter enn for gutar», seier skuleforskar Haug på NRK. Til same kanal sa Røe Isaksen at vi må spørje oss om spesialundervisninga vår er god nok, og om det er noko i skulesystemet som gjer at gutar hamnar lettare utanfor.

Men dette siste spørsmålet blir faktisk stilt ganske ofte. Seinast 17. februar sa skuleforskar Thomas Nordahl til NRK at skulen er meir tilpassa veremåten til jentene, og at dette er ei utfordring skulen må handtere. Men i debatten er det få som kan gje klare svar på kva feminisering av skulen vil seie, og kva konkret som tilseier at skulen favoriserer jenter.

Dårlegare karakterar

Gjennomgåande får jenter litt betre standpunktkarakterar enn gutar i alle fag, med unntak av kroppsøving. Forskjellen er størst i norskfaget. Utdanningsetaten i Oslo syner også at gutar har dårlegare ordenskarakter.

På vidaregåande skule er det tendensar til at fleire gutar droppar ut enn jenter. I 2015 hadde 78 prosent av jentene, mot 67 prosent av gutane, fullført vidaregåande opplæring (studie- eller yrkeskompetanse) innan fem år. Men det er i yrkesfag fråfallet er størst: Her sluttar kvar fjerde elev undervegs i utdanninga. På studieførebuande sluttar færre enn ein av ti.

– Ei av dei viktigaste forklaringane bak fråfall er at dei mannsdominerte yrkesfaga manglar læreplassar. Ein av tre som søker, får ikkje læreplass. Nokre kvinnedominerte fag, særleg innan helse, manglar derimot lærlingar, seier postdoktor Kristoffer Chelsom Vogt ved Universitetet i Bergen.

Klasse er viktigare

Vogt gav denne månaden ut ein artikkel i Tidsskrift for samfunnsforskning om fråfallet i vidaregåande skule. Han trur ikkje at gutar nødvendigvis fell ifrå fordi dei er gutar.

– Dei mannsdominerte yrkesfaga er ofte kopla til ein arbeidsmarknad som er særleg utsett for konjunkturar.

Vogt er skeptisk til å redusere problemstillinga til å handle om kjønn, og han meiner at klasse er ein viktigare faktor.

– Vi veit at sosial bakgrunn, økonomien og utdanninga til foreldra, har mykje å seie for karaktersnitt og fråvær, som igjen er knytt til fråfall for ein elev. Noreg har dessutan ein svært streng definisjon på fråfall – ein må ha fullført utdanninga innan fem år, altså når ein er 21 år. Men fleirtalet på yrkesfag fullfører etter at dei har fylt 21.

Vogt vil nyansere oppfatninga om at fråfallet er det største samfunnsproblemet vårt når det gjeld ungdom.

– Det trengst nyansering. Sidan tidleg i 1990-åra har tala vore dønn stabile, men uroa har auka. Det er fleire oppslag i media om dette no enn før. Mangel på læreplassar er eit problem for alle som møter slike strukturelle hindringar, anten dei er gutar eller jenter, seier Kristoffer Chelsom Vogt.

Skulen har ikkje skylda

Dag og Tid spurde kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen om kva det er med skulesystemet som gjer at jenter presterer best.

– Er det er noko i skulesystemet som gjer at gutane enklare hamnar utanfor? Det er jo ikkje slik at det går dårleg med alle gutar. Men det er ein sterk overrepresentasjon av gutar blant dei elevane som får svake faglege resultat, mellom anna dei som droppar ut, og blant elevane som får spesialundervisning, skriv Røe Isaksen i eit e-brev.  

I 2013 publiserte Statsministerens kontor ein NOVA-rapport frå 2008 kalla «Er det skolens skyld? En kunnskapsoversikt over skolens bidrag til kjønnsforskjeller i skoleprestasjoner», skriven av forskarane Anders Bakken, Elin Borg, Kristinn Hegna og Elisabeth Backe-Hansen. Rapporten konkluderer med at det er liten grunn til å hevde at skulen har skuld i at jentene er best. Dei finn også at kjønnsforskjellane er konsistente i ulike land, trass i ulik skulepolitikk, undervisning og pedagogiske metodar. Kjønn på lærar har heller ingen særleg effekt.

– Du uttrykkjer likevel uro over at skulen kanskje er dårlegare tilrettelagd for gutar?

 – NOVA-rapporten konkluderer med at det er lite som tyder på at den norske skulen skaper kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar. Det er heller slik at skulen bidrar til å reprodusere kjønnsforskjellar som alt er i klasserommet. Men forskarane strekar under at skulen kan bidra til å redusere dei forskjellane vi ser mellom gutar og jenter. Vi må derfor sjå nærmare på kva skulane kan gjere for å bidra til å løyse guteproblemet i norsk skule, seier Isaksen.

Alternativa er borte

Samfunnet har endra seg. Før fanst ikkje dei same krava til utdanning for å få jobb, og det var fleire alternativ til skulegang – anten ein drog på sjøen eller gjorde karriere som handverkar eller i industrien. I dag er desse alternativa meir eller mindre fråverande, mellom anna på grunn av automatisering og innleidd arbeidskraft frå utlandet. Såleis tvingar samfunnet gutane inn i ein meir eller mindre akademisk skulegang for å få dei i jobb.

– I dag startar 96 prosent på vidaregåande opplæring når dei er 16 år. Mange av yrkesfaga har låg status, og ein del vel å ta allmenn påbygging. Her er strykprosenten høg, mellom anna fordi ein brått får ti timar norsk i veka, seier Karin Marie Antonsen, forskar i Nordlandsforskning.

Ho leia forskargruppa som undersøkte kvifor elevar på yrkesfag sluttar. Forskaren understrekar at problemet er samansett.

– Dei som tar til på yrkesfag, har som regel låge karakterar frå grunnskulen. Manglande læreplassar er ein viktig faktor, men også teoretisering, einsemd på hybel, å vere avhengig av dataspel, psykiske plager og manglande meistring spelar inn. I tillegg manglar ein rollemodellar. Nokre stader, særleg i Nord-Norge, har generelt få kompetansearbeidsplassar. Det påverkar verdsettinga av utdanning. Somme går ut i jobb i foreldra sine bedrifter.

– Kvifor får ikkje alle læreplass?

– Det kan vere at det ikkje er eit reelt behov for utdanninga i næringslivet. Nokre fag fører ikkje til eit yrke. Det kan også vere manglande kultur og skepsis for å ta imot lærlingar i enkelte bransjar og sektorar. Dei som fell ifrå, har fylkeskommunen eit ansvar for å følgje opp – anten ved å opprette tiltak for den enkelte, motivere dei tilbake til skulebenken eller få dei ut i arbeid, seier Antonsen.

fekk ikkje læreplass

Sondre Forgaard går siste året på brønnteknikk ved Stavanger offshore tekniske skole (SOTS), men var ein av fleire elevar som ikkje fekk læreplass etter dei to første åra. Den forsvann då selskapet mista ein kontrakt, og arbeidsmengda var redusert.

– Av 60 elevar i faget var vi om lag 30 som ikkje fekk læreplass. Somme søkte seg over til mellom anna påbygging. Nokre elevar heldt fram på skulen og går på Vg3 Kabelanlegg, seier han.

Elevane som ikkje fekk læreplass, går no i lære gjennom SOTS med støtte frå Rogaland fylkeskommune. Her får dei skuleundervisning, utplassering i bedrifter og til slutt ein fagprøve.

– No er vi lærlingar på land og har eit år i bedrifter og litt skule i staden for å vere i lære over to år. Viss vi ikkje hadde hatt det tilbodet, måtte vi nok ha tatt eit friår, seier Forgaard.

Skulevinnar, men

ikkje toppleiar

I 2007 skreiv professor ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning ved Universitetet i Oslo, Harriet Bjerrum Nielsen, ein kronikk i Dagbladet for å nyansere eit oppslag om gutar som skuletaparar i same avis: «Når det gjelder arbeiderbarna er perspektivet at disse barn er språk- og ressurssvake, at foreldrene må ha støtte til å gi en bedre oppdragelse, at barna må ha tilpasset opplæring for å komme på nivå med skolens krav og at mye også avhenger av deres eget valg og innsatsvilje. Når det gjelder guttene derimot er det plutselig skolen som er problemet.»

At det er fleire gutar som får dårlege resultat i skulen, har fleire forklaringar. NOVA-rapporten frå 2008 synte at lærarane har høgare forventningar til jenter, og at det er gutar som får mest merksemd. Ulik oppseding frå tidleg alder kan altså spele ei rolle i korleis den enkelte guten eller jenta ser på og prioriterer skulearbeidet. Somme meiner at gutar bør starte seinare på skulen ettersom dei er treigare i utviklinga, slik Camilla Stoltenberg og Aksel Braanen Sterri argumenterte for i Morgenbladet og i Dagbladet førre veke.

Når jenter generelt blir betre utdanna enn gutar, får det konsekvensar på arbeidsmarknaden. Men sjølv om jenter har gjort det best på skulen sidan 1990-talet, har dette førebels ikkje ført til at dei er blitt vinnarane i yrkeslivet. Det er viktig å hjelpe dei gutane som slit, men kanskje ikkje i form av å gje skulen ein maskulinitets-makeover. Mens kunnskapsministeren kallar fråfall, fråvær og dårlegare karakterar eit guteproblem, er det bra å vere medviten om at det er fleire faktorar inne i biletet.

forenkla bilete

Medieoppslaga har forenkla biletet og gjort saka om til ein kjønnsdebatt, utan å ta omsyn til at fråfall i stor grad handlar om arbeidsmarknad, krav til utdanning og at mange alternativ til skulegang er borte. I staden for at vi ser på dei overordna problema, som mangel på læreplassar, blir det omtala som eit guteproblem. Dei kvinnelege lærarane blir sittande med skulda, mens vi undergrev verknaden av auka akademisering av utdanning. Vi bør sjå på kva som kjenneteiknar dei studieretningane som har størst fråfall, heller enn å skulde skulesystemet for å vere feminisert.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Dei mannsdominerte yrkesfaga

er ofte kopla til ein arbeidsmark-

nad som er utsett for konjunkturar.

Forskar Kristoffer Chelsom Vogt

– Vi bør sjå nærmare på kva

skulane kan gjere for å bidra til

å løyse guteproblemet.

Torbjørn Røe Isaksen (H),
kunnskapsminister

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis