JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ei beksvart historie

Den nær totale øydelegginga viser at den israelske regjeringa vil gjere Gaza ubebueleg, hevdar historikar Rashid Khalidi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Palestinarar ved restane av moskeen etter eit bombeåtak i flyktningleiren Khan Younis sør i Gaza  8. november i fjor.

Foto: Mohammed Dahman / AP / NTB

13901
20240112

Rashid Khalidi

Historikar og forfattar

Professor i arabiske studium ved Columbia-universitetet i New York

76 år gammal

Oppvaksen i New York

Utdanna ved Yale og Oxford

Har mellom anna skrive bøkene The Hundred Years’ War on Palestine og Palestinian Identity: The Construction of Modern National Consciousness

Var rådgjevar for den palestinske delegasjonen i forhandlingane med Israel frå 1991 til 1993

Utanriks

Peranders@dagogtid.no

Historikaren Rashid Khalidi er ei av dei tyngste palestinske røystene i den akademiske verda, sjølv om han strengt teke er amerikanar, fødd og oppvaksen i New York og utdanna ved Yale og Oxford. Faren var palestinar frå Jerusalem med saudiarabisk statsborgarskap og FN-jobb, medan mora var libanesisk-amerikansk. Khalidi har palestinsk historie som spesialfelt. Han har hatt lange opphald i Midtausten, og har mellom anna undervist ved American University i Beirut. Khalidi var òg rådgjevar for PLO i fredsforhandlingane som tok til i Madrid i 1991. Likevel kjenner han seg ikkje kalla til å spå kva politiske utfall Gaza-krigen kan få.

–?Det er umogleg å seie medan krigen rasar, men nokre ting veit vi alt: Dette er ein av dei største tragediane i historia til det palestinske folket. Under krigen i 1948 måtte 750.000 palestinarar flykte, no er talet på fordrivne nærare to millionar. Talet på drepne palestinarar er òg det største nokon gong, seier Khalidi

– Talet på drepne israelske sivile 7. oktober er òg det høgaste i nokon krig Israel har vore med i. Dei sivile offera var nesten 800. Dette får ein traumatisk verknad på båe folka. Men kva dei politiske resultata blir, er umogleg å seie. Sjølv når krigen ein dag blir stogga av USA, er det ikkje sikkert vi veit kva det politiske utfallet blir.

Brutaliteten i Hamas-åtaket kan ikkje legitimere det som no skjer i Gaza, meiner Khalidi.

– Israel har fordrive nesten to millionar menneske frå heimane sine og øydelagt det meste av infrastrukturen. Meir enn 23.000 palestinarar er drepne og nesten 60.000 skadde. Ugjerningane Hamas gjorde mot israelarane, kan ikkje rettferdiggjere ugjerningane i Gaza no, som er i ein heilt annan skala.

Fordriving

Etter 7. oktober har fleire israelske statsrådar og militære leiarar snakka om å avfolke Gaza og gjere det til ein ubebueleg stad for menneske.

–?Etter all øydelegginga er det ikkje rart om mange i Gaza gjev opp. Kan det kome ei stor demografisk endring gjennom fordriving eller emigrasjon, om andre land vil ta imot flyktningar?

–?Det var intensjonen til Israel frå starten av denne krigen å avfolke Gaza, og USA stilte seg først bak fordriving av palestinarar frå stripa, hevdar Khalidi. Offisielt har USA gått sterkt imot slik fordriving til nabolanda, seinast i ei pressemelding 2. januar. Men Khalidi meiner den amerikanske aksepten tidleg i krigen kan lesast ut frå offentlege dokument.

–?Det kvite huset sende 20. oktober ein førespurnad til Kongressen om ei løyving under tittelen «Migrasjon og flyktninghjelp». Pengane skulle mellom anna gå til å naudhjelp for folk som flykta frå Gaza til nabolanda, seier Khalidi.

–?Det syner at regjeringa i USA venta at dette skulle skje. Utanriksminister Blinken vart send til Kairo, Amman og Riyadh for å selje ideen til regjeringane der. Den rasande avvisinga han vart møtt med, var grunnen til at fordrivinga ikkje skjedde. Leiarane i Egypt, Jordan og Saudi-Arabia reagerte alle likt. Å fordrive palestinarane frå Gaza er framleis ambisjonen til somme statsrådar i Israel. Men dette er truleg urealistisk.

– Men etter all drepinga og øydelegginga er det truleg mange på Gaza som ønskjer å dra?

–?Heilt sikkert. Eg kjenner sjølv folk som prøver å kome seg ut, og eg kjenner folk som har reist for godt. Men det Israel opphavleg såg for seg, var ei etnisk reinsing av i alle fall delar av Gaza. Det kan framleis kome emigrasjon fordi Israel har øydelagt det meste av infrastrukturen der. Den totale øydelegginga viser intensjonen som vart erklært i starten: å gjere Gaza ubebueleg.

Naivt

– Løyvingane Det kvite huset bad om, kan tolkast meir velvillig: I ein krigssituasjon er det ikkje uvanleg å flykte til eit anna land for å finne tryggleik.

–?Eg trur ikkje dette var av humanitære grunnar. Biden sende Blinken til Midtausten for å be leiarane der om å opne grensene, og fekk døra i andletet. Det var meir enn naivt å tru at dei arabiske leiarane kunne gå med på dette. Dei veit godt kva som skjedde etter krigane i 1948 og 1967. Palestinarar får aldri kome attende når dei har blitt fordrivne av israelarane. Alle i den arabiske verda veit dette. Og i Gaza er dei israelske intensjonane tydelege. Det krev ikkje ein sofistikert analyse av utsegnene frå israelske leiarar å skjøne det.

– Hamas-åtaket har sett israelarar med sympati for den palestinske saka på sidelina. Beleiringsmentaliteten er forsterka. Det er vanskeleg for israelarane å kompromisse på noko som helst no?

–?Det stemmer nok. Hamas-åtaket har skapt eit traume i Israel, og det kan bli langvarig. Igjen: Israelarane har lenge trudd at dei hadde full kontroll. Ja, rakettar frå Hezbollah eller Hamas kunne tvinge folk til å evakuere for ei tid. Men dei sivile tapstala i Israel har vore ganske låge, i alle fall samanlikna med dei palestinske eller libanesiske. Eg trur israelarane hadde ei kjensle av å vere uovervinnelege. Dermed vart sjokket 7. oktober enda større.

Vald og meir vald

Det er likevel ikkje første gong Hamas skakar den israelske tryggleiken, påpeikar Khalidi.

–?I den andre intifadaen vart over 700 israelske sivile drepne av sjølvmordsbombarar, og det førte til ei sterk høgredreiing i israelsk politikk. Det er umogleg å seie kva dei politiske følgjene blir av 7. oktober, men høgredreiinga kan bli enda sterkare. På den andre sida: Yom Kippur-krigen i 1973 og den første intifadaen på slutten av 1980-talet dreidde israelsk opinion i motsett retning og førte til fredssamtalar. Men det tok nokre år før det skjedde.

Khalidi har ikkje tru på at den noverande israelske strategien i Gaza vil føre fram.

–?Israel har alltid svart på vald med meir vald, og har trudd på å bombardere arabarane til dei gjev seg. Men dette har ikkje fungert overfor palestinarane, og eg trur ikkje det kjem til å fungere.

– Vald avlar vald båe vegar. Dei store lidingane i Gaza no kan motivere nye militante og terroristar i generasjonar?

–?Du kan kalle det terrorisme. Eg vil kalle drapa på israelske sivile for krigsbrotsverk. Og krigsbrotsverka som skjer i Gaza no, som kanskje har teke livet av 10.000 barn, kjem utan tvil til å skape mykje hat. Det kan få folk i Gaza – eller barna deira – til å utføre nye krigsbrotsverk, grufulle ugjerningar, kva du no vil kalle det.

–?Du sa til El País i fjor haust at det er umogleg å øydeleggje Hamas som idé.

– Ja. Hamas kan nok bli knust militært i Gaza, sjølv om det er vanskeleg. Det finst døme på at geriljarørsler blir knuste, som i Tsjetsjenia og på Sri Lanka. Men sjølv om Hamas blir overvunne militært, er rørsla minst like sterk politisk som ho var før 7. oktober.

Alle må med

Historia til andre land har relevante lærdomar for Israel, meiner Khalidi.

– Israelarane må innsjå det regjeringa i Sør-Afrika innsåg på 1990-talet, det britane innsåg i Irland i 1921, og det franskmennene innsåg i Algerie i 1961: Du kan ikkje fritt velje samtalepartnar. Du kan ikkje seie: «Eg vil ikkje snakke med dei, for dei drap så mange av mine eigne.» Israel kan ikkje berre snakke med dei folka som har gjeve opp væpna kamp. Også dei som kjempar, må vere representerte, elles er ikkje ein avtale verd det papiret han er skriven på, seier Khalidi.

– Britane måtte forhandle med IRA. Den sørafrikanske regjeringa måtte snakke med ANC, som var ei militant motstandsrørsle. Om det nokon gong skal bli ei løysing på konflikten mellom Israel og palestinarane, må den inkludere heile det palestinske politiske spekteret. Kanskje kjem ikkje alle til å slutte seg til ein avtale, men forhandlingspartane må i det minste vere representative.

–?Etter 7. oktober har folk byrja å snakke om ei tostatsløysing igjen. Men er noko slikt tenkjeleg?

– Inntil det kjem ei fundamental endring i israelsk og amerikansk politikk, er det ingen sjanse for ei verkeleg tostatsløysing. Tilbodet frå Israel har heile vegen vore ein israelsk stat og eit palestinsk Bantustan. (Bantustan var namnet på reservat oppretta av apartheid-regimet i Sør-Afrika for ulike folkegrupper, med eit svært avgrensa sjølvstyre. Red.merk.)

–?Ei tostatsløysing inneber to suverene, sjølvstendige statar med kontroll over sine eigne grenser. Det har aldri palestinarane fått noko tilbod om, og det har aldri vore Israels mål. Var det oppnåeleg ein gong? Kanskje. Er det oppnåeleg no? Nei. Verken Israel eller USA ville akseptere det, seier Khalidi.

Han har ingen klare svar på kva statsløysing som kan få slutt på den lange konflikten mellom Israel og palestinarane.

–?Eg er verken statsvitar eller spåmann. Men anten det skal vere to statar, éin stat eller ein konføderasjon, må løysinga vere basert på like rettar for alle. Ei gruppe borgarar kan ikkje ha rettar som andre borgarar blir nekta. Og ei løysing med like rettar for alle har enno ikkje vore på bordet.

Bankerott

Men kven kan eigentleg representere palestinarane no? Ikkje president Abbas og dei palestinske styresmaktene på Vestbreidda, meiner Khalidi.

–?Abbas er i slutten av 80-åra. Han har ingen oppslutnad i folket og ingen legitimitet. Han vart vald for fem år i 2005, og skulle altså gått av i 2010, og det har ikkje vore nye val. Forhandlingar med Abbas kan berre gje eit meiningslaust resultat som ingen vil respektere.

Khalidi har i tidlegare intervju brukt harde ord om styret til Abbas: korrupt, politisk bankerott, utan idear, låst til ein mislukka strategi.

–?Styresmaktene på Vestbreidda er i hovudsak eit ekstra skjold for den israelske ekspansjonen og okkupasjonen. Dei hjelper til med å halde palestinarane nede så nybygginga kan halde fram. Sjølvstyret burde avviklast. Israel er okkupanten, og burde ta ansvar for sin eigen okkupasjon. I dag let israelarane USA, Europa og arabiske land betale for det såkalla sjølvstyret.

?–?Men kven kan da snakke for palestinarane?

–?Dette er eit av dei største problema for palestinarane. Dei er splitta internt, og splittinga er i hovudsak deira eige ansvar, sjølv om ho har blitt forsterka av splitt og hersk-taktikk frå Israel og andre aktørar. Palestinarane treng ei samla nasjonal rørsle med ein klar strategi, som kan snakke på vegner av både dei som bur i dei okkuperte områda, og dei utanfor Palestina. PLO klarte det ein gong i tida, men i dag er ikkje palestinarane i nærleiken av noko slikt. Om dei kan klare det igjen? Eg veit ikkje.

USA på lag

Kva skal så til for å få slutt på blodbadet i Gaza? Den einaste eksterne aktøren som kan stogge krigen, er USA. Khalidi ser ikkje teikn til at det skal skje med det første.

–?Israelarane får så langt gjere som dei vil, medan amerikanarane viftar litt med peikefingeren. Biden har støtta denne krigen meir heilhjarta enn Nixon støtta Israel i 1973-krigen eller Reagan støtta Israel i Libanon-krigen i 1982. Det er alltid USA som må stogge krigane til Israel. Det kjem til å skje denne gongen òg. Spørsmålet er kor mange fleire uskuldige sivile som skal drepast før det skjer.

–?Den viktigaste støttespelaren for Hamas er Iran. Det har neppe styrkt sympatien for palestinarane i Vesten?

–?Iran har sine eigne nasjonale interesser, mellom anna å avgrense makta til USA i Midtausten. Støtta til Hamas har ingenting med kjærleik for palestinarane å gjere. Men Hamas gjorde sjølv større skade på saka til palestinarane i Vesten med åtaket sitt 7. oktober, da nær 800 sivile vart drepne på fryktelege måtar.

I USA har likevel dei sivile tapa på Gaza påverka opinionen sterkare enn Hamas-åtaket, i alle fall på grasrota, meiner Khalidi.

–?Opinionen går i ulike retningar. Medan elitane og velståande, eldre amerikanarar har blitt meir antipalestinske enn før, har bombinga av Gaza ført til langt meir sympati for palestinarane på grasrota, særleg blant dei yngre.

På dagsordenen

Ein annan effekt av Gaza-krigen er regional: Prosessen for å normalisere forholdet mellom Israel og andre land i Midtausten gjennom dei såkalla Abraham-avtalane har stogga, og lista er heva.

–?Saudi-Arabia krev no opprettinga av ein palestinsk stat for å normalisere forholdet til Israel. Før var kravet berre «eit betre liv for palestinarane», som i praksis innebar status quo, seier Khalidi.

–?Palestinarane var eigentleg ikkje ein faktor å rekne med før 7. oktober. Det er dei heilt klart no. Så får vi sjå kor lenge det varer.

–?Det er ein dyster lærdom her: Tiår med forhandlingar og appellar til det internasjonale samfunnet var fåfengde. Hamas-åtaket fekk palestinarane på dagsordenen igjen. Kva presedens kan det skape?

?–?Eg vil ramme inn dette annleis. Eg meiner at måten Israel og USA har stengt døra for ei forhandlingsløysing på, var det som førte fram til 7. oktober. Somme palestinarar har konkludert med at berre vald kan skape endring, seier Khalidi.

– Eg seier ikkje at dette rettferdiggjer eller eingong forklarer ugjerningane til Hamas. Men når alle vegar til ei forhandlingsløysing var stengde, validerte det valden som verkemiddel. Du kan be på dine kne, men israelarane vil ikkje forhandle med deg. Om du demonstrerer fredeleg, kan du bli skoten. Du kan ikkje krevje sanksjonar mot Israel, for det er antisemittisk. Det var ikkje mange verkemiddel att.

Alt i alt ser ikkje Rashid Khalidi særleg lyst på framtida.

– Eg veit ikkje om ei endring i israelsk politikk overfor palestinarane er mogleg. Eg er heller ikkje så optimistisk når det gjeld verkeleg endring av amerikansk politikk i Midtausten. Men utan dette er eg redd valden kjem til å halde fram lenge etter at Gaza-krigen er over.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis