Draumen om FN-makt
Norsk UD vil ha fleire nordmenn i leiarstillingar i FN. Kvifor det, eigentleg?
Erik Solheim, leiar for miljøprogrammet til FN, under eit besøk i New Delhi 4. juni. Solheim står saman med (frå venstre) Aditya Mukarji, Rajeshwari Singh, Bollywood-skodespelar Dia Mirza og FN-koordinator Jurij Afanasijev. Rajeshwari Singh hadde gått 1100 kilometer til New Delhi for å skape merksemd kring problemet med plastureining.
Foto: Manish Swarup / AP / NTB scanpix
Politikk
peranders@dagogtid.no
Denne veka vart det kjent at Noreg i vår kutta støtta si til FN-organisasjonen Unesco for 2018 med 20 millionar – ein fjerdedel. Det skjedde etter at den norske kandidaten Gry Ulverud ikkje fekk jobben som assisterande generalsekretær i organisasjonen. Det var ikkje vrakinga av Ulverud i seg sjølv som var årsak til kuttet, sa utviklingsminister Nikolai Astrup til Aftenposten, men han meinte at prosessen hadde vore «uryddig og lukka».
Om Astrup hadde sagt at Noreg burde få fleire leiarstillingar i FN fordi Noreg er ein stor økonomisk bidragsytar til verdsorganisasjonen, ville det vore sjokkerande. Slikt seier ingen norsk politikar rett ut. Men oppfatninga av at det er for få nordmenn i FN-stillingar er utbreidd, og har ofte blitt uttrykt offentleg. «Det er ingen tvil om at Norge er kraftig underrepresentert i hele FN-systemet», sa Astrup til Aftenposten denne veka, utan å knyte dette til dei norske FN-bidraga.
Ei anonym «sentral kjelde» i Utanriksdepartementet kopla derimot økonomisk støtte og FN-stillingar heilt eksplisitt i same avis i 2009: «Når vi gir så mye som vi gjør, burde vi heller vært overrepresentert.»
Lyst på verv
Men ein kan ikkje kjøpe seg FN-stillingar, i alle fall ikkje i prinsippet. Som Audrey Azoulay, generalsekretær i Unesco, skreiv i eit svært krast brev til statsminister Erna Solberg 11. juni: «Finansielle bidrag gjev ikkje automatisk rett til internasjonale stillingar». Brevet vart sendt etter at Noreg kutta støtta si til Unesco.
Det er ikkje openbert at byråkraten Gry Ulverud var ein betre kandidat enn den tidlegare italienske utdanningsministeren og universitetsrektoren Stefania Giannini. Men denne artikkelen skal ikkje handle ikkje om jobbsøknaden til Ulverud, og heller ikkje om at ektemannen hennar, Erik Solheim, for tida er i hardt vêr for dei kostbare flyreisene sine som direktør for UNEP, miljøprogrammet til FN. Spørsmålet her er: Kvifor er det så viktig for Noreg som stat å få nordmenn inn i leiande stillingar i FN, og kva rolle spelar norske løyvingar til FN i dette arbeidet?
At UD for tida brukar store ressursar på å få ein plass i Tryggingsrådet, gjev ei viss politisk meining: Der skal dei norske representantane faktisk representere norske interesser. Men i I FN-institusjonane skal ikkje folk representere heimlandet sitt, men den organisasjonen dei arbeider for. Likevel strevar UD kontinuerleg for å sikre Noreg fleire verv i internasjonale organisasjonar og har eigne tilsette med dette som oppgåve.
Synleg i verda
Ein liten telefonrunde til folk med lang erfaring frå UD og viktige verv i FN gjev nokre forklaringar på appetitten på internasjonale toppstillingar:
– Noreg vil gjerne vere synleg i verda, og leiarstillingar i FN er ein måte å vise det norsk flagget.
– Norske leiarar er viktige for å gjere FN-organisasjonane synlege heime i Noreg: Dei viser at vi er med, og det skaper oppslutnad kring FN i heimlandet.
– Nordmenn tek med seg norske synspunkt, tenkjemåtar og politisk kultur, og representerer slik sett norske interesser i FN.
Og som ei kjelde med solid FN-erfaring seier, med realpolitisk klang:
– Å ha folk i leiande FN-stillingar gjev Noreg tilgang til informasjon, kontaktar og påverknad. Det er ein del av spelet.
– Men desse leiarane skal ikkje representere Noreg der ute?
– Nei da. Men kor mykje heilagare skal nordmenn vere enn alle andre?
Uhilda og uhilda
Gudmund Hernes, som sjølv hadde ei direktørstilling i Unesco i seks år, meiner at Noregs sterke engasjement i FN tilseier at nordmenn bør ha leiande stillingar der.
– Det handlar ikkje berre om kompetanse, men òg om interesser. Det er i Noregs interesse at FN fungerer godt. Så kan du seie at ein skal vere ein uhilda byråkrat i FN. Men – uhilda og uhilda, fru Blom, seier Hernes.
Sjølv om FN-tilsette i prinsippet skal ha lojaliteten sin til FN, gjev det likevel fordelar for ein stat å ha sine eigne folk plasserte i leiande stillingar, meiner Iver B. Neumann, direktør for forskingsinstituttet Nova og spesialist på utanrikspolitikk og internasjonale relasjonar.
– Det byråkratiske idealet er at sakshandsaming er totalt upersonleg, men slik er det aldri i praksis. Vi har alle sympatiar farga av vår eigen bakgrunn. Tenk på Kjell Opseth som la traseen til den nye riksvegen forbi huset sitt heime da han var samferdsleminister.
Norske forventningar
Så spørst det kva metodar ein kan bruke for å sikre seg posisjonar i FN. Sjølv om Noreg offisielt ikkje gjer noka kopling mellom løyvingar og FN-stillingar, blir samanhengen synleg iblant. I 2006 sende daverande utviklingsminister Erik Solheim eit brev til dei tre største mottakarane av norsk bistand i FN: UNDP, befolkningsprogrammet UNFPA og Unicef. Solheim lova ein stor auke i norske løyvingar til alle tre, men eitt vilkår for løyvingane var at FN-organisasjonane skulle «arbeide for å rekruttere fleire nordmenn», skreiv Klassekampen i 2006.
«Basert på de norske forventningene slik de er skissert over, gleder det meg å kunne informere deg om at vårt generelle bidrag til UNDP for 2006 vil være på 690 millioner norske kroner, og at vi planlegger å øke det til minst 770 millioner norske kroner for 2007», skreiv Solheim til UNDP-sjef Kemal Dervis.
Det er ikkje sikkert at det er nokon samanheng her, men to månader etter lukkast UD med kampanjen sin for at Christian Thommessen skulle få ei direktørstilling i UNDP.
Rike og bortskjemde
Det er ikkje tvil om at Noreg brukar dei økonomiske bidraga sine til FN for å sikre seg posisjonar, meiner Iver B. Neumann.
– Men ein kan ikkje seie slikt rett ut. Om ein gjer det openlyst, er heile spelet øydelagt. Da Margaret Thatcher sa «we want our money back» om dei britiske bidraga til EF, var det svært kontraproduktivt. Det ville det òg vere om Noreg prøvde å bruke dei økonomiske bidraga våre til å maksimere makta vår i FN. Om vi kravde ein del av FN-stillingane som var proporsjonal med bidraga våre til FN-budsjetta, ville vi framstå som rike og bortskjemde. Og det er vi jo, men vi bør ikkje vise det altfor tydeleg.
– Men om eit land kan bruke økonomisk makt til å skaffe seg posisjonar i FN, er det verken demokratisk eller meritokratisk?
– Nei, men det er ein uunngåeleg del av politikken. Det pragmatiske spørsmålet for Noregs del er ikkje: «Skal vi bruke makta vår?» Det er: «Skal vi bruke makta vår fullt ut?»
Løyve seg til jobb
Det er ikkje lett å dokumentere samanhengen mellom norske pengebidrag til FN og sjansane for at norske politikarar og diplomatar skal få internasjonale leiarverv. Men i den grad det er ein slik samanheng, reiser det eit anna prinsipielt spørsmål: Om ein norsk statsråd ønskjer seg ein toppjobb i FN i framtida, kan vedkomande i så fall auke sjansane sine gjennom romslege løyvingar til FN-organisasjonane medan han eller ho sit i regjeringa? Som utviklings- og miljøminister sikra Erik Solheim svært store bidrag til bistand og miljøføremål i FN-organisasjonane. Kan det vere ei medverkande årsak til at same Solheim seinare vart UNEP-direktør?
Iver B. Neumann er ikkje i tvil om at slike samanhengar finst, og nyttar Hilde Frafjord Johnson som døme. Ho var norsk utviklingsminister i båe Bondevik-regjeringane og vart seinare visedirektør i Unicef og FN-utsending i Sør-Sudan.
– Hilde Frafjord Johnson var ein svært aktiv utviklingsminister som reiste rundt og delte ut pengar i stor skala. Dette auka sjansane hennar for ein karriere i FN. Men dette er det ingen grunn til å fordøme. Det var bra for verda, og bra for karrieren til Frafjord Johnson, seier Neumann.
Gudmund Hernes stiller seg tvilande til at det finst slike samanhengar.
– Det finst døme på at internasjonale organisasjonar har fått ekstra midlar frå heimlandet til ein nytilsett direktør. Men ein skal ikkje kunne kjøpe seg stillingar i FN. Om ein statsråd nærast førehandsbetaler si eiga løn i ein internasjonal organisasjon, er det problematisk. Men eg trur ikkje at det er så mange statsrådar som ønskjer seg nokon av dei krevjande internasjonale jobbane, seier Hernes.
– Kjenner FN dårleg
Hilde Frafjord Johnson er sterkt usamd i analysen til Neumann.
– Dette tyder på at han kjenner både FN og meg veldig dårleg. Det er forbausande at Iver Neumann, som elles er ein dyktig fagmann, bommar slik i analysen sin, seier Frafjord Johnson.
Om løyvingar til FN låg til grunn for tildelingar av stillingar i FN-systemet, ville det ikkje vore så mange toppleiarar i FN-systemet frå land som har svært låge bidrag, meiner ho.
– Dei nordiske landa er for eksempel dårleg representerte. Rekrutteringa på toppnivå i FN er meir påverka av geografisk fordeling og politisk tyngdekraft enn av bistandskroner.
Frafjord Johnson er kritisk til at Noreg har kutta Unesco-støtta etter at Gry Ulverud vart vraka.
– Det er eit klart brot på norsk politikk å kutte i bistanden til ein organisasjon på grunn av handteringa av ein rekrutteringsprosess. Det har aldri Noreg gjort før, og det bør vi heller ikkje gjere. Å knyte bistandskroner til leiarposisjonar på denne måten er noko Noreg bør halde seg for god til.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Spørsmålet for Noregs del er ikkje: «Skal vi bruke makta vår?» Det er: «Skal vi bruke makta vår fullt ut?»
Iver B. Neumann, direktør i Nova
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.