Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

«Du er skeiv!»

Førre veke freista kristne på Sunnmøre å kalle inn til eit hemmeleg møte om homofili.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fokuset for det hemmelege møtet i Ørsta skulle vere kunnskapsauke, bygd på bibelen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

2616
20171006
2616
20171006

– Du er skeiv!

Jenta ropar over støyen frå miksebordet på Rokken, studenthuset i Volda. Eg har ikkje snakka med henne før, og smiler til henne over ølglaset mitt. Eg tenkjer meg om. Er det fordi eg har ring i nasen? Opp til fleire i øyra? Eller kanskje kan det vere fordi eg held fram med å barbere bort håret på den eine sida av hovudet lenge etter at det slutta å vere trendy?

– Er eg det?

Ho nikkar. Tek att påstanden ein gong til.

– Du er skeiv.

For to veker sidan fekk det kristne miljøet i Ørsta og Volda på Sunnmøre brev med invitasjon til eit seminar om homofili. Møtet skulle haldast i løyndom. Det skulle ikkje kunngjerast i aviser eller på sosiale medium.

«I seminaret vert det høve til spørsmål og samtale, men det er ikkje ein arena for sterke meiningsytringar eller debatt. Fokuset vårt er kunnskapsauke, bygd på Bibelen», heiter det. Han som skulle tale for den kristne forsamlinga, er sjølv homofil og kristen, men har valt å leve åleine. Brevet hamna sjølvsagt både i avisa og på Facebook innan nokre timar. Og få dagar etter, var møtet avlyst.

Då eg las saka om seminaret i lokalnyhenda, forsvann auga mine bakover i skallen og handflata kolliderte med panna mi med éin gong. Eg var samd med mannen som først publiserte brevet han hadde fått i posten på Facebook: «Dette er 2017. Dette er året etter sesong 3 av SKAM», skreiv han.

Men veit vi eigentleg kva dette hemmelege møtet i Ørsta skulle gå ut på? Sjølv om møtet skulle haldast hemmeleg; veit vi at dette skulle vere eit møte mellom homofiendtlege erkekristne? Jau, valet av talsmann kan verke uheldig. Dei kan då verkeleg ikkje meine at homofile kristne skal leve i sølibat, tenkte eg. Og det er suspekt at møtet måtte haldast hemmeleg. Men veit vi at det utgjorde ein slik trugsel at det måtte avlysast? Det er lett å tru det. Men det er ikkje sjølvsagt at det er rett.

Øverland skreiv rett nok ikkje om homofile den gongen han meinte vi ikkje måtte tole så inderleg vel, men skal vi få alle kristne til å endre meining om homofili, må Bibelen omskrivast. Då det kom framlegg om felles Pride-arrangement for Ørsta og Volda som svar til det hemmelege møtet, såg eg smilande føre meg regnbogeparade opp fjellsida mot Rotsethornet. Neonsminke, fjellsko og meir openheit. Om dei kristne i Ørsta og Volda berre vil auke kunnskapsnivået, må dei vere tydelege på kva dei vil lære. Men om vi vil nekte dei å samlast for å snakke om homofili i lys av eiga tru, er vi noko betre då?

Vi må tole at vi er usamde.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Vi må tole at vi er usamde.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.

Foto: Anne Valeur

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fugl føniks

Hayden Powell har brukt ventetida godt.

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis