JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ei akademisk luksusfelle

Filosofane ved Universitetet i Oslo bygde eit fagmiljø av høg internasjonal klasse. Så tok pengestraumen slutt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Shutterstock

Illustrasjon: Shutterstock

11397
20200214

Bakgrunn

Senter for
framifrå forsking

Støtteordning for å skape forskingsmiljø i toppklasse

Innført av forskingsminister Kristin Clemet i 2002

Pengane kjem frå Forskingsrådet

Eit SFF kan få støtte i opptil ti år

Så langt har 44 norske senter fått støtte gjennom ordninga

Vitskap

peranders@dagogtid.no

Inntil ganske nyleg såg det lyst ut for filosofane ved Universitetet i Oslo. Fagmiljøet deira gjorde det godt på internasjonale rangeringar og trekte til seg framståande forskarar frå utlandet. Ein viktig grunn til framgangen var det som bar namnet Senter for rasjonell, moralsk og språkleg handling (CSMN), eit såkalla Senter for framifrå forsking, med finansiering frå Noregs Forskingsråd. Føremålet med slike senter er å byggje opp fagmiljø i internasjonal toppklasse, og CSMN lukkast godt i sine tilmålte ti år frå 2007 til 2017.

Med fagleg framgang kom det pengar. Filosofane var ikkje berre flinke til å tenkje, dei var òg flinke til å skrive søknader og skaffe ekstern finansiering. Det medverka til ein tilsynelatande sterk økonomi ved Institutt for filosofi, ide- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK). Økonomien var faktisk for god. Så seint som i 2016 brukte instituttet for lite pengar i forhold til inntektene, meinte fakultetsleiinga, og kuren mot lidinga underforbruk var å hyre inn ei rekkje nye forskarar (proaktiv dimensjonering av stillingsmassen, vart det kalla i sakspapira).

Sparekniv

Men brått vart problemet det stikk motsette. I 2018 viste det seg at utgiftene ved IFIKK var 18 millionar kroner større enn inntektene. I fjor peika prognosane mot eit samla underskot på 56 millionar kroner dei neste fire åra, skreiv avisa Khrono i desember. Om instituttet hadde vore ei bedrift, ville det ha vore konkurs. No må det kuttast på alle baugar og kantar, frå kaffimaskiner til ex.phil.-undervisning. Og fagmiljøet som vart bygd opp ved CSMN-senteret, til dels med høgare løner enn det som hadde vore normalt ved HF-fakultetet, slepp neppe unna sparekniven.

Leiarane ved IFIKK og fakultetet stridest framleis om skulda, og den oppvasken skal vi ikkje leggje oss opp i her. Og det var slett ikkje berre avslutninga av CSMN-senteret i 2017 som raserte økonomien til instituttet. Likevel kan denne historia vere eit utgangspunkt for å diskutere potensielle problem med sentera for framifrå forsking (SFF), som skal vere sjølve juvelane i krona til Forskings-Noreg.

Nobeldraumar

SFF-ordninga vart innført under forskingsminister Kristin Clemet i 2002, og eitt av måla var å få fram miljø som kunne bli kandidatar til ein nobelpris. Den grunngjevinga kan verke litt komisk, men det har blitt gjort mykje framifrå forsking ved desse sentera. Samtidig har ordninga eit innebygd paradoks: Sentera skal skape fagmiljø i verdsklasse – og dei er mellombelse konstruksjonar med ei maksimal levetid på ti år. (I prinsippet kan eit SFF bli nedlagt etter berre fem år, men det har enno ikkje skjedd.)

Når konseptet er å gje full gass i ti år for å nå verdstoppen, for så å misse støtta, kan det bli vanskelege overgangar. Og for miljøet som utgjorde CSMN-senteret, ligg overgangen an til å bli uvanleg hard. Av dei 278 millionane det kosta å drive senteret i ti år, kom 160 millionar – 58 prosent – frå Forskingsrådet, dels grunnløyvinga som kom med SFF-statusen, dels som prosjektstøtte. Resten kom frå UiO sentralt, HF-fakultetet, instituttet og internasjonale bidragsytarar. På det meste skaffa forskarane ved CSMN nesten halvparten av den eksterne finansieringa til instituttet. Universitetet lova to millionar årleg til IFIKK for å ha vore vertskap for senteret, men den støtta fell bort neste år, og det gjer ikkje ting lettare.

Kort tid

– Ti år er ganske kort tid for å byggje opp eit fagmiljø i verdsklasse, seier Beate Elvebakk. Ho vart instituttleiar ved IFIKK i 2017, og står midt i den økonomiske ryddesjauen. Elvebakk vil ikkje forklare krisa med at pengestraumen til CSMN-senteret tok slutt. Men ho erkjenner at tidshorisonten til sentera for framifrå forsking kan by på problem.

– Det tek tid for eit fagmiljø å bli anerkjent og få tilsett gode folk. Når det har gått ti år, har ein kanskje akkurat kome seg over ein terskel.

– Kor viktig var SFF-statusen for inntekta til instituttet og auken i talet på tilsette?

– Ein del tilsette var eksplisitt knytte til senteret. Og senteret medførte ei ganske stor inntekt utover den vanlege fordelingsmodellen. Forskarane der stod for ein god del prosjekt med ekstern finansiering

– Kva står att av fagmiljøet etter dei ti åra med SFF-status?

– Vi har framleis eit svært godt fagmiljø. Og mange kandidatar frå miljøet har blitt tekne opp ved prestisjefylte studiestader som Oxford. Det er ikkje veldig mange tilsette som har slutta enno, men vi fryktar at det blir fleire.

– Kva lærdom kan ein trekkje av det som har skjedd hos IFIKK?

– At det er vanskeleg å handtere store svingingar i budsjetta når løna til dei tilsette utgjer ein så stor del av kostnaden. Eg trur at også andre fagmiljø med SFF-status har teke lærdom av dette.

Dystert

Olav Gjelsvik trur derimot det er lite for andre å lære av dette økonomiske uføret. Han er professor i filosofi og leidde CSMN-senteret frå 2010 til 2017.

– Vi får tru at folk veit at eit SFF ikkje varer i meir enn ti år, seier Gjelsvik.

– Her vart det gjort så store feil at eg har vanskeleg for å tru at det kan gjenta seg. Dei ti åra med SFF-status generererte store inntekter for instituttet, men i budsjetta vart det ikkje skilt mellom mellombelse og langsiktige inntekter. Anslaga for kor mange ein kunne tilsetje, var heilt feil. Men dette har lite med sjølve SFF-ordninga å gjere.

– Men er ti år nok til å byggje ei fagmiljø i verdsklasse, kva no det tyder?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Kanskje burde SFF-ordninga supplerast med meir langvarig støtte til nokre utvalde forskingsmiljø. Men generelt trur eg det er bra at dette går på rundgang.

CSMN-senteret fungerte i seg sjølv heilt etter intensjonen med senter for framifrå forsking, meiner Gjelsvik.

– Vi fekk svært gode faglege resultat, og senteret vart ei etablert merkevare internasjonalt. Det er synd vi ikkje kan bruke namnet på den måten lenger. Ein del av forskarane har reist, men det er vanskeleg å seie at det er fordi SFF-perioden er over.

– Korleis er sjansane for å forvalte arven frå senteret, no når budsjetta blir kutta?

– Det ser veldig dystert ut akkurat no. Slik situasjonen blir handtert, kan også sjansane for eksterne inntekter bli utraderte. Tiltaka no gjer situasjonen vanskeleg for dei forskarane som kunne skaffe eksterne middel. Gode forskarar klarer seg alltid, men miljøet som er bygd opp, kan ta skade, seier Gjelsvik.

Panikk

Ein av dei mest markerte kritikarane av tidsavgrensinga i SFF-ordninga har faktisk oppfylt visjonen til Kristin Clemet om ein norsk nobelpris. Hjerneforskaren Edvard I. Moser fekk prisen i medisin saman med May-Britt Moser i 2014. Fagmiljøet deira ved NTNU fekk SFF-status alt i den første tildelingsrunden i 2003, og med ei litt anna fagleg innretning fekk dei ein ny SFF da den første perioden var over. Men sjølv om hans eige fagmiljø har fått god utteljing hos Forskingsrådet, i tillegg til tung støtte frå NTNU, private donorar og øyremerkte pengar på statsbudsjettet, meiner Edvard I. Moser at forskingsfinansieringa i Noreg er for kortsiktig.

– SFF-ordninga var eit stort løft da ho kom. Men ti år er ofte ikkje nok, og overgangsordningane er ikkje gode nok. Når ein SFF-periode går mot slutten, skaper det enorm uvisse i eit forskingsmiljø, seier Moser til Dag og Tid. At det same miljøet kan få ein ny SFF-status, er ikkje godt nok, slik han ser det: Gode forskarar kan alt ha reist når ein eventuelt får tildelt ein ny SFF.

– I 2012 var det tilløp til panikk i miljøet vårt da slutten på SFF-perioden nærma seg. Vi visste ikkje om det vart noko nytt senter. Om vi verkeleg skal satse på dei mest kreative og ambisiøse, bør vi gje nokre forskarar høve til å satse på livstid, med evalueringar ein gong i blant. Dei som gong på gong har vist at dei får til ting, bør ikkje vere nøydde til å søkje om att.

– Somme meiner ti år er ganske langsiktig støtte?

– Det kjem an på kva tidsperspektiv ein jobbar ut frå. Dei store spørsmåla om hjernen, ein kur for Alzheimers sjukdom – det er oppgåver som ingen ventar skal bli løyste på ti år.

– Ligg det ein mistillit til forskarane i finansieringssystemet: Om ein ikkje held dei på tå hev, blir det berre tull?

– Eg skjøner at ein må evaluere forskinga undervegs, men eg synest det skjer for ofte. Vi må tillate at dei flinkaste folka tar risiko, og gje dei tid. Og vi må godta at dei kjem til å feile nokre gonger, seier Moser.

– Det tyske Max-Planck-Gesellschaft er eit mogleg førebilete. Dei gjev folk direktørstillingar på livstid og romslege budsjett, og driv veldig kreativ forsking.

Oppløysing

Kva varige verknader SFF-ordninga har fått rundt om i Forskings-Noreg, er umogleg å seie. Så langt har Forskingsrådet gjeve støtte til 44 senter for framifrå forsking. Somme SFF-fagmiljø har fått eit framhald med pengar frå vertsinstitusjonen, andre er heilt oppløyste. Eitt av miljøa som forsvann, var Senter for mellomalderstudiar (CMS) i Bergen, som fekk SFF-støtte frå 2002 til 2012. Historieprofessor Sverre Bagge, som leidde senteret, sa seinare til universitetsavisa På Høyden at han ville gjort mykje annleis med senteret om han kunne. CMS fann ikkje sin plass i universitetssystemet, det var inga klar plan for avslutninga, og da pengane tok slutt og senteret vart nedlagt, gjekk historikarane og filologane kvar til sitt igjen.

Men det tyder ikkje at dei 220 millionane som CMS kosta, var bortkasta, meiner Margareth Hagen, prorektor ved Universitetet i Bergen. Som dekan ved HF frå 2013 til 2017 var ho pådrivar for ei tverrfagleg klynge som kunne sikre at mellomaldermiljøa ved universitetet heldt kontakt etter at CMS vart nedlagt.

– Senteret sette mellomalderforskinga i Bergen på kartet internasjonalt. Eg er ikkje i tvil om at arbeidet der var viktig, sjølv om senteret er borte. Det er framleis mykje sterk mellomalderforsking ved Universitetet i Bergen.

– Er det ikkje litt rart å byggje opp eit sterkt fagmiljø som blir nedlagt etter berre ti år?

– Ti år er ikkje kort tid heller. Ein kan gjere mykje god forsking på ti år. Men det er viktig å vere medviten om korleis ein skal avslutte eit SFF, og korleis ein skal vidareføre arbeidet.

Litt barnsleg

Ser ein stort på det, er SFF-pengane frå Forskingsrådet ikkje all verda. Støtta dekkjer i snitt berre 20 prosent av utgiftene til sentera, og 3,9 milliardar kroner er utbetalte gjennom ordninga på 17 år. Til samanlikning blir det årleg løyvd kring 40 milliardar til forsking over statsbudsjettet. Og kor viktig er eigentleg ambisjonen om å skaffe nobelprisar til Noreg – er han ikkje litt barnsleg? Vi spør ein som faktisk har fått ein slik.

– Jau, det målet er i seg sjølv litt barnsleg, seier Edvard I. Moser.

– Målet bør aldri vere å få ein nobelpris. Målet er god forsking, det er ikkje konkurransen som er poenget. Og vi må ha ein balanse mellom topp og breidd. Men om du vil ha toppforsking i Noreg, da må du faktisk vere villig til å satse hardt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– I 2012 var det tilløp til panikk i miljøet vårt da slutten på SFF-perioden nærma seg.

Edvard I. Moser, hjerneforskar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis